Monument over den utdøydde Geirfuglen, like ved Keflavik flyplass på Island. Foto: Kim Bach (CC BY-SA 2.0, beskåret)

Å gjera feil, for å få gjort noko riktig

Me kan halda fram som før. Me bør halda fram som før. Me må halda fram som før. Det er livsløgna i norsk politikk.

Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Human-Etisk Forbund

Publisert:

Sist oppdatert: 21.09.2018 kl 14:38

KOMMENTAR: «Heile den moderne verda har delt seg sjølv inn i dei konservative og dei progressive. Dei progressive sitt prosjekt er å halda fram med å gjera feil. Dei konservative sitt prosjekt er å hindra at feila vert retta opp».

Orda er den britiske forfattaren og katolske apologeten G. K. Chesterton sine. Og dei er blant mine favorittsitat, sjølv om eg elles ikkje har lese noko særleg av Chesterton.

I Bjørn Stærk si nye bok Jakten på den grønne lykken får ein høve til å bli kjent med nokre fleire av Chesterton sine idear. Stærk samanfattar Chesterton sin kapitalismekritikk, skriven frå ein rimeleg konservativ ståstad. Han summerer opp Chestertons bondeideal.

Og Stærk gjentek ei likning frå Chesterton si bok The Outline of Sanity, ei historie som handlar om ein mann som oppdagar at har får servert livsfarleg, forgifta øl på puben. Etter å ha sett venar stryka med, går mannen naturleg nok til myndigheitene for å klaga, men der får han spørsmål om kva han vil skal koma i staden for det livsfarlege vertshuset. Det var nok best å lata ting vera som dei er.

Hjå Chesterton ender historia med at mannen blir fortalt at han er gal. Noko er det visst i det, også, for heile forteljinga ender opp med at den forgifta pubgjesten sjølv blir drapsmann, ein del av likninga som Stærk ikkje røper for oss, ei lita innbakt åtvaring, kan hende.

Men som Stærk skriv: «Når nåtilstanden er råtten, mente Chesterton, må du våge å gå i en annen retning selv om du ikke vet akkurat hvor du vil ende opp. Det minste du kan gjøre er å erkjenne for deg selv at tilstanden er råtten, danne deg et bilde av hva som er friskt, og tenke på hvilken retning det friske kan befinne seg i».

Galskapen

Opp gjennom historia har mange idear som har utfordra det etablerte blitt omtalt som nettopp galskap. Som grøn politikar har eg etter kvart vorte ganske vand med å bli kalla sprø. Fordi eg meiner at oljealderen ikkje berre vil ta slutt, men faktisk ta slutt (og det sjølv om eg nok vil finna oljepengar igjen i mi lønsinntekt). Fordi eg meiner at det trengst ein bypolitikk som prioriterer bilen langt mindre (sjølv om eg både køyrer bil, og faktisk liker å køyra bil).

Eller fordi eg kritiserer forbrukarsamfunnet (som eg sjølv – nær uunngåeleg – er ein del av). Det er galskap. Det er vanvit. Og kva er eigentleg alternativet mitt? Kva vil eg ha i staden for puben med det giftige ølet?

Det var det lettare å svara på i yngre år, då eg sverma for tankegods utanfor minst eit stup på venstrekanten av norsk politikk. Men sanninga er jo – for å halda meg til Chesterton ein augneblink til – at tilstanden i dagens Noreg slett ikkje er roten. Noreg er eit av verdas aller beste land. Nordmenn er blant verdas lukkelegaste folk. Noreg har eit godt fungerande demokrati og eit levande debattklima.

Sosialdemokratiet Noreg er eit land der arbeidstakarar har omfattande rettigheiter, der skilnadene mellom folk er mindre enn i svært mange andre land, og der tilliten mellom folk, og mellom folk og folkevalde er stor. Når eg betaler skatt veit eg at skattepengane mine i stor grad går til fornuftige ting.

Når nokre radikalarar pratar om «einprosenten», verdas rikaste, tenkjer eg på ein internett-test eg tok. Den synte at eg – som har ei ganske normal norsk inntekt, og ikkje særleg formue å snakka om – anten er ein del av den rikaste prosenten globalt, eller i det minste kjem ramlande nært.

Kven er eg til å snakka om ròtenskap? Vil ikkje det vera galskap?

Rròtenskapen

Då eg var berre ein gutunge, i 1991, hadde Arbeidarpartiet ein valplakat med bilete av ei hand som heldt jordkloden, og teksten: «Pass på den».

Kanskje var det same våren, eg hugsar ikkje, at eg fekk to gåver frå far min til bursdagen. Den eine var ei bok om menneskeheita si historie. Den andre var eit medlemsskap i Verdas Naturfond. Han hadde nok merka det gryande miljøengasjementet hjå yngstesonen.

Det var også på denne tida eg fyrst lærde om geirfuglen, sjøfuglen som vart utrydda som eit resultat av menneskeleg dumskap og menneskeleg grådigskap. Tanken på fuglen eg aldri ville få sjå fylte meg med ei slags sorg, som stadig heng i når eg tenkjer på fuglen, og det einaste som no gjev meg von er forskingsprosjekt som tek sikte på henta fram gamal DNA og på å – ved hjelp av genteknologi – attskape fuglen.

