Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Foto: missboo.no (illustrasjon)

Foto: missboo.no (illustrasjon)

– Nøkkelen til menneskets suksess som art

Tenåringer har meir å by på enn kviser og smelling med dører!

Publisert:

Sist oppdatert: 22.04.2021 kl 12:53

Hausten 2018 forliste militærfregatten KLM «Helge Ingstad» på Vestlandet. Det førte til ein storstilt redningsaksjon. Kranar for å heve båten måtte leigast frå utlandet, så måtte ein vente på optimalt ver til å ta dei i bruk, og medan månadene gjekk og millionane rulla, var det fare for lekkasjar og miljøøydeleggingar.

Ane Karidatter Sørensen og Jakob Otilius Flovikholm følgde berginga med interesse og vantru. Korleis kunne det ta så lang tid? Det måtte da vere mogleg å gjere det på ein enklare måte? Dei gjekk på innovasjonslinja ved Romsdal vidaregåande skole, og saman med ei gruppe jamaldringar fekk dei ein idé:

– Vi spurte oss om ein kunne lage nokon gigantiske heliumballongar og feste dei på forliste båtar for å halde dei flytande, seier Flovikholm.

Tenåringane Ane Karidatter Sørensen og Jakob Otilius Flovikholm ville finne ei enkel løysing på eit stort problem.
 Foto: Erik Hattrem

Tenåringane Ane Karidatter Sørensen og Jakob Otilius Flovikholm ville finne ei enkel løysing på eit stort problem. Foto: Erik Hattrem

Beatles og Youtube

Mange store idear har oppstått i nokon si ungdomstid. The Beatles vart tidenes største rockeband. Ingvar Kamprad grunnla IKEA som 17-åring. Mark Zuckerberg var 19 då han lanserte Facebook. I dag trekkjer tenåringar enorme summar på Youtube og Tiktok.

Burde unge takast meir på alvor? Og kva er det eigentleg som gjer dei så annleis enn både vaksne og barn – på godt og vondt?

Eit djupdykk i tenåringshjernen kan føre oss eit stykke nærmare svara. Men først attende til tenåringane i Molde.

Den første gongen Lars Øyvind Baltzersen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap i Møre og Romsdal, høyrde om ungdomane sin idé, tenkte han: «Dette går aldri.» Han sa det ikkje høgt, men det verka både usannsynleg og altfor enkelt.

Og då ungdomane lanserte ideen for ei lokal maritim verksemd, blei dei møtte med skepsis: Det dei foreslo, var for vanskeleg. Det var utfordringar med ver, vind, vekt og oppdrift.

– Vi fekk nesten beskjed om å leggje det frå oss, seier Flovikholm.

Det gjorde dei også. Ei lita stund.

– Men så begynte vi å tenkje litt sjølv. Vi såg at det var utfordringar, men tenkte samtidig at viss vi fekk det til, ville det ha ei stor upside.

Fritt spelerom

Baltzersen har fleire års erfaring med barn og unge.

– Dess lengre ned i alderstrinna du kjem, dess større er openheita for kreative prosessar. Får barn og unge fritt spelerom, kjem det veldig mange idear ut. Og dei kan vere gode.

Ettersom vi blir vaksne, blir vi meir kjende med lover, regler og avgrensingar, meiner Baltzersen. Flovikholm og Sørensen er samde.

– Vi var ungdomar som ville finne ei enkel løysing på eit stort problem. Hadde vi vore ingeniørar eller hatt maritim utdanning, ville vi sikkert ikkje tenkt i dei banane i det heile tatt, seier Sørensen.

Levande hjerneforsking

– I tenåra er vår viktigaste oppgåve, frå evolusjonens ståstad, å frigjere oss og utforske verda. Då er det lurt å ha litt ekstra trykk på gassen, seier psykologiprofessor Christian K. Tamnes.

