Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk

Den gongen gleda vart borte

Då Anne Brinch Skaara fekk brystkreft, ønska ho seg eit lyttande og reflektert medmenneske utanfor sin næraste krets. – Å sitje åleine med tankane sine er ikkje sunt, seier ho.

Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Human-Etisk Forbund

Publisert:

Sist oppdatert: 15.01.2021 kl 18:39

Ingen i familien hadde hatt brystkreft før henne. Ho hadde ikkje merka nokon kul, heller. Anne Brinch Skaara (63) var heilt uførebudd då ho etter ein årleg mammografi fekk melding om at «det var noko der».

Frå å kjenne seg heilt frisk den eine dagen, gjekk ho til å kjenne seg veldig sjuk den neste.

– Mi historie er på ingen måte spesiell. Meir enn 30.000 nordmenn diagnostiserast med kreft kvart år, og heldigvis er prognosane no gode for de fleste. Likevel er det lett å miste fotfeste, seier ho.

Livet utan østrogen

Anne kom raskt til operasjon, følgt av cellegiftkurar, stråling og ei hormonbehandling med anti-østrogen. Særleg hormonbehandlinga tok hardt på kroppen. Kreftvarianten som hadde ramma henne, innebar at østrogenet måtte fjernast heilt. Det sette henne ut på ein måte ho aldri før hadde opplevd.

– Eg var i kjemisk ubalanse og kjende på ei konstant uro i kroppen, som også gjorde at eg hadde store problem med søvn. Eg sleit med å fungere normalt, fortel ho.

Det var som om ein brytar vart slått av. Og mørket ho kom inn i, var vanskeleg å sjå forbi, sjølv då ho fekk sitt første barnebarn.

- Det var ei stor glede. Men eg var likevel på sida av meg sjølv. Eg ser det no, når eg kan samanlikne det med gleda eg har følt når eg har fått mine neste barnebarn.

Mista gleda

Ein kort periode etter at ho fekk kreftdiagnosen, hadde ho følt på dødsangst. Men den forsvann etter nokon dagar. No handla det meir om å prøve å finne tilbake til det som tidlegare hadde vore ei rettesnor i livet.

– Det som før hadde gitt meg glede og mening, klarte eg plutseleg ikkje å få tak i.

Samtidig fekk ho mange meldingar frå venner og familie. Dei var så glade for at ting hadde gått bra, og meinte at ho var heldig.

– Eg spurte meg kvifor eg ikkje var lykkeleg når det såg ut som om ting skulle gå bra. Det var vanskeleg å forstå.

Kanskje handla det om at ho ikkje lenger kunne gjere det som ga ho meining, tenkjer ho i dag. Ho hadde alltid stilt opp for dei rundt seg, og ho hadde også vore aktiv i freds- og solidaritetsarbeid. Ho sakna dessutan jobben i Human-Etisk forbund og det sosiale livet med kollegaer.

No handla det om å prøve å kome seg gjennom dagen, berre med seg sjølv.

Hjelp frå ein ukjend

Ein kreftlege på sjukehuset skjønte at livet var blitt mørkt og tilbaud Anne å få snakke med ein psykolog. Ho takka ja med det same og kom til en ung, mannleg psykolog.

– Vi fann ein god kjemi med det same. Eg såg veldig fram til dei samtalane. Å møte ein som lytta utan å kjenne meg frå før, og der eg berre kunne kome med alle tankane mine utan å vere redd for korleis han ville ta det imot, var veldig viktig.

For sjølv om ho var privilegert, med et stort nettverk av familie og venner, trong ho noko meir.

– Eg hadde absolutt folk eg kunne snakke med, men akkurat då eg sleit med denne depresjonen, var ikkje det nok. Eg ønska ikkje å belaste mine nære med slike vanskelege spørsmål og grublerier.

Eksistensielle spørsmål

Det skulle bli til saman seks samtalar med psykologen. Ho fekk både gode samtalar og øvingar som ho kunne ta med seg heim.

Psykologen brukte kognitiv terapi, og ein av øvingane var å velje et tidspunkt på dagen der ho kunne prøve å løyse alle spørsmåla som kverna i hovudet. Resten av dagen skulle ho gjere andre ting. Både denne og andre øvingar fungerte godt for henne.

Sjølv om ho var takksam for den hjelpa ho fekk, ønska ho seg likevel ein å diskutere dei meir eksistensielle spørsmåla med. Ei venninne av henne, som også hadde vore sjuk, var kristen og hadde hatt gode samtalar med ein prest.

– For meg kjendest det ikkje naturlig å snakke med ein prest. Eg trur ikkje på noko liv etter døden. Men eg kunne ønska å snakke med nokon som delte mitt livssyn.

Ønska seg ein utanforståande

Ektemannen til Anne er humanist, som henne sjølv. Ho kjenner også fleire andre som er det. Men ho opplevde at dei stod henne for nært.

– Eg ønska meg eit lyttande og reflektert medmenneske, utanfor min næraste krets, som eg kunne føle at eg hadde ein felles ståstad med og opne meg fritt for. Det å sitje åleine med tankane sine er ikkje sunt.

Det er også vanskeleg for dei nære å føle at ein ikkje strekkjer til, legg ho til.

Anne er glad for at Human-Etisk Forbund no etablerer eit samtaletilbod. Ho trur at mange kan få glede av det som ho sjølv sakna då ho var sjuk. Pandemien, med all usikkerheit og einsemd som han fører med seg, har gjort behovet enda større, meiner ho.

– Berre å vite at det finst eit slikt tilbod vil vere til stor hjelp både for den som er i krise og for dei pårørande.

Ho gjekk på den sterke hormonbehandlinga i eit år. Planen var å gå på ho i fem år, og då Anne sa til legen at ho ønska å slutte, svarte legen at det var på eige ansvar.

– Det livet eg hadde på det tidspunktet, var ikkje til å halde ut, tenkte eg. Så eg tok den risikoen og begynte på ei svakare hormonbehandling.

Etter det lysna det for Anne. Kvardagen slik ho hadde kjent han før, begynte gradvis å komme tilbake. Men ei kreftbehandling sit i kroppen i lang tid og det tok nokre år før ho kjende seg fullstendig restituert. Medisinsk sett er ikkje kreftpasientar friskmelde før ti år etter at dei blei sjuke, så ho må framleis leve med frykta for tilbakefall.

Som ei vektskål

No har det gått åtte år sidan ho fekk diagnosen. Og det er sju år sidan ting begynte å bli lysare.

– Eg har blitt enda meir merksam på kor sårbare vi er. No skjedde jo det at eg fekk denne alvorlege diagnosen og behandlinga. Men det er mange ting som kan setje deg ut av balanse.

Ho viser til den libanesiske forfattaren Kahlil Gibran, som skreiv: «Som ei vektskål vippar du mellom di sorg og di glede.»

– Desse orda har fått ei ny meining for meg, seier ho.

I dag heng ho seg sjeldnare opp i detaljar. Å pleie samværet med familie og venner er enda viktigare enn det var. Også kreftene og lysta til å engasjere seg i meiningsfullt arbeid for andre, har kome tilbake.

– Eg prøver å vise omsorg og omtanke for andre i større grad, for eg forstår betre at vi alle har vårt å slite med. Livet er skjørt, og vi kan ikkje vente med å gjere det vi synest er viktig, seier Anne Brinch Skaara.

Intervjuet er opphavleg publisert i Fri tanke #1-2021.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...