Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Momo kjem for å ta borna dine. Eller gjer ho det?
 Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix

Momo kjem for å ta borna dine. Eller gjer ho det? Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix

Momo – og andre skumle ulvar i internettskogen

Internettet er ein skummel stad, ein stad mange opplev som utemma og kaotisk. Ein stad der våre born går seg vill. Forteljingar om ting som The Momo Challenge, er forteljingar om denne staden og farane som lurar der.

Publisert:

Sist oppdatert: 15.05.2019 kl 09:37

Vi kan vel alle vere einige i at Momo er ein bløff no? Faktisk, Snopes, Politifact, Full Fact, Guardian og The Atlantic har alle stemt i og påpeika dette.

Momo-utfordringa, The Momo Challenge, er ikkje ekte. Ingen hacker seg inn på YouTube-videoar eller WhatsApp og truer born til å skade seg sjølv eller andre, eller til å gjere eit drap eller sjølvmord. Ingen av sakene som pressa og ryktespreiarar har ville knytte til Momo har synt seg å ha noko med det å gjere.

For skeptikaren i meg var dette opplagt, og ei avslutta sak. Lite å skrive heim om. For folkloristen er det langt frå over.

Åtvaringane om Momo og rykta om figuren er ei forteljing vi kan kategorisere som innanfor sjangeren moralsk panikk eller mediepanikk. Ein sjanger der born, og vår ambivalens til deira autonomi i eit snøgt utviklande medielandskap, står i fokus.

Det er ikkje så interessant om Momo var «ekte» eller ikkje, men kva vi ønskjer å fortelje med Momo, kva Momo er eit uttrykk for. Kva er Momo si forteljing? Kva underliggjande angst representerer Momo?

Bakgrunn

Momo starta sitt liv som ein skulptur laga av kunstneren Keisuke Aiko: Eit skremmande kvinneleg andlet på ein slags fuglekropp, som henta rett ut frå ein japansk skrekkfilm på byrjinga av 2000-talet, då det var siste skrik blant oss skrekkentusiastar.

Biletet av skulpturen var slåande nok til at det spreidde seg på internett, der det vart til karakteren Momo.

Momo skal ha tatt kontakt med barn og unge via WhatsApp i spansktalande land og utfordra dei til å skade seg sjølv eller andre. Til sjuande og sist for at dei skal ta livet av seg sjølv eller nokon andre. Folk har prøvd å spore nummera som vert nytta utan særleg hell. Men det finnes skjermdumper av dette, så då må det jo vere sant. Eller?

Vidare utvikla Momo seg til å dukke opp i tilfeldige YouTube-videoar for born, med den same bodskapen. Media knytte straks forteljingane til nokre ganske unge menneske som har tatt livet av seg eller skada seg sjølv på grunn av Momo. Bekymra foreldre og internettkjendisar gjekk ut på Facebook, Instagram og Twitter, og åtvara om korleis Momo fekk born til å gjere dei mest fælslege ting.
Men YouTube avviste at ein slik magisk figur hadde infisert YouTube-videoar for å påverke borna våre. Journalistar og faktasjekkarar var snare på banen med å avvise forteljingane. Dei er ikkje sanne. Ingen av dei rapporterte sakene stemte.

Forgjengarane

Det overraskande her er kor kjapt faktasjekkarane fekk gjennomslag, samanlikna med tidlegare versjonar av denne forteljinga.

Som den om Slender Man, den mystiske skikkelsen som skremmer born til å skade seg, eller The Blue Whale Challenge, som ulike forteljingar om Momo lånte mykje av. Ikkje minst det at det var eit fleirstegssystem der barnet skulle jobbe seg opp gjennom fleire handlingar, for til slutt å ta livet av seg sjølv.

Historier om så mange som 130 born som skal ha tatt livet av seg som ein del av The Blue Whale Challenge har ikkje vore mogleg å stadfeste. Nokre medium har til og med rapportert at ein Phillip Budeikin, ein mann i tjueåra, har innrømt å ha lokka sytten jenter i døden og er fengsla for dette. Men heller ikkje dette vil Snopes gå god for.

