Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Burde vi slutte å ete gris, når Kristoffer Hatteland Eriksen (Litt som oss – en fortelling om grisen) dokumenterer skrika, og det som liknar på gråt, frå lastebilen når dei køyrast til slakt?
 Foto: Shutterstock

Burde vi slutte å ete gris, når Kristoffer Hatteland Eriksen (Litt som oss – en fortelling om grisen) dokumenterer skrika, og det som liknar på gråt, frå lastebilen når dei køyrast til slakt? Foto: Shutterstock

Dyrevelferd:

Frå sjellause maskiner til individ

Vi veit langt meir om dyrs mentale evner enn før, men det takast lite omsyn til denne kunnskapen i industrielt dyrehald, ifølgje biologiprofessor Dag O. Hessen. Er det rett å frårøve dyr sjansen til fullverdige liv?

Publisert:

Sist oppdatert: 19.01.2022 kl 14:01

Dei siste tiåra har kunnskapen om dyr sine kognitive evner eksplodert. Rapportar om alt frå kråker til grisar og elefantar fortel at dei kan vere meir like oss sjølve enn vi har trudd. Likevel bruker vi stadig dyr til mat eller produkt, og ofte får dei mangelfulle sjansar til å leve eit naturleg liv.

Men det kan verke som om noko er i emning. Aktørar som vektlegg økologi og dyrevelferd opplever auka interesse. Matvareleverandøren Kolonihagen selde til dømes 40 prosent meir i 2020 enn i 2019. I same periode vart talet på vegetarianarar og veganarar i Noreg dobla, frå fire til åtte prosent, ifølgje ei undersøking byrået Ipsos gjorde for Orkla.

På kort tid har det dessutan kome (minst) fire norske bøker om dyra våre og forholda dei lever under: Journalist Kristoffer Hatteland Endresen har skrive om grisen, journalistane Kjetil Østli og Simen Sætre om laksen. Jurist Ragnhild Sollund har skrive om ei mengde dyr, i fjøs, merdar, på sirkus, i heimane våre. Veterinær Eivind Liven har skrive om norsk dyrehelse over tid.

Kollisjon


Biologiprofessor Dag O. Hessen er snar med å bruke ordet «paradoksalt» om måten vi behandlar dyr på.

– Det har skjedd ei enorm bevisstgjering rundt dyr sine kjensleregister, og ei betring i dyr sine rettar. Men det kolliderer med det industrielle husdyrhaldet. Der legg vi til rette for at dyra ikkje skal lide fysisk, men på den mentale sida av dyrevelferda har lite skjedd.

Hessen meiner at vi lurer oss sjølve med omgrep som «frittgåande høns». Forskarar har dokumentert at tamme husdyr har mindre hjernevolum enn dei som lever fritt, fordi dei ikkje får utfalde seg.

– Den tida då vi såg på dyr som robotar, er forbi. Men folketalet i verda veks, det globale kjøtforbruket aukar og vi jaktar stadig på billegare mat. Det einaste svaret blir eit husdyrhald som vanskeleg kan sameinast med krav til dyrs opplevingar og livsverdi.

Sjellause dyr

Gjennom det meste av 1900-talet dominerte éi oppfatning i forskarkretsar: Dyr tenkjer ikkje, dei føler ikkje, dei handlar på instinkt, dei er som maskiner. Filosofen Descartes, som levde på 1600-tallet, meinte at mennesket har kjensler fordi det kan tenkje og fordi det har sjel. Dyr kan ikkje tenkje, dei har ikkje sjel, og dei har dermed ikkje kjensler, resonnerte han.

Gjennom hundreåra har mange vore usamde. Vitskapsmannen Charles Darwin meinte at menneske og dyr er i slekt, og at vi har ulike mentale evner berre i grad, ikkje i type. Dyr kan tenkje rasjonelt, dei kan hugse, dei kan kommunisere og dei har også estetisk sans, skreiv Darwin. Ideane hans skulle bli tekne vidare av andre.

Men behaviorismen, som kom til å dominere både human- og dyrepsykologi på mykje av 1900-talet, ville det annleis. Berre observerbar åtferd skulle studerast, ikkje uobserverbare indre prosessar. Fleire har meint at det ikkje var tilfeldig at bruken av dyreforsøk og -oppdrett vaks mykje i dei tiåra behaviorismen rådde.

Eit vegkryss

Først nokså seint på 1900-talet vart behaviorismen for alvor utfordra. Dyrefysiologen Donald Griffin starta i 1978 observasjonar av dyr sine evner til å samle mat og samhandle med omgivnadene og kvarandre. Han konkluderte med at dyr var medvitne, tenkande skapningar. Han tilrådde andre forskarar å bruke Darwin som mentalt rammeverk.

