Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk

– Om du set ord på sorga, kan du leve vidare

Då Christina Meyer (34) mista sambuaren sin brått og uventa, var det ein heilt ny samtalepartnar som skulle hjelpe henne aller mest.

Publisert:

Sist oppdatert: 15.01.2021 kl 18:41

Det var natta før nyttårsaftan 2014. Christina Meyer og sambuaren Anders hadde hatt ein koseleg samtale på senga før dei sovna, der dei snakka om alle planar og ønske for det nye året.

Men utpå natta vakna Christina, som då var 28 år, av ukjende lydar. Ho slo på lyset og såg med éin gong at noko var gale. Ho fekk ikkje kontakt med sambuaren, ringde etter ambulanse, vart instruert i hjarte-lunge-redning og gjorde som dei sa. Då ambulansepersonalet tok over sette ho seg med ryggen til, for å skåne seg sjølv.

Livet let seg ikkje redde.

– Hjartet hans hadde slutta å slå. Vi fekk vite at det var dobbelt så stort som det skulle ha vore. Det hadde pumpa meir og meir over tid for å klare å få blod til kroppen. Kvifor det var slik, kunne ingen seie noko om, fortel Christina.

Fyrverkeri og notatbok

Ho vart køyrd i ambulanse til den lokale legevakta, der ho trudde at ho ville få krisehjelp. I staden hamna ho på eit pauserom der ho sat åleine og venta på dei andre pårørande. Manglande støtte desse første timane skulle gjere henne så sint at ho seinare fekk eit møte med legevakta for å fortelje historia si.

Men om kvelden dagen som følgde, etter at ho hadde vore tilbake til legevakta for å få innsovningstablettar, sat Christina i sofahjørnet heime hos far sin. Hjørnet var inntil eit vindauge der faren hadde drege ned persiennene.

På det store armlenet la ho ei notatbok som ho hadde fått i gåve av sambuaren månaden før. Medan rakettane small utanfor, begynte ho å skrive.

– Det var heilt forferdeleg at Anders ikkje skulle få lov til å bli med inn i 2015. Året vi hadde prata om berre timar i førevegen, var heilt viska ut, fortel ho.

Samtidig hadde det vakna ein gneist inni henne. Når han måtte døy, skulle ho leve vidare for dei begge.

Rått og ufiltrert

I dag er det framleis vanskeleg for henne å lese det ho skreiv desse første dagane og vekene etter tapet av sambuaren. Det er så rått og ufiltrert, forklarer ho.

I starten brukte ho notatboka, men tårene hennar gjorde at skrifta flaut utover. Då bytta ho til PC. Ho skreiv og skreiv, i starten berre om hendinga, for å sortere det som hadde hendt, så om det ekstreme saknet og alle spørsmåla, som: korleis var det muleg at dette kunne skje? Han var så langt borte, og ho hadde ikkje fått ta farvel.

Snart kom også tankane om kva ho skulle gjere no. Ho tenkte at ho aldri ville kome over det som hadde hendt, men ho måtte kome gjennom det. Korleis skulle ho klare det?

Ville skåne dei næraste

Ho hadde mange rundt seg: ein far som ho stod svært nær, venner, eit kommunalt akutt-team som kom på plass etter ei vekes tid og også ei sorggruppe som ho etter kvart tok del i. Ho opplevde at menneska og tilboda rundt henne fylte ulike funksjonar.

Faren var hos henne nesten konstant, ein mann av få ord, men det var så godt berre å ha han der. Likevel kunne ho ikkje dele alt med han.

– Eg var opptatt av å skåne dei rundt meg for dei inste tankane mine, særleg faren min og resten av familien. Eg såg kor mykje krefter dei brukte på meg og kor mykje dei leid av at eg hadde det vondt.

Blant tankane som ho ikkje fortalde familien, var at meininga med livet hadde forsvunne. At ho var skada for livet, og at ho aldri kunne leve eit normalt liv igjen.

Den viktigaste samtalepartnaren

Kriseteamet frå kommunen, som bestod av to sjukepleiarar som kom til henne ein gong i veka, kunne ho derimot vere meir ærleg mot. Det same gjaldt enkelte venner. Men det som vart hennar aller viktigaste samtalepartnar, var PC-en.

