Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
På internett er det lett å miste kontrollen over vårt rykte, og det kan vere eit kunststykke for mange å få det attende når ein først har mista den. Difor er det viktig å ta hets og løgnaktige påstandar alvorleg.
 Foto: Microstock/Scanpix (m)

På internett er det lett å miste kontrollen over vårt rykte, og det kan vere eit kunststykke for mange å få det attende når ein først har mista den. Difor er det viktig å ta hets og løgnaktige påstandar alvorleg. Foto: Microstock/Scanpix (m)

Løgn og sanning utanfor kontroll på verdsveven

Det som skjer på verdsveven, skjer i røynda. Hets, mobbing og falske skuldingar er alvorlege, sjølv om dei «berre er på nett». Konsekvensane av å miste kontrollen over informasjonen om seg sjølv kan vere særs alvorlege.

Publisert:

Sist oppdatert: 05.02.2014 kl 15:19

Det vert skriven mykje sludder på verdsveven. Frykteleg mykje sludder. Og ikkje alle er like flinke til å skile skit frå kanel. Vi må berre innfinne oss med at ikkje alle har diplom i kjeldekritikk, men er meir enn villige til å tru det første og beste dei les. Om du les på ei nettside at nokon har unnskylda overgrep mot born, og byggjer dette opp med sitat som skal prove dette, er det lett å tru på det. Og om det er alt du les, så er det alt du veit. Dette var tilfellet då ei hetsekampanje mot Human-Etisk Forbund og bloggaren Gunnar Roland Tjomlid for ei tid sidan hamna på framsida av Nettavisen.

Desse skuldingane vert repetert i det uendelege, og vil over tid verte ei innforstått sanning – det vert jo sagt av så mange. Og skuldingane vert delt vidare i sosiale mediar av dei som snublar over påstandane, sjokkerte over at noko slikt er tilfelle. Ordet pedofili skrur av det meste av kritisk sans og rasjonalitet. Og vi menneske er no ein gong slik anlagt at noko som vert repetert ofte nok, over lang nok tid, vil verte oppfatta som truverdig. Det hjelp på at påstandane kjem frå fleire ulike hald, ikkje berre styrker det truverdet, men det gjer opphavet mindre tydleg. Og det gjer det òg lettare å tru på. «Eg har høyrd at…»

Noko som vert repetert ofte nok, over lang nok tid, vil verte oppfatta som truverdig.

Å ha kontroll på informasjon

Verdsveven er ikkje framand for mobbekampanjar. Det mest klassiske, og nesten litt sjarmerande dømet, er The Star Wars-kid. Ein korpulent gutunge som filma seg sjølv medan han på klumsete vis leikte at han var ein jedi-riddar frå Star Wars-filmane. Videoen hamna på nett, og vart delt mangfaldige gonger. Folk redigerte videoen, la på lyd og spesialeffektar… Og folk lo, og lo, og lo. Og dei ler framleis. Den unge guten sitt liv var så godt som øydelagd. Vi kan tryggje oss med at han har klart seg, i dag er han utdanna advokat og spesialiserer seg i å hjelpe folk som er utsatt for netthets. Men videoen er der framleis. Og folk ler framleis. Og det er litt av problemet: det du legg ut på nettet er både midlertidig og kan forsvinne kvatidsomhelst, og det er permanent og vil alltid henge over deg, eller dukke opp att. Løgnaktige påstandar og mobbing kan leve lenge på nett. Og uansett kor velmeinande prosjektet slettmeg.no er, så er det faktisk lite dei kan gjere for å slette deg frå nettet om andre har kontroll på informasjonen.

Løgnaktige påstandar og mobbing kan leve lenge på nett.

Nettrykte førte til opptøyar

Då ungdommar i Sverige mista kontrollen på sin digitale informasjon, og jenter heilt ned i 13-årsalderen vart hengte ut med bilete og omtala som horer på biletdelingstenesta Instagram og på ei Facebook-gruppe, var det ikkje nokon som kunne spå kva som hende så. Eit rykte spreidde seg om at det var ei jente ved Plusgymnasiet som stod bak, og i midten av desember 2012 vart gatene utanfor skulen scena for dramatiske opptøyar, der fleire hundre ungdommar ville ta hemn på den utpeika skuldige. I fjor vart to jenter, på 15 og 16, dømd for å distribuere bileta. Her var vi vitne til organiserte kampanjar frå begge partar, både dei to jentene, og dei pårørande som spora dei opp. Dette er teknikkar ofte knytt til nettsamfunn som 4chan, der «borgaraktivistane» i Anonymous har sitt opphav. Dei spesialiserer seg på å «doxe» – det vil seie finne ut mest mogleg, basert på minst mogleg informasjon i utgangspunktet – spesifikke menneske. Alt dei treng er eit fotografi der du skjemmer deg ut, eller ein video der du gjer noko dei ikkje likar, og før du veit ordet av det vil dei leggje livet ditt i ruinar. Dette har skjedd ved fleire høve, men kanskje det mest alvorlege tilfellet var den unge «boxxxy», som med sin naive sjarm og hyperaktive framferd forårsaka borgarkrigsliknande tilstander i kulissane av verdsveven. Som med det meste av mobbing, var det ikkje meir som skulle til enn at hennar framferd irriterte andre. Det tok eit par år før ho vågde å dukke opp på nettet att.

