Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Climate change activists attend an Extinction Rebellion protest outside Heathrow Airport in London, Britain April
 Foto: NTB-Scanpix/Reuters

Climate change activists attend an Extinction Rebellion protest outside Heathrow Airport in London, Britain April Foto: NTB-Scanpix/Reuters

Vi må kjempe både for miljø og menneske

Erik Tunstad peiker med rette på skuggesider i miljørørsla, ikkje minst i form av menneskeforakt, meiner Øyvind Strømmen. Han lister opp og drøftar tre tankefeil miljørørsla kan vera sårbar for, og kva konsekvensar dei kan få.

Publisert:

Sist oppdatert: 20.06.2019 kl 13:22

Eg synest kanskje Erik Tunstad si framstilling av mørke tankesett i miljørørsla er vel lettbeint. Han startar med utgangspunkt i ei gruppe «kulturpersonligheter og akademikere» som slutta seg til Extinction Rebellion sitt opprop, og hoppar deretter som haren: Frå Paul Watson sin misantropi via Hermann Göring sitt skogvern og fram til Greenpeace sin skepsis mot genmodifisert ris.

Ein ting er at Tunstad si framstilling – som han sjølv påpeiker – «ikke er veldig rettferdig overfor den jevne miljøverner». Men Tunstad løftar ein debatt det er verdt å ta, og ein diskusjon som ikkje minst er viktig for dei av oss som er opptekne av natur- og miljøvern.

Eg vil difor drøfta tre tankefeil miljørørsla kan vera sårbar for, og peika på kva konsekvensar dette etter mitt syn bør ha for grøn politisk tenking.

Tankefeil 1: Å setja mennesket til sides

Tunstad skriv om døme på misantropi – menneskeforakt – i miljørørsla, og har ingen vanskar med å finna døme på at menneskeheita vert skildra som kreft eller som virus.

Innanfor miljørørsla finn ein dei som vil erstatta antroposentrisme (mennesket i sentrum) med det som gjerne vert kalla økosentrisme eller biosentrisme (naturen i sentrum), tenking som står sentralt i den såkalla djupøkologien. Den mest sentrale norske bidragsytaren til denne er Arne Næss, som i eit av sine hovudverk – Ecology, Community and Lifestyle – avviser oppfatninga av menneske som åtskild frå sitt miljø, samstundes som han set fram det han kallar «egalitarisme i biosfæren – i prinsippet».

Dei siste to orda er ikkje uvesentlege, fordi Næss også peiker på at det umoglege i dette i praksis. Han set deretter fram at alt liv har same rett til å leva og å blomstra, og han seier at det å avgrensa dette til mennesket er antroposentrisme, og at det også har ein negativ verknad for menneska sin eigen livskvalitet.

Denne økofilosofien opnar for både ein sunn og ein usunn refleks.

Den sunne er å gje naturen ein eigenverdi. Den er verdt å taka vare på, også for si eiga skuld, og ikkje berre fordi den har nytte for oss. Å tillata seg sjølv å utfordra antroposentrismen – som eg sjølv vil hevda er ganske naturleg for mennesket – gjer det lettare å sjå andre verdiar i naturen enn dei økonomiske, og legg grunnlag for solidaritet ikkje berre med menneske, men også med dyr og natur.

Den usunne refleksen er at ein – paradoksalt nok – også risikerer å setja mennesket utanfor naturen, og byrjar å sjå på menneskeheita som eit slags framandobjekt, som kreftceller og som virus. Slik menneskeforakt dukka også opp i den djupøkologiske rørsla, ikkje minst i amerikanske Earth First, som kanskje hadde solidaritet med dyr og natur, men som ikkje var vidare solidarisk innstilt til mennesket. Attende på 1980-talet reagerte Dave Foreman – leiande i Earth First, og sjølverklært djupøkolog – på ei svoltkatastrofe i Etiopia med at det beste ville vera å la naturen gå sin gang, og lata folk svelta i hel.

Det er lov å verta kvalm.

Det er også eit anna problem med dikotomien antroposentrisme – biosentrisme, noko Næss sitt argument om redusert menneskeleg livskvalitet eigentleg er ein utmerka illustrasjon på. I 1989 leverte den indiske historikaren Ramachandra Guha ein bitande kritikk av den amerikanske djupøkologien. Han peikte på to grunnleggjande økologiske problem – overforbruk i den rikare delen av verda og aukande militarisme – og slo fast at årsakene på makronivå var økonomiske og politiske, og på mikronivå knytte til livstilsval. Snarare enn å kunne reduserast til ei antroposentrisk haldning til naturen, var dei resulterande naturøydingane eit trugsmål mot menneske, noko som gjorde djupøkologien sin dikotomi «irrelevant på sitt beste, og på sitt verste ei farleg tåkelegging».

