Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk

Anne Bjørke: Fridomsaksjonen - for fleire enn konfirmantar?

Fridomsaksjonen kan verte så mykje meir, for oss alle - det kan verte eit tilbod til kvar enkelt av oss om å gjere ein direkte innsats som verkeleg be...

Publisert:

Sist oppdatert: 17.10.2007 kl 11:18


Fridomsaksjonen kan verte så mykje meir, for oss alle - det kan verte eit tilbod til kvar enkelt av oss om å gjere ein direkte innsats som verkeleg betyr noko for ei rekkje menneskje, skriv Anne Bjørke.

Publisert: 17.10.2007

I siste papirutgave av Fri tanke står det å lese at Statskonsult har sett nærare på Fridomsaksjonen (FA) og konkluderer med at ein anten bør legge ned eller trappe opp aksjonen. Eg håpar at humanistar i Noreg ikkje vel det første alternativet - ja, for det er eit kollektivt val som kvar enkelt av oss må ta ansvar for!

Hittil har det i stor grad vore konfirmantane som årleg har vore aktive under aksjonsveka på vårparten, i alle fall mange stadar i landet og med unntak av dei som er aktive i organiseringa. Eg trur det er utruleg viktig for unge menneskje å få ei konkret oppgåve som ein del av kursopplegget som skal førebu til humanistisk konfirmasjon - eit fantastisk tema for læring om mellom-menneskjelege verdiar!

Likevel - FA kan verte så mykje meir, for oss alle - det kan verte eit tilbod til kvar enkelt av oss om å gjere ein direkte innsats som verkeleg betyr noko for ei rekkje menneskje i form av støtte til HAMU (humanitærorganisasjonen til HEF) sine prosjekt, samtidig som vi får ein positiv bieffekt her heime. Eg får av og til inntrykk av at enkelte utanfor HEF tolkar omgrepet "mennesket i sentrum" som at vi humanistar har nok med oss sjølve - at vi fokuserer på eigen person og bryr oss mindre om andre... I form av FA har vi ein gyllen sjanse til både å gjere eit praktisk arbeid for menneskje som er mindre heldig stilte enn oss sjølve og samtidig vise det norske samfunnet at vi er villige til å gjere ein dugnadsinnsats for humansime i praksis. Vi får høve til å bidra med meir enn pengar - vi kan gi av tida vår og engasjementet vårt. Det er nok også ein stor sjanse for at vi sjølve får noko att i form av auka kunnskap og ei kjensle av deltaking!

Kva om vi vel dette alternativet - å verkeleg gjere FA til vår aksjon? La oss gjere Fridomsaksjonen kjend i Noreg - til ein aksjon som folk veit kva står for! Meld di interesse til ditt fylkeslag av Human-Etisk Forbund - du kan jo sjølv velje kor mykje tid, kreativitet og entusiasme du vil gi!

Anne Bjørke
Vigslar og "nyfrelst" FA- og HAMU-entusiast

Debatt Vis flere

DEBATT: Trenger alle livssyn å være gjensidig ekskluderende?

– Forsvarer jeg en bredere livssynsdefinisjon enn Gran? På en måte, ja, på andre måter, ikke nødvendigvis, skriver Arild Tornes.