Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Forfattar Erik Tunstad var over seg av begeistring for debuterende forfattar Gunnar Roland Tjomlid si bok Placebodefekten.
 Foto: Arnfinn Pettersen

Forfattar Erik Tunstad var over seg av begeistring for debuterende forfattar Gunnar Roland Tjomlid si bok Placebodefekten. Foto: Arnfinn Pettersen

Lansering av «Placebodefekten»:

– Dette er meisterleg skrive!

«Placebodefekten» av skeptikerblogger Gunnar Roland Tjomlid er ei bok mange har venta lenge på. Forfattar og forskingsjournalist Erik Tunstad la ut om si forelsking i boka då ho vart lansert i går.

Publisert:

Sist oppdatert: 11.10.2013 kl 13:02

I går lanserte Humanist forlag boka Placebodefekten av Gunnar Roland Tjomlid for ein fullsatt sal på Litteraturhuset i Oslo. Forlagssjef Bente Pihlstrøm opna kvelden med å snakke litt om Tjomlid sitt tidlegare arbeid, stort sett på bloggen Saksynt. Her er han blitt kjend for sine grundige og svært prinsipielle tekster om alt frå homeopati, vaksineskepsis og healing, samt seksualitet og sexkjøp til forsking, vitskap og religion.

– Han lekamliggjer alt eg saknar i norske avisar, erklærte Pihlstrøm.

Forskingsjournalist og forfattar Erik Tunstad intervjuet bokdebutant Tjomlid, men måtte flagge posisjon før han starta:

– Siste skeptikarbok eg leste må ha vore Trick or Treatment, Bad Pharma eller liknande, og eg lurte «treng me eigentleg fleire debunk-bøkar no?», sa Tunstad.

– Men så leste eg Placebodefekten. Eg var på flyet på veg til Paris i haustferien, med flotte Cumulus-skyer i himmelen rundt oss, og der, rundt side 100, skjedde det. Eg brøyt ut høgt, inni meg sjølvsagt: «Dette er meisterleg skrivi! Eg er forelska i boka!», sa den engasjerte forskingsjournalisten.

Han samanlikna så boka med Artenes opphav av Charles Darwin, og meiner Placebodefekten er så godt byggja opp og skrevet at han lurar på om det er mogeleg å halde fram med og vere ueinig etter å ha lest den.

Spørsmålet er om boka når ut:

– Noen kan eg nok omvende, svara Tjomlid, før han fortsatte: - Målet er nok meir å nå ut til dei som sitt på gjerdet.

Han visar til sitt møte med homeopat og akupunktør Andreas Bjørndal på Dagsnytt 18 på måndag, som eit døme det kan vere vanskeleg å sjå før seg at boka kan hjelpe:

– Der er nok biletet av verkelegheiten for ulik til at det vil gjere nokon forskjell til eller frå.

For å gjere samtalen litt klarare framover, ber Tunstad Tjomlid om å klargjere kva han siktar til når han snakkar om alternativmedisin.

– Det er verkemidlar som anten har blitt dokumentert at ikkje har nokon effekt, eller enno ikkje har blitt dokumentert at har nokon effekt, sa bloggaren.

– Men det er då ikkje sånn at det er klare skiljeliner her. Her er det snakk om ein skala.

– Homeopati vil derimot aldri verke, men urtemedisin kan ha noko for seg. Problemet her er at me ikkje har forska nok på dosar, effekt og liknande. Dette handlar ikkje om kva som bryt med vitskaplege konvensjonar, men kva som verkar eller ikkje, klargjorde Tjomlid.

Dette handlar ikkje om kva som bryt med vitskaplege konvensjonar, men kva som verkar eller ikkje.

– Men korleis kan noko som me meiner ikkje bør verke, verke?, problematiserte Tunstad og peikte på boktittelen.

– Placebodefekten er valt som tittel heilt bevisst. Placebo er misforstått, og me har lett for å forstå historier feil, svarar Tjomlid, og peikar på Bjarne Håkon Hansen-saka [http://www.vg.no/helse/artikkel.php?artid=546595].

– Det er vanskeleg å trekke konklusjonen at Joralf Gjerstad lækja sonen til Hansen. Det som no kan hugsast som at sonen slutta å skrike to sekund etter telefonen, kan ha vore noko heilt anna då. Me veit godt at hjernen vår er mangelfull når det gjelder å hugse tidlegare opplevingar.

– Du har og skreve at nordmenn er spesielt mykje utsett?