Ein annan viktig person var nevrofysiolog Paul MacLean. På 1980-talet skreiv han om den treeinige hjernen: Ifølgje hans modell har alle virveldyr ein identisk kjerne i hjernen som regulerer kjensler og emosjonar. Og nøyaktig dei same kjemikaliane sender nevrologiske signal, både hos dyr og menneske.

Samtidig kom det nye metodar for dokumentasjon. Med digitalkamera kunne ein dokumentere dyrs spontane åtferd og formidle det som skjedde.

Forskarar gjekk saman i store grupper for å skrive om funna sine i vitskapelege tidsskrift. Dei visste at dei kunne bli uthengde om dei gjorde det åleine. Mellom anna gjorde dei reie for at både fiske- og fuglehjernar var langt meir avanserte enn ein hadde visst tidlegare.

Individet elefanten

Dag O. Hessen meiner at vi alle kan sjå det: Høgare pattedyr kan føle glede, smerte, sorg og sakn, akkurat som oss.

– Du ser det på hunden din når du kjem heim frå jobb, eller på kyr som blir sleppte på beite om våren, seier han.

All nyare forsking tydar på at hormona som regulerer kjensler hos dyr er mange av dei same som hos menneske, ifølgje Hessen. Samstundes finst det skilnader.

– Dyr reflekterer ikkje slik som menneske. Til dømes tenkjer dei nok ikkje på at dei ikkje får realisert seg sjølve.

Han trur at vi har undervurdert dyr. Testar avslører forbløffande eigenskapar, påpeikar han, som når elefantar ser eit spegelbilete av seg sjølve med ein fargeflekk på kroppen. Då fører dei snabelen opp til flekken på seg sjølve, ikkje på spegelbiletet. Liknande testar er gjort på apar og enkelte artar av kval.

– Det er altså openbart at dei forstår at dei er individ. Viss dei ikkje er ignorante til kven dei er, må ein rekne med at dei ikkje er ignorante til livssituasjonen dei er i, heller.

Operasyngande papegøye


Jussprofessor Ragnhild Sollund ved Universitetet i Oslo skreiv nyleg boka Bare et dyr?, der ho både tar føre seg dyrs evner og forholda mange dyr lever under. Sjølv har ho særleg merka seg fuglar sin intelligens.

– Papegøyane mine var svært intelligente. Kåre, ein amazonpapegøye, forsynte seg med kamillete frå koppen min med ei teskei. Han song også opera og hadde eit stort vokabular, fortel ho.

I boka skriv ho om kråker som varslar kvarandre når ho kjem, for dei veit at ho har med mandlar til dei.

– Dei et ytst sjeldan maten dei får med éin gong. Dei gøymer han til etterpå.

Sollund meiner at det viktigaste argumentet for å behandle dyr bra, er at dei er sansande, bevisste individ med interesse i å leve liva sine slik dei er meint å gjere det frå naturen si side.

– Dei er ikkje til for vår skuld, men for si eiga, meiner ho.

Etiske spørsmål

Når vi no veit det vi veit om dyr: Kva burde vi gjere? Burde vi til dømes slutte å ete gris, når Kristoffer Hatteland Eriksen dokumenterer skrika, og det som liknar på gråt, frå lastebilen når dei køyrast til slakt? Burde vi kutte ut middagslaksen, når Kjetil Østli og Simen Sætre skriv om smertefulle avlusingsteknikkar og høge dødsratar i merdane? Etikarar og filosofar er ikkje heilt samde.

Filosof og forfattar Morten Fastvold skriv i teksten «Hva er en humanistisk dyreetikk?» at animalsk mat, ifølgje vitskapen, var ein føresetnad for å utvikle ein så stor hjerne som mennesket har – og som har gjort etisk tenking mogleg. Samtidig meiner han ikkje at dette automatisk gjer det riktig for oss å ete animalske produkt i dag.

Når han likevel argumenterer for at det bør vere greitt, er det mellom anna fordi dyr truleg lever meir i notida enn menneske. Dei evner ikkje å uroe seg over framtida, og å bli ala opp som slaktedyr kan derfor ikkje samanliknast med å vere fange på ei dødscelle, meiner han.

Dessutan ser han det som svært vanskeleg, om ikkje umogleg, å avvikle husdyrhaldet.

Ein liten differanse

Han understrekar at kunnskapen om husdyra sine særtrekk og behov gjev oss eit ansvar for å behandle dei godt: Det bør vere eit etisk krav om ein såpass god dyrevelferd at bonden, med handa på hjartet, kan seie at husdyra lever eit liv verdt å leve, ifølgje Fastvold.


Filosofiprofessor Ole Martin Moen ved OsloMet vart derimot vegetarianar for nokre år sidan.

– Det utslagsgivande var at det gjekk ordentleg opp for meg at vi ikkje drep dyr for å få mat. Vi drep dei for å få den vesle differansen i smak mellom kjøtmåltid og det beste tilgjengelege vegetariske alternativet, seier han.

