Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Kristian Bjørkelo meiner religionsvitar og Ottar-feminist Anne Kalvig fremjar arkaiske kjønsstereotypiar når ho forsøker å knytta alternativrørsla til feminisme. Sjå oppslag i Aftenbladet.no og Klassekampen.

Kristian Bjørkelo meiner religionsvitar og Ottar-feminist Anne Kalvig fremjar arkaiske kjønsstereotypiar når ho forsøker å knytta alternativrørsla til feminisme. Sjå oppslag i Aftenbladet.no og Klassekampen.

KOMMENTAR:

Ufornuft som kvinnedyd

– Det irrasjonelle er ikkje ein kvinnedyd. Gjer ein åndskamp til kjønskamp, byggar ein opp under ei arkaisk kjønsforståing, skriv Kristian Bjørkelo.

Publisert:

Sist oppdatert: 07.06.2011 kl 16:02

Når ein kritiserar det såkalla alternativmiljøet, nyåndelege straumingar, spiritualisme, New Age og liknande fenomen, kan ein brått finne seg kritisert for rein misogyni – kvinnehat. For det er ikkje til å sjå vekkifrå at kvinner er viktige aktørar og konsumentar i den åndelege marknaden i dag, og kjønskortet vert difor deira joker når kritikk skal verte avfeidd.

I likestillinga si tid har TVNorge lansert kjønsdeling av sjåarane sine, med to separate kanalar for kvinner og menn. Eg er ikkje den første til å påpeike den underlege fordelinga av program på dei to kanalane. På mannekanalen MAX kan ein få servert kritikkerroste drama- og komiseriar, så vel som actionseriar. På kvinnekanalen FEM får vi derimot servert Den andre siden, Åndenes makt og Jakten på den 6. sans, samt ei rekkje andre «mjuke» program der det åndelege og overnaturlege står i fokus for fiksjon og samtale.

Ifølgje TVNorge-sjef, Harald Strømme, er MAX den smarte broren i kanalfamilien. Implisitt i denne kjønna inndelinga av kanaltilbodet er altså at der menn er opptatt av kvalitet og tekniske ting, så er kvinner opptatt av det «mjuke» og sjelelege. Ikkje berre det, men menn foretrekk altså smarte program. Ein skulle tru at feministar ville vore i harnisk over dette, men det er dei ikkje.

Ein skulle tru at feministar ville vore i harnisk over dette, men det er dei ikkje.

TVNorge kjenner publikummet sitt godt, for det er ei stor gruppe kvinner som faktisk er brennande opptatt av den tematikken som Kanal FEM tar opp. Anten det no er alternative former for terapi og syn på helse, engletru eller spådomskunst, så er kvinner tydlegvis veldig opptatt av dette. Noko som vert forsterka av utalige «kvinneblader» som vier store mengder med spalteplass og rein tekstreklame for desse «kvinneinteressene». Det er hovudsakleg dei delane av alternativmiljøet som fokuserar på kropp og sjel, helse og ånd som er eksplisitt eit kvinnedomene. Her opptrer ikkje kvinner berre som konsumentar og tilhengjarar, men òg som viktige premissleverandørar som til dømes Märtha Louise, med sine kontaktsøkjande englar, og Lisa Williams, som ser framtida og snakkar med dei døde. Dette er eit miljø som konsekvent avvis vitskapleg forsking, krav til kritisk refleksjon og sunn fornuft. Her er noko sant dersom ein føler det innerst inne at noko er sant, for den personlege erfaring og intuisjon trumfer vitskapen. Det er difor ikkje så rart at dei får kjenne brodden av skeptikarrørsla si fornuftsbaserte kritikk og Human-Etisk Forbund si kampanje, «Ingen liker å bli lurt».

I så stor grad er det alternative ein kvinneleg syssel, at skeptikarane sin kritikk vert opplevd som åtak på det kvinnelege verdiar og det feminine. Ein drar med andre ord fram kjønskortet som motsvar til kritikk. Slik religionsvitar og talskvinne for Kvinnegruppa Ottar, Anne Kalvig, har gjort, når ho har hevda at feltet vert oversett av media fordi det er kvinnedominert og assosiert med feminine verdiar. Seinast på sin doktordisputas ved Universitetet i Bergen i slutten av mai i år, kom Kalvig med ein sidemerknad om at det ikkje var tilfeldig at kritikarane av alternativterapien var menn. Implikasjonen av dette er openbar.

