Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Etter at mor og stefar til Camilla Strøm-Andresen døde i en trafikkulykke, ble hun invitert til en minnedag for de som hadde dødd i trafikken. Hun følte seg utestengt i sorgen da det viste seg at det offentlige arrangementet ble holdt i kirken.

Etter at mor og stefar til Camilla Strøm-Andresen døde i en trafikkulykke, ble hun invitert til en minnedag for de som hadde dødd i trafikken. Hun følte seg utestengt i sorgen da det viste seg at det offentlige arrangementet ble holdt i kirken.

Dei djupe kjenslers monopol

– Trygg Trafikk bør offisielt be om orsaking

– Dette er berre eit enkeltdøme på korleis majoritetsreligionen i mange tilfelle trur at dei har eit monopol på djupe kjensler, skriv Eskild Hustvedt som reaksjon på Fritanke.nos sak om Camilla Strøm-Andresen si oppleving med «Ettertankens dag».

Publisert:

Sist oppdatert: 21.03.2014 kl 13:12

Det er med sinne og frustrasjon at eg les i Fri Tanke om humanisten Camilla Strøm-Andresen si oppleving med «Ettertankens dag», Trygg Trafikk Hordaland si årlege minnesmarkering for etterlatne etter trafikkulykker. Ein skulle tru at dette var ei samlingsplass for alle, men som det kjem fram av artikkelen var dette eit arrangement for kristne, som andre berre vart invitert til. Her skulle det lesast frå Bibelen, og utførast kristne ritual. I staden for at situasjonen var til hjelp, traust og støtte vart den omgjort til ei samlingsplass for kristne.

Dette er berre eit enkeltdøme på korleis majoritetsreligionen i mange tilfelle trur at dei har eit monopol på djupe kjensler. Er ein ikkje kristen så kan ein ikkje trenge å samlast for traust og ettertanke. For å kunne kjenne så kompliserte og djupe kjensle er må ein vere kristen, og om ikkje kristen så kvartfall tilhøyre ein Abrahamsk religion. Det er ikkje ei unik situasjon. Ein treng berre å sjå til ein av dei største tragediane i moderne Norsk historie, 22. juli, for å sjå døme på den same ekskluderinga. I stor grad vart høva til å møtast arrangert av den norske kyrkja. Det er bra at DnK stiller opp for sine medlemmer, men tiltrua til at DnK er nok for alle er feilplassert.

Trygg Trafikk bør offisielt be om orsaking for arrogansen deira når dei vart kontakta, og umiddelbart byrje å undersøkje korleis (ikkje om, men korleis) dei best kan leggje til rette for at deira framtidige arrangement er tilgjengelege for alle, uavhengig av livssyn.

Vidare, viss ein ligg på sjukehus eller sjukeheim har ein lett direktetilgang til prest, men om ein vil prate om eksistensielle problem eller treng traust og ikkje er kristen er det ofte vanskeleg, kanskje umogleg å få nokon å prate med.

Ansvaret for den deprimerande tilstanden i Noreg ligg til dels på samfunnet som heilskap, men spesielt på den kristne majoriteten som ikkje klarer å forstå at andre, spesielt humanistar og ateistar, kan ha djupe kjensle. I Camilla sitt høve ligg det eit spesielt ansvar hos Trygg Trafikk, som skal vere ei uavhengig organisasjon for alle. Deira respons når ho tok kontakt og uttrykte sin frustrasjon er totalt uakseptabel. Svaret deira lyser av ei fullstendig mangel på forståing og empati som eg ikkje trudde var mogleg å finne i det som i utgangspunktet er ein sekulær organisasjon.

Trygg Trafikk bør offisielt be om orsaking for arrogansen deira når dei vart kontakta, og umiddelbart byrje å undersøkje korleis (ikkje om, men korleis) dei best kan leggje til rette for at deira framtidige arrangement er tilgjengelege for alle, uavhengig av livssyn.

Vær velkommen til å delta i debatt på Fritanke.no. Vi ønsker en saklig og begrunnet debatt. Skarp kritikk må gjerne fremmes, men vi forventer at debattanter overholder alminnelig folkeskikk og norsk lov. Kommentarer som bryter med dette, kan bli slettet uten varsel eller begrunnelse. Fri tanke forbeholder seg retten til å svarteliste brukere ved spamming, personangrep, usaklige kommentarer og lignende.

Vi forbeholder oss retten til å sitere kommentarer fra Fritanke.no i Fri tankes papirutgave.

blog comments powered by Disqus

Debatt Vis flere

DEBATT: Trenger alle livssyn å være gjensidig ekskluderende?

– Forsvarer jeg en bredere livssynsdefinisjon enn Gran? På en måte, ja, på andre måter, ikke nødvendigvis, skriver Arild Tornes.