Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Hege Storhaug anklagar venstesida for å forsvara repressive islamske kreftar. Biletet er frå ein 1. mai-demonstrasjon i Oslo.

Hege Storhaug anklagar venstesida for å forsvara repressive islamske kreftar. Biletet er frå ein 1. mai-demonstrasjon i Oslo.

Er muslimane venstresidas nye "arbeidarklasse"?

- Venstresida har ingen tradisjonell arbeidarklasse å kjempe for lenger, og har peikt ut muslimane i denne rolla, meiner Hege Storhaug. Det er korkje Knut Vikør eller Lars Gule einige i.

Publisert:

Sist oppdatert: 23.03.2009 kl 09:26

- Venstresida har ingen tradisjonell arbeidarklasse å kjempe for lenger, og har behov for å definere ein ny "arbeidarklasse", altså har dei peikt ut muslimar generelt som den nye arbeidarklassa, meiner Hege Storhaug, talskvinne for Human Rights Service (HRS).

- Islam har dessutan grunnleggjande sosialistiske preg, i tillegg kjem den muslimske verdas generelle hat mot USA og Israel - altså felles kampsaker - og venstresidas hang til sjølvhat som fell i god jord hos særleg politisk motiverte muslimar sin negative haldning til fridomsverdiane våre, seier Storhaug.
Spørsmålet om bruk av hijab i politiet er eit slikt brennheitt tema, og Storhaug meiner ein kan sjå ein allianse danne seg mellom grupper av muslimar og venstresida.

- Dei repressive islamske kreftane er dyktige til å byggje alliansar med politikarar, journalistar, prestar og menneskerettsorganisasjonar som står på den politiske venstresida, som òg anti-rasistiske organisasjonar gjer og fleire meiningsbærande intellektuelle. Du vil sjå det i kven som vert invitert til kva konferansar og du vil sjå det ved tilsetjingar ved universiteta, seier Storhaug.

Ingen sameint venstreside

Ikkje alle kjenner seg att i denne skildringa.

- Venstresida har vel ikkje noko samla syn på islam og islamisme, det er mange ulike syn, protesterar Knut Vikør, historikar og ekspert på islam. Han tilhøyrer sjølv venstresida.

Vikør meiner at det er klart at dei som er kritiske til islam ønskjer at ein skal gå fram hardare mot islamske krefter. Han meiner òg at ein i dei fleste tilfeller snakkar forbi kvarandre fordi omgrep som "islamisme" og "radikal" islamisme ikkje vert presisert.

- Dersom ein med "radikal islamisme" meiner al-Qa'ida og dei som kastar bomber, er det heilt klart tøv å snakke om at venstresida har alliert seg med dei mot USA. Alle var sjokkert over 11. september-åtaket, seier Vikør.

Det vil vere feil å hevde at alle islamistar er bombekastarar. Dei fleste av dei føretrekk langt fredelegare verkemiddel, men har like fullt eit samfunn underlagt islam som mål. Blant desse finn ein det kontroversielle Muslimske brorskap frå Egypt.

I oktober mottok Bjørn Olav Utvik ved Universitetet i Oslo representantar frå det Muslimske brorskap med støtte frå Utanriksdepartementet. Hege Storhaug meiner at initiativet til Utvik er eit uttrykk for denne alliansedanninga, og både naivt og farleg:

- Naivt fordi han frå tidlegare historisk erfaring burde ha forstått ein ikkje flørtar med totalitære kreftar, og farleg i den forstand at han medverkar til å styrkje islamistane og svekke dei sekulære muslimske kreftane som sårt treng vår støtte. Det føyar seg inn i den lange rekkja av utstrakte intellektuelle og politiske hender til islamistar.

Storhaug hevder det Muslimske brorskap et opp våre demokrati frå innsida, og meiner det er påfallande at journalistar ikkje reagerar på invitasjonen frå Utvik. Utvik på si side meiner det er naturleg å ha ein dialog med leiande krefter i Midtausten.

- Å kalle dette å flørte med totalitære krefter er røyndomsfjernt og setje ting på hovudet, seier han til Fri tanke.

- I Midtausten lev folk under autoritære og totalitære regime, og organisasjonar som det Muslimske brorskap krev reformer og frie val.

