Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk

– Gullmenneska er dei som verkeleg ser deg

Mange hadde sagt til Marius Pettersen (25) at noko snart måtte skje, at han måtte få orden på livet sitt. Ein dag fekk orda brått ei ny meining.

Publisert:

Sist oppdatert: 15.01.2021 kl 18:40

Det var alltid trøbbel, heilt frå han var liten gut. Det var problem i barnehagen og på skulen, diagnosar, ungdomstid med tvangstankar og akuttinnleggingar, det var ungdomsheim òg, heilt til han vart sendt heim på grunn av ugagn. Sjølvmordsforsøka har han mista talet på for lenge sidan.

I dag er Marius Pettersen erfaringskonsulent og prosjektleiar i Oslo kommune. Der jobbar han med å lage tenestetilbod som kan hjelpe unge på rett veg. Men for han sjølv tok det lang tid å finne sin veg. Var det ikkje for menneska i livet hans, ville han aldri kanskje funne han. Han kallar dei «gullmenneske».

– Gullmenneska er dei som verkeleg ser deg og bryr seg. Som sit med deg ein ekstra time når du treng det, seier han.

Mellomtittel: Draumen om Oslo
Marius vaks opp i ei lita bygd i Nordland. Han hadde gode og omsorgsfulle foreldre, men på grunn av dårlege erfaringar med hjelpesystema flytta han til Oslo i ungdomstida.

Også i Oslo gjekk livet nedover. Tvangstankane, som i Marius sitt tilfelle handla om stadig å måtte vaske seg, vart verre. Han vart stadig innlagt. Sjølvmordstankane vart verre og verre.

Etter ei behandling i Trondheim, begynte ting å gå oppover. Han fekk også ein kjæraste som han var saman med i nesten tre år.

– Denne personen, som i dag er eks-kjærasten min, fekk bli kjend med ein Marius som prøvde å utforske seg sjølv på nytt. Eg var blitt betre frå tvangstankane og ønska ikkje å døy lenger, fortel Marius.

Mellomtittel: Uføretrygda som 18-åring
Men det tok berre nokre månader før nedturen kom. Marius droppa ut av vidaregåande skule.

– På det verste hadde eg ti-tolv innleggingar på psykiatrisk avdeling på ei veke, på grunn av sjølvmordsforsøk. Eg var multibrukar av legevakttenester, eg vart omtala som kronisk suicidal og fekk uføretrygd då eg var 18, oppsummerer han.

Han har tenkt mykje på det kjærasten hans måtte gjennomgå. Han var den som tok imot tallause telefonar, som henta han i vegbana, som heldt handa hans på akuttpsykiatrien.

– Han gjekk nok stadig og var redd for kva som ville skje neste gong. Eg trur han har bore på mykje fordi han var del av livet mitt, seier Marius.

Mellomtittel: Dei rette augneblinka
Så var det ein dag i januar 2017. Marius hugsar dagen berre vagt, det er som om hendingane den tida smeltar saman i ein tåkedis. Slik han hugsar det, var han heime saman med kjærasten sin.

Kva dei snakka om, hugsar han ikkje, men kjærasten var fortvila og lei seg. Og nokre av orda hans har spikra seg fast: «No må vi gjere noko. Vi kan ikkje ha det slik.»

Mange, også kjærasten, hadde sagt liknande ting til han før. Men denne gongen var det eit lys som vart tent i han.

– Eg trur det handlar om dei rette augeblinka. Nokon gonger får ein berre høyre noko, og så treff det.

Ein må vere klar for å jobbe med seg sjølv, meiner han.

– Der og då hadde eg ikkje nokon omgrep eller idear om kva som skjedde. Eg ønska å døy på denne dagen òg, men eg sat og kjende på dei orda kjærasten min hadde sagt. Så ringde eg Fontenehuset.

Mellomtittel: Skummelt og fantastisk
Fontenehuset er eit arbeidsfellesskap for personar med psykisk sjukdomshistorie, eit slags klubbhus som medlemmene er med å drive. Organisasjonen er internasjonal, og det finst fleire slike hus i Noreg.