Ved å knytte alternativmiljøet, og alternativbransjen, sine verdiar til såkalla kvinnelege verdiar og interesser, gjer ein åndskamp til kjønskamp, men kan ein verkeleg hevde at interessar og verdiar er knytt til kjønn? Er det slik at «mjuke» verdiar som varme, kjærleik og omsorg er eksklusivt eit kvinneleg domene? Medan menn er eksklusivt rasjonelle og tekniske? Om ein skal tru TVNorge, vekebladene og enkelte feministar så er det altså slik. Ikkje minst står den kvinnelege intuisjonen sterkt her, då den prover kvinna si nærleik til båe den åndelege og den naturlege verda. Naturleg er her ikkje forstått i den same forstand som i naturvitskapen, men som i tilhøyrande ein mystisk og magisk natur lik den ein finn i naturreligionar verda over. Slik vert det kvinnelege knytt til spøkelsestru, engletru og tillit til magiske system som «the secret». Og slik byggjer ein opp eit ugjennomtrengeleg forsvar av alternativbransjen – då det alternative vert knytt til ein kvinneleg identitet, og eit åtak på denne då vert oppfatta som sjåvinistisk.

Det uvitskaplege og det irrasjonelle vert løfta fram som ein kvinnedyd som må vernast frå åtak frå menn. Det som skulle vore ein kamp om idear, vert ein kamp mellom kjøn. Dette er ein hersketeknikk som avsporar heile debatten.

Innvendingar om kritisk tenkjing, vitskapleg empiri og kunnskap, som den Human-Etisk Forbund fremjar med «Ingen liker å bli lurt», vert ugyldiggjort. Kritikk og skeptisisme vert gjort mannssjåvinisme, og eit åtak på alle kvinner. Sjølve vitskapen vert slik plassert i kontrast til det kvinnelege. Det uvitskaplege og det irrasjonelle vert løfta fram som ein kvinnedyd som må vernast frå åtak frå menn. Det som skulle vore ein kamp om idear, vert ein kamp mellom kjøn, og konstruerte naturskilnadar mellom dei, mellom det feminine og det maskuline. Dette er ein hersketeknikk som avsporar heile debatten.

Dette viset å forsvare alternativmiljøet er sjølvsagt særs urimeleg. Skeptikarane sitt fokus er generelt – kritikken er ikkje retta mot eit kjøn, men mot det uvitskaplege og irrasjonelle, og det til dels skadelege, innan alternativterapi og konspirasjonsteorikulturen. Dette er eit kulturelt felt prega av mellom anna generell motstand mot vaksinasjon og ein intens skepsis til legemiddelindustrien, som meir uforsiktige tunger vil hevde er «jødestyrt». I dette miljøet vert vitskapen oppfatta som kald og lukka, ute av stand til å ta innover seg ein åndeleg og meir intuitiv verd, samstundes som den er styrt av ein vondskapsfull elite med band til mørke makter og ideologiar. Som motsats har ein sterk tru på ikkje-etterprøvbar pseudovitskap og ein åndeleg dimensjon ved verda. Det dei sjølv hevder er meir kvinnelege verdier.

Å hevde at det er menn som står for kritikken er òg å forfekte løgn. Skeptikarane er både kvinner og menn, noko som den nyvalte leiaren av Skepsis Norge, Marit Simonsen, bør vere eit godt døme på. Gjennom Fri Tanke og «Ingen liker å bli lurt» har fleire kvinner tatt kraftig til orde mot alternativbransjen og miljøet rundt. Her kan vi til dømes nemne Ida Jackson, som har avkledd Steinerskulemiljøet på meisterleg vis, Heidi Helene Sveen som har fortald om korleis alternativterapien svikta hennar mor når ho låg på det siste og Gunn Hild Lem som har reagert på korleis ulike useriøse aktørar freista å utnytte henne og hennar no avdøde ektemann. Telenor har hyra den kjende filmkritikaren Brita Møystad til å omtale filmar og seriar med kvass penn på «Popcorn uten nåde», og her har særleg sendeflata til Kanal FEM, inkludert opptredenen til Anne Kalvig, fått grundig, og nådelaust, juling. Og det kan strengt tatt ikkje seiast betre enn det Møystad gjer det:
«Tro meg, det er ikke kjønn som gjør det å betale 800 kroner for å bli healet av symboler hentet fra hellige babylonske skrifter til en dårlig investering.»

