Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Mykje tyder på at Phillip Manshaus gjennomgjekk ein snøgg radikaliseringsprosess i enden av ei lengre leiting etter meining, skriv Kristian Bjørkelo.
 Foto: NTB-Scanpix

Mykje tyder på at Phillip Manshaus gjennomgjekk ein snøgg radikaliseringsprosess i enden av ei lengre leiting etter meining, skriv Kristian Bjørkelo. Foto: NTB-Scanpix

Manshaus si manglande meining

Manshaus sin terrordåd var ikkje meiningslaus, men ein villfaren protest mot det meiningslause. På internett finn rotlaus ungdom meining, der samfunnet rundt dei ikkje maktar å gjere det same. Kva ansvar har vi humanistar for å imøtegå terrorens meiningsskaping?

Publisert:

Sist oppdatert: 05.05.2020 kl 09:16

Kristian A. Bjørkelo underviser i sosiale media og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen og er frilansskribent og samfunnsdebattant.

Kristian A. Bjørkelo underviser i sosiale media og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen og er frilansskribent og samfunnsdebattant.


La meg først presentere ein premiss: Manshaus er ingen ideolog, men brotsverket var ideologisk. Det bør ikkje vere noko tvil om at det som motiverte Manshaus er ei farleg ideologisk suppe som vert tilbode i internettets mørke avkrokar.

Gjennom si jakt på meining fann Philip Manshaus fram til ein høgreekstrem ideologi som fremjar vald og kaos som verkemiddel for å drive fram ei større konflikt – ein rasekrig. Vi snakkar om såkalla akselerasjonisme, eit tankesett ein finn på dei politiske ytterfløyene.

Kor djupt inne han var i desse ideane, veit vi ikkje på noverande tidspunkt. Heller ikkje kvar han kom over dei. Men han hevda å ha blitt inspirert av Brenton Tarrant, terroristen som berre nokre månadar før hadde livestreamet sitt åtak på moskeen i Christchurch, New Zealand.

Den fulle historia om radikaliseringsprosessen vonar vi vert belyst når rettssaka byrjar på torsdag og han skal stå til rette for udåden sin. Men historier vi har høyrd til no tyder ikkje berre på ein snøgg radikaliseringsprosess (ikkje uvanleg på internett), men og at den kom i enden av ei lengre leiting etter meining. Han har vist interesse for både læstadianisme og økologi, samt prøvd å la seg rekruttere til Den Nordiske Motstandsrørsla, før han brått fann vegen til ein akselerasjonistisk terrordåd, medan dette medlemskapet var under vurdering.

Meiningsfellesskap

At ein ung mann søkjer meining er ikkje så uvanleg. Fleire av oss går gjennom ein fase av rotløyse, og vi er då sårbare for å verte påverka av dårlege idear. Ifølgje den psykologiske sakkyndigrapporten som VG har synt til, så er denne leitinga etter ein identitet og eit meiningsfellesskap grunna i eit svakt «eg» den primære psykologiske faktoren for Manshaus.

Og jo meir eg betraktar Manshaus, jo meir tenkjer eg at dette er viktig.

Når vi snakkar om radikaliseringsprosessar, er dette med samkjensle versus utanforskap sentrale knaggar å henge ting på.

Ein tenkjer då oftast på sosiale fellesskap, og dei sosiale rammene som er viktige for dei fleste av oss. Ein snakkar desto mindre om det ha eit fellesskap rundt ein idé, og identiteten som spring ut derifrå.

Dette har gong på gong slått meg som viktig, når vi snakkar om radikalisering online. Vi menneskje søkjer ikkje berre sosialt fellesskap for å skape vår identitet gjennom det, vi søkjer òg ei meining, ein forklarande idé eller ideologi, som kan motivere oss og danne grunnlag for både identitet og gjerningsmønster.

Vi trenger ikkje berre andre menneske, vi trenger gjerne òg ei meining med livet.

Det er ikkje utan grunn at terroristar som Manshaus rasar mot manglande sanningar i det moderne samfunnet. Dei rasar mot postmodernistiske nymarxistar og liberale kulturmarxistar som har «dekonstruert» det meste og drepe Gud.

