Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Plast har løyst mange problem, men skapt uendeleg fleire. I 1966 vart det produsert 20 millionar tonn plast,
mens det i 2015 vart produsert 20 gonger meir, 381 millioner tonn. Rapporten «Reckoning with the U.S. Role in Global Ocean Plastic Waste» anslår at 8 millioner tonn plastavfall havnar i verdshava hvert år. Og som her, på ei strand langs kysten av Ghana.
 Foto: MUNTAKA CHASANT/SHUTTERSTOCK/NTB

Plast har løyst mange problem, men skapt uendeleg fleire. I 1966 vart det produsert 20 millionar tonn plast,
mens det i 2015 vart produsert 20 gonger meir, 381 millioner tonn. Rapporten «Reckoning with the U.S. Role in Global Ocean Plastic Waste» anslår at 8 millioner tonn plastavfall havnar i verdshava hvert år. Og som her, på ei strand langs kysten av Ghana. Foto: MUNTAKA CHASANT/SHUTTERSTOCK/NTB

Stadig meir tyder på at økonomisk vekst ikkje lenger gjer verda betre, snarare tvert imot. Men kan vi tenkje oss eit samfunn utan?

– Uansett om ein meiner at kapitalismen kan reformerast eller må bytast ut, er det viktig å løfte fram andre moglege måtar å gjere ting på, seier økologisk økonom Tone Smith.

Publisert:

Vi merkar ikkje så mykje til det i Noreg, men ute i verda føregår det ein til dels livleg diskusjon om økonomisk vekst og alternativet, «degrowth» – eller «motvekst» på norsk. Det skjer i takt med stadig nye rapportar om akselererande artsutrydding og ressursforbruk, og om klimaendringar som førebels ligg nært på «worst case»-scenaria frå Klimapanelet.

– Uansett om ein meiner at kapitalismen kan reformerast eller må bytast ut, er det viktig å løfte fram andre moglege måtar å gjere ting på, seier Tone Smith. Ho er økologisk økonom og fagrådsleiar i Rethinking Economics Norge, ein organisasjon som arbeider for større mangfald i økonomiutdanningane og demokratisering av offentleg debatt om økonomiske spørsmål.

Eit nytt system


Smith var ein av initiativtakarane bak eit opprop som sto på trykk i fleire store norske aviser sommaren 2020. «Vi trenger et nytt økonomisk system som kan gi oss et godt liv uten å øke forbruket av energi og materielle ressurser», sto det i oppropet, som var underskrive av 75 kjende namn frå norsk kultur- og samfunnsliv. Underskrivarane forlangte ein open debatt om kva for økonomisk system vi vil ha, fram mot stortingsvalet i 2021.

Det fekk dei ikkje.

– Debattar om kapitalismen strandar gjerne når nokon seier «ja, men vi veit jo at kommunismen ikkje fungerer, så då er det ikkje noko å diskutere». Men samfunn har vore organisert på så mange ulike måtar gjennom tidene. Kvifor skulle det ikkje vere mogleg å lære av dei, eller til og med prøve ting som aldri har vore prøvd før? seier Smith.

Grenser for vekst

Dagens motvekstrørsle har sine kraftigaste røter i økologisk økonomi, ei fagretning som ser økonomien som summen av energi- og ressursflyten i samfunnet. Ifølgje økologisk økonomi ville velstandsauken vi har vakse opp med ikkje vore mogleg utan tilgang til enorme mengder billeg fossil energi. No veit vi at klimaendringar, miljøøydeleggingar og avfallsstoff er innbaka i dette energiforbruket.

Medan politikarar og økonomar flest vil løyse problemet med ny teknologi og flikking på skatte- og avgiftssystemet, hevdar motvekstrørsla at det ikkje er fysisk mogleg å lausrive den økonomiske veksten frå energi- og ressursforbruket.

Difor, seier motvekstforkjemparane, må vi slutte å streve etter økonomisk vekst, og heller konsentrere den økonomiske aktiviteten mot dei tinga som verkeleg er viktige for at menneske skal kunne skape seg gode liv.

Desse tinga inkluderer tilgang til ein trygg og god bustad, til effektiv transport, til sunn mat, helsehjelp, utdanning, rettstryggleik og politisk fridom. Alt dette, hevdar dei, kan skaffast utan at økonomien treng å vekse – i alle fall i den allereie rike delen av verda.

