Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Fagsjef Bente Sandvig i Human-Etisk Forbund, kommentator og journalist i VG Anders Giæver, direktør i Datatilsynet Bjørn Erik Thon (skjult bak Giæver)leiar i Oslo AUF, Vegard G. Wennesland og leiar i Venstre, Trine Skei-Grande, var samla til paneldebatt om debatten etter 22. juli.
 Foto: Lin-Marit Bjerkemo

Fagsjef Bente Sandvig i Human-Etisk Forbund, kommentator og journalist i VG Anders Giæver, direktør i Datatilsynet Bjørn Erik Thon (skjult bak Giæver)leiar i Oslo AUF, Vegard G. Wennesland og leiar i Venstre, Trine Skei-Grande, var samla til paneldebatt om debatten etter 22. juli. Foto: Lin-Marit Bjerkemo

– La oss jakte troll!

Er det mogleg å få internettroll til å sprekke i sola? Ja, meiner politiker Trine Skei Grande. Nei, meiner VG-kommentator Anders Giæver, vi må heller lære oss å leve med dei. (6.11.2011)

Publisert:

Etter 22. juli har statsminister Jens Stoltenberg fleire gonger sagt at Noreg skal møte terror med meir demokrati, meir openheit og meir humanitet, men aldri naivitet. Onsdag var det duka til debatt på Humanismens Hus: Kva inneber disse honnørorda i praktisk politikk? Korleis skal vi skape et tryggare samfunn samtidig som ein tar vare på openheit, som så langt har prega det norske samfunn? Kvar går grensa mellom personvern og tryggleik, og kva skal ein gjere med ekstreme ytringar?

– Me skal ikkje bare jatte med, men me må møte ekstreme haldningar med motargument: For det er der trolla sprekk. Eg trur på troll, men eg trur dei sprekk når dei kjem ut i sola, opna Trine Skei Grande, leiar i Venstre.

Ho tok nylig tok initiativ til ein breiare debatt om Stoltenbergs lovnadar: Kva betyr eigentleg meir demokrati, meir openheit og meir humanitet? Grande la vekt på at demokratiet ikkje er statisk, men noko som stadig er i endring, og som stadig må vidareutviklast, med eit konkret døme på stemmerett for 16- og 17-årig stemmerett. Organisasjonsliv vart og nemnt, blant anna at det er feil å seie at organisasjonar organiserer eliten.

– Alle som har jobba i organisasjonar veit at det er her alle raringane kjem, påpeikte Venstre-leiaren, til munter einigheit i salen.

Ho fekk støtte frå Vegard Wennesland, leiar i Oslo AUF.

– Kva må me tenke nytt på etter 22. juli?, var spørsmålet Wennesland ynskja svar på.

Han peika på at det ikkje var tilfeldig kven som vart angrepet den 22. juli. Det var Arbeidarpartiet og AUF, det var mangfald, retten til ungdomsdeltaking, retten til å engasjere seg, retten til å ha ein meining – alt dette var blant det som vart angrepet 22/7.

– Det gode er å sjå at det faktisk har engasjert folk. I morgon skal me i Oslo AUF ha eit temamøte, og då kjem det cirka så mange som dykk er her. Det er blitt eit stort engasjement i organisasjonen i det siste, fortalte lokallagsleiaren.

Anders Giæver, journalist og kommentator i VG, har sjølv konfrontert kjente høgreekstremistar som Fjordman (Peder Jenssen), og Ole Jørgen Anfindsen i spaltene, men var litt mindre optimistisk i trolljakta.

– Slett ikkje alle troll sprekk når dei kjem ut i sola. De fleste som er her nå, er sikkert einige i at Fjordman framstod som patetisk og at det nesten er litt komisk når Anfindsen synes det er «dårlig gjort at ingen er einig med meg», men de kjem ikkje til å forsvinne av den grunn. Det viktige er at me må lære oss å leve med trolla, med å imøtegå dei.

– Eg meiner fortsett at alle troll sprekk, men det betyr ikkje at alle troll sprekk med ein gong sola skin på dei, svarte Grande.

Ho peika og på at det er eit viktig poeng at ein gjer at dei ikkje kan komme til makta:

– Ein klarar ikkje å fjerne nazismen, men du kan gjere det umogleg for dei å verte valt.

Direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, var skeptisk til kva som kunne bli konsekvensane av terrorhandlingane:

– Me må passe oss for ryggmergrefleksen med meir kontroll, overvaking og sensur, og så må me tenke ”er dette verkeleg egna verkemiddel?”. Det handlar om å halde hovudet kaldt, sjølv om ein er i ein veldig sårbar posisjon.

Giæver svara med å stille seg «liberal» til ein type lovgjeving som tillet å fylgje ekstreme meiningar og hindre ting før dei skjer, men uttrykte eit ynskje om å bruke lovgjevinga vi allereie har.

– Viss Anders Behring Breivik hadde heitt Mohammed, gått med kjortel og bestilt eit tonn kunstgjødsel til ein farm på Rena, samtidig som han skaffa seg bæretillating på to våpen og har vore aktiv på Islam Net, er eg temmeleg sikker på at han hadde blitt oppsøkt av det teamet frå PST som går rundt og snakkar med folk som er på veg til å verte radikalisert.

Det siste var Thon einig i:

– Kva veg så PST? Det er ikkje sikkert at det er slik at PST ikkje har dei midlane som skal til. Dei har eit mistenktregister og har nok registrert Breivik ved fleire samanhenger, men har ikkje klart å sjå det i samanheng.

Dei anonyme nettdebattane vart også diskutert.

– Er det ikkje mogleg, reint teknisk, å la folk stå frem anonymt, men at avisa, VG, veit kven dei er ved å registrere, til døme, e-postadresse?, spurte møteleiar Jens Brun-Pedersen Anders Giæver.

– Jo, og det systemet hadde me, der ein måtte registrera seg med eit mobiltelefonnummer og e-postadresse. Men denne fyren som underteikna med AndersGiæverHengesSnart hadde telefonnummer til Beitostølen Helsesportsenter, e-post med AndersGiæverHengesSnart, og IP-adresse i Thailand. Det er så mange måtar å omgå dette på. For dei som kjem med det verkelege grufse spelar det ingen rolle, svara Giæver.

Thon ynskja at debatten vert litt breiare enn bare kommentarfeltet i VG og Dagbladet. Han meiner det er ein vanskeleg debatt, men at det for noen er et reelt behov for å vere anonyme.

– Det kan vere folk som vil teste ut ein politisk haldning, spørsmål om seksuell legning, det kan vere at folk har erfaring med Statoil som dårleg arbeidsgjevar, i forbinding med arbeidskonfliktar, det kan vere psykisk sjuke. Det er mange i samfunnet vårt som har behov for å ytre seg anonymt.

Men retten til anonymitet på nett er ikkje det same som at ein har rett til å kome med truslar.

– Ein får ofte inntrykk av at det er andre lovar og reglar for oppfordring til vald på nett, men sånn er det ikkje. Det er dei same reglane som gjeld om eg går rundt på gata og truar med å banke nokon, med valdtekt eller noko, som om eg sendar ein e-post og truar, presiserte direktøren.

Bente Sandvig, fagsjef i Human-Etisk Forbund, tidligare leiar i STL og noverande nestleiar i det regjeringsoppnemnte livssynspolitiske utvalet, la vekt på at det store engasjementet rett etter 22. juli bare var eit kortvarig bluss. Valdeltakinga var skuffande låg, og kvifor det?

– Jo, for debatten om samhandlingsreforma er ikkje særleg motiverande eller sexy. Me må diskutera kva som motiver, kva mobiliser, kva treff hjarta?, spurte ho retorisk.

– Eg vert begeistra når dottera mi på 17 setter seg og prøver å gå inn i disse nettdebattane, for å finne ut kva som skjer her. ”Korleis kan eg prøve å svare, kan eg kanskje gå på kurs hos Lars Gule”, sa Sandvig, og sikta til Oslo fylkeslags motoffensiv mot høgreekstreme ytringar på nett, eit kurs i nettdebatt med Lars Gule og Shoaib Sultan.

Fagsjefen peika og på oppgjør me må gjere internt i Noreg.

– Eg skal og utfordre politikare, og då tenker eg ikkje bare på FrP, eg tenkjer KrF og Senterpartiet – eg tenkjer på dei som bevisst har kjørt fram kristen identitet som nasjonalidentitet. Me må utfordre denne tanken om at me bare har ein identitet – og at den er knyta til religion.

Nøkkelord

Kommentarfeltet er stengt mellom kl 23:00 og kl 06:00 norsk tid.