Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
På landsmøtet i Human-Etisk Forbund møtes både unge og gamle i organisasjonen,
 Foto: Human-Etisk Forbund

På landsmøtet i Human-Etisk Forbund møtes både unge og gamle i organisasjonen, Foto: Human-Etisk Forbund

Stolte HU-foreldre:

– Jo, det finnast ein del negative haldningar til unge menneske i vår organisasjon

– Det Anders Garbom Backe beskriver, er en ukultur. Den omhandlar ikkje talarstoltid, gjennomslag for tankar eller idear, men ein inngrodd haldning som opplevast av mange unge tillitsvalde, skriv Inger-Anette Miranda og Ralf B. Husebø.

Publisert:

Sist oppdatert: 08.08.2019 kl 11:52

Det er på tide å røske opp i uskikkar og utidige kulturar som har fått festa seg – også i Human-Etisk Forbund. Som foreldre til fleire aktive medlemmar i Humanistisk Ungdom (HU), har også vi fått høyre om kor unge, uerfarne og lite viktige ungdommen er for organisasjonen.

Men som foreldre er vi overmåte kry for å promotere unge humanistar som viser vei i vellinga, og HEFere som gir dem plass til å gjere nettopp det!

Human-Etisk Forbund Sandnes og Gjesdal lokallag har hatt ungdom i styre og stell i over 10 år. Vi samarbeider med HU Sandnes og omegn om alle våre arrangement, og de hjelper oss med våre seremoniar (elles hadde vi ikkje klart det!). De er knallgode både som talarar, kunstneriske bidragsytarar, innspel til endringar, og ikkje minst til å sjå økonomisk på ting og tang.

I over 10 år har HU stått for den kurskvelden som konfirmantane våre liker best (med pizza), avslutninga kor vi alle leiker oss gjennom årets tema.

Negative haldningar

Det Anders Garbom Backe beskriver, er en ukultur. Den omhandlar ikkje talarstoltid, gjennomslag for tankar eller idear, men ein inngrodd haldning som opplevast av mange unge tillitsvalde. I baren, på middagar, i heisen, på røykehjørnet og på styremøte. Haldningar som er negative til unge menneske i vår organisasjon. Kan disse ungdommane verkeleg leie eit styre? Ha hand om økonomien? Være kursleiarar? Ha meiningar vi bør lytte til?

Denne ukulturen eksisterer i alle ledd av vår organisasjon, og i svært mange andre organisasjonar også. Så vi må alle gå i oss sjølve og tenke litt på om det er ting vi bør endre på. Kanskje må vi endre på nokre av våre vanar, og gi opp nokre av dei tinga vi sjølve har satt pris på i vårt engasjement i HEF, for eksempel pilsen i baren; eller praten med gamle HEF-kompisar – og i staden snakke litt med nye fjes.

Det rumlast i bakgrunnen, og vi høyrer og føler det, og forsøker å bygge bruer der det går an. Sjølv om HEF har ei aldersgrense på 15 år, slit gruppa mellom 15 og 25 år med å bli tatt seriøst på alle plan.

Her er nokre observasjonar vi har gjort oss:

• Alkohol. Nokre vaksne medlemmer ønsker å drikke utan mindreårige til stades – hjartesukk frå oss som ikkje drikker alkohol på HEF-arrangement og som derfor får høyra dette.

• De «vaksne» vil ikkje «passa på» ungdommen! Som om de ikkje kan tenka sjølve i denne alderen, og som om disse unge oppfører seg verre enn bedogga «vaksne».

• «Kva skal vi snakke med ungdommen om?» Jo, det samme som vi snakkar med deg om – alt mulig fantastisk!

• «Ungdommen nå til dags!» Nokre er kanskje redde for å miste sin posisjon, og forstår gjerne ikkje ungdommen eller ungdommens perspektiv på livet. Andre ser berre det negative, og ikkje alt det gode som bor i dagens ungdom. Nokre forventar enno at ungdommen skal teie når de «vaksne» snakkar, slik det var når dei sjølve vaks opp.

Men dei aller fleste HEF-arar skulle nok ønskt seg pizza og bowlingkveldar med unge og gamle. Mange liker familiearrangementa som vi har, der alder berre er eit tall på kor lenge man har finst. Som ein av kommentatorane på Fri tanke si Facebook-side så innsiktsfullt skreiv: Klokskap kan komme med alderen, men ofte kommer alderen helt alene.

Sandnes og Gjesdal er kommunar med ei ung befolkning, det skulle derfor berre mangla om ikkje også desse som er fleirtalet lyttast til og har mandat til styre og stell.

Skal demokratiet bestå, må det læres, øvast på og brukas.

Slå ring om HU

HU er ein ung organisasjon, 11 år gamal og med tydelege utfordringar. Eksempelvis går mange av de tillitsvalde i HU sine lokallag på vidaregåande skolar – og flytter deretter bort. Det inneber utfordringar med kontinuitet og erfaringsutveksling på lokalt nivå. Vi meiner at HEF sine lokallag må slå ring om HU sine lokallag, hjelpe dem der det trengs, gi dem erfaring, tillit, ansvar og fellesskap. Lytt til dem! Gå med dei, ikkje mot dei!

Så når Trond Enger og Tom Hedalen nå tar tilbakemeldingane på alvor, gir det håp. Og vi som humanistar trur på menneska si evne til å forbetre seg.

HEF bør være takknemleg for at vi har tøffe unge menneske som Anders Garbom Backe, som tør å seie ifrå. Og vi bør jaggu være stolte over at han er en av oss! Ja takk til en organisasjon som har rom for kritisk tenking!

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Debatt Vis flere

DEBATT: Trenger alle livssyn å være gjensidig ekskluderende?

– Forsvarer jeg en bredere livssynsdefinisjon enn Gran? På en måte, ja, på andre måter, ikke nødvendigvis, skriver Arild Tornes.