Å gå til motåtak mot troll har ofte den motsette effekten.

Om ein mister kontrollen på informasjonen om seg sjølve, kan løpet vere køyrd. Nokon andre har tatt initiativ og fått definisjonsretten over sanninga om deg. Kva du skal gjere når dette skjer, er ikkje lett å seie. Å gå til motåtak mot troll har ofte den motsette effekten. Dei godtar seg når du viser sinne og frustrasjon. Å gjere ingenting er heller ikkje bra når nokon spreier løgner om deg. Då får løgna leve fritt. Og sjølv om du tykkjer ho er vanvettig og meiningslaus, kan ho vekse og gro om ho får stå uimotsagt. Den som tiar samtykker. Nokon har lukkast med å temme sine mobbarar ved å gå rettens veg, men dette er ikkje alltid ein veg å gå. Ein vil helst ikkje sjå ut som Goliat i kappestrid med David. Alle heier på David.

Ein planlagd nettkampanje

Når Human-etisk forbund vert skulda for å ha ein pro-pedofil agenda, skil det seg derimot frå andre mobbe- og hetsekampanjar på verdsveven. Dei er sjeldan organisert som ei hemnkampanje. Denne kampanjen er planlagd, og kjem som ein respons på kritikk. Bakmennene (og kvinnene) er tomme for argument, og må ty til sjikane og løgn. Det er kanskje eit desperat trekk, men veldig effektivt. Når innlegga og omtala vert omfattande nok, og vert spreidd nok, verkar det som meir enn berre konspiranoid babbel, det vert ei folkeleg kampanje.

Verdsveven er eit fantastisk verktøy for folk som har ei sak å kjempe for, og ei sanning som må fram. Anten no vil ha slutt på delfindrap på Færøyane og i Japan, eller vil ha slutt på GMO-giganten Monsanto sin usosiale praksis. Store og små saker kan få ei stemme på verdsveven, og store og små urettvise kan verte retta opp. Dette er ein god ting. Men det vi ser tilfellet av her, er at nokon tar i bruk desse same metodane for å drive ei hetsekampanje. Det er uvanleg, men ikkje ukjend frå skulegarden eller psykopatiske menn som skriv om sine eksar på nett.

Verdsveven er eit fantastisk verktøy for folk som har ei sak å kjempe for, og ei sanning som må fram.

Heldigvis er innhaldet i kampanjen svakt, og lett å avsløre, ikkje minst fordi det er få av dei involverte som har synt seg som særleg skrivekyndige.

Feilinformasjon som spreier seg viralt

Likevel; vi har dei siste åra sett folk verte hysteriske over dårleg funderte ikkje-saker. I 2013 oppdaga brått nokre kundar på kjøpesenteret Amfi Borg at vimplane som hang på flaggstengene utanfor ikkje hadde kross på seg. Dette las dei automatisk inn i den pågåande debatten om bruk av kross i NRK og andre stadar, og vert tolka som «nok eit» knefall for særkrav frå innvandrarar og «snikislamisering». At ein vimpel ikkje har kross, og aldri har hatt kross, og at det er mangelen på kross som gjer ein vimpel til ein vimpel og ikkje eit flagg, er irrelevant for alle dei som klagar og skriv om dette på nett. At vimplane har hengt der sidan 2005 og ikkje er noko nytt, er heller ikkje noko som kan døyve panikken og frustrasjonen til dei som føler at deira land vert riven frå dei. Folk sjekkar beint fram verken kjelder eller dobbeltsjekkar påstandar, dei tar ting for gitt. Særleg om det støtter opp om deira fordommar eller er sjokkerande nok. Er det sjokkerande nok held det med overskrift og ingress før det er delt i sosiale mediar. Slik er nettlivets natur.

Folk sjekkar beint fram verken kjelder eller dobbeltsjekkar påstandar, dei tar ting for gitt.

For å møte ein slik kampanje må ein ikkje verte sint eller virke smålige. Ein må syte for at informasjon som tilbakeviser løgner og hets er like lett tilgjengeleg på nett som hetsen sjølv. Då vil i alle fall dei som vel å undersøkje nærmare finne anna informasjon enn berre hetsen. Då er det viktig at dette ikkje synest aggressivt eller berre eit motpartsinnlegg. Det er beint fram god, nøytral sanning. Det handlar om å ta kontroll over informasjon, og det handlar om å ta kontroll over sitt eiga renommé.

Det handlar om å ta kontroll over informasjon, og det handlar om å ta kontroll over sitt eiga renommé.

På internett er det lett å miste kontrollen over vårt rykte, og det kan vere eit kunststykke for mange å få det attende når ein først har mista den. Difor er det viktig å ta hets og løgnaktige påstandar alvorleg. Før dei vert til vedtatt sanning der ute, blant folk ein ikkje når så lett.

Vær velkommen til å delta i debatt på Fritanke.no. Vi ønsker en saklig og begrunnet debatt. Skarp kritikk må gjerne fremmes, men vi forventer at debattanter overholder alminnelig folkeskikk og norsk lov. Kommentarer som bryter med dette, kan bli slettet uten varsel eller begrunnelse. Fri tanke forbeholder seg retten til å svarteliste brukere ved spamming, personangrep, usaklige kommentarer og lignende.

Vi forbeholder oss retten til å sitere kommentarer fra Fritanke.no i Fri tankes papirutgave.

blog comments powered by Disqus