– Men dyr et jo kvarandre, dei òg?

– Dyra vi drep, er ikkje dyr som drep sjølve. Dei er fredfulle og tillitsfulle dyr, som vi utnyttar tillita til.

Uansett synest han ikkje at det er avgjerande, legg han til.

– At nokon andre ikkje er ein moralsk aktør, betyr ikkje at vi ikkje kan ha moralske plikter overfor dei. Tenk på spedbarn.

Han trur at det kan vere fullt mogleg å redusere husdyrhaldet vesentleg, iallfall på sikt.

– Ein kan argumentere for at husdyrhald nokre gonger trengst for å kunne utnytte naturen rundt oss. Men kanskje kunne ein kutta 80 prosent av kjøtnæringa og så gjort liva så gode som mogleg for dei dyra som var igjen, seier han.

– Sjølv synest eg at dette er vanskeleg, med ein sambuar som elskar kjøt. I ein travel kvardag er det ikkje lett stadig å lage to middagar …

– Ein måte å løyse det på, er å ete vegetarisk når det lar seg gjere, og så bli samde om å ha iallfall nokon vegetariske middagar. Viss to er femti prosent vegetarianarar, er det like bra som at éin er det 100 prosent.

Eit stikk av dårleg samvit

Dag O. Hessen bryr seg ikkje berre om dyr. Han bryr seg om klima, òg, noko han deler med mange av dei som talar dyra si sak. At det er bra for klimaet å ete meir vegetarisk, er det liten tvil om.

Sjølv et han nesten aldri raudt kjøt, men han et kylling.

– Eg gjer det alltid med eit stikk av dårleg samvit. Og så prøver eg å sjå etter produsentar som kan reklamere med at kyllingen har hatt betre forhold enn andre stader.

Han synest også at dyr kan graderast ut frå deira kognitive evner.

– Ein må nok rekne med at laksen har mindre trong til eit fritt liv enn kyllingen, som igjen har mindre trong til eit fritt liv enn ein gris. Grisar er svært smarte dyr, dei treng å få gå omkring og leite etter mat, rote i jorda.

– Finst det nokon dyr som det er greitt å behandle dårleg?

– Eigentleg ikkje, men mennesket har jo også sine rettar, iallfall når det gjeld å beskytte seg mot skadedyr. Eg meiner likevel at alle dyr har rett til ein form for respekt og å sleppe unna overgrep.

Betre i Noreg


Cecilie Marie Mejdell, veterinær og seniorforskar i dyrevelferd ved Veterinærinstituttet, meiner at dei fleste artar av husdyr har det godt i her i landet, sjølv om det er klare forbetringspunkt. Ho peikar på at Noreg har eit strengare regelverk enn mange andre land, i tillegg til ein geografisk utkantposisjon som gjer oss mindre utsette for sjukdom og eit godt system for å nedkjempe sjukdom som inntreff. Historisk sett har Noreg også hatt små og oversiktlege besetningar.

– Men ser vi på fiskeoppdrett, har industrialiseringa vore svært stor. Vi har også store besetningar av kylling og verpehøner, sjølv om dei er enda større i andre land. Då forsvinn individa i massen, og ein må ha gode system for å følgje opp dyra og overvake miljøet deira, seier ho.

Ifølgje Mejdell var 1970-åra den verste tida for dyra i nyare historie. Då kom det fleire nye driftssystem som skulle gjere livet lettare for gardbrukaren. Til dømes kunne kyrne haldast bundne på bås tolv månader i året, og hønene hamna i nakne nettingbur.

Frå slutten av 1990-talet kom det forskrifter som i større grad vektla dyra sine behov. Purker kunne ikkje lenger haldast i tronge båsar, no måtte dei vere lause. Kyr som var bundne på bås skulle gå på beite i minst åtte veker. Frå 2015 gjaldt beitekravet også kyr i lausdrift. I 2004 vart det vedteke at kyr skulle vere lause innandørs i alle nybygg. Vedtaket skulle frå 2024 også omfatte eksisterande fjøs, men det vart seinare utsett til 2034. Frå 2012 blei nakne bura for verpehøns forbodne.

Etablerte praksisar

Dyrevernorganisasjonar og andre aktørar har i mange år jobba for å betre dyr sine rettar. Stortingsmelding nr 12 (2002-2003) om dyrehald og dyrevelferd la eit viktig grunnlag for seinare endringar, ikkje minst dyrevelferdslova som trådde i kraft i 2010.