Det finst no stadig meir forsking på slike tema. Til dømes har den økologiske økonomen Julia Steinberger, som leier forskingsprosjektet «Living well within limits», kome fram til at vi kan dekke slike grunnleggjande behov som nemnt over, for alle menneske i verda, med eit samla energiforbruk som ikkje er større enn det vi hadde i 1960.

Kunstnarar går foran

Så korleis skal vi organisere samfunnet for å dekkje desse behova, utan vekst og utan å øydeleggje naturen?

I motvekstrørsla finst det mange meiningar om dette.

– Motvekstrørsla er oppteken av nedanfrå-og-opp-løysingar, fordi det kan sikre større mangfald i måtar å organisere verda på. Slike lokale, sjølvorganiserte initiativ finn ein mange av i Sør-Europa, som ikkje har ein like godt utbygd velferdsstat som vi har i Noreg. Men eg trur dette fort kan kjennest fjernt for nordmenn, seier Tone Smith.

Den norske velferdsstaten, sjølv om han har manglar, er likevel såpass dekkande at nordmenn flest ikkje er vande med å tenkje alternativt omkring velferd, trur ho.

– Det er kanskje ikkje tilfeldig at i Noreg er det gjerne kunstnarmiljøa som er i front når det gjeld alternativ samfunnsorganisering. Dei er vande med å vere på utsida av «systemet».

Ho får støtte av Jostein Jakobsen, postdoktor ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo. Våren 2021 etterlyste han ein norsk debatt om motvekst, i ein kronikk i Klassekampen.


– Det irriterer meg at det ikkje er meir diskusjon om dette i Noreg. Det kan kome av at motvekstrørsla har mykje av opphavet sitt sør i Europa, der dei har andre tradisjonar for kollektiv mobilisering, utanfor politiske parti og utanfor staten. I Noreg har vi ikkje det same politiske klimaet, seier han.

Ideen om motvekst er grunnleggjande kritisk til kapitalismen og er fundert på økososialistisk venstreradikalisme, hevdar han. I Noreg, derimot, endar diskusjonar om dei øydeleggande sidene ved kapitalismen fort opp med å handle om korleis enkeltmenneske kan endre sine kjøpevanar.

– Men mot vekstrørsla er eksplisitt imot ein slik innfallsvinkel. Motvekst er ikkje fokusert på enkeltindivid, men på kapitalismen. Det handlar om å skape eit nytt økonomisk system og utfordre det beståande, seier han.

Og det skjer ikkje ved at vi går frå å kjøpe tinga våre frå éin produsent til å kjøpe frå ein annan. Det krev snarare at menneske går saman om å utforske andre måtar å skaffe og fordele ressursar på, ifølgje motvekstrørsla.

Gode liv utan vekst

Nettopp vår manglande evne til å sjå føre oss andre system, kan vere ei av dei største hindringane for ein seriøs diskusjon om motvekst. Difor er utprøving av ulike alternativ i liten skala, eit viktig verkemiddel.

– Motvekstrørsla har ei mengd konkrete forslag til ting ein kan gjere lokalt, som byteringar, system for gjenbruk og reparasjon, eller lokal matproduksjon. På den andre sida meiner dei at vi også treng reguleringar ovanfrå, til dømes forbod mot reklame. Dei foreslår også skattar på rikdom, som jo er ei sterk drivkraft for høgt forbruk, fortel Jakobsen.

Både Jakobsen og Smith peikar på at i Noreg er vi så vande med å tenkje at vekst er ein føresetnad for at vi kan leve gode liv, at vekstkritikk fort blir tolka som at nokon vil ta frå oss dette gode livet.

– Sjølvsagt blir ingen inspirert av tanken på lågare levestandard åleine! Samstundes ser eg ein del unge menneske som rett og slett ikkje er interesserte i eit liv med karrierejag og høgare løn, utan noka klar meining med det heile. Fleire stiller spørsmål ved kvifor dei skal sette seg i gjeld for resten av livet for å eige sin eigen bustad, når det kan vere mykje kjekkare å gå saman med fleire om å finne ein stad å bu, ete middag i lag og berre måtte lage middagen ein gong i veka. Så det er endringar på gang her også, trur Smith.

Solidaritet over grensene

Samtidig er motvekstdebatten i sin natur internasjonal. Eit heilt sentralt element er nemleg erkjenninga av at vi som lever i den rike delen av verda, i stor grad har bygd vår velstand på utnytting av naturressursar og arbeidskraft frå den fattige delen. Forsking frå mellom anna Noregs handelshøgskule viser at sjølv i dag strøymer mykje meir pengar frå fattige land til rike, enn det som kjem andre vegen.

