Human-Etisk Forbund

Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk

Eit hatsymbol? Korleis skal Olsenbanden reagere på dette? Det er absolutt ikkje heilmaks. Foto: NTB-Scanpix

Er det OK å gjere OK?

Det vart løfta eit par augebryn då amerikanske Anti Defamation League la til handgesten for OK i lista over hatsymbol, men korleis skal ein reagere på at høgreekstreme troll tek råderetten over vanlege symbol og gestar?

Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Human-Etisk Forbund

Publisert:

Sist oppdatert: 19.12.2019 kl 11:01

Kristian Bjørkelo forskar på nettkultur og ekstremisme ved Universitet i Bergen, og skriv innimellom om tema for Fri tanke. Han har blant anna gitt ut boka Ekstremisme på Humanist forlag.

Anti Defamation League (ADL) har som mål å avdekke antisemittisme og rasisme i USA, og fører oversikter over menneske, grupper, symbol og fenomen som vert knytt til hat og fordommar. I år valde dei å føre OK-symbolet til lista over hatsymbol. Å føre tommel og peikefinger til å danne ein sirkel med dei resterande fingrane sprikande, har tradisjonelt signalisert «OK», «okay», «det er greitt», «det er i orden» eller rett og slett «ja». Innan yoga, med samla fingre, er det kjend som vitarka mudra. Gesten har òg vore nytta sidan 1980 i det såkalla «circle game», der ein gjer gesten under beltestaden for å lokke blikket ned mot skrittet. Den som fell for det kan då så klart verte straffa – med ein knuff eller liknande. Ein leik med klare homofobiske trekk, men som ikkje er knytt til rasisme og kvit makt og som bidrar til å gjere bilete desto meir uklart.

Viser prins Sverre Magnus eit kvit makt-teikn; prøver han å pranke oss med Sirkel-utfordringa (Circle Game); eller fomlar han berre rett og slett med korleis han skal halde handa? Twitter er ikkje samd. Foto: (faksimile fra Twitter)

I seg sjølv er OK-gesten harmlaus, men ADL har funne grunn til å liste henne som hatsymbol. Fingrane dannar ikkje lenger berre bokstavane O og K, men W og P for «White Power», kvit makt. Eller det står for noko så enkelt som «It’s OK to be white», det er lov å vere kvit, eit slagord som speler på ytre høgre-forteljinga om at kvite er utsette og forfølgde.

Fleire personar på ytre høgre fløy har nytta det som eit diskré hint til sitt publikum, medan andre har gjort det for å kødde. Og kven kan seie kva som er kva? Korleis skal vi tolke det når Brenton Tarrant vert stilt for retten for masseskytinga i Christchurch og syner OK-gesten – det er ei form for trolling, ja, men kva ligg bak?

Christchurch-terroristen, Brenton Tarrant, gjorde okey-teiknet da han vart framstilt for fengsling i mars 2019. Foto: NTB-Scanpix/Reuters

ADL går i fella

Det byrja i februar 2017, då ein brukar på nettstaden 4chan foreslo at dei skulle bombardere twitter med påstanden om at det var ein rasistisk gest, med hashtags som #NotOkay og #PowerHandPrivilege. Dette skulle vere «Operation O-KKK». Brukaren fekk med seg fleire. Ikkje minst fordi dei ville sjå om dei kunne hjelpe venstresida til å grave seg djupare ned i eit hol. Ei openberr felle, men kanskje litt for freistande for mange som ønskjer å posisjonere seg som antirasistar.

God gamaldags trolling inneber gjerne at ein prøver å få offeret til å reagere med å seie eller gjere noko dumt, å få offeret til å syna seg som eit latterleg fjols. Om du skuldar alle og ein kvar for å vere nazistar når dei gjer denne heilt vanlege gesten, synar du deg da litt som eit fjols?

Når ADL legg det til lista over hatsymbol har dei gått i denne fella. Målet til desse trolla på ymse fora har vore å lure overivrige antirasistar til å dumme seg ut. For mange som høyrer om saka, har dei utvilsamt klart nettopp det. ADL understrekar rett nok at gesten i seg sjølv ikkje er eit kvitmaktsymbol, men at konteksten er heilt avgjerande: «Use of the okay symbol in most contexts is entirely innocuous and harmless». Men det kjem ikkje med i snasne overskrifter. Og det er overskriftene folk les.

