Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk

Geir Glosvik: Frie valg gir konsekvensar

For meg handlar dette om at alle frie menneske gjer sine val, og alle val ein gjer har konsekvensar, skriv Geir Glosvik. Publisert: 24.3.2009 Eg h...

Publisert:

Sist oppdatert: 24.03.2009 kl 10:00

For meg handlar dette om at alle frie menneske gjer sine val, og alle val ein gjer har konsekvensar, skriv Geir Glosvik.

Publisert: 24.3.2009

Eg har tenkt gjennom problemstillinga omkring hijab i politiet. Kona mi er for at kvinner skal ha fridom til å bruke dette plagget også i politiet, så eg har blitt nøydd å reflektere litt omkring dette. Den som har kome nærast til å setje ord på tankane mine, er Nils A. Bakke.

For meg handlar dette om at alle frie menneske gjer sine val, og alle val ein gjer har konsekvensar. Dette veit ein, og ein gjer sine val også med tanke på dei konsekvensane vala kan medføre.

Bakke gjer klar greie for at religion og religionsytringar er val ein tar, og dermed har ein også valt konsekvensane. Har du valt eit liv med hijab, har du også valt deg ut av ein del yrke. Politi-yrket er slett ikkje det einaste.

Eg tolkar menneskerettane slik som Bakke gjer. Mile tolkar dei annleis. Korvidt dette bør føre til konsekvensar for Miles stilling i Human-Etisk Forbund er vel noe ho sjølv må ta stilling til.

Geir Glosvik

Debatt Vis flere

DEBATT: Trenger alle livssyn å være gjensidig ekskluderende?

– Forsvarer jeg en bredere livssynsdefinisjon enn Gran? På en måte, ja, på andre måter, ikke nødvendigvis, skriver Arild Tornes.