Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Fra et minnesmerke over terroren i Christchurch, med femti par sko.
 Foto: Marty Melville/Scanpix

Fra et minnesmerke over terroren i Christchurch, med femti par sko. Foto: Marty Melville/Scanpix

Er det ein samanheng mellom drapa i Christchurch og spelkulturen?

Det virker nesten som om han vil komme media i forkjøpet når massemordaren syner til dataspel i sitt manifest, og han ber folk abonnere på PewDiePie før han går til åtak på moskeen i Christchurch. Kva samanheng har desse drapa med spelkultur?

Publisert:

Sist oppdatert: 29.03.2019 kl 10:21

Ein mann dreper 49 menneske i to moskear i Christchurch på New Zealand. Han livestreamer massakren og startar med ei oppmoding om å abonnere på YouTube-stjerna PewDiePie. I sitt manifest uttrykker han entusiasme for spela Fortnite og Spyro the Dragon.

På spelplattforma Steam hyller fleire brukarar han på profilane sine.

Kva i all verda er det som går føre seg her? Vi vert trolla. Dette er trolling med døden til følge.

Det er klart nokon vil stille spørsmål. Spel og spelkultur er framleis noko framand for mange; trass i at den gjennomsnittlege spelar er i midten av trettiåra vert det betrakta som noko spesielt og for barn og unge. Videospel er ein kulturindustri i milliardklassen.

Likevel; frå Columbine-massakren til 22. juli har spel blitt trekt inn som ein mogleg kausalfaktor, trass i at det ikkje finnes noko som talar for dette. Og dette veit ein på internett, i spelmiljøa og på 8chan.

Dette veit massemordaren, og han vel å vitse om det. Og skapar slik sjølv dei føreseieleg reaksjonane. Ein tanke om at spel og spelkultur er ein årsak, ei forklaring.

«Remember lads, subscribe to PewDiePie»

PewDiePie er «artistnamnet» til den svært populære svenske streamaren Felix Kjellberg (29), som har skaffa seg fleire millionar tilhengjarar på YouTube for sine spelrelaterte videoar. Gjerne videoar av typen «Let's Play», der han vert skremt og skrik medan han speler skrekkspel. Hans popularitet blant ungdom kan nesten ikkje verte overvurdert.

Når han då gong på gong har plaska ut i det med antisemittiske vitsar og har lefla med rasisme, er det difor verd å få med seg. Når han har mottatt kritikk for dette, har han smykka seg med offertittelen. Og fansen hans støtter han i dette. Han er jo ikkje rasist, det er berre slikt ein seier, vil dei seie. Men det er verd å merke seg korleis slikt ufarleggjer, og kanskje til og med legitimerer rasismen, når det vert ståande utan å verte problematisert.

Og her ligg årsaka til at terroristen trekk inn PewDiePie.

Eg har ingen grunn til å tru at PewDiePie er rasist, eller antisemitt, men han har gjort og sagt toskete ting, og forstår ikkje at det er toskete, fordi han er ein del av ein kultur som ikkje ser alvoret eller problemet i dette. Ein kultur som lever av å dytte desse grensene.

Klar over kontroversen

Og medan han kanskje ikkje meiner noko gale med dette, anna enn å appellere til fanbasen og generere klikk, så er det ikkje til å sjå vekk ifrå at nokre av desse klikka kjem frå rasistar og andre som finn hans «politisk ukorrekte» og «rett frå levra»-modus tiltalande, nett fordi det legitimerer at dei ikkje berre kan seie slikt, men meine slikt.

Sjølv om Felix Kjellberg nok ikkje er rasist, er det rasisme å finne hjå fanbasen hans.

Når det er sagt, treng ikkje drapsmannen på New Zealand å vere fan av PewDiePie for å gjere dette. Men han er fullt klar over kontroversen, og med eit enkelt utsegn, «Subscribe to PewDiePie», trollar han oss alle, ikkje minst PewDiePie sjølv, og dytter han opp i eit hjørne.

Han styrker kritikken mot PewDiePie som ein som legitimerer høgreekstremisme, tildeler han ei rolle blant ekstremistane. Og der han kunne ha nytta tid til å reflektere om korleis han kom i ein slik situasjon, ser nok PewDiePie seg sjølv berre som eit offer att.

Men han er ikkje det verkelege offeret her. Og det nytter ikkje å avfølgje alle ytrehøgre-kontoane han har følgd på Twitter. Internett hugser.

Troll meg ei elv

«Subscribe to PewDiePie» er også ein referanse til PewDiePie sitt prosjekt om å få flest mogleg abonnentar, helst fleire enn det indiske plateselskapet T-Series sin YouTube-kanal, som han har valt ut som rival. Fleire ungdomar har blitt veldig engasjert i denne «kampen», og «Subscribe to PewDiePie» har blitt eit meme, eit kamprop for dei som kjempar mot ei tenkt marginalisering, ifølgje The Atlantic.