Det er ikkje slik at såkalla «mjuke» verdiar ekskluderar vitskap og rasjonalitet. Heller ikkje slik at kvinner har særeigne kjønna verdier som står i kontrast til vitskap og rasjonalitet. Det opne, nyfikne sinn, full av undring og utforskartrang er essensiell for vitskapen, og eigenskapar ein finn hjå menneske av beggje kjøn. Kvinner er like fullt i stand til å forstå og å sette pris på kausalitet, empiri og fakta som det menn er. Og dersom du lurar, så er menn er i god stand til å sette pris på kjærleik og varme, og er ikkje ute av stand til å vise omtanke for små barn og dyr. Det finnes tilogmed menn som forstår langt mindre av motorar og matematikk enn den gjennomsnittlege kvinne. Underskrivne mann er heilt blåst når det kjem til bilar. Dette er ikkje kjønna eigenskaper, og fornuftstenkjing er ikkje kvinnefiendtleg.

Kvinner bør bry seg når ufornuft og det uvitskaplege vert framsatt ikkje berre som kvinneleg, men som ein feminin dyd. Dette er ikkje anna enn ein arakaisk kjønsstereopi i ny, meir positiv, innpakking, ei førestilling om kvinna som mjuk, åndeleg og irrasjonell, og som ikkje har forstand på vitskap.

Ironien i at eg, som skjeggete mann, er den som skriv dette, unnslipp meg ikkje. Trass ei veksande samling med Hello Kitty-gjenstander, vil det nok vere dei som vil nytte min maskulinitet i mot meg i denne saka. Det skulle helst vore ei kvinne som skreiv dette, men prøv å førestill dykk at eg er ikledd parykk og ei kledeleg somarkjole, og tastar med lakkerte negler. For det er faktisk viktig at kvinner som Marit Simonsen, Ida Jackson, Heidi Helene Sveen og Gunn Hild Lem kjem på bana her, og tar til motmæle mot at dei vert nytta som skjold for ufornuft og vitskapsfornekting. Kvinner bør bry seg meir om kven som definerar interesseområda til kvinner, og korleis dei vert forsvart. Dei bør bry seg når ufornuft og det uvitskaplege vert framsatt ikkje berre som kvinneleg, men som ein feminin dyd.

Dette er ikkje anna enn ein arakaisk kjønsstereopi i ny, meir positiv, innpakking, ei førestilling om kvinna som mjuk, åndeleg og irrasjonell, og som ikkje har forstand på vitskap. Ei førestilling eg trudde vi med stor glede hadde lagt bak oss. Når dette er ei førestilling som får vid oppsluttnad og vert styrka av feministar, fjernsynsprogram og vekeblader, så vil det bidra til å forme korleis kvinner oppfattar seg sjølv, og korleis dei vert oppfatta av andre. Om ein lar eit slikt kvinnesyn vinne fram, undergrev dette våre vitskaplege framsteg, og rammeverket for vårt sekulære og jamstelte samfunn. I den grad fornufta vert ein motsats til det kvinnelege, vil det kvinnelege vinne – for kven vil vel framstå som ein sjåvinist? Og slik, ved å gjere ufornuft til ein kvinnedyd, tærar alternativmiljøet og alternativbransjen på vitskapen sin posisjon i vårt moderne samfunn.

Vær velkommen til å delta i debatt på Fritanke.no. Vi ønsker en saklig og begrunnet debatt. Skarp kritikk må gjerne fremmes, men vi forventer at debattanter overholder alminnelig folkeskikk og norsk lov. Kommentarer som bryter med dette, kan bli slettet uten varsel eller begrunnelse. Fri tanke forbeholder seg retten til å svarteliste brukere ved spamming, personangrep, usaklige kommentarer og lignende.

Vi forbeholder oss retten til å sitere kommentarer fra Fritanke.no i Fri tankes papirutgave.

blog comments powered by Disqus