– I tenåra er vår viktigaste oppgåve, frå evolusjonens ståstad, å frigjere oss og utforske verda. Då er det lurt å ha litt ekstra trykk på gassen, seier psykologiprofessor Christian K. Tamnes.

Dei siste åra har hjerneforsking utvida kunnskapen om tenåringshjernen. Medan ein før studerte hjernane til døde dyr og menneske, har hjerneskanning dei siste tjue åra opna for å følgje med på den levande hjernen.

Framleis er mykje uvisst. Men blant dei viktigaste funna er at hjernen slett ikkje er mogen rundt tiårsalderen, slik mange trudde før – av den grunn at hjernen etter det ikkje blir særleg større.

– I dag seiast det ofte at hjernen ikkje er ferdig mogna før vi er 25. Også det er for enkelt, for hjernen held fram med å utvikle og endre seg heile livet, forklarer Christian K. Tamnes, professor ved forskingssentra NORMENT og PROMENTA ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo.

Men gjennom tenåra og inn i ung vaksen alder er hjernen framleis tydeleg i utvikling. Det skjer ei rydding og spesialisering i hjernen, påpeikar han.

Hjernen på sitt største

Tamnes understrekar at det er tidleg i barndommen, og ikkje minst før fødselen, at hjernen utviklar seg mest. I boka «Teenagers: A natural history» skriv evolusjonsbiologen David Bainbridge at den appelsinstore nyføddhjernen veks med tjue tusen nye nerveceller i sekundet. Talet på nye koplingar mellom nerveceller er truleg enda større.

I seksårsalderen har hjernen nådd omtrent 90 prosent av den vaksne storleiken, ifølgje Tamnes. Det er derfor små barn har så store hovud.

Fram mot ungdomstida leggast dei siste prosentane til, og i løpet av første halvdel av tenåra er hjernen på sitt aller største. Kanskje nikkar den unge tenåringen anerkjennande nettopp no?

Substans og sonatar

I hjernen vår finst det to hovudtypar av vev: grå substans og kvit substans. Den grå inneheld cellekroppane til hjernecellene våre. Denne aukar i mengde i barndomen, men i tenåra begynnar han å minke. Den kvite substansen aukar derimot både barndomen og i tenåra. Denne inneheld nervetrådane som koplar hjerneceller saman og som gjer at éin del av hjernen kan snakke med ein annan.

I barndommen dannast milliardar av slike koplingar. I ungdomstida styrkast dei koplingane vi brukar, medan dei vi ikkje brukar, forsvinn. Dette er altså den store ryddeprosessen – sjølv om livet utanfor kan vere eit einaste rot.

– Korleis desse prosessane heng saman med læring og psykologi, veit vi førebels ikkje nok om. Men vi trur at desse prosessane gjev ein fleksibilitet som gjer det lettare å lære tidleg i livet. Det er vanskelegare for mi 41 år gamle hjerne å lære å spele gitar enn kva det ville vore i tenåra, seier Tamnes.

Kvise på ryggen

Det er mykje som følgjer med ei hjerne i mogning. Samtidig som det ryddast i leidningskabalar og kommunikasjonen i hjernen betrast, har nokon delar av hjernen ei spesielt langvarig utvikling.

Dette gjeld mellom anna den fremre delen av hjernen – den prefrontale hjernebarken. Desse områda, og koplingane mellom desse områda og andre delar av hjernen, er viktige for til dømes å planlegge, halde tilbake impulsar, skifte fokus og tenkje abstrakt.

Ungdommar kan verke heilt saklege og rasjonelle ute blant folk. Men heime kan det vere smelling med dører.
 Foto: NTB/Shutterstock

Ungdommar kan verke heilt saklege og rasjonelle ute blant folk. Men heime kan det vere smelling med dører. Foto: NTB/Shutterstock

Nokon meiner at dette er grunnen til krisestemninga som kan oppstå viss ei stor, raud kvise lyser opp ryggen like før gymtimen.

