Klargjør siden...
Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Anonymous tar på seg rollen som dommar, jury og bøddel, skriver Kristian Bjørkelo. Likevel liker han dem litt. Her i en demonstrasjon mot scientologikirken i Los Angeles i 2008, iført de karakteristiske Guy Fawkes-maskene.
 Foto: Vincent Diamante

Anonymous tar på seg rollen som dommar, jury og bøddel, skriver Kristian Bjørkelo. Likevel liker han dem litt. Her i en demonstrasjon mot scientologikirken i Los Angeles i 2008, iført de karakteristiske Guy Fawkes-maskene. Foto: Vincent Diamante

Anonymous:

Anonyme bøller og nettkrigarar

Dei kallar seg Anonymous, fordi dei er anonyme. Dei har gått til åtak på scientologikyrkja, Paypal, Visa og Mastercard, og dei bidrog til den arabiske våren. Dei er lause kanoner, og på internett er det alltid storm.

Publisert:

Sist oppdatert: 28.08.2014 kl 06:51

Dei vert kalla hacktivistar og nettaktivistar, dei er drevne hackerar og glade amatørar, og dei er like mykje frykta av ansvarspersonar som dei er elska av opprørsk ungdom og andre som ferdas på internett. Dei vel seg eit mål og forfølgjer det med stor iver. Ei norsk undergruppe har denne våren satt i gang OpPedo Takedown. Målet er å avsløre det dei meiner er norske pedofile og aktive nettstader. På Facebook legg gruppa ut namn, adresse, bilskilt, telefonnummer og alt anna på folk dei meiner er pedofile. Dei færraste er dømde for dette.

Problema er openbare. Dei tar på seg rollene som dommar, jury og bøddel, og dei øydelegg liva til enkeltpersoner dei meiner fortenar det. Dette er ein lynsjegjeng.

Dei tar på seg rollene som dommar, jury og bøddel. Dette er ein lynsjegjeng.

Trolling

Som så mykje anna nettkultur i desse spaltene stammer Anonymous frå det ganske så spesielle forumet 4chan, der alt og alle er anonyme. På midten av 2000-talet innsåg brukarane på 4chan at dei var mange nok til faktisk å påverke verda utanfor. Ikkje berre utføre små pek, trolle og herje med kvarandre eller andre som ramla framfor dei, men faktisk bruke sin tekniske kompetanse og mengde menneske til å gjere noko.

Det byrja i det små. «Bassenget er stengt», erklærte dei, og sperra vegen for alle tenåringsbrukarane på Habbo Hotel, ei virtuell verd der unge tenåringar kunne henge i lag. Talrike 4chan-brukarar hadde laga seg spelfigurar, og alle såg like ut. Ein dresskledd afrikanar med stor afrofrisyre. Dei sperra vegen til bassenget, forma hakekross og var stort sett til plage.

Dei definerte det som ein vellukka trolling, men det var berre ein smakebit på kva dei kunne vere i stand til om dei jobba i lag.

Operation Chanology

Eit år seinare fekk Anonymous ein del pressedekning for sine enkle hackeråtak mot nynazisten og holocaustfornektaren Hal Turner, men det var Operation Chanology som verkeleg skulle gjere Anonymous kjend.

Ein internvideo frå Scientologikyrkja, der Tom Cruise var litt ekstra rar, hadde lekka ut på verdsveven. Kyrkja gjorde alt i si makt for å få fjerna den. Dei anonyme brukarane på 4chan oppdaga dette, og starta ein motkampanje. For er det ein ting innbyggjarane på internett hatar så er det sensur, og forsøk på å fjerne informasjon frå nettet. Informasjon skal vere fri.

Jo meir Scientologikyrkja kjempa for å få ned videoen, jo hardare kjempa Anonymous attende. Dette var eit klassisk tilfelle av Streisand-effekten. Det var no Anonymous først tok i bruk namnet sitt.

Og for første gong bevegde Anonymous seg vekk frå PC-skjermane. Det var ikkje nok å hacke nettsider eller lekke informasjon, situasjonen kravde ei fysisk forstyrring av scientologane. Eit vågestykke som ingen elles har våga overfor den nådelause kyrkja som til og med klarte å tvinge det amerikanske skattevesenet i kne. Dei kalla inn alle anonyme til å bidra til demonstrasjonar mot scientologikyrkja.

