Klargjør siden...
Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Skal det vere ok å meine at skeive ikkje skal ha moglegheit til å gifte seg, spør Dan-Raoul Miranda. Her med bilete frå Human-Etisk Forbund si prosesjon på Europride 2014 i Oslo.
 Foto: Dan-Raoul Husebø Miranda

Skal det vere ok å meine at skeive ikkje skal ha moglegheit til å gifte seg, spør Dan-Raoul Miranda. Her med bilete frå Human-Etisk Forbund si prosesjon på Europride 2014 i Oslo. Foto: Dan-Raoul Husebø Miranda

Homofobi, rasistar og ytringsfridom

Kvifor vert eigentleg kritikk av skeive sine rettar møtt med skuldingar om rasisme? Og er det eit problem?, spør Dan-Raoul Husebø Miranda.

Publisert:

Sist oppdatert: 25.11.2014 kl 14:43

Det skrivast ein del om rapporten «Status for ytringsfriheten i Norge – Fritt Ords monitorprosjekt» for tida. Det er ein ganske omfattande rapport, som ser ganske bra ut, men eg vil halde meg til ein av sakane som kom opp i etterkant av denne. I Vårt Land har dei no ein serie av artiklar knytta opp til denne rapporten, med ein del fokus på religion og religiøse. Ein av artiklane tar opp at ein risikerar å bli stempla som rasistar dersom ein kritiserer homofili, og det vil vere hovudtemaet her.

No er det vel ikkje overraskande at ein del religiøse (kanskje spesielt konservative) opplevar problemer med å kunne uttale seg om problemstillingar knytta til skeive [Her innunder homofile, lesbiske, bifile, panfile, aseksuelle, intersex, transseksuelle, kjønnsskeive og meir.]. Det litt overraskande er meir at dei ikkje ser ut til å skjønne parallelen til rasisme.

For å gjere dette litt enklare, har eg valt å ta utgangspunkt i Store norske leksikon si definisjon her:

Rasisme, tradisjonelt forstått som en oppfatning eller sett av holdninger som tar utgangspunkt i at mennesker kan deles inn i distinkte «raser», og at disse kan rangeres etter deres verdi.

No er det ikkje dermed sagt at skeive er ein eiga distinkt rase, men i vidare definisjon, kan me lese:

Det moderne rasismebegrepet, ofte kalt nyrasisme, inkluderer andre egenskaper ved mennesker enn rase, som kultur. Da kan rasisme forstås som at noen mennesker med en annen kultur er av mindre verdi enn andre.

Heller ikkje dette vil direkte ramme skeive, om enn ein kan sjå at rasismebegrepet nok er ganske mykje viare enn å bare omhandle oppdeling av mennesker i forskjellige rasar. Vidare er kanskje «Rasediskriminering» det mest interessante her:

Med rasediskriminering forstår man gjerne det å nekte individer eller grupper de samme muligheter og rettigheter som andre nyter godt av i et samfunn på grunnlag av biologiske eller etniske kjennetegn, religion, nasjonal opprinnelse eller andre egenskaper som kan gi opphav til raseforestillinger. [Mi utheving]

Og her kjem hovudpoenget: Å nekte skeive rettar (jobb, heim, giftemål, samliv, adoptere barn m.m.) bare fordi dei er skeive, er diskriminering. Det er ikkje basert på rasisme (i kvart fall «rasisme» som eit folkeleg begrep eller her SNL si definisjon). Men det går ut på det same. Ein nektar individ/gruppar (skeive) dei same moglegheitane og rettane som andre nytar godt av i samfunnet.

Og dermed reagerer folk så sterkt på det, og kanskje sterkare enn dei reagerer på reinspikka rasisme, nettopp fordi at skeive er i alle demografiar: Kristne, jødar, muslimar, humanistar, etninske nordmenn, nye landsmenn, og så vidare. Det står oss nærmare, og tanken på at venn(inna), bror/søster, mor/far, barn, søskenbarn, kollega eller kva det no skal vere ikkje skal ha same moglegheit til å få jobb, gifte seg med den dei elskar eller få lov til å adoptere barn byr ein ganske sterkt imot.

Eit lite sidesprang sida eg veit at det kjem til å komme opp: Ja, skeive bør ha lov til adoptere barn. Kvifor skulle dei ikkje ha det?