Her ligg det også ein viktig lærepenge for grøn politisk tenkning:

Å sjå naturen sin eigenverdi har absolutt noko for seg, men grøn politisk tenking må unngå å setja mennesket til sides. Grøn politisk tenking må vera til fordel for både miljø og menneske.

Grøn politisk tenking – det ein på fransk omtaler som l’écologie politique, politisk økologi – kan ikkje gå seg vill i filosofien, men må gå inn i den politiske røyndomen. Og den politiske økologien må vera ein sosial økologi.

Heldigvis er det også det som er det dominerande innanfor grøn ideologi slik ein finn han både i grøne parti, og i den breiare miljørørsla.

Tankefeil 2: Demokratiet er for svakt

Tunstad tek som nemnd utgangspunkt i eit Extinction Rebellion (XR)-opprop. Eg har sjølv ytra meg kritisk til Extinction Rebellion-oppropet. Det er ikkje uproblematisk å erklære samfunnspakta for å vera broten og ugyldiggjort, å etterlysa opprør eller å etterlysa eit råd som skal «føre tilsyn med at tiltakene som er nødvendige blir gjennomført».

For å seia det på ein annan måte: Dersom eg skulle skriva ein dystopisk framtidsroman om eit undertrykkjande samfunn, der undertrykkinga vart grunngjeve med miljøomsyn, ville eg nok ha teke med eit slikt råd. Eg ville kledd dei opp i tøffe kapper i økologisk bomull, og kalla dei Vaktarane. Eg hadde utstyrt dei med kald kynisme overfor sine medmenneske, kombinert med ein varm kjærleik til naturen.

Det er nok på ingen måte ein slik dystopi Extinction Rebellion har i tankane når dei tek i bruk dei retoriske verkemidla dei gjer. Eg opplever likevel at dette er å opna døra på gløtt for anti-demokratiske idear, og det er ei dør miljørørsla må halda stengt; ei utfordring også norske XR bør ta til seg.

Rop på den sterke leiar

Som grøn politikar er dette ein del av det eg er uroa for: At klimaendringane, etter kvart som dei vert verre, skal føra til mistru mot det liberale demokratiet, at demokratiet skal verte sett på som for svakt, eller for treigt, til faktisk å kunna løysa problema. Rundt hjørnet ligg draumen om autoritære løysingar og rop etter sterke menn. Dette er ikkje berre teori. Den tidlegare aust-tyske dissidenten Rudolf Bahro (1935 – 1997) spela ei ikkje uvesentleg rolle i det tidlege grøne partiet i Vest-Tyskland, der han var ein del av den såkalla fundi-fløyen. Han forfekta ein radikal, grøn utopisme.

Midt på 1980-talet braut han med partiet, og etter kvart stod han for ein politisk filosofi som kombinerte radikale grøne idear med esoterisme, eit fokus på spiritualitet og det som i aller beste fall kan skildrast som lefling med autoritært tankegods. I boka Logik der Rettung skriv han om behovet for ei «redningsregjering», leia av ein «fyrste for økologisk omvending». Hans mest kontroversielle utsegn kom i eit intervju med den marxistisk orienterte avisa Junge Welt, der han sa: «Eigentleg vert det i folkedjupet ropt etter ein grøn Adolf, og venstresida er berre redd for det, i staden for å innsjå at ein grøn Adolf ville vera heilt annleis enn den kjende». Igjen: Det er lov å verta kvalm.

Ein del ynskjer å sjå på miljøspørsmål langs ei heilt eiga politisk akse, ei akse som går frå grå til grøn, snarare enn frå raud til blå, eller frå det autoritære til det nærast anarkistisk liberale. Som modell er ikkje det meiningslaust, men då må ein også innsjå at det er fullt mogleg å gå i grøn retning på den eine aksen, samstundes som ein rører seg ut i verkeleg ubehagelege landskap på andre aksar. Idear om viktigheita av naturvern kan utmerkt kombinerast med «blod-og-jord»-tenking, og er absolutt til stades i nyfascismen, og i moderne avleggjarar som den identitære rørsla, delar av alt-right og jamvel hjå den høgreekstreme, anti-muslimske terroristen i Christchurch, Brenton Tarrant. Han omtalte seg sjølv som «økofascist» og ytra i sitt såkalla manifest at «sann nasjonalisme» må vera «grøn nasjonalisme».