– Då eg begynte å skrive, gjorde eg nesten ikkje noko anna. Det var ein veldig fin måte å sortere hovudet på. Eg fekk dokumentert ting så eg ikkje gløymte det. Og eg kunne vere brutalt ærleg.

Den tida var hovudet hennar så fullt at ho sleit med evna til å hugse. Ting kverna rundt. Etter at ho hadde skrive ein time eller to, og gråte litt, kjendest det som om ho hadde fått tømt tanken. Det vart ein slags terapi.

Litt overraskande var det, for Christina var i utgangspunktet ikkje ein skrivande person.

– Eg har blitt det i mykje større grad etterpå, fortel ho.

Starta blogg

Ho starta også ein sorgblogg. Ho hadde nemleg tidleg kjent eit behov for å finne andre som hadde opplevd tap i ung alder, men ho fann ikkje slike historier på nettet. Derfor skreiv ho si eiga; ho ville fortelje andre at dei ikkje var åleine.

Mange tok kontakt med henne.

– Eg vart medlem i ein slags klubb som ingen ønskjer å bli medlem i. Det vart eit fellesskap, og det ga meining for meg. Det var fint å prate med andre som hadde vore i ein liknande situasjon, fortel ho.

Gjennom bloggen fekk også hennar næraste kjennskap til det ho følte og tenkte lengst inne.

– Der og då kjendest det litt tryggare at dei fekk kjennskap til det gjennom tekst.

Eit fellesskap med andre sørgande fann Christina også i ei sorggruppe for enker og enkemenn. I starten var ho likevel litt usikker på om ho passa inn.

Den eine årsaka til usikkerheita var at gruppa var leia av kyrkja. Christina var sjølv medlem i Human-Etisk forbund, der ho i dag er tilsett. Den andre årsaka var at ho var den yngste deltakaren, og den einaste som ikkje hadde mista partnaren sin etter langvarig sjukdom.

Men ho var streng med seg sjølv: Alt skulle prøvast.

– Eg var redd det skulle bli for mange ulikskapar, men eg fann fort ut av sorg er sorg. Det var frigjerande å prate med andre som hadde mista, for eg trong ikkje legge på filteret. Eg kunne til og med sjå litt humor i enkelte ting, utan at nokon dømde meg, fortel ho.

Ville kjent seg friare

Sjølv om sorggruppa ikkje hadde eit religiøst innhald, var det likevel enkelte element som kjendest litt framande for Christina, for eksempel tenning av lys. Ho fortel at ho ville ha valt eit tilbod frå HEF om dette hadde eksistert.

– Eg ville nok då ha kjent meg friare til å snakke om ting utan å vere redd for å støyte eller påverke andre med ei anna overtyding, seier ho.

Ho trur at ho også ville opplevd det lettare å kome til kjernen i enkelte av spørsmåla sine: om meininga med livet, eller om kvar ho kunne finne trøyst når ho ikkje hadde noko større å lene seg på.

– Eg trur at eg ville opplevd det som eit dobbelt fellesskap, både i sorga og i livssynsvalet vi har tatt.

Ord og sorg

Sakte har kvardagen vendt tilbake. Men verken livet eller Christina Meyer blir nokon gong som før, fortel ho. Ho tar i dag fleire sjansar, lever meir her og no, er meir utolmodig og tøff, samtidig som angsten har større plass.

– Eg har blitt langt reddare for å miste nokon eg er glad i. Det er som om eg stadig førebur meg på at det skal skje igjen, seier ho.

Men ho ønskjer å dele historia si. For ho har vist for seg sjølv at det er mogleg å få det bra igjen, sjølv etter eit stort tap.

– Vi må våge å setje ord på sorga. Viss ein bruker dei kanalane som ein har tilgjengeleg, og det treng ikkje vere dei same som eg brukte, kan ein ende med eit resultat som det er fullt mogleg å leve med.

Intervjuet er opphavleg publisert i Fri tanke #1-2021.