– Det er umogleg å diskutere motvekst utan internasjonal rettferd som bakgrunn, seier Jakobsen.

– Vekstkritikarar blir ofte skulda for å nekte menneske i fattige land høgare levestandard, men det stemmer ikkje. Den sentrale motvekstideologen Jason Hickel argumenterer for at kapitalismen kviler på ei urettferdig skeivfordeling av ressursar, der land i det globale Nord sopar opp billege ressursar frå land i Sør, og sender avfallet sitt tilbake.

Hickel og fleire med han meiner difor at land i det globale Sør framleis må ha vekst, slik at dei kan dekkje grunnleggjande behov for innbyggarane. Medan land i Nord, som sit med hovudansvaret for at verda er blitt som ho er blitt, må skalere ned økonomiane sine.

Kjem debatten?

I det siste har Tone Smith sett tilløp til vekstkritikk i lommer i det norske samfunnet, frå grunnplanet i klima- og miljøorganisasjonane, via forkjemparar for sykkelvegar og urbant landbruk, til den etter kvart omfattande debatten om bustadsektoren. Men ho kunne særleg ønskje at fagrørsla ville melde seg på.

– Fagrørsla er stor, og hadde i utgangspunktet rom for å diskutere global solidaritet. Men i dag er dei sterkt fokuserte på jobbskaping, og vi ser at miljø og arbeidsplassar ofte blir sett opp mot kvarandre. Samstundes kunne vi trenge ein diskusjon om det ekstreme jobbfokuset i Noreg. Må vi verkeleg jobbe så mykje? Er jobb den einaste meiningsfulle måten å bidra til samfunnet på, eller kan vi tenkje oss andre måtar?

Jakobsen meiner motvekst kan vere ein nøkkel til å få politikken tilbake i klimadiskusjonen.

– I Noreg tenkjer vi apolitisk om klimakrisa. Ideen er at vi skal finne teknologiske løysingar som vi også kan tene pengar på. Men eg meiner vi må ta med i reknestykket det økonomiske systemet som skapar krisene. Det er noko kven som helst kan vere med å diskutere.

Tips for å bidra til motvekst:

  • Fiks elektronikken din i staden for å kjøpe ny. Krev lovendringar som forlenger levetida til elektriske produkt.
  • Engasjer deg mot matkasting ved til dømes å bli frivillig hos Matsentralen, eller starte eit folkekjøken basert på matvarer som elles ville blitt kasta.
  • Oppsøk eller start eit bilkollektiv, ein bytering eller ein frivilligsentral.
  • Oppsøk eller start eit lokallag av Bærekraftige liv, eit nabolagsnettverk som driv aktivitetar som skal senke det økologiske fotavtrykket og samtidig auke livskvaliteten. (https://www. barekraftigeliv.no/ )
  • Hopp av bustadkarusellen og oppsøk alternative buformer som bufellesskap eller ikkje-kommersielle bustadstiftingar.

Tips til vidare lesing:

Jason Hickel: Less is more. How degrowth will save the world (2020)

Giorgis Kallis m.fl: The case for degrowth (2020)

Tone Smith: «Den problematiske veksten – og behovet for et nytt økonomisk system»

Joel Millward-Hopkins: «How 10 billion people could live well by 2050 using as much energy as we did 60 years ago»

Kjersti Gjengedal har skrive om denne forskinga i Harvest Magazine: «Kor mykje energi treng vi eigentleg» https://www.harvestmagazine.no/ artikkel/kor-mykje-energi-treng-vieigentleg Artiklar om vekstkritikk og moglege alternativ, samla av miljøorganisasjonen Spire: https://overvekst.spireorg.no/

Restarters Norway arrangerer «fiksefestar» der privatpersonar kan ta med øydelagt småelektronikk og få hjelp med reparasjon. Målet er å skape ein kultur for reparasjon, og slik få elektronikk til å verte meir berekraftig. Les meir på deira nettside.
 Foto: Restarters Norway

Restarters Norway arrangerer «fiksefestar» der privatpersonar kan ta med øydelagt småelektronikk og få hjelp med reparasjon. Målet er å skape ein kultur for reparasjon, og slik få elektronikk til å verte meir berekraftig. Les meir på deira nettside. Foto: Restarters Norway

Artikkelen stod først på trykk i Fri tanke 1-2022.