Fordi dei treng både ein mor og ein far? Det finnast ganske mange folk som vaks opp utan mor eller far som det går utruleg bra med, og det vaks opp mange som hadde nok hatt det betre utan ein av dei. Kjønnet til ein person har mykje mindre å sei, enn deiras ferdigheiter som foreldre. Og den logiske konsekvensen her ville vore å forby aleineforeldre, som verken er realistisk eller føremålstenleg. Og dei som hevder at det er skadeleg med skeive foreldre? Prøv igjen:

Forskning visar konsistent at homofile og lesbiske foreldre er like skikka og kapable som heterofile foreldre, og barna deiras er like psykologisk friske og veltilpassa som dei oppdratt av heterofile foreldre. [Mi oversetting]

Fordi det er unaturlig med skeive? Nei, det er det ikkje.

Fordi det er mot Bibelen/din hellige bok? Og så? Det er din hellige bok, ikkje alle andre sin. Og på same måte som det ikkje lengre er akseptert at ein holder slavar, er det heller ikkje lengre akseptert at ein diskriminerar elles mot andre med grunnlag i ein hellig bok.

I det store og heile så er det gode grunnar til at mindretalets stemme ikkje bler hørt i «homofilidebatten». Det er dermed ikkje sagt at dei ikkje skal få slippe til. Det betyr bare at deirast argument så langt ikkje har strukket til. Eg er svært open for at det er relevante argument der ute som med rette kan problematisere skeives rettar og moglegheitar, og eg vil gjerne høyra dei. Men då må dei vere basert på fakta, vitskap og faktiske forhold - og ikkje 2 000 år gamle religiøse tekstar.

(Det skal nemnast at eg sjølv identifiserar meg som panfil og kan nok av mange sjåast på som farga i debatten. Eg håpar at eg har klart å få til eit (relativt) nyansert bilete her, men er open for forslag om betringar.)

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Vær velkommen til å delta i debatt på Fritanke.no. Vi ønsker en saklig og begrunnet debatt. Skarp kritikk må gjerne fremmes, men vi forventer at debattanter overholder alminnelig folkeskikk og norsk lov. Kommentarer som bryter med dette, kan bli slettet uten varsel eller begrunnelse. Fri tanke forbeholder seg retten til å svarteliste brukere ved spamming, personangrep, usaklige kommentarer og lignende.

Vi forbeholder oss retten til å sitere kommentarer fra Fritanke.no i Fri tankes papirutgave.

blog comments powered by Disqus

Debatt Vis flere

DEBATT: Trenger alle livssyn å være gjensidig ekskluderende?

– Forsvarer jeg en bredere livssynsdefinisjon enn Gran? På en måte, ja, på andre måter, ikke nødvendigvis, skriver Arild Tornes.

#DebattVis flere

DEBATT: Trenger alle livssyn å være gjensidig ekskluderende?

– Forsvarer jeg en bredere livssynsdefinisjon enn Gran? På en måte, ja, på andre måter, ikke nødvendigvis, skriver Arild Tornes.

Svar til Johan Kloster om Heyerdahl
Faktisk helt feil!

Faktisk helt feil!

#LHBTQ-rettigheterVis flere

– Religion brukes for å innskrenke grunnleggende menneskerettigheter
Homofobi, rasistar og ytringsfridom

Homofobi, rasistar og ytringsfridom

Kvifor vert eigentleg kritikk av skeive sine rettar møtt med skuldingar om rasisme? Og er det eit problem?, spør Dan-Raoul Husebø Miranda. (25.11.2014)

Slik markerer Human-Etisk Forbund EuroPride 2014

Arrangerer møte om humanisme og homokamp

Slik markerer Human-Etisk Forbund EuroPride 2014

Regnbueflagget vaier fra Humanismens hus, som slik markerer EuroPride 2014. For religiøse samfunn er det tillatt å diskriminere homofile. Må religionsfrihet få stå over retten til ikke å møte diskriminering? (21.6.2014)

#HomofiliVis flere

– Jeg tror på eksponeringsterapi
Brunei innfører dødsstraff for blasfemi og homofili
Homofobi, rasistar og ytringsfridom

Homofobi, rasistar og ytringsfridom

Kvifor vert eigentleg kritikk av skeive sine rettar møtt med skuldingar om rasisme? Og er det eit problem?, spør Dan-Raoul Husebø Miranda. (25.11.2014)

#SkeiveVis flere