Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk

Ingvild Holevik Areklett: Etikk bare for mennesker?

Eg har ikkje sett at Human-Etisk Forbund har uttalt seg i saka som nyleg har vore om innføring av halal og kosher-slakt i Norge. Publisert: 28.5.2009...

Publisert:

Sist oppdatert: 28.05.2009 kl 12:07

Eg har ikkje sett at Human-Etisk Forbund har uttalt seg i saka som nyleg har vore om innføring av halal og kosher-slakt i Norge.

Publisert: 28.5.2009

Eg er human-etiker og medlem av Human-Etisk Forbund. Eg synes det er eit flott livssyn der vi har som mål å ivareta menneskeverdet og bekjempe undertrykking spesielt oppstått pga relegionar. Eg har også forstått det slik at Human-Etisk Forbund har som visjon at vi skal ta vare på planeten vi bur på og tenke miljø, det kom tydeleg fram under WWF's kampanje der vi skulle slukke lysa i ein time verda over.

Alt dette synes eg er flott arbeid, eg støtter det fullt ut. Likevel er det noko som manglar her. Eg har ikkje lest at Human-Etisk Forbund har uttalt seg om korleis dei stiller seg til vår medskapningar - dyra. Ein av fleire fellesnemnarar for mange relegionar og livssyn er at dei også har føringar for korleis dyr skal behandlast, då det ikkje alltid er på ein god måte, vel og merke. Human -Etisk Forbund står for meg som eit livssyn som har som mål å fremme menneskeheita og naturen, men eg har ein dårleg følelse av at dei har gløymd dyra.

Årsaka til at eg skriv dette no er at eg ikkje har sett at Human-Etisk Forbund har uttalt seg i saka som nyleg har vore om innføring av halal og kosher-slakt i Norge. Slik eg ser det er dette ein grusom og gammaldags metode man bruker for å slakte dyr og den kan bli innført i Norge pga religion. Dette er jo akkurat det Human-Etisk Forbund arbeider med å bekjempe hos mennesker, nemleg undertrykking påført av relegiøse årsakar. Skilnaden er at her er det dyr som lider.

Eg saknar ei bekrefting på at Human-Etisk Forbund har registrert saka og har ei meinig rundt det. Den empatien med andre som Human-Etisk Forbund uttrykker gjennom sitt arbeid for menneske vert eg veldig overraska over om er fraverande for dyr.

Ei haldning eg tenker burde vere grunnleggande for ein humanetikar, er at dyra har like full rett på å bli behandla med respekt slik vi arbeider for at menneske og naturen ellers skal det. Eit livssyn tenker eg omhandlar alt liv, korleis vi ser på livet vi lever på jorda. Då vert det for meg heilt feil om dyra vert ignorert, dei er ei viktig brikke på jorda. Viss Human-Etisk Forbund er ueinig med meg i dette bør dei tenke over begrepsbruken sin der dei snevrar begrepet inn frå livssyn til reint menneskesyn.

Ingvild Holevik Areklett

Debatt Vis flere

DEBATT: Trenger alle livssyn å være gjensidig ekskluderende?

– Forsvarer jeg en bredere livssynsdefinisjon enn Gran? På en måte, ja, på andre måter, ikke nødvendigvis, skriver Arild Tornes.