Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk

Fekk hjelp frå studenthumanisten

Ei ulykke i klatreveggen enda godt. Men etterpå grubla Claudia Munksgaard-Palmqvist mykje på kva det inneber å vere menneske.

Publisert:

Sist oppdatert: 15.01.2021 kl 18:43

Snart eitt år har gått sidan Claudia Munksgaard-Palmqvist (27) stod der med andregrads forbrenning i begge hendene, i sjokk over det som nettopp hadde hendt. Det som hadde begynt som ein heilt vanleg dag, hadde fått ei brå vending.

Saman med to studiekompisar hadde ho reist til klatrehallen i Ørsta for ei morgonøkt. Den eine hadde klatra oppover i veggen medan ho stod på bakken og sikra. Så klatra han rundt eit overheng slik at ho ikkje lenger kunne sjå han. Rundt 15 meter oppe i veggen bad han om meir tau, ho ga han det, og så mista han festet og fall – eit langt fall.

Eit liv i hendene

Claudia kunne verken sjå eller høyre kameraten sin. Ho merka berre at tauet stramma hardt og at ho vart løfta frå bakken. Så følgde nokre sekund som ho ikkje hugsar.

– Det neste eg såg, var at kroppen til kompisen min var på veg ned frå veggen. Det einaste som sikra han, var hende mine, fortel ho.

Ho heldt framleis i tauet. Men i staden for å bruke kroppen og taubremsa til å sikre han, heldt ho heile tyngda med hendene sine. Det hadde skjedd ein feil.

Kameraten i veggen ante ingenting. Då han var trygt på bakken igjen, hadde ho djupe brannsår i begge hendene. Eit klatretau kan bli over 100 grader varmt når det oppstår friksjon.

Claudia begynte å gråte, men ikkje på grunn av brannskaden.

Ville jobbe grundig

– Éin ting er å feile og måtte stå til ansvar for seg sjølv. Men det å vite at eg hadde utsett eit anna menneske for fare, var svært vanskeleg for meg, fortel ho.

«Du sikra meg jo, du ga ikkje slepp,» hadde kameraten sagt.

Men samtidig hadde ho mista medvitet. I nokre kritiske augneblinkar var ho heilt borte. Tenk om kroppen ikkje hadde visst kva han skulle gjere? Tenk om ho ikkje hadde halde fast med begge hender?

Spørsmåla som svirra rundt gjorde at ho trong nokon å snakke med. Ho fekk tilbod om ein samtale med ein studenthumanist ved Høgskulen i Volda.

– Eg forstod at det handla om tema som kontrolltap, døden og det å ha livet til eit anna menneske i hendene. Eg kjende at eg måtte jobbe meg grundig gjennom det.

Konkret og abstrakt

Dei første samtalane med studenthumanisten handla om sjølve ulykka. Om kva som hadde skjedd og kvifor Claudia hadde reagert som ho gjorde.

Studenthumanisten fekk henne til å reflektere over kva som var viktig for henne. Kvifor reagerte ho så sterkare på skaden som kunne ha skjedd med kameraten, enn på den fysiske skaden som faktisk skjedde med henne sjølv?

Samtalane veksla mellom det konkrete og det abstrakte. To unge kvinner, ukjende for kvarandre, snakka etter kvart om samanhengen mellom kjensler og fornuft, og om kva kontroll betyr.

– Det var fascinerande å bli stilt slike spørsmål. Vi begynte å dissekere ord, for at eg skulle forstå meg sjølv betre. Det fekk meg til å tenkje på kva ting eigentleg handla om, seier Claudia.

Eit framandt menneske

Ho forstod at kontrolltap var ein fellesnemnar. Ho hadde både mista medvitet i klatrehallen, og ho hadde mista moglegheita til å bruke hendene sine på ei lang stund.

Slik fekk ho møte si eiga sårbarheit.

– Døden er ein grunntone som bur i oss alle. I periodar blir lyden skrudd opp. Her vart han skrudd høgt opp, både lyden av mi eiga dødelegheit og av dødelegheita til dei som er rundt meg.

Samtalane med studenthumanisten ga henne eit trygt rom for tankar og spørsmål.

– Eg skulle ikkje diagnostiserast. Eg skulle ikkje få nokon svar. Men det sat nokon i rommet som lytta aktivt. Eg syntest det var så fint at denne personen var eit framandt menneske som verkeleg brydde seg.

Film om kontrolltap

Claudia var, og er framleis, filmstudent ved Høgskulen i Volda. Då ulykka hende, var ho i gang med å lage ein film som handla om nettopp kontrolltap. Det var eit tema som lenge hadde fascinert henne.

I filmen ville ho spørje kva som skjer med menneske når dei blir konfronterte med kontrolltap. Kven er du viss du ikkje kan gjere det du er van med å gjere? Kven er ho sjølv, viss ho ikkje kan lage film?

– Eg tenkjer at dette er store spørsmål som handlar om å finne meining. Kven er vi, viss vi ikkje har ein funksjon? Det er ikkje så mykje plass til slike spørsmål i samfunnet vårt. Men viss vi ikkje tar dei på alvor, trur eg at vi lever vi i ein illusjon.

I fleire månader måtte Claudia legge arbeidet med filmen til side medan ho venta på at hendene hennar skulle hele seg. Ho rakk å få unnagjort fleire sjukehusbesøk, både i Volda og Bergen, før Covid-19 kom til Noreg i mars.

I dag ser hendene nesten ut som før, med unntak av ein langfinger som ho ikkje klarer å rette ut. Denne fekk tredjegrads forbrenning.

Ho var takksam for at ho hadde studenthumanisten å snakke med i dei månadene då ho måtte legge bort studiearbeidet. No tar ho siste året av bachelorgraden på nytt, og ho har også vore tilbake i klatreveggen, med hanskar.

Tid til å lytte

I kvardagen kan Claudia sakne samtalar om det å vere menneske. Ho meiner at tida er så kostbar at ein ikkje berre kan bruke ho til å snakke om laust og fast.

– Det viktigaste ein kan gje eit anna menneske, er tid. Det at eit menneske tok seg tid til å vere der for meg, og til å lytte, er eg veldig glad for å ha fått oppleve, seier ho.

Å formulere ting for ein annan har gjort at ho betre formulerer ting for seg sjølv, forklarer ho.

– Når studenthumanisten stilte spørsmål, gav det meg nokon svar. Men eg vil ikkje kalle det nye svar, for eg trur dei låg i meg frå før.

Hendinga ho hadde opplevd, kunne ha enda langt verre. Men for Claudia Munksgaard-Palmqvist var det verdifullt ikkje berre å bli møtt med at «det gjekk jo fint». I staden møtte ho ei forståing for at sjølv ein lykkeleg slutt kan reise store spørsmål.

– Det var fint å få snakke om kva som gjev meining, kva døden er og korleis ein opplever seg sjølv og andre. Vi var to menneske som diskuterte det å vere menneske.

Intervjuet er opphavleg publisert i Fri tanke #1-2021.