– Ungdommar kan verke heilt saklege og rasjonelle ute blant folk. Men heime kan det vere smelling med dører og frustrasjon. Nokon kallar tenåringshjernen ein Ferrari med sykkelbremser, seier spesialpedagog Lisbeth Iglum Rønhovde, som har skrive boka «… og noen går det trill rundt for!», om tenåringar og pedagogikk.

Sjølvregulering

Rønhovde meiner at vaksne si viktigaste oppgåve overfor tenåringar er å hjelpe dei å regulere tankar og kjensler. Dette gjerast ikkje ved å kommandere, men heller ved å stille spørsmål og undre seg saman, meiner ho.

– Du er ikkje ein mislykka vaksen sjølv om du av og til slår i bordet. Men då gjeld det å ha ein solid ballast i ein god relasjon. Ungdommar må vite at dei har ein vaksen å gå til uansett kva dei har rota seg bort i.

– Nokon kallar tenaringshjernen ein Ferrari med sykkelbremser, seier spesialpedagog Lisbeth Iglum Ronhovde, forfattar av boka … og noen går det trill rundt for!, om tenåringar og pedagogikk.

– Nokon kallar tenaringshjernen ein Ferrari med sykkelbremser, seier spesialpedagog Lisbeth Iglum Ronhovde, forfattar av boka … og noen går det trill rundt for!, om tenåringar og pedagogikk.

Hjerneforskinga tyder også på at barn og unge kan ha vanskeleg for å lese ansiktsuttrykk like effektivt som vaksne. Dette krev nemleg ein fininnstilt kommunikasjon mellom prefrontale hjernestrukturar og andre område i hjernen.

– Derfor kan det vere lurt å forklare at du ikkje er sint, men at du blir alvorleg, når du snakkar om alvorlege ting, seier Rønhovde.

Gode grunnar

Christian Tamnes er opptatt av å få fram at tenåringshjernen ikkje manglar noko. Han trur at det er gode grunnar til at denne hjernen er som han er. Dette har også blitt trekt fram av andre fagfolk dei siste åra.

– I denne fasen er vår viktigaste oppgåve, frå evolusjonens ståstad, å frigjere oss og utforske verda. Då er det lurt å ha litt ekstra trykk på gassen, seier han.

I tillegg er ungdomstida viktig for sosial utvikling.

– Studiar tydar på at unge ikkje tar risiko i alle situasjonar, men i visse typar situasjonar, og spesielt saman med jamaldringar. Kor vidt ungdomar regulerer eiga åtferd, planlegg og tar risiko, ser altså ut til å vere situasjonsavhengig, seier han og legg til:

– Kanskje handlar ikkje dette om ei generelt manglande evne, men heller om at unge prioriterer å få sosialt innpass.

I tillegg er det store skilnader, både mellom kjønn og individ, påpeikar han. Den ungdommelege usikkerheita og ønsket om å finne sin plass kan kome til uttrykk på heilt forskjellige måtar.

– Det er ingenting feil med ungdomshjernen. Men han har nokon oppgåver å løyse.

Større hjerne, lengre liv

– I tenåra kan vi konfigurere og perfeksjonere hjernen vår, ifølge evolusjonsbiologen David Bainbright.

– I tenåra kan vi konfigurere og perfeksjonere hjernen vår, ifølge evolusjonsbiologen David Bainbright.


Evolusjonsbiolog David Bainbright skriv at fenomenet ungdomstid oppstod for mellom 800.000 og 300.000 år sidan. Før det vart menneske rekna som vaksne ved tiårsalderen.

Etter at denne nye fasen mellom barndom og vaksenlivet oppstod, vaks hjernen med 50 prosent. No var hjernen på sitt største like stor som tre appelsinar – ikkje to, slik som før.

Ungdomstida kan ikkje vere resultatet av ein større hjerne, for ungdomstida kom først, ifølgje evolusjonsbiologen. Men han spør: Kan det vere slik at det var ungdomstida som gjorde det mogleg for hjernen vår å vakse? At utan ungdomstida ville vi både hatt mindre hjernar og levd kortare liv?