Ein lege hadde nemnt Fontenehuset for Marius nokre år tidlegare, men han hadde ikkje undersøkt det nærmare før no. Han ringde og fekk vite at det var berre å komme.

– Eg syntest det var skummelt med mange folk som sa hei til meg. Men det var fantastisk, også. Alle smila, alle som spurte om eg ville vere med. Eg vart veldig glad.

Neste dag gjekk han tilbake.

Marius påpeikar at mykje av det vi opplever i livet, handlar om meir enn oss sjølve.

– Det handlar om alle vi møter. Om vi møter den læraren som bryr seg, som vil vere der og hjelpe. Eller den kompisen som verkeleg vil setje seg ned og ta den gode praten. Dei gode, varme folka.

Då han kom til Fontenehuset, opplevde han at hans meining betydde noko. Folk spurte kva han meinte eller kva han hadde lyst til å gjere. Nettopp dette – å bli sett, å bli spurt – er viktig for alle menneske, meiner han.

Det same gjeld i ein god samtale, legg han til.

– Når ein bryr seg om nokon, vil ein gjerne finne løysingar. Men ofte er det ikkje det den som har det vanskeleg, treng. Kanskje treng ein berre å få ut litt av all den driten ein går og ber på. Ein god samtalepartnar lyttar meir enn han snakkar.

Mellomtittel: Det viktige spørsmålet
I samtalar med unge stiller han sjølv alltid spørsmålet: «Kva er viktig for deg?»

– Viss ein ungdom slit med rus og ikkje har det bra, er det lett å tenkje at det er rusen som er problemet. Men for den personen er det kanskje noko heilt anna som er tungt, for eksempel kjærleiken eller vanskar på skulen. For å få vite dette, må ein spørje.

Sjølv veit han ikkje kva som hadde hendt om nokon hadde sete seg ned med han og stilt han dette spørsmålet i ungdomstida. Kanskje hadde han kutta ut skulen ein periode og konsentrert seg om helsa si, foreslår han.

Men han er glad for dei erfaringane han har fått. Han er også takksam for alle dei som har vore der for han, som menneska på Fontenehuset, familien hans eller eks-kjærasten som støtta han gjennom tre tunge år.

Mellomtittel: Heile døgnet
Det vart mange dagar på Fontenehuset. Han fekk venner, ein sosial krets. Med tida begynte han som frivillig i samtaletilbodet Ung Arena i Oslo. Sjefen hans, som tilbaud han den første betalte stillinga, har blitt ein bestekamerat.

I dag har Marius ein ny kjæraste som han deler gleder og vanskar med. På jobb arbeidar han for at andre unge skal få ein sjanse. Han har møtt mange rundt om i landet og sett at slett ikkje alle har folk som støttar dei.

– Kvifor kan ikkje alle berre vere gullmenneske? Må vi vere så kjipe, så trøytte, så strenge på vedtak og opningstider? Har vi det vanskeleg klokka elleve om kvelden, treng vi nokon å snakke med då. Vi må vedkjenne at livets utfordringar byr seg heile døgnet.

Dessutan heng ting som bustad, økonomi, rus og psykisk helse saman, men systemet er oppdelt, påpeikar han. Mange slit med å finne fram. I hjelpeapparatet er det ofte dei som trår litt ut av rammene, som verkeleg hjelper ungdommar, meiner Marius Pettersen.

– Har ein det vanskeleg, bør ein ikkje bli møtt med at «det du seier der, er ikkje mitt område». Alle må gjere jobben sjølve, men livet må vi gjere saman.

SITAT: – Gullmenneska er dei som verkeleg ser deg og bryr seg. Som sit med deg ein ekstra time når du treng det.

SITAT: – Kanskje treng ein berre å få ut litt av all den driten ein går og ber på. Ein god samtalepartnar lyttar meir enn han snakkar.

Forslag til bilettekst:
– Når ein bryr seg om nokon, vil ein gjerne finne løysingar. Men ofte er det ikkje det den som har det vanskeleg, treng. Kanskje treng ein berre å få ut litt av all den driten ein går og ber på, seier Marius Pettersen.

Intervjuet er opphavleg publisert i Fri tanke #1-2021.