Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Det er feil å gje norske nettstadar som HRS, Resett og Document ansvar for radikaliseringa av moskéskytaren, skriv Kristian Bjørkelo. Foto: Cornelius Poppe/NTB Scanpix.

Det er feil å gje norske nettstadar som HRS, Resett og Document ansvar for radikaliseringa av moskéskytaren, skriv Kristian Bjørkelo. Foto: Cornelius Poppe/NTB Scanpix.

Feil å gje norske nettstadar ansvar for radikaliseringa av moskéskytaren

KOMMENTAR: Det er riktig og naturleg å påpeike at hatretorikk har konsekvensar. Moskéskytaren i Bærum er eit produkt av hatefullt språk og konspirasjonsteoriar. Men denne gongen må me sjå andre stader enn til Human Rights Service, Resett og Document.no.

Publisert:

Vi veit at hatretorikk har konsekvensar. Fritt utløp for rasisme og muslimhat er ikkje ufarleg.

I etterkant av moskeskytinga denne helga, har vi sett fleire i sosiale medier leggje skulda på retorikken til Human Rights Service, Resett og Document.no. Og ein kan meine kva ein vil om desse nettstadene, men i denne konkrete saka er det nok eit langt steg frå dei til moskéskytaren og drapsmannen.

Vi må forstå han i kontekst av ein internasjonal chankultur, ikkje i ein nasjonal og norsk kontekst. Den norske historia til moskéskytaren, tar meir og meir form av ein individuell tragedie, medan hans politiske motivasjon er overnasjonal og internasjonal.

Mot betre vitande

Det er mykje å vere kritisk til hjå desse norske sidene. Og det finst ein tid og stad for å rette den kritikken mot dei. Denne saka er feil samanheng.

Sider som Human Rights Service, Resett og Document.no fungerer innanfor ein særskild norsk kontekst, og talar med eit språk som appellerer til sine norske tilhengjarar. Dette er eit språk og ein retorikk som bleiknar i samanlikning med drapsoppmodingane og rasismen som florerer i det store skumle internett og på ulike chans.

Når ein i sosiale medier drøfter desse norske sidene som inspirasjonskjelder til moskéskytaren, gjer ein det mot betre vitande.

Vi har så langt ingenting som tyder på at han var ein aktiv deltakar i deira kommentarfelt. Og ikkje noka av det vi har sett av hans aktivitet andre stader viser attende til dei. Alt peiker i retning av store engelskspråklege forum, utan fernissen av sømd dei norske aktørane ønskjer å ha.

Chankulturen

Vi kjenner framleis få detaljar i saka, og etterkvart som etterforskinga held fram og ei rettssak kjem vil vi nok lære meir. Men ut frå det me til no veit om moskéskytaren sin nettaktivitet, verkar det likevel klårt at han har teke del i chankulturen.

Chankulturen foraktar sømd. Det er eit totalt framandt konsept for interaksjonen der.

Kulturen spring ut frå biletdelingssider som 4chan og seinare 8chan, stader som er kjend for vill vest-stemning og manglande respekt for lover og reglar. Dei har produsert alt frå Bronies til masseskytaren Brenton Tarrant i Christchurch, og er vanskeleg å oppsummere i ein kort artikkel.

Det er ei sydande gryte av grenseoverskridande innhald, der det er umogleg å skilje mellom fleip og hyllester av verdas verste drapsmenn.

Sankt Tarrant

Å vere på kanten er ein dyd i chankulturen. Og trår du over, vert du ein helgen.

Moskéskytaren kjende seg kalla av “sankt Tarrant” til å gå til åtak på ein moské. Og referansen til Valhall tyder kanskje på at han tenkte å bli drept eller begå sjølvmord som ein del av aksjonen.

Dette siste er ikkje så uvanleg for politisk motiverte masseskytarar. Det er i blant ein enorm suicidal frustrasjon som driv dei. Dei vil døy og ta med seg så mange som mogleg.

Chankulturen er ikkje framand for korkje oppmodingar til å begå sjølvmord, eller folk som erklærer sin intensjon om å ta livet av seg. Det er eit enormt fokus på død og drap på seg sjølv og andre. Og det er ikkje framand å ta i bruk omgrep som dødskult om delar av dette og om enkelte miljø av høgreekstreme.

Fokus rett stad

Det er i denne sfæra moskeskytaren posta sine intensjonar, og det er i denne sfæra han truleg har vore aktiv og latt seg inspirere.

Det er her Tarrant og andre posta sine manifest, det er her massedrapsmenn vert hylla for sine bidrag til rasekrigen. På skjemt og i alvor.

I denne samanhengen må vi difor rette fokuset der. Til den store sydande gryta av rasisme, hat, negativitet og dødslengt som ein finn i chankulturen, og ikkje til syndebukkar her heime.

For dei av oss som er kritiske til sider som Resett og Human Rights Service og retorikken deira, er dette særleg viktig. Dei skal få kritikk, men å skulde dei for noko konkret som dei ikkje har ansvar for, er ikkje god kritikk.

Det er berre politisk opportunisme. Og denne saka er for viktig for slike syslar.