– Ja. Nordmenn er ganske opne, kanskje naive, og norsk lovverk hjelper ikkje: det er kanskje det mest liberale rundt dette i verden. Kven som helst kan kalle seg «behandlar» og drive med «behandling». Dette er noko som står sterkt i kontrast til til dømes elektriske anlegg, kor bare spesialistar kan gjere noko med det.

Tjomlid gjekk og litt inn på oppbygginga av boka:

– Me trengte å ta for oss nokon typar behandling, men det var ikkje ynskjeleg å lage ein ny Trick or Treatment, som tok for seg rundt 50. Så me tok homeopati, som er eit ytterpunkt i Noreg, akupunktur, som er litt akseptert, og kiropraktikk som er ein ganske integrert del av helsetilbodet i Noreg.

– Dette handlar elles ikkje om at dei som går til alternativ behandling er spesielt lettlurte; det er ufatteleg lett å lure seg sjølv, både som skeptikar og ikkje-skeptikar. Eg brukar au ofte meg sjølv som døme; utan å ha sjølvinnsikt til å sjå at ein sjølve og kan gå i alle disse fellane, er ein like langt.

Eit alltid aktuelt spørsmål i høve alternativmedisin er «men skadar det?». Ingen verknad burde jo tilsei ingen biverknad, og dermed bare placebo, i motsetning til det meste anna medisin?

– Hehe, dette får eg ofte på Twitter, og det er kjekt med heller 450 sider, kontra 140 teikn til å svare på det, ler Tjomlid:

– Det er jo ikkje slik at det er dei store farane med å gå til akupunktør, men det er dokumentert ganske mange hundre dødsfall kopla til akupunktur (infeksjon, blødingar, og sånt).

– Det er ein risiko forbunden med medisin. Cellegift er gjerne eit ganske ekstremt døme, men me kan heller ta dispril. Det er fleire tusen dødsfall knyta til dispril i løpet av eit år, men samtidig veit me at dette verkar. Det har ein effekt; det kan vere blodfortynnande. Akupunktur derimot, har ikkje effekt, og då å dele talet skader på talet det har effekt på (0), så går det ikkje opp. Du kan aldri få svar på det, det vil aldri vere positiv nettogevinst.

– Det er og eit poeng at ved å gå til ein god lege, så får du ein slags 2-in-1-effekt: Du får placeboeffekt, og du får den faktiske effekten til medisinen. Ved å gå til ein homeopat, får du bare ein effekt: placebo, konstaterte han.

Tjomlid problematiserte media si rolle. Dei forstår ikkje vitskap, og rapporterer stadig på det hottaste, nyaste og mest kontroversielle:

– Kan dette vere eit utdanningsproblem?, spurte Tjomlid.

– Det som i kvart fall er sikkert er at kritisk tenking må tidlegare inn i skulen og leggjast meir vekt på.

– Det ble spurt om skadeverknaden av alternativ medisin, men kva vil du sei er skadeverknaden på eit samfunnsnivå?, spurte tilhørar Wasim Zahid, lege og skribent, og for mange kjent som twitterlegen.

– Det er i kvart fall tre ting som er problematisk her. Det eine er vaksinemotstand, som heilt konkret skadar flokkimmunitet, svarte Tjomlid;

– Det gjev og pasientar eit feil val mellom to-tre ting med bevist verknad og ein alternativ medisin utan, og til slutt så kan eit auka fokus på dette føre til at fleire kan tru at dette har ein verknad og dermed kanskje og ei større tru på konspirasjonsteoriar.

Til slutt fekk Gunnar Tjomlid spørsmål om korleis ein kan unngå «preaching to the choir». Korleis kan me nå dei som brukar alternativ medisin?

– Eg prøvar i boka å vise at om enn det ikkje verkar, så kan det ha ein positiv effekt, og eg håpar at kanskje det kan invitere til refleksjon, seier Tjomlid.

– Og så kan det sjå ut som me kan få til litt «snikskeptifisering»: boka vert ståande i alternativhyllane hos bokhandlarar.

Vær velkommen til å delta i debatt på Fritanke.no. Vi ønsker en saklig og begrunnet debatt. Skarp kritikk må gjerne fremmes, men vi forventer at debattanter overholder alminnelig folkeskikk og norsk lov. Kommentarer som bryter med dette, kan bli slettet uten varsel eller begrunnelse. Fri tanke forbeholder seg retten til å svarteliste brukere ved spamming, personangrep, usaklige kommentarer og lignende.

Vi forbeholder oss retten til å sitere kommentarer fra Fritanke.no i Fri tankes papirutgave.

blog comments powered by Disqus