– Fjern religion som eiga fag

Først på ungdomstrinnet er det spor av religionskritikk og kritisk tenkning i fagplanene. FOTO: Scanpix/Microstock

– Fjern religion som eiga fag

– Splitt opp dagens religionsfag og legg deler til samfunnsfag, historie og norsk, skriv Eskild Hustvedt.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
30.09.2014 kl 10:10

Det stormar rundt religion- og livssynsfaget i skulen, igjen. Å endre namnet til KRLE og å krevje minst 55 prosent kristendom i faget er berre det siste i ei rekkje med misforståingar av intensjonen til faget og forsøk på å drive trudomsopplæring på skulen. Human-Etisk Forbund (HEF) foreslo nyleg at det kanskje ville vere naudsynt å fjerne heile faget om dette fortset. Eg meiner me ikkje bør vente, men heller fjerne religionsfaget no, jo før jo heller.

Forkynning

Det gamle KRL-faget vart dømt i EMD for at det braut europeiske menneskerettar, noko som tvang gjennom endringar til det som er dagens RLE-fag. Jamfør læreplanen er intensjonen med RLE er at det skal vere eit samlande fag og at det skal vere ei objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning utan forkynning eller religionsutøving.

Likevel vart kurs som «Vandring gjennom bibelen» nytta fleire stader. Det er eit opplegg i regi av stiftinga Det Norske Bibelselskap, og ofte undervist av ein kateket frå den norske kyrkje. Dette kan vanskeleg definerast som noko anna enn forkynning. Samstundes er det fritt fram for skular å arrangere skulegudsteneste, så lenge det ikkje er i RLE-faget, noko som er ein rein teknikalitet.

Det er allereie ein sterk overvekt av kristendom i faget. Dette er grunna «vår kristne kulturarv», ein argumentasjon som kanskje hadde passa betre inn i fag som historie eller litteraturhistorie. Denne overvekta gir ein sterk peikar mot kva som er den viktigaste religionen, og det er ikkje langt frå «viktigast» til «den rette». At ein må prioritere er openbart, men det er ein vesentleg forskjell på å gi over halve faget til kristendom, og å gi like deler til dei 5-6-7 største religionane og livssyna.

...det er ein vesentleg forskjell på å gi over halve faget til kristendom, og å gi like deler til dei 5-6-7 største religionane og livssyna.

Kritisk tenking

Utgangspunktet for faget er læring om religion, ikkje opplæring i religion. Då bør det vere ein føresetnad at ein skal kunne skilje mellom fakta og fiksjon. Korleis ventar ein at ein førsteklassing skal kunne skilje mellom at det ein lærer i naturfag er fakta, mens det ein lærer i RLE er noko «nokon trur på»?

Faget skal undervisast på ein kritisk og pluralistisk måte. Dette må sjølvsagt òg tyde at barna får opplæring i kritisk tenking, og at det er reflektert i læreplanen. Er det i måla for 1-4? Nei. 5-7? Nei. 8-10? Tja. Fyrst i måla for 8-10.-klasse er «religionskritikk» nemnt, men sjølv der er det absolutt ingenting om kritisk tenking. I eit fag med så mange konfliktar og sjølvmotseiingar burde det vere heilt elementært at ein vart lært opp til å stille spørsmål og å tenkje sjølv. Sjølv formålsparagrafen i opplæringslova seier at opplæringa «skal fremje […] vitskapleg tenkjemåte», men likevel er det nærmast fråverande frå måla i dette faget.

Fyrst i måla for 8-10.-klasse er «religionskritikk» nemnt

Når den største religiøse organisasjonen i Noreg i 2014 seier nei til homofilt ekteskap er det viktigare enn nokon sinne å lære barn til å vere kritiske, òg til religionar. Dei skal ikkje berre blindt akseptere dei verdiane ein religion presenterer, men tenkje sjølv. Skulen er i stor grad ein plass der ein skal ta imot informasjon relativt ukritisk (evolusjonsteorien er fakta, uavhengig av tru). Eit religionsfag kan ikkje vere gjenstand for ukritisk læring.

Eit alternativ

Religion er ein del av samfunnet, uavhengig av religionsfaget. I følgje SSB reknar 45 prosent av befolkninga seg som religiøs, og heile 53 prosent trur på ein gud. Korleis skal ein då løyse opplæring utan eit religionsfag? Mi løysing er å splitte det opp og leggje deler til samfunnsfag, historie og norsk.

Mi løysing er å splitte det opp og leggje deler til samfunnsfag, historie og norsk.

Føremålet med samfunnsfag passar godt som ein arena for informasjon om kva religion er, og tydinga til forskjellege religionar i Noreg og resten av verda. Religion si plass i verds- og noregshistoria kan lett bli ein integrert del av historiefaget. Til slutt er Bibelen, som litterært verk, viktig for å forstå diverse allusjonar i store deler av vestleg litteratur. Det viser seg at me allereie har eit fag som tar føre seg litteraturhistorie, og viktig litteratur, nemleg norskfaget. Å behandle bibelen som eit kvart anna litterært verk og ta det med der burde vere uproblematisk.

Å behandle bibelen som eit kvart anna litterært verk og ta det med der burde vere uproblematisk.

Ved å eliminere timane som no er nytta til religionsfaget kan ein gje meir tid til matematikk, naturfag og sjølvsagt dei faga som eventuelt vart utvida, som norsk, samfunnsfag og historie.

Realitetsorientering

Det er openbart at vinden ikkje heilt bles i retning av å fjerne religionsfaget. På den eine sida finst det ein kampanje som meiner at det er ei openbar samanheng mellom «nei til KRLE» og å seie «ja til RLE». På den andre sida har me forkjemparane for å få K-en tilbake, og eit politisk fleirtal om å fortsetje å tillate rein forkynning i den norske skulen. For ikkje å snakke om religiøse friskular.

Problemet forsvinn ikkje av seg sjølv. Det er liten tvil om at det er mange som opplev ubehageleg og ikkje ynskja forkynning og diskriminering i norsk skule. Kanskje er den beste løysinga å forkaste heile særbehandlinga av religion og å fjerne heile faget.

Siste nytt i Debatt

Biskop svarer Sandvig: Kirken og skolegudstjenestene

Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin mener seg misforstått i Vårt Land-artikkelen Bente Sandvig, fagsjef i Human-Etisk Forbund, siterer.

Skolegudstjeneste = gudstjeneste minus kristendom?

– Skolegudstjenester kan uansett tilpassing aldri bli inkluderende, skriver nestleder i Humanistisk Ungdom, Øistein Sommerfeldt Lysne.

Grue har misforstått kampen for aktiv dødshjelp

– Vi kjemper ikke for et samfunn der staten skal hjelpe alle til å dø hvis lykkeindeksen ikke holder mål, skriver Ole Peder Kjeldstadli, styreleder i Foreningen Retten til en verdig død.

HEF-medlem Åsne Tveito er kritisk til at Human-Etisk Forbund ga seminarplass til filosof Ole Martin Moens tankegods om forbedring av menneskerasen.

Morten Horn framstår selv som en humanistisk «yppersteprest»

Anniken Fleisje mener Morten Horn selv postulerer ett syn på krig og livssynsbetjening som den rette humanisme. OPPDATERT: Les Morten Horns svar.

DEBATT: Morten Horn svarer på Anniken Fleisjes utspill om at Horn selv «forteller oss andre hva livssynet vårt går ut på og hva vi bør tenke».

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!