Det var til og med naudsynt å sleppe ein video med instruksjonar for korleis opptre under ein demonstrasjon.

Mange var overraska over kor talrike flokken som valte å stille opp til demonstrasjonane den 10. februar 2008 utanfor Scientologisenter verda over var. Og demonstrantane dekka ikkje berre til andleta, men fleire hadde òg tatt i bruk Guy Fawkes-maska som no har blitt det ikoniske symbolet på Anonymous.

Utvida horisontar for hacktivismen

Operation Chanology opna opp auga for kva Anonymous kunne gjere. Og då WikiLeaks og Julian Assange kom under åtak for sine mange lekkasjar, og PayPal, Visa og Mastercard nekta å utlevere donasjonar til organisasjonen i 2010, hadde dei funne seg nok ei profilert kampsak.

WikiLeaks, med sin informasjonsanarkisme, er ein naturleg alliert for hackarane i Anonymous, og kredittkortselskapa kom under harde åtak. Dei klarte til og med å ta ned sidene deira i korte periodar. Dette vart ei utviding av Operation Payback, eit åtak mot dei interessene som kjempa mot fildeling på internett.

Og med dette hadde Anonymous gjort fiendar av bankar og styresmakter over heile verda.

Det overraska kanskje ein del at det neste store prosjektet til Anonymous var å blande seg inn i den arabiske våren. Først i Tunisia, så i Egypt. Anonymous er internasjonal, og det er sjølvsagt bidragsytarar på 4chan og til Anonymous i dei arabiske landa òg. Dei fekk hjelp frå sine meiningsfeller i resten av verda etterkvart som kommunikasjonskanalar vart slått ned på. Dei erklærte sine intensjonar då dei gjekk til åtak på statlege nettsider.

I Egypt vart det naudsynt å sette opp gamle analoge modem for å halde kommunikasjonen gåande. Etter Tunisia var Anonymous klare på at dei stilte seg bak opprørarane i den arabiske våren, som hadde tatt i bruk det frigjerande potensialet som internett har. Sensur ville ikkje bli godtatt.

Den arabiske våren synleggjorde kor viktig internett kan vere for å organisere eit folkeleg opprør når dei offisielle informasjonskanalane i er i hendene på autoritære styresmakter som vil legge lokk på situasjonen.

Anonymous, dei anonyme hackarane, aktivistane og pøbelen er ein sentral del av dette internettet, og det er ingenting dei heller vil enn å gje makta som rår ein på tygga. Anonymous vil garantert spele ei rolle i framtidige opprør.

Er alle Anonymous?

Kva rolle, om noko, spelte Anonymous i Maidan-opptøyene i Ukraina? Det er no det byrjar å verte vanskeleg, og at svakheita i det som er Anonymous byrjar å verte tydleg.

Anonymous var aktiv i Ukraina, men var alt verkeleg Anonymous sitt verk? Nokon som hevda å vere ukrainske Anonymous var tidleg ute og sa at dei korkje støtta ei pro-russisk, eller pro-vestleg linje, og var berre interessert i eit fritt og uavhengig Ukraina.

Seinare dukka det opp videoar som tok klart side med Russland. Det er kanskje ikkje så rart, så nært forholdet har vore mellom WikiLeaks, RussiaToday (ein konspirasjonsteoretisk propagandakanal) og Russland. Men var det verkeleg Anonymous?

Forutan ei lita, og utsatt kjerne av anonyme 4chan brukarar og hackerar som heng på bortgøymde IRC-kanalar finnes det ikkje ein organisasjon som heiter Anonymous. Anonymous er oss alle saman, alle oss som heng på 4chan og som bruker internett. Det tyder at det er vanskeleg å seie når det faktisk er Anonymous som gjer eller seier noko, eller nokon som berre hevder å vere det – i den grad ein kan seie at nokon faktisk er Anonymous.

I juni i år var det nokre nazistar og bøllefrø som innsåg kor lett det eigentleg var. Dei var jo sjølve ein del av 4chan, av grasrota til Anonymous, så kvifor kunne ikkje dei nytte Anonymous til å promotere sin agenda?

Diskusjonen førte til opprettinga av OpFinalSolution. Dei nytta etablerte og nye kanalar for Anonymous for å promotere ideen. Målet var å kuppe Anonymous sin undergravande profil, og syte for at Anonymous sitt rykte anten styrka deira kampsak, eller vart dratt ned i søla med dei.