Alt dette synleggjer at miljø- og naturvernrørsla må vera på vakt mot såkalla entryisme, forsøk frå til dømes høgreradikalt og høgreekstremt hald på å vinna påverknad gjennom å verta aktive i breiare, folkelege rørsler. Det finst det fleire døme på at har blitt forsøkt. Også i Noreg.

Dette synleggjer at grøn ideologi med naudsyn må innehalda fleire dimensjonar. Blant dei viktigaste er anti-autoritarianisme og forsvar for det liberale demokratiet. Eg vil seia det endå sterkare: Utan desse dimensjonane er det ikkje snakk om grøn ideologi i det heile.

Tankefeil 3: Revolusjon

Mange i miljørørsla er opptekne av å gå i rette med det dei oppfattar som ei overdriven teknologitru, kanskje særleg på høgresida i norsk politikk.

Det er med rette. Når svaret på klimakrisa er at me treng teknologiutvikling, er svaret altfor veikt. Når tidlegare nemnde Guha i 1989 peikte på overforbruk som eit av dei grunnleggjande problema, hadde han rett, og det har han framleis, berre i endå større grad. Skal me møta dei to syskenbarnkrisene – klimakrisa og tap av økologisk mangfald – må me redusera forbruket vårt.

Diverre slår avvisinga av overdriven teknologitru for ofte over i rein teknologipessimisme eller i reint teknologifiendtlege haldningar. I staden for å sjå på teknologiutvikling som ei delløysing, som vil hjelpa oss på vegen, ender ein opp med å sjå på teknologi som eit blindspor, ei haldning som gjerne vert kombinert med naturromantikk. I blant vert slike idear kombinert med uklåre og vage tankar om nødvendigheita av eit paradigmeskifte (men ekte paradigmeskifter vert ikkje planlagt, dei skjer, fordi kunnskap og føresetnader endrar seg).

Dette minner meg om Raudt-politikaren på Voss som ved eit høve foreslo å utsetja budsjetthandsaminga i kommunen til etter kapitalismen hadde falle. Det var nok eit framlegg som ikkje vart sett fram i fullt gravalvor. Det var morosamt, men neppe særleg eigna til å løysa kommunen sine utfordringar.

I møtet med klimakrisa vil det vera betre å gjera det som me allereie gjer: å setja opp grensepålar for marknaden. Den viktige diskusjonen er kva grensepålar det skal vera, for at me skal kunna halda på alle tre formene for berekraft: økonomisk berekraft, sosial berekraft og økologisk berekraft. Grøne politiske løysingar som ikkje gjer det, kan fort enda med å verta møtt med gule vestar.

Her kan det vera nyttig å sjå for seg økonomien i smultringform. På den eine sida står grensepålane som sikrar eit sosial fundament: tilgang på mat, vatn og husvære, likestilling, tilgang på utdanning, demokratisk deltaking og styring, osv. Her har den norske velferdsstaten sett opp mange slike pålar. På den andre sida må grensepålane som sikrar det økologiske fundamentet stå, grensepålane som hindrar (i dag vil det diverre seia: dempar) global oppvarming, tap av økologisk mangfald og andre miljøproblem.

Her er sjølvsagt teknologiutvikling langt frå eit blindspor: Elektriske bilar, elektriske ferjer, elektriske fly, havvindmøller og solcellepanel løyser ikkje Problemet med stor P. Men dei løyser problem. Teknologiutvikling bidreg til at det vert lettare å halda seg innanfor smultringen, og til at grensepålane vert mindre plagsame for det økonomiske livet.

Grøn politisk tenking må ikkje lata store vyer stå i vegen for små steg.

Som haren hoppar

Innleiingsvis påpeikte eg at Tunstad i sin artikkel om miljørørsla sine skuggesider hoppar litt som haren, og slik lagar ei suppe av litt for mykje forskjellig. Eg kan nok kritiserast for det same. Difor ei forsøksvis samanfatting til slutt:

Miljørørsla har sine skuggesider. Dei bør miljørørsla og dei av oss som er opptekne av grøn politikk – uavhengig av politisk ståstad og farge elles – også sjølv konfrontera. For meg tyder det at fokus på natur og miljø åleine ikkje er nok. God miljøpolitikk kan ikkje berre vera for miljøet si skuld, den må vera for menneska også.

Debatt Vis flere

DEBATT: Trenger alle livssyn å være gjensidig ekskluderende?

– Forsvarer jeg en bredere livssynsdefinisjon enn Gran? På en måte, ja, på andre måter, ikke nødvendigvis, skriver Arild Tornes.