Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk

Kvifor tru at klimaforskarane lyg?

Det finst dei som er skeptiske til klimaforskinga. Det må vera lov. Det finst også dei som meiner at klimaforskinga er juks og bedrag, ein del av eit komplott. Men kva for grunn skulle klimaforskarane eigentleg ha for å lyga?

Publisert:

Historikaren Andrew McKenzie-McHarg fortel i eit essay i antologien Conspiracy Theories and the People Who Believe Them om den amerikanske presidenten James A. Garfield som sumaren 1881 vart skoten på ein jernbanestasjon i Washington. Garfield døydde seinare av skadane.

Gjerningsmannen heitte Charles J. Guiteau. Han meinte, takk vere lite anna enn eit oppblåst sjølvbilete, at han sjølv hadde spela ei avgjerande rolle for Garfield sin valsiger, og at han burde få godgjersle: ein lukrativ diplomatpost i Europa. Slik gjekk det ikkje, og Guiteau vart overtydd om at Gud sjølv hadde bede han om å ta livet av presidenten.

Det var lita tvil om Guiteau si skuld. Han vart arrestert på åstaden. Seinare vart han dømd til døden. Men før dette vart det i pressa diskutert ulike teoriar om kva som låg bak drapet. Ein av desse teoriane var at Guiteau ikkje var åleine, at det var snakk om ei samansverjing, ein konspirasjon. Denne teorien vart omtala som konspirasjonsteorien.

Eg nemner dette fordi ordet konspirasjonsteori – slik me nyttar det i dag – eigentleg er noko misvisande. Det som vert kalla konspirasjonsteoriar i dag er ikkje lause teoriar om at det kan liggja eit komplott bak ei hending, slik det var i omtala av attentatet mot Garfield.

Det er snarare snakk om konspirasjonsskuldingar, retta mot namngjevne grupper og ofte mot namngjevne enkeltpersonar.

Klimakomplottet

Det store fleirtalet av forskarar på området er ikkje i tvil om at klimaendringane går føre seg, og heller ikkje i tvil om at dei i stor grad er eit resultat av menneskeleg verksemd.

I vår tid er det heller ikkje naudsynt å sjå seg særleg mykje om, for å sjå heilt konkrete resultat av klimaendringane, slik NRK-journalistane Mads Nygård Støstad og Patrick da Silva Sæther synte i ein gripande presentasjon i januar.

Sjølv om det store fleirtalet av relevante forskarar sine råd er klåre, og sjølv om klimaendringane er synlege i verda rundt oss, finst sjølvsagt dei som er skeptiske. I Noreg er dei ikkje noko av ei politisk kraft, sjølv om dei er representerte godt inn i regjeringspartiet FrP. Norske politikarar trur på menneskeskapte klimaendringar, sjølv om dei ikkje handlar all verda på grunn av det. Norsk politikk er stadig prega av «business av usual».

Foto: NTB-Scanpix

Foto: NTB-Scanpix


Klimaskepsis tek i blant utgangspunkt i legitim usemje om vitskaplege funn. I andre høve er han snarare ein forsvarsmekanisme, slik at ein unngår å møta seg sjølv i døra – i motsetnad til det mange av oss med eit sterkt engasjement i klimasaka ofte risikerer å gjera.

Men som Joseph Uscinski, Karen Douglas og Stephan Lewandowsky peika på i ein artikkel frå 2017, gjev meiningsmålingar ein indikasjon på at konspiratorisk tenking er delvis drivkraft for klimaskepsisen. «Global oppvarming vart funne opp som konsept av og for kinesarane», som eg las i eit kommen… nei, det var visst den amerikanske presidenten. «Venstresida har kapra miljøsaka, forvrengt den til ein klimaendringsideologi og bruker dette dogmet for å redusere økonomisk vekst i demokratiske land og fremma kinesisk vekst», som eg las i eit anna… nei, det var visst den brasilianske utanriksministeren.

I Noreg må ein nok litt lenger ned i kommentarfelttrådane. Likevel er det nyttig å gå inn i denne verda. Det kan gje oss eit innblikk i noko av det som ligg bak konspirasjonsteoriar.

Frykta for det autoritære

To bøker kan nyttast til å illustrera dette, ei kort saksprosabok og ein ganske kort, men altfor lang roman. Sakprosaboka heiter Blue Planet in Green Shackles. Ho vart fyrst gjeven ut på tsjekkisk i 2007, og er skriven av Tsjekkias dåverande president, Václav Klaus. Ganske raskt vart ho omsett til engelsk, og gjeve ut av den libertarianske tenketanken Competitive Enterprise Institute.

Klaus langar ut mot det «politisk korrekte», ser på miljøvern (environmentalism) som ein kvasireligiøs ideologi, og som «den viktigaste illiberale populistiske ideologien i vår tid», og samanliknar med «andre farlege eller direkte totalitære ideologiar».

Boka hans er likevel ikkje ei konspirasjonsteoretisk smørje. Fyrst og fremst er ho eit forsvar for «business as usual». På spørsmålet om kva som bør gjerast svarer han at det «einaste fornuftige svaret» er «ingenting», eller «ingenting spesielt». Han meiner miljørørsla vil gå i kommunismen si felle, som eit resultat av menneskeleg stormannsgalskap og manglande audmjukskap. Det vil verta dyrt. Det vil verta ineffektivt. Det vil ha «øydande effekt på fridomen». Den einaste vegen framåt er økonomisk vekst, og det er berre gjennom økonomisk vekst at økologiske problem kan løysast.