Det er eit døme på min teknologioptimisme, kan hende, men og på at mennesket har sett seg i førarsetet. Når folk snakkar om «urørt natur» i dag snakkar dei om noko som eigentleg ikkje finst på jorda.

Og sidan 1991 har mykje av pratet om å ta vare på planeten vore nettopp det: Prat. For det finst noko ròtent i norsk politikk, noko eg må prata om trass i at eg bur i eit rikt, trygt og lukkeleg land. Og det er livsløgna vår. Idéen om at me kan halda fram som før, at me bør halda fram som før, og aller verst: at me halda fram som før.

Det er ein idé som dukkar opp i stort og smått. I diskusjonar om oljeutvinning, men og i diskusjonar om biltrafikk i Oslo sentrum. Ein annan stad i Jakten på den grønne lykken – kanskje i det mest interessante kapitlet – skriv Stærk om det positive å gjera om parkeringsplassar til torg. Så legg han til:

«Mange hverdagsbilister er uenige fordi de ser byen gjennom bilvinduet, og de er sinte fordi de er en privilegert gruppe som er i ferd med å miste noen av privilegiene sine. Få blir så sinte som en som er vant til å få alt, og så blir bedt om å dele».

Moralen

Stærk er ikkje av dei som slit med dårleg samvit. Han var, ifølgje han sjølv, lenge uinteressert i miljøspørsmål, ein som fnyste av miljøvernarar. Boka hans handlar i lita grad – iallfall direkte – om klimaendringar. Den handlar langt meir om syklar, om byplanlegging, om gjenbruk og om gleda i å kjøpa produkt som varer lenge. Om nærare ting.

Og så handlar den litt om kva ein kan læra frå konservatismen, sjølv om han kallar konservatismen ein død ideologi, som han berre vil stela verdisaker frå.

Han har uansett eit poeng om verdisakene. Blant dei er ideen om at menneske faktisk treng grenser, at me treng å leggja band på ambisjonane våre. Blant dei er ein konservativ kapitalismekritikk, som ikkje går laus på privat eigedomsrett (og heller ikkje var vidare positiv til statleg innblanding for velferdas skuld), men som likevel stilte spørsmål ved å byggja økonomien på grådigskap, ein kapitalismekritikk som ikkje var basert på frykt for marknaden, men på respekt for han:

«Markedet har et gjerde. Innenfor gjerdet møter vi hverandre gjennom økonomiske transaksjoner. Utenfor er det andre regler som gjelder. [...] Vi skapte markedet, og det er opp til oss å sette gjerdet på riktig sted».

Og då støyter ein til sist også på moralske spørsmål, om rettferd, om moderasjon, om respekt for menneskeverdet. Kald fornuft åleine er vanskeleg å lita på, fordi mennesket ikkje er fornuftig. Me er ikkje alltid rasjonelle. Det er vanskeleg å byggja ein grunnmur på rasjonalitet åleine.

Faren med å snakka om moral er sjølvsagt at vegen kan bli kort til moralismen. Eg er viljug til å vedda på at ein del vil finna meir moralisme enn dei liker i Stærk si bok.

Men sanninga er at det er forgifta øl på vertshuset. Nokon må nesten skrika opp om det. Og kva som skal koma i staden for? Eg har nokre idear, men lukkelegvis ingen fasit. Dei progressive kjem til å halda fram med å gjera feil. Konservative kjem til å halda fram med å syta for at feila ikkje vert retta opp.

Men nokre gongar, i blant, har båe delar sin verdi. Det er heilt naudsynt å gjera feil, for å få gjort noko riktig.

Siste nytt i Kommentar Vis flere

5 sekt-tips for humanister

5 sekt-tips for humanister

Alle livssyn har et sekt-potensial. Slik motvirker vi humanister vårt, skriver «Livssynsnerden» Didrik Søderlind.

Eg skriv ikkje dette for å gje deg dårleg samvit ...

Eg skriv ikkje dette for å gje deg dårleg samvit ...

Klimaendringane vil råka verdas fattige mest. Du er ikkje blant dei. Men dei har konsekvensar for deg, likevel, skriv Øyvind Strømmen i si spalte.

Fører kritisk tenkning til ateisme?

Fører kritisk tenkning til ateisme?

– Jeg har aldri forstått religion. Tror virkelig oppgående, voksne og formodentlig nokså intelligente mennesker på Gud? Tror de VIRKELIG på Gud? Eller tror de på NOE? spør Erik Tunstad.

Finn oppskriften på det gode liv hos Aristoteles!

Finn oppskriften på det gode liv hos Aristoteles!

Edith Hall mener at den antikke livsvisdommen fortsatt er holdbar.

Kvinners selvbestemmelse bør ikke ofres for å tekkes KrF

Kvinners selvbestemmelse bør ikke ofres for å tekkes KrF

I dag demonstrerer Human-Etisk Forbund med flere utenfor Stortinget for å forsvare abortloven. Bente Sandvig forklarer hvorfor.

– Også i Norge har vi politikere som sier de kjemper for «det sanne folket»

Advarte mot populisme:

– Også i Norge har vi politikere som sier de kjemper for «det sanne folket»

– Vi kan ikke fjerne Donald Trump, men vi ER en motvekt til overforenklede analyser og irrasjonelle kortslutninger, sa Trond Enger i sin tale til HEFs landskonferanse i dag.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...