Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Ein bør ikkje spela muslimhatet sterkare, skriv Øyvind Strømmen. Foto: Wikimedia/Erlend Bjørtvedt (CC BY-SA 4.0)

Ein bør ikkje spela muslimhatet sterkare, skriv Øyvind Strømmen. Foto: Wikimedia/Erlend Bjørtvedt (CC BY-SA 4.0)

Problemet med «snikislamisering»

«Snikislamisering» er eit omgrep som ligg nærare eit konspirasjonsteoretisk univers og nærare Eurabia-førestillingar enn det ligg islamkritikk. Og konspirasjonsteoretiske førestillingar om muslimar er farleg. Blant anna fordi det gjer sakleg islamkritikk vanskelegare.

Publisert:

I kjølvatnet av Abid Raja sin kritikk av Frp, fekk eg eit spørsmål frå ein journalist. Det vil seia: Spørsmålet kom eigentleg i kjølvatnet av at Harald S. Klungtveit, redaktør for Filter Nyheter, publiserte ei rekkje døme på kommentarar frå Resett sine kommentarfelt i ein post på Facebook.

Nokre av døma kom frå deira førehandsmodererte kommentarfelt på eigne nettsider. Nokre frå ein tråd på Resett si Facebook-side. Ein av kommentarane på Facebook var ein rein og uforfalska valdsfantasi, som seinare har blitt sletta og som Resett-redaktør Helge Lurås sjølv meiner vert råka av straffelova.

Konspiranoia

Men blant dei andre kommentarane finn ein kommentarar som osar av konspirasjonsteoretiske førestillingar om muslimar. Eit døme er kommentaren der Raja vert framstilt som «en muldvarp for å skaffe islam en posisjon i maktens korridorer», og som «den eksemplifiserte taqqiamuslim [sic!]».

Omgrepet taqiyya har ein i antimuslimsk tenkning rana ut frå sjiamuslimsk teologi, og fylt med eit nytt innhald. I muslimhatet sitt univers vert det nytta for å framstilla ein kvar muslim som ikkje passar inn i fiendebiletet som ein skjult fiende, ein løgnar, ein deltakar i eit mørkt, muslimsk komplott.

Spørsmålet eg fekk frå journalisten var: Er slike idear farlege? Er muslimhatet farleg? Svaret mitt er at det er farleg på tre konkrete måtar.

Muslimhatet øydelegg for islamkritikk

For det fyrste, konspirasjonsteoriar har ein tendens til å øydeleggja samfunnsdebatten. Anti-muslimske konspirasjonsteoriar, førestillingar om politisk forræderi og idear om muslimske komplott har også denne effekten. Dette er ikkje islamkritikk, uansett kor lenge og kor heftig nokre vil freista å påstå det.

Slike påstandar undergrev snarare moglegheita for å driva med nettopp skapeleg, edrueleg og ofte høgst naudsynt islamkritikk. Både fordi den vil drukna i støyen frå tastaturkrigarane si klapring, og fordi den gjer at folk skuggar bana, fordi dei slett ikkje ynskjer å bli oppfatta som allierte av muslimhatet, og ikkje ynskjer å risikera å verta slått i hartkorn med det.

Når media og andre vel å omtala det som er muslimhat som islamkritikk, og det har diverre hendt stadig vekk, bidreg dei også til dette. Slik vert skiljene viska ut. Dermed kan muslimhat spreiast under islamkritikken sine vengjer, noko det ikkje fortener, samstundes som kritiske stemmer både mot og innan islam kan verta oppfatta som ein del av det moderne muslimhatet, noko dei ikkje fortener.

Dette er eit paradoks: Mykje av muslimhatet søkjer å dekkja seg bak islamkritikk, men i røynda gjer det islamkritikk vanskelegare, ikkje lettare.

Eit salsargument for ekstreme islamistar

I ein artikkel i Minerva nyleg, påpeiker eg at radikalisering er eit komplekst fenomen, men at to komponentar går att. Det fyrste er det interne, det som har med den enkelte sin bakgrunn å gjera, med individuelle trekk og med psykologi. Mange faktorar kan gjera folk meir sårbare for å bli sugd inn i eit ekstremt univers: kunnskapsløyse, fordomar, framandgjering, bekymringar, isolasjon og ikkje minst opplevd utanforskap.

Det andre elementet er kontakt med eksterne, radikaliserande krefter. Det kan vera leiarar, ideologiar, konspirasjonsteoriar, sosiale grupper, propaganda og personlege relasjonar.

«Det finst ikkje noko i nærleiken av eit eksakt reknestykke rundt korleis denne prosessen utspeler seg», skriv den tidlegare Department of Homeland Security-analytikaren Daryl Johnson i den nyleg utkomne boka Hateland, «men generelt kan ein seia at menneske med sveikka [indre] tryggleiksnett som kjem i kontakt med ekstrem retorikk og ideologi har størst sannsyn for å akseptera eller kopla seg på ekstreme idear. Dette er det innleiande steget i radikaliseringsprosessen».

