Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Skal ein forstå rørsla betre, må ein også gå djupare enn bensinprisar, skriv Øyvind Strømmen.
 Foto: NTB

Skal ein forstå rørsla betre, må ein også gå djupare enn bensinprisar, skriv Øyvind Strømmen. Foto: NTB

Dei gule vestane: Ei sprikande rørsle vi bør lytte til

Dei gule vestane i Frankrike er ikkje ei enkel rørsle å forstå, og spriker i mange ulike retningar. Men det ville ikkje vera så dumt å høyra etter likevel. Også for miljørørsla.

Publisert:

Norsk utanriksjournalistikk er ofte meir prega av kjapt omsette nyhendemeldingar frå internasjonale nyhendebyrå og engelskspråklege storaviser. Slik vert journalistikken lett overflatisk. Det kan ein nok hevda at har skjedd også i møte med dei såkalla «gule vestane», den mykje omtala protestrørsla som har gjort seg gjeldande i Frankrike i det siste. Ofte har dei gule vestane vorte redusert til demonstrasjonar mot høgare bensinprisar.

Det er sjølvsagt noko i det. Som den Paris-baserte journalisten Vibeke Knoop Rachline skriv i ein artikkel i Agenda Magasin, byrja opprøret med at nokon («man vet ennå ikke hvem») starta ein protest mot høge bensinavgifter.

Det er liten tvil om at auka bensinprisar er ein del av bakgrunnen for protestane, og at dei gule vestane slik kan minna litt om norske protestar mot bompengar. Men skal ein forstå rørsla betre, må ein også gå djupare.

Problemet er at det heile vert så mykje meir uklårt då. Dei har ingen presis politisk profil, skriv Rachline, medan Feargus O’Sullivan i CityLab samanfattar med å peika på sprikande fortolkingar i media.

Velgrunna sinne?

For nokre handlar det om raseri mot den franske presidenten Emmanuel Macron si manglande forståing for vanskane arbeidarklassen står over. For andre er det eit bevis på at middelklassen slår attende. Eg har sett også sett dei som ser på dei gule vestane som ein slags trojansk hest for høgrepopulismen.

På eit vis finst det eit grunnlag for å meina det også. Eit døme er ei undersøking som syner at mange av dei som ser på seg sjølve som ein del av rørsla, røysta på Front Nationals Marine Le Pen i fyrste valomgang i presidentvalet.

Den nest-største gruppa røysta på den venstrepopulistiske kandidaten Jean-Luc Mélenchon. Hans sterke valkamp, prega – som Le Pen sin – av euroskepsis, er eit politisk fenomen ein kan koma noko nærare å forstå gjennom å lesa Morgenbladet-journalist Ingrid Grønli Åm si ferske bok Hjelp, vi er i EU.

Den franske forfattaren Édouard Louis har i Morgenbladet fokusert på dei gule vestane som eit sosialt opprør, mot ein president som – ifølgje han – gjer mykje for dei velståande og samstundes kuttar i velferda. I eit lengre essay skriv han at dei som hånar rørsla, hånar far hans, og han går til åtak på klasseforakt.

Den franske forfattaren og juristen Lorelou Desjardins, som er busett i Noreg, skriv på si side i ein kronikk i VG at Macron tøyer grensene til folk flest, meir og meir, kvar dag.

«Det mest urovekkende i saken er at protestbevegelsen ikke begynte med økt bensinpris», skriv Desjardins.

«Den begynte da franskmenn fant ut at kun en fjerdedel av inntektene fra den økte bensinprisen skal finansiere miljøtiltak. Hele resten skal finansiere et annet tiltak fra regjeringen: Skatteletter for de rikeste».

Fjøslykta

Ei rekkje av dei sprikande analysane kan ha noko for seg. Det er eit solid stykke veg frå fransk politisk kultur til den norske, men eit bilete frå norsk politisk historie kan likevel ha ein viss verdi. Eivind Eckbo, som var partiformann i Anders Langes parti i ei kort tid etter at partistiftaren døydde, sa ein gong at mykje rart kan kome fykande når ein set ei fjøslykt ut ein sommarkveld.

Dei «gule vestane» er ei uklår politisk rørsle, med uklår leiarskap og langt på veg uklåre målsetnader, ei rørsle fødd av sosiale media. Ulike deltakarar kan fylla ho med ulikt innhald. Fjøslykteffekten er sterkt til stades.

Den som leiter vil finna både forståeleg sinne og ugrunna raseri blant dei gule vestane. Ein vil også finna at den laust organiserte protesten er sårbar for feilaktige eller beint ut falske nyhendeartiklar, for rykte og for konspirasjonsteoriar, spreidd gjennom sosiale media.

