Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
– Skal ein skriva om krigen i Syria treng ein solid doser av sunn skepsis, og ein bør utstyra seg med bøtter og spann av kjeldekritikk, skriv Øyvind Strømmen. Bildet syner britiske frivillige i International Freedom Battalion (IFB) i Rojava, Syria.
 Foto: Wikipedia commons@Eit ukjend IFB-medlem

– Skal ein skriva om krigen i Syria treng ein solid doser av sunn skepsis, og ein bør utstyra seg med bøtter og spann av kjeldekritikk, skriv Øyvind Strømmen. Bildet syner britiske frivillige i International Freedom Battalion (IFB) i Rojava, Syria. Foto: Wikipedia commons@Eit ukjend IFB-medlem

Konspirasjonsteoriar hemmar samfunnskritikk

– At folk byter ut samfunnskritikk eller systemkritikk med konspirasjonsteoriar er eit sjukdomstrekk, skriv Øyvind Strømmen.

Publisert:

KOMMENTAR: For ei tid sidan – i samband med at eit av partiet Raudt sine lokallag i Trondheim inviterte Kari A. Jaquesson til ein paneldiskusjon om kva ein skal meina om Syria – påpeika eg at Jaquesson har skrive mykje rart, og at ho blant anna har vidareformidla stoff frå den konspirasjonsteoretiske nettstaden Veterans Today, skrive av ein skribent som er open antisemitt. Eg synte samstundes til fleire andre døme på kva ho har skrive og vidareformidla i sosiale media.

Fleire våpendragarar for Jaquesson dukka opp. Eg vart blant anna fortalt at det å syna til kva og kven ho har lenkja til er «guilt by association».

Ein kar skreiv: «Konspiratoriker er blitt et hendig slagord for å avvæpne meningsmotstandere, men er det egentlig så farlig med konspirasjonsteorier?».

Han la til: «Myndighetene forteller oss jo ikke hva som foregår bak kulissene, så da må vi da vel for pokker få lov å diskutere det med hensikt å finne ut av det, uten å bli utsatt for personlig sjikane? Denne trenden er bare latterlig, folk burde vite bedre enn å være maktas nyttige idioter».

Og svaret?

Svaret er: Ja. Det er farleg med konspirasjonsteoriar. Det er det av fleire årsaker.

Sjukdomstrekk

For det fyrste: Konspirasjonsteoriar fremmer ikkje samfunnskritikk. Dei hemmar samfunnskritikk.

Dei er gjerne eit produkt av avmakt og av mistillit mot det etablerte, men dei fremmer i seg sjølv også både avmakt og mistillit. Avmakt, for kva gjer ein eigentleg i møte med nærast allmektige, men skjulte motstandarar? Mistillit, for kva er det eigentleg ein kan stola på i det heile når ein har kjøpt eit konspirasjonsteoretisk verdsbilete? Om dei lyg til oss om A, lyg dei vel også til oss om B?

At folk byter ut samfunnskritikk eller systemkritikk med konspirasjonsteoriar er eit samfunnsmessig og politisk sjukdomstrekk. At dei gjer det i trua på at det er konspirasjonsteoriane som er systemkritikk er berre sørgeleg.

Sunn skepsis? Fråverande.

For det andre: Konspirasjonsteoriar fremmer ikkje sunn skepsis. Dei hemmer sunn skepsis.

På ei reise inn i eit konspirasjonsteoretisk landskap vert det fort klårt at dei gjennomgåande spørsmåla som der vert stilt til den etablerte historia, til «den offisielle versjonen», aldri vert fulgt opp med tilsvarande spørsmål til teoriane ein set fram som alternativ. Istadenfor vert alle sortar tøv vidareformidla, gjerne i form av å «berre stilla spørsmål».

Ei nyleg Twitter-melding frå Jaquesson er eit godt døme. I den lenkjer ho til ein artikkel og fremmer ei hypotese, berre som eit samtaletema sjølvsagt, berre som noko å grunna over: Var det Israel som drepte JFK og RFK? Kjeldekritikk? Fråverande. Logiske spørsmål? Fråverande. Sunn skepsis? Fråverande.

Bakvendtland

Sist fekk eg kritikk for å ikkje snakka om Syria, så her kjem poenget: Skal ein skriva om krigen i Syria treng ein solid doser av sunn skepsis, og ein bør utstyra seg med bøtter og spann av kjeldekritikk. Gjer ein det, vil ein framleis kunna stilla spørsmål ved vestlege land si rolle, men det vert samstundes vanskelegare å svelgja både russisk propaganda og propaganda frå Assad-regimet.

Problemet er at ein, om ein reiser langt nok inn i eit konspirasjonsteoretisk tankeunivers, reiser inn i Bakvendtland, der aust er vest, der fem og to er ni, men ikkje minst: der alt kan gå an. Om ein er turist i universet, kan det vera fascinerande, underhaldande, til og med morosamt. Det er ikkje utan grunn at konspirasjonsteoretiske førestillingar er ein del av byggverket for mange gode bøker og TV-seriar.

Men om ein vert fastbuande har ein slått seg ned i ein røyndom der sjølve røyndomen ikkje finst, alt er lag på lag med løgner, inga hending er for stor eller for lita til at ein skal stilla spørsmål ved den offisielle versjonen. Å jakta på sanninga i ei slik verd handlar ikkje lenger om å finna fakta, istadenfor handlar det om fiendebilete.

Og i dei fiendebileta dukkar Israel påfallande ofte opp, og ikkje berre Israel, men jødane. Andre opptrer og: Hos nokre er det USA. Hos nokre er det muslimane. Hos nokre er det folka i nabolandet, eller dei i nabolandsbyen.

Konspirasjonsteoriar drep

For det tredje: Konspirasjonsteoriar drep.

Dei er ofte ein ingrediens i ekstreme ideologiar, ofte ein del av hatretorikk, ofte å finna i terroristar sitt verdsbilete. Konspirasjonsteoriar har stått sentralt i folkemord. Dei har vorte nytta for å forsvara dei verste brotsverk. Historia er full av døme. Det gjer sjølvsagt ikkje at den enkelte konspirasjonsteoretikar er farleg. Det kan vera harmlaust å tru på sjølv dei mest spinnville teoriar, i det minste harmlaust for alle andre enn deg sjølv.

Men for diagnosa speler det ei rolle, for dette fortel oss at konspirasjonsteoriar er ei samfunnsgift. Det er ei gift som sporar samfunnsdebatten av, som hemmar samfunnskritikk, som øydar systemkritikk, og som legg til rett for både avmakt, mistillit og hat. Og det er ei gift som gjer propagandamakarane sin jobb enklare.

Først publisert på Strømmen sin Facebook-profil.