Muslimhat på gata

Det ville vera grunnleggjande naivt å tru at det muslimhatet ein ser i ein del kommentarfelt ikkje også finn uttrykk andre stader enn på nett, at det ikkje kjem til uttrykk på gata, i skulemiljø, på arbeidsplassar, i sosiale samanhengar. Om ein er ung muslim, eller har bakgrunn frå eit land der islam er den dominerande religionen, må ein i Noreg i dag rekna med å møta dette hatet, og ein må samstundes rekna med å bli diskutert som eit problem av politikarar i eit regjeringsparti, slik Abdirahman Hassan skriv om i Aftenposten.

For nokre vil dette føra til eit opplevd utanforskap, til ei kjensle av å bli forakta av storsamfunnet.

At dette skjer i ei rekkje vestlege land, er sjølvsagt ekstremislamismen sine propagandistar klår over. Eg har sett rikeleg av IS-propaganda som speler på nettopp denne kjensla, gjerne blanda med referansar til vestleg populærkultur, filmar og dataspel, og med eit språk vestleg, muslimsk ungdom forstår.

Og har sett propaganda frå den somaliske terrorgruppa al-Shabaab som framhever rasisme og muslimhat i det amerikanske samfunnet, og som skryt av korleis ein som krigar i al-Shabaab kan finna eit fellesskap som ifølgje dei er umogleg i USA, og der det ikkje speler noko rolle om ein er svart eller kvit.

Denne propagandaen er utarbeidd for å treffa menneske som er sårbare for radikalisering, for å appellera til unge som kjenner på det opplevde utanforskapet. Muslimhatet er eit salsargument for ekstreme islamistar. Også slik er det farleg.

Skaper einsame ulvar

Men muslimhatet er også sjølv ei slik radikaliserande kraft. Menneske som av ulike grunnar er sårbare for radikalisering, kan i møte med anti-muslimsk hat og anti-muslimske konspirasjonsteoriar, slik ein finn det i kommentarfelta til fleire norske «alternative media», men også – i blant, eller altfor ofte – i kommentarfelta til store mediehus, starta på ei radikaliseringsbane, på ein yttarleggange.

Ofte fører dette berre fram til ein mur av frustrasjon, eit omgrep eg også har lånt frå Daryl Johnson. Landskapet framfor muren er mørkt og ubehageleg, men det er stadig eit landskap prega meir av klapringa frå tastatur enn av ljoden frå automatgevær. Men nokre få klatrar over muren, og inn i eit endå mørkare land: dei kan koma til å kjenna seg kalla til handling. Kvifor?

Igjen kan individuelle forklaringar spela ei rolle; psykologi, mangel på sosialt nettverk eller dårlege evner til å i det heile fungera sosialt. Slik vert einsame ulvar fødde. Men når den einsame ulven står der oppe på muren, og ser seg attende, og det han ser er muslimhat og konspirasjonsteoriar, forrædarførestillingar og forakt mot påståtte og verkelege elitar – kanskje jamvel valdsfantasiar – då er det han ser ikkje eigna til å få han til å snu, men til å eggja han fram. Difor kjem også den einsame ulven frå ein flokk.

Kva skal ein gjera?

Alt dette er grunnar til at muslimhatet er farleg, til at det er ei destruktiv kraft. Men kva gjer ein så med det? Det er verre å svara på. Det meste av det, med nokre unntak, er innanfor ytringsfridomen sine grenser, grenser som må og skal vera vide. Ein kan ikkje vinna over muslimhatet med lovboka i handa.

Difor er det lettare å svara på kva ein ikkje bør gjera. Ein bør ikkje spela muslimhatet sterkare. Og difor – nettopp difor – er det ytst problematisk når ein leiande politikar, landets finansminister, snakkar om «snikislamisering».

For kva er «snikislamisering»? Det er ein påstand om at me er i ferd med å verta islamiserte, i det skjulte, på snikande vis. Det er eit omgrep eg såg fyrste gong tidleg på 2000-talet, og då i ein klårt høgreradikal kontekst.

Og det er eit omgrep som ligg nærare eit konspirasjonsteoretisk univers og nærare Eurabia-førestillingar enn det ligg islamkritikk, også om det ein ynskjer å protestera mot er kvinneundertrykkande, eller på anna vis reaksjonær islamsk praksis.

Hundefløyta

Siv Jensen er neppe konspirasjonsteoretikar eller blant dei som trur på Eurabia-dystopiar. Men når ho tek i bruk omgrepet bles ho i ei hundefløyte.

Problemet med å blåsa i hundefløyter er at det ikkje berre er hundar som høyrer det. Det gjer ulvar også. Å halda på slik, i Noreg etter 22. juli, i Noreg etter at me ser ut til å på ny ha blitt råka av eit forsøk på anti-muslimsk terror (sjølv om individuelle faktorar ser ut til å spela vesentlege roller); det er beint fram uansvarleg.

Og om nokon vil skulda meg for polarisering fordi eg seier dette, ja, så får dei berre gjera det.