Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
I gitte situasjonar kan alle komme til å gjera det same som Lynndie England da ho var fangevoktar i Abu Ghraib-fengselet i Irak, meiner Dr. Phillip Zimbardo.

I gitte situasjonar kan alle komme til å gjera det same som Lynndie England da ho var fangevoktar i Abu Ghraib-fengselet i Irak, meiner Dr. Phillip Zimbardo.

Ein kvar kan verte overgripar

#Korleis kan systematiske overgrep som dei vi var vitne til i Abu Ghraib finne stad? Dr. Phillip Zimbardo trur han har svaret. Tekst: Kristian Bjørke...

Publisert:

Sist oppdatert: 04.03.2008 kl 09:13

Korleis kan systematiske overgrep som dei vi var vitne til i Abu Ghraib finne stad? Dr. Phillip Zimbardo trur han har svaret.

Tekst: Kristian Bjørkelo
Publisert: 4.3.2008

Bileta av amerikanske reservesoldatar som grovt mishandla irakiske fangar i Abu Ghraib vekte avsky og harme, og starta ein debatt om tortur som framleis er aktuell. Opinionen forlangte ei forklaring og nokon måtte få skulda. Ulike nivå i militæret og etteretninga vart peikt ut, og sjølv deler av staben i det Kvite Hus anklaga for å ha godkjend torturen.

Men med berre eitt unntak, var det berre dei menige soldatane som vart rettsforfulgt og dømd for sine gjerninger. For å forklare korleis dette kan ha skjedd, nytta forsvaret til ein av soldatane seg av Dr. Phillip Zimbardo som ekspertvitne. Han er professor emeritus ved universitetet i Stanford.

Han meinar at i gitte situasjoner og roller er vi alle i stand til å verte overgriparar, og at dette skjer langt lettare enn vi likar å tru. Dette veit han av eiga erfaring.

Frå Stanford til Abu Ghraib

I 1971 organiserte Dr. Zimbardo eit større eksperiment ved Universitetet i Stanford, der fleire frivillige vart delt inn i to tilfeldige grupper - fangar og fangevoktarar. Ein kjellar vart gjort om til fengsel med celler og avhøyrsrom.

Fangevoktarane var utrente og uførebudde, og fekk beskjed om å halde fangane under kontroll utan å bruke fysisk vald. Allereie etter kort tid byrja fangane å merke påkjenninga, og den andre dagen gjorde dei opprør. Fangevoktarane slo ned opprøret, og for å halde fangane i sjakk tok dei i bruk stadig verre metodar i dei neste dagane.

The Stanford Prison Experiment skulle vare i 14 dagar, men måtte avbrytast etter berre 6, då situasjonen vart uhaldbar. Den psykiske torturen av fangane inkluderte då seksuelt nedverdiggande situasjonar. Parallelen til det som fann stad i Abu Ghraib i 2003 var slåande.

Medan Washington og rettsapparatet var klare på at dette gjaldt eit fåtal av soldatar som var råtne, hevda Dr. Zimbardo, at ein heller må stille spørsmål ved miljøet og systemet som skaper slike overgrep. Ein tanke han utvider i fjorårets bok The Lucifer Effect: Understanding How Good People Turn Bad.

Han hevder her, basert på fengselseksperimentet og parallelen til Abu Ghraib, at det finnes bestemte kontekster der kven som helst kan utføre grusomme gjerninger, uavhengig av fortid og moral. Det er berre dei færraste som vågar å vere heltar og avvike frå situasjonen ved å protestere.

I Abu Ghraib var det berre ein enkelt soldat som protesterte mot sine medsoldatars ugjerninger. Det same skjedde i Dr. Zimbardos eksperiment i 1971.

Lucifer-effekten

Under overskrifta Will Evil Prevail? på konferansen TED 2008 oppsummerar han det han kallar Lucifer-effekten.

Etter Abu Ghraib spurde utanriksminister Donald Rumsfeld seg kven som var ansvarleg, og medan Dr. Zimbardo meiner at Rumsfeld faktisk er hovudansvarleg, understrekar han at eit betre spørsmål er kva var ansvarleg?

Zimbardo var meir opptatt av kva situasjonar og system som skapte overgrepa. Han fortel at det er særleg lett i nye og uvante omgjevnadar å la seg påverke, av situasjon og system, til å utføre onde gjerninger. Soldatane i Abu Ghraib var ikkje trent til kamp eller fengselsplikter, og fengselet var plassert i ei krigssone, i strid med amerikanske militærprotokollar og Genevekonvensjonen.

Ofte byrjer det med å ikkje tenkje gjennom dei små tingene ein vert bedt om å gjere, som etterkvart kan kulminere i meir alvorlege gjerninger. Blind lydnad overfor autoritetar er eit faremoment. Vage reglar og ansvarsforhold er eit anna. I Abu Ghraib vart soldatane bedt om å "mjuke opp" fangane for forhøyr, og vart gjett rimeleg lause tøyler for dette. Og dei ansvarlege myndighetane lot, ifølgje Dr. Zimbardo, vere å sjå kva som gjekk føre seg.

Gruppetenkjing og anonymisering av sjølvet er òg to viktige faktorar. Ved å ikle seg anonymiserande uniformer og å ukritisk handle som ein konform gruppe distanserar ein seg sjølv frå gjerningane. Vidare distanserar ein seg frå offeret ved å umenneskleggjere det, ved å fråta offeret identitet som eit medmenneske. Offeret vert representant for ei gruppe som må knekkjast.

I tillegg meiner Dr. Zimbardo at å stille seg passiv til ondskap er å bidra til den. Forelsinga var akkompagnert av ein tre-minutters video med bilete frå Abu Ghraib, som understreka bodskapen.

I eit intervju med Wired fortel Dr. Zimbardo at "situasjonar kan vere mektige nok til å undergrave empati, altruisme og moral, og få vanlege menneske, sjølv gode menneske, til å gjere verkeleg onde ting - men berre i den situasjonen."

Han trekk linjer frå hans eiga eksperiment og Abu Ghraib, til ugjerningane knytta til Nazi-Tyskland, Rwanda og Pol Pots Khmer Rouge. Han understreker likevel at mennesket sjølv er ansvarleg for det ein gjer, men det finnast formildande omstende; "Om eit drap kan provast som eit produkt av ein mektig situasjon i eit mektig system, så er det som om dei opplev nedsatte evner, og mister deira fri vilje eller fulle rasjonelle dømmekraft", forklarar han.

Fleire bør bli heltar
Som ein motvekt til Lucifer-effekten, og ondskapens banalitet, foreslår han ein godskapens banalitet. Han er med på eit undervisingsprosjekt som skal lære barn å tenkje heroisk, slik som utbrytaren som tysta på hendingane i Abu Ghraib gjorde, og studenten som satt ein stoggar for hans eiga eksperiment.

Ein ekte helt utsett seg sjøv for farar, ikkje berre fysiske, men sosiale. Helten må våge å vere ein avvikar, og å bryte med gruppa når den gjer gale. Kuren mot Lucifer-effekten og ondskap meinar dr. Zimbardo er å oppdra fleire slike heltar, og lære barn og vaksne å vere prinsippfaste avvikarar. For jo fleire heltar som berer børa, jo lettare vert den.