Slike trollete referansar gjennomsyrer manifestet og gjerningane til drapsmannen. Frå den klassiske «copy pasta»-teksten om ein marinejeger som skal ta rotta på lesaren, til bruken av «OK»-symbolet då han vart fotografert.

Massemorderen refererer dessutan til seg sjølv som ein «kebab removalist», eit rasistisk meme som stammar frå ein musikkvideo med fire serbiske soldatar frå borgarkrigen i Jugoslavia.

8chan, ein kulturell avgrunn

Det er med andre ord langt frå unaturleg at manifestet vart posta på 8chan, ein av internettets djupaste kulturelle avgrunnar.

8chan er ein del av den såkalla «chankulturen», anonyme nettsider med litt vrient format, meint for dryge postingar. Mange av vitseteikningane og mykje av moroa vi finn på internett har sitt utspring i chankulturen, inkludert bronies, tidlegare omtalt i Fri Tanke .

Men: Chankulturen har i aukande grad fått ei slagside i retning ytre høgre. For mange er nettopp provokasjon og trolling essensen av chankulturen og anonymiteten, og då gjer rasisme og sexisme nytta.

Spørsmålet ein som lesar og utanforståande vert sitjande att med, er kor mykje av det som faktisk berre er tull og «shit posting», herjinga til såkalla «edgelords», og kor mykje av det som er uttrykk for kva dei faktisk meiner. Chankulturen er ein vaskekte uavhengig trollfabrikk.

Er trolling farleg?

Er trolling farleg? Ein bør, i det minste på papiret, skilje mellom trugslar, hatprat og trolling. Trolling i klassisk forstand er eit slags kunstuttrykk, der målet er å provosere offeret til å svare noko dumt. Det er onlineversjonen av aprilsnarr og det foregår heile året.

Eg har trolla. Eg troller. Eg kjem til å trolle. Men trollinga i desse gruppene har dei siste åra byrja å ta ei anna form. Der humoren før var ironisk, prega av at ein kosa seg med å tråkka over grenser, er den nye typen trolling langt meir skummel. Den er like fandenivaldsk som før, men manglar kanskje ein ironisk snert for fleire.

Og der klassisk trolling kunne vere ganske vondskapsfull, er det lite med denne nye typen trolling som ikkje er det.

Eg må innrømme at eg kjenner meg som ein gamal gubbe når eg skriv og seier slikt. Ungdommen i dag forstår ikkje trolling, erklærer eg, medan eg hytter med nevane. Men eg står ved nett dette. Den trollinga vi har sett knytt til drapa i Christchurch er noko anna. Eg høyrer ingen latter. 49 drepne er ikkje morosamt.

Da trollinga slutta å vere ironisk, når dei dryge påstandane no i større og større grad vert reell politikk, har det skjedd noko. Overton-vindauget, grensene for kva som er «lov» og «akseptabelt», har flytta seg langt til høgre, særleg på internett og i chankulturen. Det gøymer seg bak ytringsfridom og humor, men der det overlappar med faktiske haldningar, som legg grobotn for vald og jamvel - som i dette dømet - terror.

Heidra drapsmenn på Steam

Kort tid etter massakren kunne Kotaku rapportere at Valve måtte fjerne over hundre brukarar frå spelplattforma Steam fordi dei heidra drapsmannen.

Og då er det lett å sitere Kotaku sin eigen ledetekst på Facebook: «What the actual fuck is wrong with people?»

Ein må jo spørje seg kvifor folk vel å endre brukarnamnet sitt til terroristens navn eller å hylla han for å vere ein helgen eller «kebab remover». Meiner dei det berre som ei morosam provokasjon? Eller ligg det noko meir bak dette - og bak andre hyllester til høgreekstreme drapsmenn ein finn rundt omkring på Steam, inkludert til Anders Behring Breivik?

Dette er langt ifrå noko nytt på Steam, ein har lenge sett både slik «leik» med høgreekstremismen og direkte hatefull innhald på plattforma. Både Vice og Center for Investigative Reporting har dekka faunaen av hatgrupper som har etablert seg på Steam. Der tillèt brukarane seg å lovprise rasisme og vald, ofte i kombinasjon med memer og rop om at det «politisk korrekte» har gått for langt.

Høgreekstremisme og spelkultur

Sjølv har eg tråla gjennom endelause rekkjer med diskusjonstrådar på Steam og andre diskusjonsfora for spel, og sett at hoppet frå «diskusjon om ytringsfridom» til reinspikka rasisme og fascisme er overraskande kort. Graver du rundt populære spel, vil du dessutan lett finne modifikasjonar av spel som er fulle av høgreekstreme referansar og memer.

Kan ein forklare dette og drapsmannens referansar til PewDiePie, Spyro og Fortnite med at spelkulturen er høgreekstrem? Eller at det er noko med spel som fører til høgreekstremisme og vald?