Og kanskje har vi gjort nett det.

Terror mot nihilisme

På godt og vondt har vi lagt bak oss dei store forteljingane og ideologiane. Då den kalde krigen var over feira vi dette, og ein ny mangfaldig og liberal verdsordning (som i seg sjølv nok var ei ny «stor forteljing»). Men feiringa vart kortvarig, og den 11. september 2001 fekk nok mange av oss auga opp for at det var krefter i verda som stritta i mot denne framgangen.

Dei islamistiske terroristane den gongen var delvis motiverte av ein slik reaksjon på den gudlause sekularismen i vesten, og det same finn ein att hjå «tempelriddaren» Breivik, som trass i at han sjølv ikkje var utprega kristen ville søkje attende til eit tenkt kristent grunnfundament i europeisk historie (med ein dæsj vikingar som krydder).

Dei siste tiåras terrorisme og kulturkrigar inneber gjerne ei klage mot det som vert opplevd som den sekulære nihilisme, ofte knytt til ei progressiv venstreside, og framstiller seg som eit forsøk på å sette på plass meining gjennom å knytte oss til etnisitet, nasjon eller Gud.

Å ha ei meining

Ein treng korkje vere terrorist eller ha eit «svakt eg» for å søkje seg til eit meiningsfellesskap. Behovet for at livet og det heile skal gje meining er absolutt ein menneskeleg impuls.

Og å finne meining i tradisjon, kultur og religion er ikkje uvanleg. Det er jo ikkje slik at eksistensialismen og nihilismen nektar for dette, den meiner berre at livet ikkje har ei ibuande meining, men at meining må skapast og verte lagt til livet.

Eit av dei viktigaste ankepunkta mot den moderne verda og sekularismen er dette synet på meining som noko som må verte erverva. Utan ein gudgjeven moral vert det oppfatta som om ein ikkje har nokon moral og at alt er lov. Dette vert understreka av dei som har omfamna ein slik moralsk nihilisme, som tillet seg kva som helst fordi universet ikkje forbyr det eller vil freista å stogge det.

Men eit univers utan ibuande meining er ikkje berre ein enorm fridom for ein eksistensiell nihilist, men òg ein byrde og eit ansvar.

Det er denne byrden som er lempa på alle og ein kvar, uavhengig om dei ønskjer det eller makter å bere den.

Philip Manshaus makta ikkje å bere den. Så han søkte nokon til å hjelpe han å bere. Ein eksisterande meining og eit meiningsfellesskap som kunne bere denne meininga med han.

Humanismen

Den sekulære humanismen ber sin del av ansvaret for å bryte ned den gamle meininga med livet.

Som filosofen Jean Paul Sarte sjølv skreiv, så er eksistensialisme humanisme. Den sekulære humanismen kan ikkje erstatte dei gamle meiningshegemonia som religionen eller folket, og det er heller ikkje ein funksjon humanismen kan ta. Det ville vere i strid med humanismens vitskaplege, rasjonelle og skeptiske basis å hevde å ha den heile og fulle sanninga om livet på jorda.

Det den sekulære humanismen kan og bør by på, er arenaer for utvikling av eit sosialt fellesskap, der ein kan utvikle ein meining i livet i lag, og saman finne fram til kva som er eit moralsk og godt liv.

Dette gjer Human-Etisk Forbund og Humanistisk Ungdom allereie ein del av gjennom sine dialogorienterte arrangement i dei ulike lokallaga rundt omkring i landet, men meir kan gjerast for å løfte dei opp og gjere dei meir synlege.

For er det ein ting vi må lære av vår tid, og av alle Philip Manshaus-ane der ute, er det at vi må bli flinkare i å tilby andre eit meiningsfellesskap.

Eg skriv meir om dette i neste nummer av trykkversjonen av Fri Tanke. I mellomtida venter vi på oppstart av rettssaka, der vi vonar å lære meir om Philip Manshaus sin motivasjon. Kva var det som dreiv han til det han gjorde? I kva grad spelte ideologi ei rolle for hans ugjerningar? Og kunne han ha funne eit meiningsfellesskap ein annan stad?