Samtidig drives det forsking på korleis ein kan endre etablerte praksisar. I dagens eggproduksjon går hannkyllingar rett i kverna fordi dei ikkje kan leggje egg, men Tyskland har kunngjort at dei vil slutte med dette allereie frå 2022. Det blir jobba med nye metodar for å kjønnsbestemme egget og då unngå å klekke hanekyllingane. Mejdell reknar med at ein slik teknologi etter kvart også vil kunne brukast i Noreg.

Hennar eiga forskargruppe har forska på forholdet mellom ku og kalv i mjølkeproduksjonen.

– Det er lang tradisjon for å ta kalven bort frå kua så fort som mogleg etter fødsel. Medan lam og grisungar får vere med mor si, har kalven blitt flytta til ein lun liten boks for å beskytte han mot sjukdom. Samtidig har han blitt frårøva omsorga frå kua og fått lite sosial kontakt med andre kalvar.

Økonomi versus dyrevelferd

Mejdell og kollegaene har slått fast at det finst eit emosjonelt band mellom ku og kalv som handlar om meir enn å få mjølk. Men dyra kan ikkje gå ilag til dei naturleg ville skilt lag, som er ved rundt ni månaders alder. Kalven drikk etterkvart opp til 15-20 liter mjølk om dagen, og då blir det lite igjen til meieriet.

Forskarane har difor prøvd å finne måtar kalven og kua kan vere saman på i dei første månadene, til kalven er gamal nok til å ete fast føde.

– Vi finn tidspunkt og metodar for å skilje dei som skaper minst mogleg stress for begge partar. Vi meiner at det er best at kalven ikkje mistar både mjølka og samværet med mora samstundes, og at dei kan oppretthalde noko kontakt også seinare.

– Korleis opplever du det å skulle ta økonomiske omsyn når du samtidig skal ta omsyn til dyra?

– Alt husdyrhald inneber avgrensingar for dyret si livsutfalding. Kva vi skal tillate, kjem an på kvar vi set grensene for kva vi synest er etisk akseptabelt. Vi har hatt ein stor auke i levestandard dei siste tiåra, og eg meiner at vårt samfunn har råd til å la husdyra få ta ein langt større del i denne.

I framtida bør vi framleis kunne ete kjøt, men i mindre mengder, meiner ho.

– Kjøtet bør kome frå dyr som har hatt god livskvalitet, og det kan gjerne vere dyrare. Sjømat bør kome frå berekraftig hausting og oppdrett.

Areal som ikkje er eigna for å dyrke mat til menneske kan nyttast til fôrproduksjon, og utmarka bør brukast til beite, legg ho til.

– Eit kosthald med animalske protein vil vere meir berekraftig enn eit skifte til berre plantekost: Då må vi nemleg leggje meir beslag på areal i andre land for å dekke næringsbehovet vårt.

Sosiale vippepunkt

Ragnhild Sollund meiner at dei rettane dyr har i dag, er langt frå tilstrekkelege. Ho foreslår eit eige departement for dyr sine rettar, eit forbod mot jakt og at vi bør leggje om matproduksjonen til eit meir plantebasert kosthald.

Dag O. Hessen meiner på si side at vi bør vedkjenne at vi gjennom husdyrhald frårøvar dyr sjansen til eit fullverdig liv. Som eit minimum bør dyra få utetid, meiner han. I eigen kvardag kjenner han ofte på dilemma både når det gjeld animalsk mat og forbruket elles. Men han synest at det er betre å gjere noko enn å sige inn i avmakt.

– Kan ein halvere kjøtinntaket er det eit enormt framsteg, akkurat som å halvere flyreisene, seier han.

I 2020 fekk han Brageprisen for boka Verden på vippepunktet. Han peikar på at det også finst sosiale vippepunkt.

– For nokre år sidan vart det å vere vegetarianar sett på som rart og new age-aktig. No må ein forsvare biff-eting. Det er heller ikkje lenger så kult å sende selfies frå langhelg i Roma. Mange slike sosiale vippepunkt kan gjere at det som før verka som ein uoverstigeleg terskel, plutseleg blir den nye norma.

#Kjelder:

Morten Fastvold: «Hva er en humanistisk dyreetikk?» fritanke.no/fagartikler/hva-er-en-humanistisk-dyreetikk/19.11510

Ragnhild Sollund: Bare et dyr? (Solum Bokvennen 2021)

Kjetil Østli og Simen Sætre: Den nye fisken (Spartacus Forlag 2021)

Kristoffer Hatteland Endresen: Litt som oss – en fortelling om grisen (Spartacus Forlag 2020)

Virginia Morell: Animal Wise: The Thoughts and Emotions of Our Fellow Creatures (Crown 1994)

Frans de Waal: The age of empathy (Crown 2010)

Bergljot Børresen: Fiskenes ukjente liv (Solum Bokvennen 2010)

Klikk for mer...

Klikk for mindre...

Artikkelen er opprinnelig publisert i Fri tanke #1-2022, les hele magasinet som pdf her.