Tidlegare har vi høyrt korleis skrekkfilmar som Child’s Play skal ha inspirert born til å myrde søsken eller leikekameratar. Heavy Metal har fått ungdom til å ta livet av seg med hyllester til Satan sjølv spelt inn baklengs. Rollespel som Vampire: The Masquerade skal ha motivert ungdom til å gjennomføre rituelle drap på dyr og menneske. Det stemmer jo aldri, gjer det vel?

Folklore

Barn og unge står sentralt i desse forteljingane. Som når mødrer med vidopne auge fortel meg at dei har sett kvite varebilar i nabolaget og at det difor er viktig å halde auge med borna. For vi veit jo at det er kvite varebilar pedofile kidnapparar brukar.

Desse forteljingane og denne kunnskapen er del av eit uformelt kunnskapssystem som vi folkloristar kallar folklore. Folkets kunnskap og visdom. Vi opererer med ulike sjangrar og med ulikt presisjonsnivå, men forteljingane vi her snakkar om kan ein – for å gjere det enkelt – omtale som vandresegn. Det er forteljingar som eigner seg godt til å spreie seg frå forteljar til forteljar, og som lett tilpassar seg nye situasjonar og kontekstar, og samstundes held på ei kjerne.

Forteljingar om barn står i ei særstilling, og dukkar stadig opp att, då det er vår oppgåve som vaksne å vere klar over alt som truer dei.

Ulike foteljerar

Det som ofte vert gløymd i presentasjonen av desse forteljingane, er at det er to ulike forteljarar her, med to ulike målgrupper.

Forteljinga oppstår først blant barn og unge på internett, som fortel den til kvarandre. Det er først når «vaksne» eller utanforståande overhøyrer forteljinga at den tar dramatiske vendingar og vert ei nyhendesak. Då vert den knytt til namn og reelle stadar.

Dette er jo ikkje så uvanleg. Vi har sett det med barns forteljingar før. Slender Man er eit godt døme på det. Ein karakter og ei forteljing som oppstår som ei skrekkforteljing på eit internettforum og som breier seg og får eit eiga liv, med nye variasjonar – og etterkvart både dataspel og TV-serie.

Grenser og kontroll

Undervegs har det vore panisk stemning blant vaksne som har opplevd historia som noko langt meir skummelt enn berre ei historie fortald for å skremme barn: Dei ser ein reell trugsel mot barnas psykiske og fysiske helse. Det er altså to ulike forteljingar som vert fortald her, med to ulike målgrupper, og difor med to ulike funksjonar.

Barn fortel om Momo og Slender Man fordi det er skummelt, det er forteljinga om ein uforklarleg og magisk trugsel som trenger inn i våre rasjonelle liv. Det er forteljinga om at sjølv i denne høgteknologiske verda finnes det ånder som siver inn mellom sprekkene og som heimsøkjer oss og påverkar oss.

Momo er ei moderne spøkelsesforteljing, eit vandresegn på lik linje med kroken i bildøra eller rottekjøtt i pizzaen. Fortald ikkje fordi den er sannsynleg, men fordi den er i grenseland til det truverdige, eit område av usikkerheit. Fortald fordi vi likar å skremme, og å bli skremt. Fortald fordi vi likar at verda skal romme meir enn det vi kan sjå, eller blir fortald om på skulen. Det gjer verda litt meir spesiell.

Og så må vi ikkje gløyme at vi likar å skremme oss sjølv. Det er difor spøkelsesforteljingar og skrekkfilm er kjende sjangrar. Å verte skremt, i tryggje rammer, er eit kick.

Halde seg på stien

Forteljinga har òg ein funksjon. Slik gode vandresegn skal ha. Når Momo infiserer WhatsApp og YouTube, er det fordi dette er områder som kan representere fare. Borna har internalisert lærdom om ikkje å gå på utryggje stadar og ikkje å snakke med framande. Som Raudhette skal dei halde seg på stien, og ikkje prate med ulven på veg til Bestemor.