«I tenåra kan vi konfigurere og perfeksjonere den store, viltvaksande hjernen vi utviklar i barndomen,» skriv Bainbright.

Evolusjonsbiologen trur at tenåringane er nøkkelen til menneskets suksess som art: at det var denne fasen som opna opp for viktige eigenskapar som eigenanalyse og førestellingsevne.

Hadde trua

Ungdommane i Molde bestemte seg for ikkje å gje seg. Dei hadde blitt møtte med skepsis, men også med hjartevarme, i det første selskapet. Etter kvart våga dei seg vidare til eit anna.

Her var mottakinga annleis. Fagpersonane hadde trua på ideen og hjelpte dei å forbetre svake punkt. Sidan gjekk innovasjonselevane også attende til selskap nummer éin, der dei no opplevde langt meir positivitet. Begge selskapa skulle bli viktige samarbeidspartnarar.

Når Fri tanke snakkar med Ane Karidatter Sørensen og Jakob Otilius Flovikholm på telefon, sit dei i Flovikholm si garasje. Her har han innreia eit kontor, der han jobbar både med dette og andre prosjekt. Sørensen og Flovikholm har nemleg bestemt seg for å ta ideen vidare, sjølv om dei er ferdige på vidaregåande.

Ballongar og modular

For ideen har vakse. Finansieringa er ikkje på plass enno, men store, maritime aktørar har vist interesse for å kjøpe produktet om det blir realisert. Systemet har fått namnet Aquabow, og ordet «ballongar» er bytta ut med «modular».

– Det skal bli eit bergingssystem der modular festast til skroget av ein havarert båt. Når desse blåsast opp, vil dei gje ei oppdrift og støtte som gjer at båten kan halde seg flytande sjølv med skadar, seier Flovikholm.

Modulane vil vere plasserte langs kysten og ha ulike storleikar. Kor mange som trengs, avhenger av kor stort skipet er.

– Når vi presenterer prosjektet, spør folk seg ofte kvifor dei ikkje har tenkt på det sjølve, seier Sørensen.

LYST UNGDOMSHODE: Eistein meinte for eksempel at tankeeksperimenta han gjorde som tenåring la grunnlaget for relativitetsteorien seinare.
 Foto: NTB/Shutterstock

LYST UNGDOMSHODE: Eistein meinte for eksempel at tankeeksperimenta han gjorde som tenåring la grunnlaget for relativitetsteorien seinare. Foto: NTB/Shutterstock


Arbeidsminne

Og ja – kvifor har dei ikkje det? Rett nok brukte ungdommane i Molde ein idéutviklingsprosess som ikkje er standard i alle maritime selskap. Men kan dei ha hatt ein fordel i hjernane sine? Er det faktisk slik at tenåringshjernen har ein eigen evne til å tenkje utanfor boksen?

I eit evolusjonsperspektiv har det knapt gått eit sekund sidan forskarar begynte å kikke inn i dei levande hjernane våre. Men det er mange som heiar på tenåringane i dag.

Evolusjonsbiolog Bainbright peikar på at vi i denne livsfasen begynner å meistre mentale oppgåver som barn ikkje har sjanse til. Til dømes vidareutviklast arbeidsminnet vårt, som gjev oss evna til å halde fleire bitar informasjon i tankane på éin gong. Den evna veks etter kvart som ulike hjerneområde snakkar betre saman.

Barnlege sprang

Bainbright meiner at dette kan gjere oss meir kreative. At vi kan leike med ulike idear samtidig, kombinere ulike konsept og sjå nye samanhengar.

Han utdjupar i ein e-post:

– Vaksne sitt arbeidsminne er like stort, og truleg enda litt større, enn unge sitt. Men vaksne ser ut til å bruke det til å tenkje på meir komplekse og nyanserte måtar. Tenåringar lagar enklare, nesten barnlege, men ekstremt kraftfulle sprang, skriv han.

