Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk

Debatt:

- Ytre høgre driv ikkje med islamkritikk.

– Når det kjem til kritikk av islam får eg, i motsetning til ved kritikk av kristendommen, tilsynelatande støtte frå uventa hald, ytre høgre, skriv Eskild Hustvedt i dette debattinnlegget.

Publisert:

Sist oppdatert: 12.01.2015 kl 16:03

Det er inga hemmelegheit at eg er ein ivrig religionskritikar. Eg kan lese Dawkins og Hitchens og vere ganske einig. Eg er av den oppfatning at religion gjer meir skade enn godt, og synst at «new-atheism» har mykje for seg. I Noreg er det, for meg, liten tvil om at mest skade framleis kjem frå kristendommen, men eg synst òg at nokre av tendensane frå islam som me ser i Noreg gir grunn til bekymring – då særleg kvinnesynet og synet på homofile.

Når det kjem til kritikk av islam får eg, i motsetning til ved kritikk av kristendommen, tilsynelatande støtte frå uventa hald, ytre høgre. Sjølv er eg sosialist, og det er sjeldant grunnlag for å samanlikne mine meiningar med ytre høgre. Like fullt er det desse som vart kalla «islamkritiske», eit uttrykk som ved fyrste augekast kan passe religionskritikken som eg driv med. Problemet er at uttrykket vart nytta feil.

Ikke religionskritikk, men enkeltmenneskekritikk

Ytre høgre driv ikkje med islamkritikk. Dei er ikkje islamkritiske. Dei er framandfiendtlege og islamofobe. Dei kritiserer ikkje ein religion, dei kritiserer enkeltmenneske. Der eg, og andre medhumanistar, vil ynskje muslimske asylsøkjarar og flyktningar hjarteleg velkomen, vil dei stengje dei ute.

Etter angrepet på Charlie Hedbo ser me ytre høgre kome springande for å stå opp for ytringsfridomen.

Det er viktig at nokon står opp for desse modige menneska får me høyre. Det er det òg. Men ein skal ikkje gløyme at desse modige menneska òg har bilete av ein, tilsynelatande, europeisk mann som kyssar ein, tilsynelatande, arabisk mann. Eg lurer på om dette er like viktig for ytre høgre å stå opp for?

Kan vere vanskeleg å kritisere islam

Det kan vere vanskeleg å kritisere islam. Ikkje fordi det er spesielt skummelt, men, ironisk nok, fordi dei som er mest «kritiske» (les: fobiske) seglar under falsk flagg. La oss ikkje blande religionskritikk med det dei innvandringsfiendtlege ytre høgre driv med. Eg meiner me bør fortsette med religionskritikken, den er viktig. Samstundes kan me ynskje våre muslimske medmenneske velkommen.

Vær velkommen til å delta i debatt på Fritanke.no. Vi ønsker en saklig og begrunnet debatt. Skarp kritikk må gjerne fremmes, men vi forventer at debattanter overholder alminnelig folkeskikk og norsk lov. Kommentarer som bryter med dette, kan bli slettet uten varsel eller begrunnelse. Fri tanke forbeholder seg retten til å svarteliste brukere ved spamming, personangrep, usaklige kommentarer og lignende.

Vi forbeholder oss retten til å sitere kommentarer fra Fritanke.no i Fri tankes papirutgave.

blog comments powered by Disqus

Debatt Vis flere

DEBATT: Trenger alle livssyn å være gjensidig ekskluderende?

– Forsvarer jeg en bredere livssynsdefinisjon enn Gran? På en måte, ja, på andre måter, ikke nødvendigvis, skriver Arild Tornes.