Utvik understrekar at det Muslimske brorskapet med vestlege auge verker konservative når det gjeld ein del sosiale normer, som til dømes at dei ser mannen som overhovud i familien. Samstundes fremjar dei eit ønskje om auka deltaking av kvinner i politikk og samfunnsliv og er slik sett noko meir radikal enn den gjengse folkemeininga.

Palestinaspørsmålet

Det Muslimske brorskap er kjent for å ha kome med ein del anti-semittiske utsegn, og det er dei ikkje åleine om blant islamistiske organisasjonar: Hamas i Palestina og Hizballah i Libanon gjev begge uttrykk for haldningar som minner om tankegods frå tidleg på 1900-talet. Til dømes viser Hamas til dei fabrikkerte Sions Vises Protokollar, ein bibel for jødehatarar verda over, i sitt politiske program. Likevel får desse organisasjonane vid støtte hjå venstresida i Noreg og resten av verda.

- Deler av venstresida har klare sympatiar for Hamas og Hizballahs kamp mot Israel, både fordi dei kjemper aktivt mot sionismen, og fordi Hamas faktisk vann eit val og Hizballah har folkeleg støtte, seier Vikør, og meiner at venstresida er godt utrusta til å begrense si støtte til dei.

- I motsetnad til kritikarane klarar nok folk på venstresida å skilje mellom fleire tankar: at dei ser med sympati på motstanden mot Israel, samstundes som dei ikkje støttar det samfunnssynet som dei to partia står for, forklarar han.

Han avvis at ein "allianse" med det Muslimske brorskap er aktuell.

- Eg trur ikkje det er noko møtepunkt, korkje frå oss eller dei i politikken. Dei ser seg som eit moralsk og religiøst konservativt parti, som naturlegvis avviser ateismen i den europeiske venstresida. Skulle dei søkje partnar i europeisk politikk, måtte det vere hjå kristen-demokratane, seier Vikør.

Gule: - Feilslått kritikk frå de mest islamkritiske

Lars Gule, tidlegare generalsekretær i HEF, og mangeårig engasjert samfunnsdebattant, er litt meir kritisk til eindel på venstresida sitt forhold til slike grupper.

- Delar av venstresida kan vere for ukritisk til mørke sider av islam og islamismen. Men mykje av kritikken frå de mest islamkritiske er feilslått. Dei fordømer på si side alle som ikkje deler deira urimelege åtak på islam som vert sedd som den nye vondskapen i verda. Denne typen kritikk, til dømes frå Hege Storhaug, er diverre lite informert, ja, til tider direkte kunnskapslaus. På den andre sida, når venstresida støttar organisasjonar som Hizballah og Hamas er det meiningslaust. Ein kan ha sympati for dei som motstandsrørsler, men ein kan gå for langt. Under førre krigen i Libanon gjekk deler av venstresida for langt i si støtte til Hizballah. Same problemet har ein med Hamas, fortel han.

- Eit anna døme er korleis motstanden mot den amerikanske invasjonen og okkupasjonen av Irak vert omsett til full støtte for fanatiske sjølvmordsbombarar, seier Gule.

Gule understrek at sistnemnte heldigvis berre gjeld for små deler av den såkalla venstresida. Han meiner vidare at venstresida lurer seg sjølv om ein trur at islamisme mobiliserar til fridom.

Vikør meiner at ein må skilje mellom Hamas og Hizballah, som er masseorganisasjonar som stiller til val, og reine terrorgrupper som Al-Qa'ida. Også Hamas og Hizballah har nytta uakseptable terrormidlar i kampen sin, men grupper som Al-Qa'ida har ingen andre mål og meining enn terror.

- Hamas og Hizballah er ganske moderate innanfor islamismen, når ein ser på samfunnet dei byggjer opp i dei områda dei styrer. Dei har ikkje prøvd på noko "talibanisering", men har lagt vekt på nasjonalt einskap i ein motstand mot Israel i kvart sitt land. Men når ein ser verda gjennom "mistankens hermeneutikk", klarar ein ikkje å skilje mellom ulike variantar av "fienden"; all "lefling" med islam tyder slik at ein stiller seg på feil side av det ein oppfattar som ei kløft vi andre kanskje ikkje ser, fortel Vikør.

