Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Halvparten av verdas ekstremt fattige er å finna i fem av verdas land: India og Bangladesh, DR Kongo, Etiopia og Nigeria. Foto: Pixabay.

Halvparten av verdas ekstremt fattige er å finna i fem av verdas land: India og Bangladesh, DR Kongo, Etiopia og Nigeria. Foto: Pixabay.

Eg skriv ikkje dette for å gje deg dårleg samvit ...

Klimaendringane vil råka verdas fattige mest. Du er ikkje blant dei. Men dei har konsekvensar for deg, likevel.

Publisert:

Sist oppdatert: 20.11.2018 kl 15:21

I Noreg drukna den nyaste rapporten frå FN sitt klimapanel i nyhende om regjeringa sitt utkast til statsbudsjett, og deretter i diskusjonar om Kristeleg Folkeparti.

Den aktuelle rapporten – ein spesialrapport om kva konsekvensar global oppvarming på 1,5 grader vil ha – kan sjølvsagt omtalast som endå ein vekkar.

Nokre liner i rapporten

Rapporten fortel at klimagassutsleppa må reduserast med 45 prosent innan 2030 for å nå målet i Paris-avtala. Den syner også at to graders oppvarming vil gje betydeleg auka risiko for alvorlege konsekvensar for natur, menneske og samfunn.

Eg reknar i grunnen ikkje med at du har lese han. Berre det å bla litt i han, og lesa ein del artiklar som samanfatta innhaldet, var nok til at klimapessimismen seig inn over meg, og nok til at det var meir freistande å finna fram lesestoff som er sunnare for mi mentale helse: Teikneseriar, altså.

Men her om dagen las eg endå ein artikkel. Den var verken særleg grundig eller særleg god, men den peika meg til nokre liner i rapporten det er verdt å dvela nærare ved.

Vil gå utover dei fattigaste

Dei er å finna i rapporten sitt femte kapittel. Der – i det andre underkapittelet – står det om noko av det me kan venta oss i ei verd som vert 1,5 grader varmare. Det står at klimaendringane vil «forverra eksisterande fattigdom», at dei vil føra til auka ulikskap, at dei særleg vil råka menneske som frå før er vanskelegstilte.

Det står om klasse, om kaste og om kjøn. Dette er perspektiv som ikkje står særleg høgt på sakskartet når me her heime diskuterer klimaendringar.

Eg skriv ikkje dette for å gje deg dårleg samvit, sjølv om eg skal vedgå at mitt eige ikkje var det beste etter å ha lese det. Eg skriv det fordi det har konsekvensar. Desse konsekvensane er på veg. Dei vil vera det, sjølv om politikarar, næringsliv og andre aktørar verda over faktisk skulle klara å oppfylla måla frå Paris.

Gode, dårlege og verkeleg dårlege nyhende

I ei tid prega av raske nyhende, er det lett å få inntrykk av noko anna, men verda har faktisk vorte betre dei siste tiåra.

I oktober kom ikkje berre klimapanelet sin nye rapport, men også ein rapport frå Verdsbanken, med ei oppdatering på korleis det går med FN sitt mål om å utrydda ekstrem fattigdom innan 2030.

Hovudkonklusjonen er at færre enn kvart tiande menneske i verda no lever under den internasjonale fattigdomsgrensa på 16 norske kroner dagen. Det er sjølvsagt mange. Men det er færre enn før. I 1990 låg det tilsvarande talet på 35,9 prosent.

Dei dårlege nyhenda: Reduksjonen i fattigdom går ifølgje Verdsbanken seinare enn før.

Klimaendringane gir økt konflikt

Halvparten av dei ekstremt fattige i verda er å finna i fem land: India og Bangladesh, DR Kongo, Etiopia og Nigeria. Og der ligg ei av dei verkeleg dårlege nyhenda gøymd.

Dette er land som er svært sårbare for dei menneskeskapte klimaendringane. Og dei gjer seg allereie gjeldande. I Nigeria har dei til dømes gjort konfliktar om jord og ressursar verre, ifølgje ein ganske nyleg artikkel i TIME Magazine. I Etiopia har aukande varme og mindre regn bidrege til å driva menneske på flukt.

Klimaendringane kan med andre ord gjera FN sitt mål om å stogge ekstrem fattigdom vanskelegare å oppnå. Dei kan dessutan bidra til nye konfliktar, som kan veksa til nye krigar. Dei kan – både direkte og indirekte – skapa nye flyktningkriser.

Klimaendringane er kort og godt ei oppskrift på ei meir usikker verd.

Kva med to grader?

Det står nemleg meir i klimapanelet sin spesialrapport. Det går klårt fram at ei global temperaturauke på to grader vil ha meir dramatiske konsekvensar – på dette området, som på mange andre områdar. Å avgrensa oppvarminga til 1,5 grader vil gjera utfordringane, særleg for sårbare menneske i Afrika og Asia mindre.

Det er sjølvsagt vel verdt å tenkja over dei etiske implikasjonane av dette. Å meina at me – i eit av dei rikaste landa i verda – har eit særleg ansvar, er ikkje, eller burde iallfall ikkje vera, ein særleg radikal tanke. At me er ein oljeproduserande nasjon, eit land som har gjort oss rike på fossil energi, burde heller ikkje gjera denne tanken fjernare.

For å seia det rett ut: Dårleg samvit er ikkje det verste ein har. Og sjølv avlat kan ha sin verdi.

Ikkje berre etikk


Men dette handlar ikkje berre om etikk. Det handlar også om tryggingspolitikk. Noreg er eit lite land i verda.

Ei meir usikker verd, med meir fattigdom, fleire konfliktar og fleire flyktningar, er rett og slett ikkje i vår interesse. Sjølv om du ikkje skulle vera plaga av dårleg samvit, er det eit sjølvstendig argument for handling, eit argument som burde ha sett langt meir avtrykk på både statsbudsjettet og haustens politiske debatt enn det har gjort.

Nøkkelord

#KommentarVis flere

HEF har fått støtte fra departementet i personvernsaken mot Den norske kirke
Kan veganisme være et livssyn?

Kan veganisme være et livssyn?

Selv mener veganerne at svaret er ja, men hva vil staten mene?

Bioteknologisk bakrus

Bioteknologisk bakrus

HEF-filosof Kaja Melsom maner til ettertanke om bioteknologi.

#miljøVis flere

Eg skriv ikkje dette for å gje deg dårleg samvit ...

Eg skriv ikkje dette for å gje deg dårleg samvit ...

Klimaendringane vil råka verdas fattige mest. Du er ikkje blant dei. Men dei har konsekvensar for deg, likevel, skriv Øyvind Strømmen i si spalte.

Å gjera feil, for å få gjort noko riktig

Å gjera feil, for å få gjort noko riktig

Grønne refleksjoner: Me kan halda fram som før. Me bør halda fram som før. Me må halda fram som før. Det er livsløgna i norsk politikk.

- Klima viktigere enn ferier og arbeidsplasser

Fullt hus under klimafestival:

- Klima viktigere enn ferier og arbeidsplasser

Det var både klimaoptimister og -pessimister på Litteraturhuset under gårsdagens fullsatte klimamøte. Men enighet om at Norge driver bakspeilspolitikk. – Vi må tørre å kreve politisk og strukturell endring. (9.1.2015)