Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Slender Man skal ifølge internett ha levd blant oss i tusenvis av år. Han er høg og tynn, kledd i ein enkel svart dress og andletet er utydleg. Han drep folk på ulik grusomt vis, og han synar ei særleg interesse for born, som han gjerne får til å gjere ugjerningar.

Slender Man skal ifølge internett ha levd blant oss i tusenvis av år. Han er høg og tynn, kledd i ein enkel svart dress og andletet er utydleg. Han drep folk på ulik grusomt vis, og han synar ei særleg interesse for born, som han gjerne får til å gjere ugjerningar.

Grøsserfolklore på nett:

Slender Man – døden som går

Det er ei vanleg misforståing at folklore er noko som tilhøyrar fortida. Verdsveven er full av alskens historier, og mellom dei nyaste er soga om Slender Man, ein høg, tynn og svartkledd mann utan andlet ... (30.10.2014)

Publisert:

Det er ei vanleg misforståing at folklore er noko som tilhøyrar fortida. Som folklorist meskar eg meg med alskens historier og førestillingar som lev godt i dag. Fleire av desse finn eg på verdsveven, og mellom dei nyaste er soga om Slender Man. Vår tids nøkken.

Slender Man skal ha levd blant oss i tusenvis av år.

Slender Man skal ha levd blant oss i tusenvis av år. Ein finn visst forteljingar om han attende til 1600-talet og tidlegare i Tyskland, og frå 1900-talet skal han ha byrja å dukke opp på fotografi. Her står han fram som ein uskarp skikkelse i bakgrunnen, han er høg og tynn, kledd i ein enkel svart dress og andletet er utydeleg. Han drep folk på ulik vis; med mordbrann, partering og å drive dei til vanvett og sjølvpåført død. Han synar ein særleg forkjærleik for born, og får dei gjerne til å gjere ugjerningar på sine vegne.

Det beste av alt. Fotografia er lette å finne på nett. Så då må det vere sant?

Skrekk rundt leirbålet

Som skrekkfilmentusiast så ser eg potensialet her, og det er eg ikkje åleine om. Du vil finne drøssevis med meir eller mindre gode forsøk på å utnytte karakteren på Youtube, og det finnes og dataspel. Ein eviglevande karakter, som vandrar gjennom historia og drep folk av mystiske årsaker og på minst like mystiske vis? At vi aldri ser meir enn eit uklart bilete, at han forstyrrar elektroniske opptak og vi ikkje veit kva han er, berre at han ikkje er menneske? Dette er skummelt.

Skrekkfilmar låner gjerne form og innhald frå klassiske forteljingar og karaktertypane der

Skrekkfilmar låner gjerne form og innhald frå klassiske forteljingar og karaktertypane der, desse inngår i dette store arkivet vi kallar folkloren, eller folkekulturen. Ofte misforstått som noko som høyrde til «tradisjonelle bondesamfunn», men folkloren er jo minst like levande i dag. I spøkelsesforteljingar og historier fortalde på leirskuler om seriemordarar og delar av døde dyr funnen i frukostblandinga. Eller betre - i kroppsopningar. Har du høyrd den om edderkoppeggene? Eller blekkspruten?

Slender Man er altså den nyaste av desse tema fra folkloren, og kan samanliknast med nordiske figurar som Nøkken og svenske Bäckahästen, som er kjend for å ha lurt med seg born. Det finnes eit mylder av historier om Slender Man på nett, spreidd både som fakta og som fiksjon. Slender Man lev eit heilt fritt liv der ute på internett. Slik folklore skal gjere.

Det finnes eit mylder av historier om Slender Man på nett, spreidd både som fakta og som fiksjon

Han er over alt

Du kan finne Slender Man i eit utal kjelder. Ikkje berre ute av fokus i bakgrunnen på fotografiar, men i eventyr, trestikk og hieroglyfar. Og så klart avisutklipp. Alt produsert i løpet av dei siste fire åra. Du kan finne dokumentarar om Slender Man på Youtube som fordel korleis han har vore ein del av historia så langt attende mennesket kan hugse. Fleire filmar og tre populære dataspel, Slenderman, Slender: The Eight Pages og Slender: The Arrival. Dei sistnemnte spela plasserer deg i rolla til nokon som vert forfølgd av denne mystiske skikkelsen. Stemninga her er upåklageleg skummelt, og er nok til å gje både den eine og andre høg puls.

Spela er av type «indie», altså små uavhengige produksjonar, som er billige å produsere og som leikar med dine forventingar til kva eit spel er. På same vis som det meste av Slender Man-relatert material, så er dette noko som er basert på amatørars initiativ og skaparglede, framfor kulturindustriens økonomiske motiv. Forteljargleda står framleis sterkt i folkekulturen og på verdsveven. Forteljingane og bileta om Slender Man spreier seg over heile verdsveven, på tvers av landegrenser og kulturelle skilje. Slik utviklar og Slender Man seg med kvar ei spreiing, og tilpassar seg publikums sine ønskjer og forteljarens fantasi.