Dette er ein klassisk lærdom. Det er territorium som ikkje er underlagt kontroll av foreldre, skule og andre autoritetar, men born tar framleis med seg grensene som dei er oppdratt med. Dei har internalisert det. Det skumle er det foreldra ikkje kan beskytte dei mot, der ute på internett.

Dette er det som skremmer foreldra òg, og som er kjernen av forteljinga dei vaksne fortel. Vi har alle lyst til å beskytte borna våre, og kontrollere områda dei ferdast i, men dette er diverre umogleg i lengda. WhatsApp, YouTube og andre kroker av internett der borna ferdast med langt tryggare steg, er stadar foreldra ikkje kan kontrollere. Stadar der borna kan møte ting og verte utsette for ting som vi vaksne ikkje kan beskytte dei mot.

Alt vi ikkje kan kontrollere

Når vi deler nyhedesakar om korleis skumle, nær magiske, krefter på internett utsett borna våre for fare, er det dette historia dreier seg om. Momo eller Slender Man, det er irrelevant, det som er relevant er at det er WhatsApp og YouTube, medium der vi ikkje kan kontrollere bornas aktivitet.

Forteljingane vert difor soger om angst for kva som skjer når vi mister borna til skogen, når dei går vekk frå stien – og pratar med ulven. Forteljingar om alt vi ikkje kan kontrollere.

Sentralt her står nye medium. Dei vert ofte skulda for å vere ein fare for born, anten det no er VHS-videoar, rockemusikk, dataspel eller YouTube som vert peika ut. Det er som den kjende medieforskaren Marshall McLuhan i si tid skreiv, mediet er bodskapen. Det er altså ikkje kva som vert formidla på YouTube som er kjernen i forteljinga, men at det vert formidla på YouTube og at dette er nytt og framand.

Vi kan trøyste oss med at vi har gått eit par rundar med dette før, og vi kjem nok til å gå eit par til med nye medium – og nye skikkelsar.

Når segn vert ekte praksis

Men, seier kanskje den årvakne lesar, kan vi vere sikre på at det ikkje er noko i det? Finnes det ikkje tilfelle av at meldingar er sendt frå mystiske nummer og at YouTube-videoar inneheld rare ting – kanskje til og med Momo? Jo visst. Det finnes videoar med Momo klippa inn, der ho gjev instruksar til born. Utan at dette har gjort meir enn å skremme borna som har sett det, og ikkje påverka nokon til å skade seg sjølv eller andre.

Det er ikkje noko magisk ved dette. Dette er noko som nokon har gjort, fullt medviten, som ein respons på forteljinga. Kultur er praksis. Det er noko vi gjer. Og det skjer ofte at vandresegn vert attskapt utanfor forteljingas verd. Det klassiske dømet er når folk faktisk forgifter godteri på Halloween (ja, det har hendt), eller når ungdom som får høyre at Black Metal fører til satanisme byrjar å kle seg i svart og kløner seg gjennom svarte messer i skogen.

Eller då borna i Salem byrja å sjå djevelens virke under hekseprosessen i 1692–1693. Vi folkloristar kallar dette gjerne det å attskape folklore i praksis for ostensjon eller ostensive handlingar. Og det er vanlegare enn vi skulle tru.

Den verkelege fortellinga

Men for at forteljinga om Momo skal vere sann, må vi akseptere at ho dukkar opp på magisk vis utan ein opphavsperson, og at medium har ein hypnotisk påverkingskraft på born og unge. Og det, det har det ikkje. Så enkelt er det jo ikkje.

Men det speler inga rolla om det stemmer – eller om det er sant. Forteljinga stikk djupare enn som så. For forteljinga er at born ferdast stadar der foreldre ikkje kan kontrollere dei, at born veit gjennom oppseding at det kan vere farleg, og at foreldra frykter konsekvensensane av å sleppe borna ut av syne.

Momo er ikkje sann, men forteljinga er det.