Antisemittisk smitte?
Vert venstresida smitta av islamismens antisemittisme? Det er dei som meiner det. Det er særleg når Israelspørsmålet dukkar opp at denne anklaga fremjast av Israels forsvarar, mot deira kritikarar. Så lenge venstresida vel å knytte seg til grupper som Hamas og Hizballah er kanskje dette ei rettmessig frykt.

- Det er difor viktig å ta avstand frå antisemittisme. Det er eit betydeleg faktum at antisemittismen står sterkt i den arabiske verda, seier Gule.

Knut Vikør er samd i at dette er eit reelt spørsmål.

- Når ein talar om arabiske haldningar, veit vi at dei ikkje trekk same klare skiljet mellom jødar og israelarar som vi meiner er rett, og at anti-jødiske stemningar er heilt reelle. Men dei står i ein krigssituasjon og det liknar på at svært mange nordmenn etter 1945 ikkje klarte å skilje mellom tyskarar, som nasjon, og nazismen som ideologi, fortel historikaren.

Vikør meiner likevel at dette ikkje smittar over på den norske venstresida.

- Eg trur at norske haldningar er ganske samstemte frå venstresida og langt over på høgresida; kritikk mot Israels politikk, men klar avstand frå anti-jødiske standpunkt, og full aksept av at Israel har livets rett, på linje med andre statar i verda. Israel er eit faktum, og det israelske folket er eit faktum, seier han.
Gule knyter Israelkritikken til ein lumsk antiamerikanisme.

- På den eine sida har ein rettvist Israelkritikk og antiimperialisme, på andre sida har ein antiamerikanisme som kjem til uttrykk i at ein går til åtak på alle ein ser som USA sine støttespelarar i Midtausten, seier han.

Det same finn ein att i mykje av kritikken av krigen mot terror. Venstresida var i mot invasjonane av Afghanistan og Irak, trass i at styresmaktene der var fascistoide og/eller reaksjonære teokratiske diktatur. Den britiske kommentatoren Nick Cohen, som sjølv tilhøyrer venstresida, meiner at store deler av venstresida mista sitt moralske kompass med kommunismens død og marknadsøkonomien sin antekne siger. Relativisme og antiamerikanisme. Når venstresida en masse protesterte mot invasjonen av Irak var det som eit uttrykk for antiamerikanisme og ein totalt manglande sympati for det irakiske folk og deira liding under Saddam Hussein. Dette synet deler han med fleire kommentatorar, men Vikør er ikkje samd.

- Det er opplagt at det ikkje var noko sympati eller støtte for Saddam, men det som vart hevda var at krigen ville vere som å velje kolera framfor pest, for å nytte eit forslite uttrykk. Det var overveldande sannsynleg at det som kom etter måtte vere kaos, og kunne verte borgarkrig, og like ille som Saddams diktatur, kor ille det enn var. Saddam måtte vekk, men på anna vis. Vi har vel fått rett i det.

Det er likevel ikkje til å kome frå at antiamerikanismen legg ein del føringar på venstresida i Noreg. Den ser ein att når legitim kritikk glir over i konspirasjonsteoriar, slik som den første leiaren av SV, Berit Ås, gjev uttrykk for når ho hevdar at amerikanske myndigheiter sjølv stod bak åtaka 11. september 2001 for å starte sin krig mot terror - gjerne med Israels hjelp.

I teorien ho forfektar var det sjølvsagt ikkje passasjerfly som trefte bygningen heller. Slike teoriar har god grobotn i eit miljø prega av ein idé om Vesten og USA som vonde, og i utvida forstand kan det liberale demokrati, som eit vestleg fenomen, verte oppfatta som ein del av dette vonde. Denne antiamerikanismen skapar ei mistru og ein opposisjon til alt Amerika gjer og står for, og i den grad islamistane er motstandarar av Amerika og Vesten, finn dei svært ofte ein villig alliert i venstresida.

html .fb_share_link { padding:2px 0 0 20px; height:16px; background:url(http://static.ak.fbcdn.net/images/share/facebook_share_icon.gif?2:26981) no-repeat top left; }Del på Facebook