Det er sjølvsagt skrekkeleg føreseieleg at nokon vil hevde det sistnemnde, og dette gjer drapsmannen narr av. Ikkje minst fordi forskinga ikkje viser nokon samanheng på dette området. Dataspelvald fører ikkje til verkeleg vald. Og ein vert sjølvsagt ikkje høgreekstrem av å spele dataspel. Kvifor ser ein då denne samanblandinga av høgreekstrem vald, chankultur og spelkultur?

I møtet med det spørsmålet er det lett å peike på Gamergate, eit «opprør» blant enkelte spelentusiastar i sosiale media, som fann stad i 2014, og som framleis pregar konfliktlinjene i spelkulturen.

Gamergate

Avhengig av kven du spør, vil du få ulike forklaringar på kva Gamergate er. Spør du ein ihuga gamergater, er det ein kampanje for «etisk speljournalistikk». Andre vil seie det er ein antifeministisk hetsekampanje, eller startskotet for Trump sin valkamp og oppvarming til Charlottesville. Samanlikn den norske Wikipedia-sida med den engelske for å sjå kor ulike tolkingar ein kan ha av det same fenomenet.

Det er trygt å seie at Gamergate truleg er fleire ting, og at ein i framtidas analyser må skilje ut dei ulike delane.

Ein av desse er synleggjeringa og forsterkinga av politiske skilleliner i spelkulturen, der fleire spelarar vart plassert på ytste høgresida av spekteret, med eller utan deira samtykke. Det er ikkje utan grunn til at viktige talerøyr for Gamergate var nettsider som Breitbart og The Daily Stormer - ei reinspikka naziside etter modell av Julius Streicher sitt Der Stürmer . Ytre høgre såg på Gamergate som eit høve til å få innpass for sine idear blant spelarar, og å til å påverke spelkulturen.

Om noko avsnitt i denne artikkelen vil provosere folk, er det desse to forutgåande. Dette er eit følsamt tema som krev langt meir plass å behandle riktig her enn eg har. Om du lurar på relevansen av Gamergate, er det likevel enkelt å demonstrera denne: 8chan, forumet der drapsmannen posta sitt manifest, vart oppretta i 2013, men vart i 2014 ein fristad for Gamergate då temaet vart bannlyst frå det legendariske 4chan. Etter det har 8chan vore vanskeleg å skilje frå Gamergate.

Er det spelkulturen?

Det er altså ein samanheng mellom massakren og spelkulturen, sjølv om den ikkje er årsaksforklarande. Her møter valdeleg høgreekstremisme både chankultur og spelkultur, eit kryssingspunkt mellom tre ulike felt. Det tyder ikkje at spelkulturen forklarer kva som hende.

Det tyder heller ikkje at massedrapa seier noko om spelkulturen. Den er nemleg inga snever liten nisje lenger, og det er ei stund sidan den har vore det. Spelkulturen er omfattande og overalt. Om du ikkje er ein spelentusiast, så kjenner du ein. WePC skriv i sitt nyaste samandrag av statistikken at det er 2,5 milliardar gamerar på kloden i dag.

Med andre ord: Det er ikkje spelkulturen som har tatt til seg høgreekstremisme. Det er høgreekstremismen som har tatt til seg spelkultur.

Dei er heller ikkje åleine om det blant ekstremistar, IS skapte overskrifter ved å kopiere «spelestetikk» i propagandaen sin og brukte spelreferansar i sine forsøk på å rekruttere jihadistar. Ein svært stor del av IS sin internasjonalt retta propaganda inneheldt referansar til spel og annan populærkultur.

Ein trojansk hest

Det heile minner meg òg om eit meme som kom min veg førre veke. Eit bilete der «apolitiske» stjerner i sosiale media frakter ein trojansk hest fram til utsette grupper. Den trojanske hesten er «provoserande» vitsar, men inni hesten skjuler ekte nazistar seg.

Dette seier betre enn tusen ord korleis jaget etter klikk og det å vere tøff og provoserande, gjer at PewDiePie og andre kjendisar i sosiale medium gjer oss alle ei bjørneteneste. Slik slepp ein høgreekstremismen inn døra. Det tyder ikkje at alle som fortel vitsar på kanten eller ler av dei er medskuldige. Dei fleste av oss ler fordi vi kjenner att grensene, og veit at det er gale.

Det er når ein ikkje lenger gjer det, at problemet verkeleg oppstår.

Det er altså ikkje spelkulturen som er problemet, men spelkulturen har eit problem. Det er eit problem som vert synleggjort av terroristen sine trollereferansar, og av hyllester av han i chankulturen. Det er eit problem vi har vore klar over lenge, og eit problem som gjev spelkulturen eit dårleg rykte.

For oss som har den som ein fristad, er det ei utfordring.