På same vis som det meste av Slender Man-relatert material, så er dette noko som er basert på amatørars initiativ og skaparglede

Slender Man er slik ein folklorisk karakter, og dei ulike uttrykka om han er folkloriske forteljingar. Det som gje han annleis, er tempoet på spreiinga og avstanden som forteljingane strekk seg over. Der ein i folkloristikk snakkar om «tradering», det vil seie overføringa av tradisjonar, som ein sein prosess frå generasjon til generasjon, og med sniglefart frå land til land, skjer det no på ein blunk. Med verdsveven har vi gått frå tradering til hypertradering. Ein augneblikkeleg og teknologisk formidla tradering.

Opphavet til myten

Der Slender Man og anna digital folklore skil seg ut frå folkloren som vart samla inn på 1800-talet, er at opphavet er mogleg å kjenne.. Og i Slender Man sitt tilfelle kan vi ikkje berre datere forum-postinga som skapte tradisjonen, men vi har ein opphavsmann.

Det heile byrja 8. juni 2009, då ein av brukarane («Gerogerigegege») på biletforumet Something Awful utfordra dei andre brukarane til å photoshoppe skumle spøkelsesbilete. Og det gjorde dei. Diskusjonstråden var framleis aktiv den 10. juni då «Victor Surge» (Verkeleg namn: Eric Knudsen) la ut to utydlege fotografi av ein slank mann i lag med born, med ei kort forklaring. (Se bileta over i høgremargen)

I dagane som følgde, haldt Victor Surge fram med å produsere Slender Man-relaterte bilete og tekstar, og etterkvart byrja andre å ta del i prosessen med eigne produkt og kritikk av det andre la ut. Materialet byrja å lekke ut på internett generelt, ikkje minst med webserien Marble Hornets, som presenteras som ei rekkje med videoklipp etterlatt av ein filmstudent. Klippa viser korleis Slender Man gradvis byrjar å forfølgje han.

Fem år seinare så er Slender Man over alt på verdsveven. Hollywood ønskjer ein å lage storfilm om han, og i Noreg inspirerer han forfattarar:.

Eit liv på nett

Barne- og ungdomsbokforfattaren Ingunn Aamodt har basert sin nyaste grøssarroman, Styggemannen, på Slender Man, og fortel i eit intervju at figuren er fleire tusen år gamal, at det finnes kjelder på denne mytiske figuren heilt attende til egyptiske hieroglyfar. For henne er det dataspela om figuren som har aktualisert han no, og gjort at barn og unge har latt seg påverke. Denne påstanden tyder på at som overnaturleg skikkelse og figur så er Slender Man ein suksess, frigjort frå sitt opphav og med eit uavhengig liv. Ho er trass alt ikkje den einaste som meiner at Slender Man er ein eldre munnleg myte, trass i at opphavet er godt kjend og publisert. Verdsveven er full av tekstar, videoar og kommentarar frå folk, unge og vaksne, som insisterer på at dette er ei verkeleg myte med lange historiske røter, og til og med ein verkeleg kraft som ein bør frykte. Ifølgje dei baserar dei originale bileta seg på den verkelege Slender Man. Kopiane har altså overgått originalane på snedig postmoderne vis. Simulacra ville nok filosofen Jean Beaudrillard ha kalla det.

Saka som Aamodt kommenterer i intervjuet er tragisk. I juni 2014 var det to tilfelle av unge jenter som ifølgje pressa hadde latt seg påverke av forteljingane om Slender Man. 3. juni hadde to tolvåringar knivstukke ei venninne gjentekne gonger etter å ha leikt gøymeleik i skogen. Nokre få dagar seinare hadde ei tretten år gamal jente knivstukke mor si. Ofra overlevde utan store skader i begge tilfella, men media forklarte det med at borna var inspirer av historier dei hadde lest om Slender Man på nett. Om vi ser vekk ifrå at dette med høgt sannsyn er prega av mediepanikk, så er dette døme på korleis folkloren om Slender Man har blitt så internalisert i nokre miljø at dei attskaper den. Slik mellom anna rykte om forgifta Halloweensnop og sataniske dyreofringar har blitt attskapt av andre.

Dette er noko av det som gjer Slender Man «ekte». Det er ikkje eit spørsmål om i kva grad han faktisk er ein verkeleg figur og trugsel mot våre barn og unge der ute, men i kva grad han vert opplevd som det. Slender Man har tatt steget frå å vere tilfeldig Creepy Pasta (Pasta, frå copy & paste, noko som vert kopiert og spreidd ofte på nett) til å vere ein figur med eit liv uavhengig av opphavleg kontekst og opphavsmann.

Slender Man er slik folklore som har oppstått som ein konsekvens av moderne kommunikasjonsteknologi og biletmanipulering, men han er langt ifrå den einaste. Kvar dag dukkar nye uttrykk og bilete opp på verdsveven, og kvar ein av dei har eit potensiale til å verte innlemma i vårt felles arkiv av folklore. Det må berre treffe ei nerve. Det må vere bra og treffsikkert nok til å fange interessa til folk, samstundes vere fleksibelt og romsleg nok til at det kan takast i bruk i fleire situasjonar og tilpassast nye høve.

Det skjer oftare enn du trur. Og det er det som gjer at folkloristar som meg sitt og surfar på nettet heile dagen og storkosar oss.

Kommentarfeltet er stengt mellom kl 23:00 og kl 06:00 norsk tid.