Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Det er ikke en begrensning av ytringsfriheten å bli møtt med kritikk, mener Kristian Bjørkelo.
 Foto: Antirasistisk senter

Det er ikke en begrensning av ytringsfriheten å bli møtt med kritikk, mener Kristian Bjørkelo. Foto: Antirasistisk senter

Ytringar utan motstand er ikkje min ytringsfridom

Knebling og sensur av meininger. Dette er ein meir og vanleg respons på kritikk i debattar, særleg online. Det virker som om jo meir kontroversielle meininger ein har, jo meir sårbar er ein for kritikk.

Publisert:

Sist oppdatert: 02.12.2014 kl 08:30

KOMMENTAR: Eg er ein ihuga tilhengjar av ytringsfridomen, og eg både bruker og misbruker den jamleg, på nett, blant venar, på auditoriumet, kvar som helst. Eg veit at eg kan seie nesten kva som helst, utan frykt for at politiet skal banke på døra eller at staten kan straffe meg for det. Ytringsfridomen garanterar meg retten til å seie kva eg tykkjer om den sittande regjeringa, deira heilt livsfjerne skattepolitikk og det makkverket av eit statsbudsjett dei no har smelt saman i samarbeid med erkenissane i Venstre og KrF.

Ja, eg sitt her framleis. Regjeringa har ikkje krevd meg fråtatt min penn, eg er ikkje bak lås og slå og eg trur ikkje dei er særleg opprørte. Vi har ytrings- og meiningsfridom her i landet. Min redaktør står og fritt til å publisere dette utan å risikere uniformerte menn på døra.

Vi tør ikkje bruke ytringsfridomen

Fritt Ord har nyleg presentert sin rapport Status for ytringsfriheten i Norge, og reaksjonane har ikkje latt vente på seg.

I all hovudsak rettar reaksjonane seg mot korleis ytringsfridomen vert forstått, og ikkje minst korleis ein forstår avgrensingane på den. Som NRK oppsummerar det, så unngår ein stor del av Noregs befolking å ytre seg politisk eller upopulært (særleg på nett) av frykt for å verte stempla som rasist eller mobber.

Dette virker sjølvsagt litt rart på oss som har observert hetsekampanjar og ufyseleg oppførsel i avisenes kommentarfelt dei siste åra. Og eg er ikkje framand for tanken om at denne opptredenen er noko av det som skremmer folk frå å ytre seg, sjølv om ein får inntrykk av at det motsette er meint. At utagerande og hetsande retorikk møter så mykje motbør, at dei som er einige med det som vert sagt no ikkje våger å uttale seg. Mindre rart er det at kvinner er dei som pålegg seg sjølv mest sjølvsensur.

Kvinner som uttalar seg offentleg vert ikkje berre utsatt for ei rekkje hersketeknikker, men hets og trugsler direkte og indirekte, via kommentarar, epost og telefonar. Eit enkelt døme, er den kvinnelege skribenten som fekk tilsendt ei melding, under fullt namn, om at avsender ville valdta henne om ho berre slanka seg litt. Dette er ganske annleis enn dei trugsler dei mannlege skribentane må leve med, sjølv dei som skriv om kontroversielle tema.

I boka Ytringsfrihet, utgjeven på Humanist forlag, skriv Bjørn Stærk om korleis sosiale sanksjonar er eit vis ytringsfridomen vert avgrensa på. Gjennom at vi stigmatiserar dei som kjem med upopulære eller kontroversielle ytringer, eller at vi, som denne rapporten hevder, sensurerar oss sjølve for å ikkje havne i trøbbel i arbeidslivet eller på eit personleg plan.

Det er så klart noko i dette, men i kor stor grad er dette ei avgrensing av ytringsfridomen? Ei slik forståing gjer at vi kjem nærare den særeigne forståinga av ytringsfridomen ein finn blant meir spesielle miljø på nett. Der ein kjenner seg knebla og sensurert kvar gong ein vert imøtegått og kritisert, eller verre, ikkje får kronikken sin på trykk.

Fridom frå motytring

I debattklimaet i dag kan ein få inntrykk av at det å kritisere ei ytring eller ei meining er å kneble den, at det å få kritikk i seg sjølv er såpass stigmatiserande at det er eit åtak på ytringsfridomen. Kritikk vert då ein sosial sanksjon og ei avgrensing av ytringsfridomen. Vidare vil alle dei som då ikkje våger å ytre seg, som dei omtala i rapporten frå Fritt Ord, ha fått sin ytringsfridom avgrensa av frykta for eventuell kritikk.

