Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk

– Eg forstod kor viktige orda mine var

Kvar gong Isak unnskylda seg, løfta terapeuten ein finger. Det vart byrjinga på vegen ut av rusen.

Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Human-Etisk Forbund

Publisert:

Sist oppdatert: 15.01.2021 kl 18:40

Han var ni år då han rusa seg for første gong. Då han var 14, begynte han med amfetamin.

– Far min var på amfetaminkjøret og vaken 24 timar i døgnet. Viss eg skulle ha sjanse til å omgåast han, måtte eg òg gå på amfetamin, fortel Isak (51), som ikkje ønskjer etternamnet sitt publisert.

Han vaks opp i eit hippiemiljø i Slottsparken i Oslo. Faren hadde reist sin veg då han var liten, og etterkvart ønska han å finne han. Han følte at noko mangla.

Tung heroinbrukar


Då han endeleg fann faren, kom han inn i eit miljø med tung rus, narkotikahandel, prostitusjon, overgrep, valdtekter og skyting.

– Dette var far min midt oppe i, og eg opplevde det også gjennom han.

I midten av 20-åra var Isak tung heroinbrukar. Men han klarte å slutte, både med heroin og amfetamin. Han flytta til Sverige, der han kom inn i eit miljø med dataprogrammerarar og kreative menneske. Han var også med på å overføre ishockeyspelarar frå Noreg til eliteserien i Sverige. Endeleg fekk han bruke sine eigne ressursar.

– Eg hadde ei framdrift. Eg ønska å fikse på livet mitt, og det vart lagt merke til. Eg fekk ein sjanse, seier han.

Men så fekk han tilbakefall. Han begynte på amfetamin igjen. I dag tenkjer han at han var sårbar fordi han mangla ein viktig nøkkel, nemleg språket.

Innover og utover


Isak hadde alltid hatt folk rundt seg som var opptekne av språk. Han hadde tanter og onklar, og også ein stefar, som var lærarar eller journalistar. Men han hadde vakse opp i fattigdom, kjent seg utanfor sosialt, og han hadde hatt det han kallar ei «arbeidarklassehaldning»: Han syntest ikkje at fine ord var nødvendige.

Det var først då han vart innlagd til behandling i Sverige, på eit senter der han vart i eitt og eit halvt år, at han forstod kva han hadde mangla.

– Spesielt éin terapeut tok seg av meg. Han lærte meg å bli meir forsiktig med orda eg brukte. Han lærte meg at ord både slår innover og utover.

Isak skildrar terapeuten som svært følsom, forsiktig og vàr.

– Han var så opplyst og skarp at det vekte meg òg, seier han.

Vil ta bort skulda


Isaks respekt for terapeuten gjorde at han i starten filtrerte alt han sjølv sa. Ofte unnskylda han seg eller bortforklarte si eiga åtferd.

– For ein rusmisbrukar er det vanleg å forklare misbruken med ein situasjon eller eit problem. Du finn årsaker som kanskje ikkje er riktige, men held likevel fast i dei, fordi det tar skulda bort frå deg sjølv.

Det handlar om skam, forklarer han. Ein ønskjer å verne om sjølvkjensla og det ein opplever som seg sjølv. Ei slik psykologisk låsning kan vere med på å oppretthalde bruken av rusmidlar, ifølgje Isak.

– Men når eg unnskylda meg eller bortforklarte ting, kunne terapeuten berre løfte ein finger, og eg forstod at eg hadde gjort det igjen.

Såg ikkje nyansane


I dag kan Isak forklare at det var ein kjenslemessig ubalanse i han då han var barn.

– Denne smerta prøvde eg å bedøve på min måte, med den kunnskapen eg hadde og det eg kom borti av løysingar. Det var heilt tilfeldig at eg fann rusen som ei løysing, eg kunne like gjerne begynt å utagere.

Men i slutten av 20-åra, då Isak møtte terapeuten, fanst det ikkje nyansar. Det var hans feil, eller det var ikkje hans feil.