Foto: (faksimile fra 4chan)

Å endre eit symbol

Symbol og teikn er vanskelege. Dei er mektige, og verker å vere evige og allmenngyldige, men er det ikkje. Dei endrar seg til stadig, og medan det kan virke umogleg å ta kontrollen over dei, så er det fullt mogleg. For det hender jo. Symbol kan bli gjort til politisk meiningsberande, ideologiske våpen, og dei kan bli brukt til ting som ingen hadde forventa dei.

Det beste dømet på dette er kanskje solkrossen i sine mange former, som har blitt gjort til symbol for nasjonalsosialismen. Den indiske solkrossen swastika (namnet kjem frå sanskrit), representerer hell, lukke og god helse, alt etter kven du spør om tolking. Dei fleste av oss vil likevel fyrst og fremst tenkje på nasjonalsosialismen når me ser symbolet, og det er vanskeleg å lausrive det frå assosiasjonen av den svarte solkrossen i ein kvit sirkel mot ein raud bakgrunn; eit symbol på vondskapen som råka Europa midt i det 20. hundreåret.

Nazistar over heile verda tok i bruk lokale variantar av solkrossen, som ein også finn ulike kulturelle variasjonar av verda over. I norsk kultur er det enkelt og greitt ein sirkel med to strekar som møter kvarandre på midten, og dette vart symbolet til Nasjonal Samling.

Vi kan seie kva vi vil om solkorset og kva vi meiner det tyder, vi kan meine at vi skal ta symbolet attende og bruke det til noko positivt – men det nyttar ikkje. Vi kan bruke det på nye organisasjonar, og insistere på at det tyder noko anna, men få vil nok lytte.

Det kan virke umogleg å endre tydinga av eit symbol når det har blitt så innprenta i kulturen, men som OK-gesten viser, finst det eit triks. Eit triks som trolla på 4chan har meistra så altfor godt.

Trolling og symbolleik

4chan, og chan-avleggjarane derifrå, er samleplassar for godt trente troll. I seinare tid har chankulturen fått mykje merksemd for å vere opphavet til høgreekstrem kultur. Trollinga inneber gjerne at ein skal få «folk flest», journalistar og andre til å akseptere noko absurd som ein «trend». Dei gjer dette ved å etablere falske kontoar som omtalar ein trend eller syner døme på ein.

For å seia det enkelt: Dei lyg, og dei lyg så godt at det verkar som om dei trur på det sjølv, i von om at andre skal akseptere premissen. Media er alltid klar for å skrive om nye ungdomstrendar, spesielt om dei har sitt opphav på internett, og vil slå stort opp at alle gjer nett dette. Trass i at kjeldene kanskje berre er eit knippe kontoar. Dette er tilfellet med OK-gesten som rasistisk gest.

Ein annan faktor er frykta vi har for dette ukjende territoriet ungdomane ferdast i. Spesielt om det finnes faktiske koplingar til høgreekstremisme. Det sensasjonelle i å seie at ungdommen har kasta seg på ein høgreekstrem trend er lett å bite seg fast i. Og dette veit ein så altfor godt i nettsamfunn som 4chan.

Å appropriere OK-gesten som rasistisk symbol vil unekteleg sørge for ein god latter. Ein får latterleggjort antirasistane og dei politisk korrekte. For trollet finnes lite som er så gøy. Å få dei sjølvhøgtidlege og gode til å dumme seg ut er alltid første prioritet for eit bra troll.

«Operation O-KKK» lukkast nok betre enn nokon ville tru, for etter nokre månadar plukka aktørar på ytre høgre opp trollinga, og fleire byrja faktisk å ta symbolet i bruk, frå april 2017, ifølgje ADL. Nokre fordi dei vil vere med å trolle, andre fordi dei sjølv har gått på limpinnen. Og då speler det eigentleg liten rolle om det byrja som trolling eller ikkje, det har blitt eit fenomen som må forklarast. Slik ADL prøver å gjere med sine lister.

Pepe drikk mjølk

OK-gesten er ikkje det einaste offeret for den såkalla memetiske krigføringa, der ei ungdommeleg og internettkløktig høgreside approprierer symbol. Vi kjenner jo alle til Pepe, den grøne, deprimerte frosken laga av teikneseriekunstnaren Matt Furie, som vert rekna som sjølve symbolet på internettfløyen av alt-right.