I møte med alt dette er det neppe alle som klarar å halda seg unna klasseforakta. Men dei burde løfta blikket, og søkja å forstå noko av harmen. Dei «gule vestane» heng nemleg saman med fleire av dei store utfordringane me står over, ikkje minst når ein langt meir offensiv miljøpolitikk vert stadig meir naudsynt.

Ein risikabel miks

«Dei snakkar om slutten av verda, me snakkar om slutten av månaden», sa ein av aktivistane i gul vest, då rørsla framleis ikkje hadde skapt så store overskrifter. 8. desember marsjerte også «grøne vestar» i Paris, og mange andre stader i Frankrike. Dei ropte eit anna slagord: «Slutten av verda, slutten av månaden, for oss er det same kampen».

Blant desse grøne vestane – arrangert av miljøorganisasjonar, og samanfallande med FN sin miljøkonferanse i Katowice i Polen – dukka det også «gule vestar» opp. Sanninga er at ein er nøydd å snakka om båe delar.

Miljøavgifter er naudsynte. Men dei er ofte også flate, og dermed råkar dei fort folk med lite pengar meir enn råkar dei med mykje. Bompengar – som her til lands dessutan vert nytta til langt meir enn å dempa trafikken inn til storbyar med dårleg luftkvalitet – er dyrare for ein lågtlønt aleineforelder enn for ein familie med to høgtlønte.

Difor går også fleire miljøavgifter dårleg saman med ein politikk som gjev skatteletter for dei rikaste av oss, uavhengig av korleis ein elles ser på skattesystemet.

Dei to er rett og slett ein miks som er eigna til å skapa både frustrasjon og sinne. Slik er det, sjølv i det rike, oljedopa Noreg. Og når oljeabstinensane slår inn, kan det fort verta langt verre. Også her. Det er eg usikker på om den norske høgresida har teke innover seg.

Eg er også usikker på om miljørørsla er i stand til å både sjå det og – ikkje minst – til å kommunisera det.

Tillitskrisa

Det flyt inn i eit anna problem, eit problem som matar både høgre- og venstrepopulisme og fenomen som den italienske femstjernerrørsla, og som samstundes vert fôra av dei alle: At ei rekkje land er prega av ei tillitskrise til det etablerte.

Det er ei tillitskrise som allereie har kasta om på politikken i fleire land. Folkerøystinga om Brexit og valsigeren til Trump er døme som ofte blir nemnde, men paradoksalt nok er den franske president Macron også sjølv eit døme.

Rett nok har Macron elitebakgrunn, men valkampen hans har nokre trekk som kunne vore teke ut av ei lærebok i populisme. Han starta eit nytt parti, og vann i ein presidentvalkamp der dei etablerte partia både vakla og vart slått ut. Partiet hadde namnet En Marche, eit namn som sjølv teiknar opp eit bilete av ei rørsle, heller enn av eit parti.

Sin elitebakgrunn til trass, klarte Macron å stå fram som noko av ein outsider, og som ein kandidat som lova endring, snarare enn stø kurs.

Slik sett er også Macron eit slags symptom på tillitskrisa, og på korleis ein etablert partistruktur i mange land står for fall. At han også sjølv vert råka av tillitskrisa endrar ikkje på dette.

Reell uro

Kva om tillitskrisa veks også i Noreg, kanskje med utgangspunkt i både gode og dårlege årsaker? Kven vil vera i stand til å svara på ho? Min påstand er at det vil verta vanskeleg for både Erna Solberg og Jonas Gahr Støre.

Mi uro er at ein i staden for vil sjå både lettvint populisme og meir politisk apati: mangel på politisk interesse, mangel på politisk engasjement. Og at vi vil sjå betre såjord både for løgnhistorier og konspirasjonsteoriar, samt for ein eliteforakt som kan slå i alle retningar, mot alle som kan puttast i ein eller annan eliteboks. Det kan eg, fordi eg har spalteplass i media. Det kan du, særleg om du bur i Oslo, og sjølv om du ikkje nett badar i pengar.

Å møta tillitskrisa med eit skeivt smil vil ikkje fungera. Og ein av grunnane til det er at det ligg reelle politiske spørsmål bak. Og ei reell uro. Ei reell kjensle av ikkje å bli teken på alvor. Alt dette druknar altfor lett i ein kjapp medierøyndom, drive fram av facebookmeldingar og tweets.

Men kva vil fungera? I møtet med klimakrisa – vår største globale utfordring – krevjas politisk mot. Men i møtet med tillitskrisa, ei krise som kanskje helst svekker det politiske motet, iallfall i sentrum?

Der treng ein kanskje mest av alt ei evne til å lytta. Ei evne til å få med seg at nokre av dei som samlar seg rundt fjøslykta faktisk har noko viktig å seia. Noko som handlar om meir enn bensinprisar.

Nøkkelord