Det er ein klisjé av ei miljørørsle Klaus teiknar opp, og det er noko paradoksalt at han gjer seg nytte av dei radikale sosialøkologane Peter Staudenmaier og Janet Biehl sin kritikk av økofascisme for å gjera det.

Det sentrale i boka hans er likevel ei uro for det autoritære. Det er ikkje mykje eg er samd med Klaus i, men denne uroa deler eg.

Ein mørk agenda

Den andre boka er romanen Agenda 21, skrive av den amerikanske TV-pratmakaren Glenn Beck. Boka har namn etter eit rimeleg tannlaust FN-program, men i romanen har dette slått ut i full blom: USA har blitt erstatta av ein totalitær republikk. Folk går rundt i farga uniformer, alt folk får å eta er ernæringsterningar, både kyllingsuppe og ferske grønsaker er ein fjern fantasi. Og ein driv med rare hyllestar av ekorn. No skal det seiast at sjølv Glenn Beck – som ikkje akkurat har vore kjend for nyansar – vedgår at han trekkjer det til det ekstreme.

Men i etterordet heiter det også: «[D]enne romanen er fiksjon. Men la meg også seia det kontroversielle: den vil ikkje med naudsyn halda fram å vera det. Dersom FN, i samarbeid med radikale miljøvernarar og naive lokale myndigheiter, får vilja si, vil tematikken som vert utforska i denne boka snart kunna koma til å verka veldig, veldig kjent».

Om du skulle vera i tvil: På YouTube kan du sjå ein video – henta frå Fox News – der Glenn Beck snakkar om korleis Agenda 21 er ein plan for «sentralisert kontroll over alt menneskeleg liv på planeten».

Der kan du også sjå ei vaskeekte konspirasjonsskulding, retta mot den skumle sosialisten Gro Harlem Brundtland (som bonus får du høyra korleis Beck uttaler namnet hennar). Ho er det ytste laget i ein lauk, ei massiv rørsle, som berre bruker miljøvern som ei maske for sin eigentlege intensjon: ei nifs verdsregjering. Hjå Glenn Beck dukkar også George Soros – den moderne konspirasjonsteoretikaren sin favorittbusemann – opp.

Det er ei salig smørje.

To ingrediensar er likevel lett å få auge på: Den eine er frykt for endring, komplett med dystopiske fantasiar. Den andre er mistillit til elitane. Dei globalistiske elitane. Det er i krysspunktet mellom uro og mistru at konspirasjonsteoriar finn god såjord.

Den alvorlege kjernen

Når ein har sett ein Glenn Beck-video for mange (og det skal ikkje mange til), er det litt vanskeleg å skriva om dette utan å verka latterleggjerande. Men det ligg ein alvorleg kjerne her, også utover at Beck og andre med tilsvarande bodskap har hatt eit stort publikum.

Uro for endring er ofte forståeleg, og i blant høgst rimeleg. Du skal vera ein kald fisk for å ikkje forstå uroa for endring i det amerikanske kolbeltet, eller i franske industribyar der industrien har fordunsta. Du treng heller ikkje reisa utanlands for å finna ho. Og kva med mistillit mot elitane? Ein skal vera bra naiv om ein ikkje meiner at den i blant er høgst fortent.

Det er på den mistilliten, kanskje meir enn noko anna, at populistiske rørsler siglar fram. Viktor Orbán vann fram i Ungarn fordi venstresida spela seg sjølv ut over sidelinja. Lov- og Rettferdspartiet vann fram i Polen fordi mange veljarar oppfatta sentrum-høgre-partiet Borgarplattforma som ei fjern elite utan forståing for vanlege folk sine problem, og som skitna til av skandalar, slett ikkje utan grunn. Sverigedemokraterna har vakse på mistillit til etablerte svenske politikarar. Mørke skyer trekkjer saman: eksisterande framandfrykt, ja visst, men også mismot og misnøye i møte med globaliseringa, og uro for framtida.

Å avla fram mistillit

På den andre sida: Mistillit kan også avlast fram på anna vis, gjennom forenkla og karikert elitekritikk og gjennom å dyrka fiendebilete. Politikarar som gjer det, burde tenkja seg nøye om. Det er ikkje sikkert dei vil lika fruktene på treet dei vatnar.

Ei av dei vonde fruktene, men langt frå den einaste, er konspirasjonsteoriar. Som eg tidlegare har skrive i Fri Tanke, er konspirasjonsteoriar gjerne eit produkt av avmakt og mistillit, samstundes som dei legg grunnlag for endå meir av det same. Men problemet med konspirasjonsteoriar er ikkje berre at dei kan vera direkte farlege, som i at dei har eit valdspotensiale. Problemet er også at dei tømer samfunnsdebatten for innhald, og erstattar dei med fiendebilete og ingenting anna enn fiendebilete.

Kva for grunn skulle klimaforskarane eigentleg ha for å lyga? I eit konspiratorisk verdsbilete trengst berre ein grunn: Dei er med på komplottet. Eit komplott som ikkje handlar om klima. Men om makt.

Og imens veks klimakrisa, uavhengig av kva Václav Klaus trur. Då fryktar eg at han skal få rett: Det finst dei som i si uro over klimaendringane byrjar å drøyma om autoritære løysingar. Etter kvart som klimaendringane sine trulege resultat vert stadig meir synlege, er det grunn til å frykta at me vil sjå meir av det. Ropet etter sterke menn veks i krisetider.