På 4chan vart Pepe snøgt tatt ut av sin kontekst, teikneserien «The Boy’s Club», og tilpassa nye og særs ulike situasjonar for å uttrykke ulike sinnsstemningar. Dette er det magiske i internettkulturen, alt kan verte soge opp og få endra tyding. Men under Trump sin valkamp skulle Pepe verte etablert som eit ikon for alt-right, og sidan har frosken vore låst til ytste høgrefløy. Til stor frustrasjon for Matt Furie.

Heldigvis er det slik at ikkje alle opplever det slik, og medan Matt Furie har prøvd å ta livet av frosken, bokstaveleg tala i ein teikneserie, har demonstrantane i Hong Kong pusta nytt liv i Pepe som symbol for sin motstand.

Der reisa til Pepe frå teikneseriefigur til internettkjendis og rasistikon til Hong Kong-demonstrant ikkje ber preg av noko plan eller styring, så var approprieringa av OK-gesten eit forsøk på å styre ein liknande prosess. Det same gjeld mjølk. For det å drikke mjølk har òg blitt prøvd laga til ein rasistisk gest av 4chan.

Det å drikke mjølk som protest mot antirasisme, og som eit uttrykk for kvit nasjonalisme, tok aldri heilt av, men det var ikkje mangel på forsøk. Det tilfellet som har fått mest omtale er då nokre nazistar drakk mjølk i protest mot Shia Labeouf sin installasjon He Will Not Divide Us, i 2017.

Det klassiske fredsteiknet og regnbogen som symboliserer fellesskapet i LGBTQ+-miljøa, har òg vore offer for dei same taktikkane, utan hell. Neste ut var klovnar; det å kle seg opp som ein klovn vert i desse dagar gjort om til ein høgreekstrem protest. For vi lever jo trass alt i ein klovneverd, seier dei. Honk. Honk.

Men er det rasistisk då?

Nei. Eller ja. Neida.

OK-gesten er så klart ikkje rasistisk. Den tyder ikkje White Power eller «It’s OK to be white». Ikkje med mindre vi lar den tyde det. Og ikkje utanfor heilt konkrete kontekster. Og dette med kontekst er vanskeleg. Korleis skal ein definere kva kontekst OK-gesten er ein rasistisk gest? Det held jo ikkje å seie at når folk vi ikkje liker gjer det, eller «vi veit det, når vi ser det».

Ein definisjon så avhengig av ein diffus kontekst eller ei førehandsvurdering av avsendarens intensjon vert vanskeleg å handheve, og lett å misbruke. Så ein bør kanskje ignorere det heile? Som det heiter på internettet, så skal ein ikkje mate trollet. Ved å gje troll merksemd, ved å la dei leggje premisser eller dominere samtalen, så lar vi trolla vinne.

Vi må òg vere tydelege i vår motstand mot rasisme, og rasistar sine forsøk på å appropriere symbol eller ta plass i det offentlege rom. For det er det dei prøver på her. Dei prøver ikkje berre å latterleggjere antirasisme, dei prøver å normalisere seg sjølv. «Vi står berre her og syner OK-gesten og drikk litt mjølk i klovnesystemet vårt, kva er problemet?». Og så vert vi svar skuldige. Særleg utan ressursar som den databasen ADL har bygd.

Det er ADL sitt mandat å føre ei slik liste. Sjølv om det tyder at dei går i ei felle. Dei må det for dei skal vere ein ressurs for journalistar og andre som jobbar i feltet. Problemet er at det finnes nok av folk der ute som ikkje er viljuge til å tolke kontekst. For dei er det nok med overskrifta for å kunne kaste ut ei skulding om rasisme over ein låg sko. Og då har trolla vunne, og vi har tapt. Vi har mata trollet mett og vi har tapt kampen om OK. Og då er det kanskje ikkje lenger OK å gjere OK?

Eg vel likevel å tru at vi ikkje trenger å gje tapt. At vi kan stilla oss til slike lister for det dei er, og heller bruke litt tid på å irettesette og formidle når nokon brukar dei på tabloid og unyansert vis. For det skal vere heilt OK å gjere OK.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...