Kontakt
Foto: NTB-Scanpix/Shutterstock
Ikkje berre angst, panikk, fornekting og sinne, latter er òg eit vis å takle pandemien på. Vi treng alle lysglimt i desse tider, og fleire finn det i å kunne le av det absurde i situasjonen. Fordi humor er ein viktig meistringsstrategi.
Kristian A. Bjørkelo
Folklorist og forfattar
Publisert: 03.04.2020 kl 06:00
Sist oppdatert: 03.04.2020 kl 09:39
(Alle illustrasjonar er funne på internett.)
Kristian A. Bjørkelo underviser i sosiale media og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen og er frilansskribent og samfunnsdebattant. Han skriv om nettkultur for Fri tanke.
Pandemien er alvorlege greier. Helsevesenet står i fare for å brekke saman, det same gjer den nasjonale økonomien. Den personlege økonomien gjer det ikkje så mykje betre for mange, til dømes dei av oss som er avhengig av frilansoppdrag for deler eller heile vår inntekt. Og når du kjenner på symptoma, og det å reise seg eller gå opp ein trapp tar frå deg pusten, er det snøgt å tenkje at du er døden nær av eit virus som går til åtak på lungene dine … eller at du burde trene meir.
Når ein snakkar om mem, meiner ein på folkemunne ofte om den humoristiske kombinasjonen av eit morosamt eller velkjend bilete og ein tekst, sjølv om omgrepet opphavleg vart stifta av biologen Richard Dawkins i ein annan samanheng.
I vanskelege situasjonar ønskjer vi menneskje naturlegvis å få ei meining ut av det heile, og å få kontroll over det som skjer. Det å kunne fortelje og dele vitsar om noko vanskeleg er eit vis å utøve kontroll, å le av ei krise er å meistre krisa. Og når noko ikkje lenger gjev meining eller passar inn i verdsbiletet, er det mykje trøyst i å kunne le av det. Gjerne ved å framheve absurditetar.
Det finnes alltid dei som meiner at ein ikkje skal vitse om dette, eller at ein har ein viss tid der vitsar ikkje er morosame, men heller sårande. For dei vil det å vitse om ein tragedie eller ei krise signalisere at ein ikkje tar det på alvor eller respekterer dei som har vore råka av det. Men i ein pandemi, er vi alle råka.
Då to fly trefte World Trade Center i New York 11. september 2001 satt heile verda i sjokk, men den amerikanske folkloristen Bill Ellis kasta seg rundt og publiserte ein modell for framveksten av humor knytt til tragedien – ein spådom basert på observasjonar frå tidlegare tragediar og kriser som har prega den amerikanske folkekulturen. Eitt år seinare kunne han konstatere at modellen – med nokre revideringar – for det meste var treffande.
Folklorist Ellis meinte vidare at vitsane ville nytte seg av lett attkjennelege visuelle referansar (tårna som kollapsar), og ville ta i bruk element av eldre «vitsesyklusar» – altså grupper av tematiske vitsar – tilpassa nye omstende. Han meinte òg at den primære distribusjonen ville vere via e-post. Alt dette såg ut til å stemme eitt år seinare. Mykje av dette stemmer faktisk framleis i dag, sjølv om vitsane no først og fremst vert delt via andre kanalar, som Facebook og Reddit.
Ein kan seie mykje av det same om vitsesyklusar rundt seinare tragediar og kriser, inkludert den pågåande krisa. Det Ellis la merke til var at det gjekk kortare tid enn han trudde før vitsane vart allmenne. Etter berre ei veke var det ikkje lenger #TooSoon. Koronavitsar derimot, har vore spontane – og fleirfaldige – noko som kanskje er eit resultat av at den humoristiske internettkulturen er desto meir inngrodd i dag. Samstundes skuldas det nok òg at det er ei pågåande krise, og det ville vore ha vore særs spesielt om vi venta til etter krisa var over om eit år med å vitse om den. Spesielt når folk byrjar å hamstre toalettpapir. Det er seriøst for latterleg til at vi kan oversjå.
Så kva type vitsar vert fortald om korona?
Då krisa trefte oss og andre vestlege land, var ein av dei meir spontane reaksjonane til folk å hamstre toalettpapir. Mykje anna vart og hamstra, men det var toalettpapir ein gjerne beit seg merke i at butikkane vart tømte for.
Nær knytt til toalettpapirhumoren, er hygienehumoren. Styresmakter har fokusert sterkt på korleis vi kan beskytte kvarandre med god hygiene, og spesielt med handvask. Tidleg ute i vitsesyklusane om korona var dei meir godlynte humoristiske råda om kva du skal synge eller seie for å telle ned dei tjue sekunda du bør vaske hendene. Humoren her er velmeint, det er jo viktig med god handhygiene, uavhengig av pandemiar, men mykje av morosamheitene vert provosert fram av det enorme fokuset på det, som gjer at vi tenkjer på det meir enn til vanleg. I framtida vil dei fortelje om korleis den vestlege sivilisasjonen kollapsa under eit virusutbrot, men i det minste hadde dei reine rumper og hender.
Det er mykje felles trøyst i denne humoren, og i det å kjenne att det uvanlege og vanskelege med situasjonen vi er i. Humoren bidreg ikkje berre til å løyse litt på spenninga, men og på å minne oss på at vi er saman om det. Og at det ikkje er normal tilstand, og at det difor vil gå over.
Men kanskje neste veke. Eg er klar.
Samstundes har humor mykje av den same funksjonen som religionen har i slike krisetider, den gjev oss trøyst og ei kjensle av kontroll. Kanskje meir handfast enn den ein kan oppleve i bønn, og for fleire av oss eit av få meiningsskapande grep ein har i ei kaotisk krisetid.
Her har vi samla eit lite knippe vitse-mem funne i strømmen på sosiale medier dei siste vekene.
Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.
Selv mener veganerne at svaret er ja, men hva vil staten mene?
HEF-filosof Kaja Melsom maner til ettertanke om bioteknologi.
Humanistredaktør Didrik Søderlind representerer Human-Etisk Forbund når komikere går inn for å krenke religiøse følelser under «Krenk 2015» i kveld. (2.2.2015)