Albert Einstein meinte for eksempel at tankeeksperimenta han gjorde som sekstenåring danna grunnlaget for utviklinga av relativitetsteorien seinare i livet.

– På mange felt trengst det at ein kan handverket, at ein har erfaring eller studerer eit fenomen. Derfor kan det ta litt tid å realisere ideane, meiner Bainbright.

Superkraft

I 2019 ga USAs National Academies of Sciences, Engineering, and Medicine ut rapporten «The Promise of Adolescence». Her forfekta fagpersonar ideen om at ungdomshjernen har ei superkraft: Han er framleis plastisk og tilpassingsdyktig, men samtidig begynner meir vaksne eigenskapar å gjere seg gjeldande.

I rapporten tok dei eit oppgjer med det dei meinte var eit rådande, altfor negativt syn, på ungdomshjernen.

«Den «fryktløysa» som bekymrar vaksne er akkurat det som gjer at ungdommar trivast i kreative prosessar og engasjerer seg i sosial endring,» sa Adriana Galván, direktør ved Developmental Neuroscience Laboratory på University of California, Los Angeles, til avisa Washington Post.

Men trass alle lovord: Det er også i denne livsfasen at mange psykiske lidingar og problem debuterer, som depresjon, visse typar angst, eteforstyrringar og psykosesymptom. Ifølgje Christian K. Tamnes undersøkjer forskarar no om ungdomshjernen også er ekstra sårbar. Mykje er uvisst, men forskarar trur at utviklinga av hjernen og utviklinga av psykiske lidingar heng saman.

Livsvegen

Fleire av dagens vaksne har nok opplevd at det vart sådd eit frø ein gong, kanskje mellom tolv og tjuefem, som fekk følgjer for den livsvegen dei tok. Kanskje var også ei ungdommeleg innsikt og kreativitet innblanda. Organet på toppen kan ha gjort sitt for at ting vart slik dei vart.

I alle fall meiner mange fagfolk at det er i denne tida vi finn ut kven vi er. Hjernen vår lar oss få nye perspektiv, og plutseleg ser vi oss sjølve frå andre kantar. Når vi i tillegg deltar på fleire sosiale arenaer, utviklar vi ulike utgåver av oss sjølve.

Dessutan: Ungdomstida set sterkare spor i minnet vårt enn nokon annan periode i livet. Kvifor er førebels uvisst, men det finst teoriar, som at det er fordi opplevingane er så identitetsskapande, eller fordi vi hugsar aller best det vi føler ekstra sterkt, eller kanskje fordi hjernens minnestøttande strukturar er på sitt optimale.

Uansett lever dei vidare ein eller annan stad i hjernen: både flausen i mattetimen, det første kysset og skipsforliset som snudde opp-ned på livet ditt.

Kjelder:

Washington Post: «What teenage brains can teach us about thinking creatively» (2020)
Christian Krog Tamnes (red): «Nevrokognitiv utviklingspsykologi» (2021)
David Bainbright: «Teenagers: A natural history» (2009)

Klikk for mer...

Klikk for mindre...

Denne artikkelen står på trykk i det nyeste nummeret av papirmagasinet Fri tanke, som kommer i postkassene til medlemmer av Human-Etisk Forbund denne uka. Forsideillustrasjon av missboo.no. Magasinet kan også leses digitalt i pdf-format her. Tidligere utgaver av Fri tankes papirutgave er tilgjengelig i vårt pdf-arkiv.

Denne artikkelen står på trykk i det nyeste nummeret av papirmagasinet Fri tanke, som kommer i postkassene til medlemmer av Human-Etisk Forbund denne uka. Forsideillustrasjon av missboo.no. Magasinet kan også leses digitalt i pdf-format her. Tidligere utgaver av Fri tankes papirutgave er tilgjengelig i vårt pdf-arkiv.