Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk

Anne Bjørke: Å bake pepperkaker utan å få smake - om skolegudstenester

"I forbindelse med skolegudstjenesten har 3A fått i oppgave å dekke alterbordet. I den forbindelse skal vi øve inn teksten på en sang som elevene må l...

Publisert:

Sist oppdatert: 18.12.2008 kl 14:12

"I forbindelse med skolegudstjenesten har 3A fått i oppgave å dekke alterbordet. I den forbindelse skal vi øve inn teksten på en sang som elevene må lære seg på forhånd", skriv Anne Bjørke at det stod i lekseplanen til dottera, som skulle delta på alternativet til gudstenesta.

Publisert: 18.12.2008

Den tilbakevendande debatten om gudstenester i skuletida har nådd nye høgder med Humanistisk Ungdom sin aksjon - av og til må ein setje ting litt på spissen for å nå fram. Dei har verkeleg greidd å få mykje merksemd rundt temaet - all ære for det!

Eg vil gjerne dele nokre erfaringar frå skulen der mine barn går.

Vi har, etter to år med "mas", greidd å få det til slik at det i brevet heim står oppført to alternativ, og elevane skal meldast på det eine eller det andre: Skulegudsteneste eller undervisningsopplegg om lysfestar i andre kulturar. Kjempeflott! Dette skjedde etter ein e-post til KUD med påfølgande svar i brevs form, der det mellom anna stod at skulen må ha klargjort med foreldra, til dømes gjennom samarbeidsutval eller foreldreråd, at foreldra godtar praksisen med skulegudstenester.

Det stod òg følgjande: "For de som melder fritak, må skolen tilby ikke-diskriminerende likeverdige alternative tilbud og gi god informasjon om disse."

Det har jo mange stadar vore eit problem at det ikkje vert opplyst på førehand om kva alternativet er. Korleis skal ein då kunne vurdere om det er eit likeverdig, alternativ tilbod? Sakshandsamar i KUD svara på direkte spørsmål at han meinar det er implisitt at informasjonen må kome på førehand.

Ja vel, så er vi veldig nøgde med at skulen vår no har tatt seriøst FAU sitt ønske om to alternative tilbod og påmelding. Våre to barn får velje sjølve og vil vere med på undervisningsopplegget om lysfestar. Vi fyller inn skjema og legg i sekkane.

Kva skjer så?

Jo, nedturen kom då dottera vår sin lekseplan kom på bordet. Der står det nemleg som følgjer: "I forbindelse med skolegudstjenesten har 3A fått i oppgave å dekke alterbordet. I den forbindelse skal vi øve inn teksten på en sang som elevene må lære seg på forhånd." Elevane får så i oppgåve å lære seg eit vers per dag. Teksten er klart forkynnande - første del av første vers går som følgjer: "Kom la oss samles ved Guds bord og gjøre det i stand. Og dekke på med duk og lys til tjeneste for Ham."

Då dottera vår forstod at ho ikkje skulle vere med å framføre songen dei allereie hadde øvd på, så vart ho veldig lei seg. Dei fleste barn syns jo det er stas å framføre noko dei har øvd på. Det blir litt som å vere med å bake pepperkaker, men ikkje skulle vere med å ete dei...

Ein lang e-post gjekk så til lærar og rektor, der vi forklarde at vi syns dette er problematisk i og med at felles førebuing til noko ikkje alle skal vere med på, naturleg nok vil føre til at ein del elevar vil kjenne seg ekskludert. Svaret var i korte trekk at dette var eit samarbeid dei hadde hatt med kyrkja i mange år og at dei syns det var leitt at dottera vår vart lei seg. Det var heilt ok om ho valde å ikkje vere med på den delen av undervisningsopplegget! Ein skulle tru at pedagogar ville ha forståing for at dei set borna i ein vanskeleg situasjon... Denne problemstillinga er, så vidt eg kjenner til, ikkje omtala i retningsliner og rundskriv frå det offentlege.

Vi svarte at vi ikkje er nøgd med ei slik løysing og påpeika at dei set barna i ei knipe, samtidig som vi stilte spørsmål om bruken av ein forkynnande tekst i undervisninga. Det står jo fast at det ikkje skal vere forkynning i den offentlege skulen i Noreg. Dette vert temmeleg meiningslaust om skulen får lov til å gøyme forkynning og religionsutøving bak "formidling av den generelle kultur- og tradisjonsformidling".

Noko svar på dette har vi ikkje fått og i dag er dagen for dei to opplegga. Morgonen starta med at dottera vår grua seg for å gå på skulen, fordi alle dei ho visste om i klassen skulle på gudsteneste... Kanskje ikkje så rart, sidan dei allereie før brevet gjekk ut hadde byrja øve på det som skulle skje under gudstenesten...

Anne Bjørke

Debatt Vis flere

DEBATT: Trenger alle livssyn å være gjensidig ekskluderende?

– Forsvarer jeg en bredere livssynsdefinisjon enn Gran? På en måte, ja, på andre måter, ikke nødvendigvis, skriver Arild Tornes.