OpFinalSolution retta seg mot Israel, og prøver å vinne sympati ved å hevde å vere indignert overfor Israel si maktbruk overfor palestinarane. Meldingane er krydra med klassisk rasisme og nazisme – swastikaen er aldri langt unna.

Kva aksjonen vil føre til av motreaksjonar eller oppslutning er framleis uvisst, då den ikkje har fått mykje merksemd frå andre. Den vil moglegvis berre forsvinne, når aksjonistane går lei eller møter motbør.

Folk er folk, og stundom ei naturkatastrofe

Anonymous kan og vil stundom gjere feil. Dei kan storme inn i ein situasjon utan å ha oversikt over den djupare konteksten eller å ha tenkt gjennom konsekvensane. Anonymous er berre folk, og folk kan vere uopplyste og verte riven med av kjensler. Så lenge dei har det same moralske kompass som resten av oss, og det går utover slemmingane, er det lett å like Anonymous.

Men kva skjer når dei kastar seg over konspirasjonsteoriar? Går du inn på ulike sider driven av medlemmer av Anonymous finn du gjerne lenker til konspirasjonsteorisider som Infowars.com og den russiske propagandakanalen Russia Today. Det er jo ikkje så rart. Det dei har felles er ein enorm mistru til styresmakter og «den offisielle sanninga». Hadde du venta at Anonymous var betre på kjeldekritikk enn alle andre unge på verdsveven i dag? Anonymous er jo oss alle, med alle våre feil.

Når Anonymous Norge går inn for å sende folk dei meiner er pedofile i gapestokken, er det ikkje berre utan lov og dom. Det gjort med data som er henta inn på ulovleg vis.

Såkalla «d0xing» som er ein av Anonymous sine spesialitetar. Ved å stille saman tilgjengelege data, og hacke system der det er naudsynt, er det frykteleg lett å hente informasjon om oss alle saman. Ingen av oss er trygge. Og om dataene peiker i retning av at nokon er pedofil, vil dei i OpPedo Takedown verte hengt ut offentleg.

Ein ting er at dette skjer utan lov og dom. At det er rein borgarvern-aktivisme er ei side av saka. At ungdommane bak aksjonen ikkje er i stand til å vurdere skuldspørsmålet er eit anna. Her vert liv øydelagde og det er ikkje sikkert at det skjer med god grunn. Det er ungdommens skjønn som er basis. Det er dei som bestemmer kva som er pedofili, og kven som er skuldig i det.

I juridisk forstand er det ikkje kriminelt å vere pedofil, berre å leve det ut. Dette skillet eksisterer ikkje for lynsjegjengen.

Trass alle problema knytt til Anonymous, likar eg dei.

Moraliser ikkje over orkan

Likevel, trass alle problema knytt til Anonymous, likar eg dei. Litt motvillig. Eg kan ikkje støtte dei i alt, eg meiner dei gjer feil, eg meiner dei gjer skade, eg meiner dei kan gjere vondt mykje verre. Eg kan kritisere enkeltaksjonar, enkeltaktørar og eg kan kritisere strategiar, men eg kan ikkje moralisere over det som berre er menneskets natur.

Anonymous er mennesket som handlar kollektivt, på godt og vondt, meir på instinkt enn det er ideologi. Anonymous er på sitt aller beste når dei opptrer rasjonelt og taktisk, når dei sett seg som mål å forsvare fridom – informasjonsfridom og privatliv.

Anonymous er på sitt mest underhaldande når dei bøller med makta som rår, når dei knotar til system og gjer det umogleg. Anonymous er på sitt verste når dei ikkje tenkjer etter, når klokka er 3 om natta og dei følgjer sine enklaste instinkt.

Anonymous er så frykteleg menneskeleg, at ein best kan samanlikne det med naturfenomen. Du er ikkje glad for orkanen som øydelegg låvar og hus, men du kan heller ikkje moralisere over den.

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Kommentarfeltet er stengt mellom kl 23:00 og kl 06:00 norsk tid.

#KommentarVis flere

HEF har fått støtte fra departementet i personvernsaken mot Den norske kirke
Kan veganisme være et livssyn?

Kan veganisme være et livssyn?

Selv mener veganerne at svaret er ja, men hva vil staten mene?

Bioteknologisk bakrus

Bioteknologisk bakrus

HEF-filosof Kaja Melsom maner til ettertanke om bioteknologi.