– Han var heile tida «på» meg. Han lytta virkelig, og han sa at det ikkje var rett, det eg sa. Gjennom språket han brukte, klarte eg å adoptere hans måte å tenke på.

Enkelt og vanskeleg


Etter behandlinga møtte Isak ei kvinne som studerte på universitetet. Dei vart kjærastar, og han brukte å ta følgje med henne. Så gjekk han på førelesingar om tema som interesserte han: psykologi og sosialantropologi.

Slik fekk han utvida språket sitt enda meir. Sjølvkjensla vaks, og tanken vart meir fleksibel. Kommunikasjonen med andre – til dømes hjelpeapparatet – vart også lettare.

– Dersom ein skal forstå ting, og vere bevisst på ting, må ein ha eit godt språk. Det er veldig enkelt, eigentleg. Men det er likevel veldig vanskeleg.

Problema var likevel ikkje over. Forholdet tok slutt, og Isak flytta attende til Noreg. Der ga depresjonen eit nytt møte med rusen.

Men denne gongen var han betre rusta. Han hadde språket som skulle til for å kome seg ut av det, fortel han. Og dei tilbakefalla han har hatt sidan, har han alltid kome seg ut av. No har det gått sju år sidan sist.

Isak går framleis på ein liten dose metadon, ein såkalla utgangsdose. Han ventar på at livet skal stabilisere seg såpass at han kan slutte heilt. For han har framleis en depresjon, sjølv om mykje i livet er på stell, med frivilleg arbeid på Oslo-kafeen Erlik Kaffe og i Aktivitetshuset i Bygdøy Allé.

I rusmiljøet har han fått eit rykte som ein hjelpar og ein triveleg fyr som folk stolar på.

– Det er eit rykte som det er veldig vanskeleg å få i dette miljøet.

Samtale på fritida


Mange som begynner å ruse seg i ung alder, har eit dårleg forhold til autoritetar, ifølgje Isak. Kanskje har dei opplevd å bli tvinga på løysingar som ikkje fungerer. Slike erfaringar kan innebere at ein også avgrensar språket sitt, fordi eit rikt språk representerer autoritetar sin kultur eller psykologi, meiner han.

– Eg trur at viss ein skal nå fram til desse menneska i samtalar, må ein menneskeleggjere seg sjølv. For eksempel kan ein skulerådgjevar eller ein psykolog ha ein samtale med personen på fritida. Det er ofte rolla, ikkje personen, det er vanskeleg å akseptere.

Dette vil også gjelde i eit samtaletilbod der personen er meint å vere likestilt, påpeikar han.

– Med ein gong du tar på deg hjelpedrakta, er du ein autoritet.

Audmjukt og utan arroganse


Han opplever det sjølv, òg: Fordi han i mange år har lytta og prøvd å hjelpe folk i rusmiljøet, har han har fått ei rolle han ikkje ønskjer. Han må gjere alt han kan for å møte folk audmjukt og utan arroganse, samtidig som han prøver å bringe vidare det han sjølv har lært.

– Veldig mange brukarar har mykje skam som dei ber på, og som dei skadar seg sjølve med. Det er ei slags mental sjølvskading. Så ofte treff det veldig bra når vi snakkar om skam, seier han.

Han fortel aldri folk kva dei skal gjere for å bli rusfrie.

– Men eg prøver å gjere dei merksame på at språk er makt, først og fremst for den som bruker språket. Det kan vere ein idé å prøve å utfordre seg sjølv og skaffe nye horisontar.

Sjølv opplever han å ha fått ein romslegare psykologi, ein psykologisk stabilitet. Dessutan filtrerer han ikkje lenger det han seier, det kjem rett frå sjela, fortel han.

– Eg har også ei evne til innleving, ei betre forståing for andre sin situasjon. Når ein får eit rikare språk, er det veldig mykje som opnar seg.

Intervjuet er opphavleg publisert i Fri tanke #1-2021.