Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Foto: Istockphoto

Foto: Istockphoto

Religiøse leiarar sitt ansvar sosialt framfor politisk:

Ikkje allmektige

Forfattarane av antologien «Religiøse ledere - makt og avmakt i norske trossamfunn» ønskjer å vise ei anna side av det religiøse livet i Noreg, slik det er sett frå leiarane sin ståstad. Biletet boka gjev er eit av sosialarbeidarar, som er langtifrå allmektige.

Publisert:

Sist oppdatert: 18.04.2012 kl 14:18

– Til dei som går så langt som å meine at Noreg vil vere betre utan religiøse leiarar, vil eg spørre kven dei tenkjer skal ta over alle dei oppgåvene religiøse leiarane i dag har ansvaret for. NAV, spør Berit Thorbjørnsrud retorisk.

Ho er ein av dei to redaktørane av Religiøse ledere - makt og avmakt i norske trossamfunn, ein antologi som freistar å skildre arbeidssituasjonen til religiøse leiarar i Noreg.

– Religiøse leiarar utførar forbausande mange oppgåver i tillegg til å leie ritual og gudstenester, fortel hennar medredaktør Cora Alexa Døving.

– Eg tenkjer først og framst då på ulikt sosialt arbeid - som mellom anna sjukebesøk, trøystesamtaler, konfliktmekling, undervising og interegreringshjelp.

Mektige eller irrelevante?

Religiøse ledere vart inspirert av det tvetydige og negative synet på religiøse leiarar som forfattarane meiner dominerar i den norske offentlegheita.

– Religiøse leiarar vert framstilt som veldig mektige på eine sida, og irrelevante på den andre. Dei vert anklaga for å blande seg for mykje, og i neste samanheng vert dei anklaga for å ikkje ta nok ansvar, og det vert krevd at dei må komme mer på banen, forklarar Thorbjørnsrud.

– Veldig ofte vert religiøse leiarar omtalt negativt. Fokuset er på kva dei gjer som dei ikkje burde gjere, eller kva dei burde gjere som dei ikkje gjer. Parallelt med denne kritikken, er framleis nesten heile befolkinga framleis medlemmar av eit trussamfunn, og eit stort fleirtal nyttar seg av religiøse leiarar for å få utført ritual som dåp, vigsel, gravferd og liknande. Med andre ord så vil folk ha dei, seier ho.

Sjølvrepresentasjon

Det er i all hovudsak dei religiøse leiaranes eigen framstilling av si rolle som står i fokus i boka. Ein får då gjerne eit skeivt bilete av situasjonen.

– Sjølvsagt kan religiøse leiarar freiste å forskjønne røynda, men i mi erfaring kan fleire i overraskande grad fortelje mykje om korleis dei sjølv klarar å realisere det dei ønskjer, fortel Thorbjørnsrud.

Ho meiner at forfattarane av boka kjenner godt til korleis trusamfunna fungerar, og korleis medlemmane ser på sine leiarar. Forfattarane har òg gjort feltarbeid i dei aktuelle miljøa, understrek ho. Thorbjørnsrud får støtte frå medredaktør Cora Alexa Døving, som meiner at sjølvrepesentasjonen i liten grad er eit metodisk problem, då det i stor grad handlar om arbeidsoppgåver.

– Når det gjeld normative spørsmål er det klart at materialet ville vore langt meir komplekst dersom medlemmar av menigheita hadde vore intervjua. Difor har eg lagt stor vekt på å tydleggjere at det er imanen sin posisjon slik han sjølv forstår den, seier Døving.

Akademisk kritikk

Boka, og forfattarane, har fått kritikk for sjølv å vere normative, og å opptre som apologetar for dei religiøse leiarane. Dette avvis Thorbjørnsrud kategorisk som dårleg akademisk kritikk.

– Det vert ikkje argumentert empirisk. Det vert for lettvint å fastslå at vi tar feil utan å vise til noko konkret. Kanskje vil vidare forsking nyansere våre funn, men kritikarane har inga forsking å vise til. Det vert berre synsing, seier ho.

Ei setning som viser til Fahad Qureshi i IslamNET blant unge reformorienterte muslimar, har irritert dei meir bastante islamkritikarane, som ser Qureshi og IslamNET som formidlarar av islams verste aspekt. Thorbjørnsrud understreker at dette berre er eit problem om ein forstår reform utelukkande som noko positivt, noko som ikkje er tilfelle. Reform handlar om endring av det beståande.

– Qureshi vert i denne samanheng omtalt som nokon som er orientert mot endring, utan at det vert tatt stilling til om hans endringsønskjer er gode eller dårlege. Innhald og konsekvensar av Qureshi sine idear er simpelhen ikkje tema i denne konteksten, seier Thorbjørnsrud.

Religiøse leiarar i media

Religiøse leiarar i Noreg har ifølgje dei to redaktørane eit komplisert forhold til media, dei ønskjer seg naturlegvis positiv merksemd, men det negative fokuset saker om religion har gjer at mange er glade om dei klarar å unngå merksemd frå pressa.

– Dei kan sukke tungt over sitt eiga liv i skuggene, men samstundes kan dei understreke at det nok er best slik, då dei ser korleis meir synlege leiarar får gjennomgå, forklarar Thorbjørnsrud.

Ho meiner vi til tider er «ute etter» religiøse leiarar. Dei må møte kritikk og fordømming når dette er på sin plass, men det er ifølgje henne ei manglande vilje i samfunnet til å ta innover seg kva idear og regler ulike religiøse leiarar har ansvar for å oppretthalde internt i religionen.

– Mangelen på ei slik vilje, kopla med manglande kunnskap og ei sterk vilje til å kritisere, kan verte problematisk, seier Thorbjørnsrud.

Døving kan fortelje at imamane ho intervjua hadde positive erfaringer med pressa når dei sjølv var intervjua, men at imam som yrkeskategori vert negativt framstilt.

Føler seg mistenkeliggjort

– Dei følte seg ofte framstilt som mørkemenn og mistenkleggjort. Mykje av det som vert skriven om dei, vert skriven utan at dei vert intervjua, og representasjonen vert difor ofte feilaktig, meiner dei.

Døving meiner òg at som alle andre i leiarposisjon, så er òg religiøse leiarar av offentleg interesse.

– Makt bør alltid vere av interesse for journalistar og debattantar. Likefullt er nok religiøse leiarar noko meir utsatt for kritikk i kraft av å verte assosiert med tidlegare tider, då de religiøse leiarane hadde mykje meir makt i samfunnet enn i dag. Når det gjeld imamane er dei særs utsatt fordi dei representerar islam, og islam er som kjendt ikkje berre ein populær religion i dag.

I eit sekulært samfunn er religiøse leiarar sitt ansvar først og framst sosialt, og ikkje politiskt, om ein skal tru det forfattarane har funne. Imamar, prestar og rabbiar har eit ansvar for velværet til medlemmane i menigheitene. Det er openbart at det ligg ei makt i denne rolla - men kva den vert nytta til, virker veldig individuelt.

Vær velkommen til å delta i debatt på Fritanke.no. Vi ønsker en saklig og begrunnet debatt. Skarp kritikk må gjerne fremmes, men vi forventer at debattanter overholder alminnelig folkeskikk og norsk lov. Kommentarer som bryter med dette, kan bli slettet uten varsel eller begrunnelse. Fri tanke forbeholder seg retten til å svarteliste brukere ved spamming, personangrep, usaklige kommentarer og lignende.

Vi forbeholder oss retten til å sitere kommentarer fra Fritanke.no i Fri tankes papirutgave.

blog comments powered by Disqus