Dette er for å seie det mildt ei problematisk forståing av ytringsfridomen. Om ytringar berre kan eksistere i eit opent landskap utan motstand, så er det ikkje lenger noko behov for ytringsfridomen. Ytringsfridomen skal garantere at vi kan tale makta midt i mot, at vi kan seie det som er kontroversielt, upassande og opprørande utan å verte straffa for det. Dei få avgrensingane vi har på ytringsfridomen gjeld berre dei aller mest skadelege ytringane - som rasisme og injurier. Ytringsfridomen kan derimot ikkje garantere at alle skal nikke og smile, og berre vere einige i det du seier.

Når Christian Tybring-Gjedde møter massiv motstand for sin Disneylandkronikk, der han hevder at Arbeidarpartiet er kulturquislingar, og i liknande fargerike termer skildrar korleis innvandrarar øydelegg landet, er ikkje det ei avgrensing av hans ytringsfridom. Det er heller ikkje knebling. Det er kritikk. Det er motstandarane som nyttar sin ytringsfridom. Når hans meiningsfeller ikkje får sine kronikker på trykk, så er ikkje det knebling, for avisene er ikkje pliktig til å sette alt på trykk uavhengig av meiningsinnhald eller språk. Dei må faktisk gjere redaksjonelle vurderinger. Ytringsfridomen er ikkje alltid eit krav til å ytre seg om alt, kvar som helst. Den er ikkje eit krav om ein talarstol midt på torget (sjølv om dei fleste vil få det, om dei ber politiet pent nok.).

Ytringsfridomen er simpelten meiningslaus om ingen ytringer provoserar, og ytringsfridomen er like meiningslaus dersom inga ytringer møter motbør. Dette er elementært.

Eg ønskjer ikkje å lese Fritt ords rapport Status for ytringsfriheten i Norge til at dei forstår ytringsfridomen på det same viset som dei meir “knebla og sensurerte” rundtomkring på verdsveven, men dei kjem farleg nær.

Den sarte konsensuskulturen

Det vert ofte hevda at Noreg er prega av ein konsensuskultur, der vi skyr konflikt og usemje. . Vi prøver til ein kvar tid å vere einige, og vert forvirra når folk tviheld på posisjonar som er diametralt motsett av våre eigne. Dette forklarar nok korleis vi opplev ytringsfridomen og kritikk.

Ein opplev kritikk som eit faktisk forsøk å kneble, sensurere og å forby. “Å nei, eg får ikkje lov å seie dette altså?!” Og det er ikkje utan grunn, det er ikkje alle som forstår heilt forskjellen på ei meining som er “feil” og noko som ikkje burde vere lov å meine. Så sterkt står altså idealet om konsensus i Noreg.

Vi hadde nok godt av å ytre oss meir, og vi har godt av ikkje vere redd for å ytre oss om kontroversielle tema. “Det må vere lov å ta debatten om….” seier ein gjerne før ein seier noko usedvanleg dumt og provoserande, men ja, det skal faktisk vere lov. Og det må vere lov å komme med kritikk av det. Dette vert det diskusjon av. Det er dette ytringsfridomen er til for.

Om ein skal gøyme seg bak førestillingar om at kritikk er sensur og knebling, så har ein faktisk drept denne diskusjonen. Og då har vi ikkje lenger bruk for ytringsfridomen.

Nøkkelord

Vær velkommen til å delta i debatt på Fritanke.no. Vi ønsker en saklig og begrunnet debatt. Skarp kritikk må gjerne fremmes, men vi forventer at debattanter overholder alminnelig folkeskikk og norsk lov. Kommentarer som bryter med dette, kan bli slettet uten varsel eller begrunnelse. Fri tanke forbeholder seg retten til å svarteliste brukere ved spamming, personangrep, usaklige kommentarer og lignende.

Vi forbeholder oss retten til å sitere kommentarer fra Fritanke.no i Fri tankes papirutgave.

blog comments powered by Disqus

#Kommentar:Vis flere

Å kutte støtten vil trolig ikke hjelpe et eneste barn
Den høyeste kompetanse i Norge?

Den høyeste kompetanse i Norge?

KOMMENTAR: Overlege Morten Horn går «Laserklinikken Anne Harila» etter i sømmene. (16.12.2014)

Ytringar utan motstand er ikkje min ytringsfridom

Ytringar utan motstand er ikkje min ytringsfridom

Det virker som om jo meir kontroversielle meininger ein har, jo meir sårbar er ein for kritikk, skriv Kristian Bjørkelo. (2.12.2014)