Klassekampen at homofile fortjener å dø, er ein tilhengar av wahabi-islam. Etter alt oppstusset i norske medier har han nå emigrert til Medina i Saudi-Arabia. Foto: Lars Akerhaug/Scanpix"> Wahabisme - Saudi-Arabias islamistiske eksportartikkel
Wahabisme - Saudi-Arabias islamistiske eksportartikkel

Mohyeldeen Mohammad, som nyleg uttalde til Klassekampen at homofile fortjener å dø, er ein tilhengar av wahabi-islam. Etter alt oppstusset i norske medier har han nå emigrert til Medina i Saudi-Arabia. Foto: Lars Akerhaug/Scanpix

Wahabisme - Saudi-Arabias islamistiske eksportartikkel

Rundt 1740 inngjekk ein religiøs predikant og ein lokal krigsherre ein allianse i ein liten ørkenlandsby på den arabiske halvøya. Den alliansen gjev stadig gjenklang.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
23.02.2010 kl 14:27

Fredag 29. august 2003: To bilbomber går av utenfor den sjiamuslimske Imam Ali-moskeen i Najaf, gravstaden til Ali og ein sentral heilagstad for sjiamuslimar. Dei går av i det fredagsbøna er avslutta, og forsamlinga er på veg ut. Minst 85 menneske vert drepne. Ein av dei er ayatolla Sayed Muhammad Baqir al-Hakim, ein sentral sjiamuslimsk leiarfigur i landet.

Bak åtaket stod - ifølgje amerikanske og irakiske myndigheiter - den berykta jordanske terroristen Abu Musab az-Zarqawi og gruppa hans, som den gongen var kalt al Tawhid wa'l Jihad, eit namn som kan omsetjast som monoteisme og heilag strid.

I ein artikkel i Weekly Standard i oktober 2004 set den nykonservative amerikanaren Stephen Schwartz dette namnet inn i ein samanhang. Schwartz, som sjølv er muslim og sentral i det amerikanske Senter for Islamsk Pluralisme, meiner bruken av ordet tawhid klart knyter Zarqawi si gruppe til den arabiske teologen Muhammad ibn Abd al-Wahhab si tenkning, som Schwartz kallar "islamsk fascisme i si reinaste, saudistøtta utgåve - ideologisk, fanatisk og nihilistisk".

Svovelpredikanten al-Wahhab

Men kven var denne al-Wahhab, og kva for rolle speler han eigentleg i den globaliserte islamske verda? I ein artikkel på nettstaden Islamic Awakening fortel skribenten Muhammad al-Abdah om al-Wahhab på ein måte som nok er meint å minna om forteljinga om den islamske profeten Muhammad sjølv.

    Mot slutten av det ellevte hundreåret etter hijra - det attande etter vestleg tidsrekning - var den islamske verda gamaldags og full av ignoranse på alle livets område. Trua sitt lys hadde forsvunne frå hjarta til mange muslimar og sharia (her: vegen, journ.mrk) var sverta og øydelagd slik at mange muslimar var offer for ulike typar shirk eller polyteisme. Dei sette andre ved sidan av Gud og tok del i jahilliya (religiøs ignoranse, journ. mrk) på lik line med det som var tilfelle før Islam vaks fram.

    Mange muslimar trudde at enkelte personar var heilage og i stand til å hjelpa dei, til siger, til betre helse, osv. Overtru, fablar og nyvinningar [i religionen] var vanleg. [...] Midt i hjartet av dette kaoset, mørkret og denne uordenen gjorde ei stemme seg til kjenne, ei stemme som kalla folket til å venda attende til reinskapen og venleiken i trua, til den reine religionen og full underkasting til Gud, til monoteisme. Den stemma tilhøyrde sjeik Muhammad ibn Adb al-Wahhab.

Frå ein norsk ståstad kan kanskje al-Wahhab rett og slett omtalast som ein svovelpredikant. Han meinte at muslimane hadde vendt seg bort frå den sanne trua, og gått over til å vera vantru polyteistar. Han forfekta ein variant av ei tenkning som i religionsvitskapen vert kalla kalt salafisme, som også inkluderer andre - og langt meir moderate - fortolkningar av islam med fokus på salaf, forfedrene. Det var dei fyrste generasjonane muslimar som skulle tena som modellar.

I heimbyen 'Uyayna fekk al-Wahhab med seg den lokale herskaren, Uthman ibn Mu'ammar. Al-Wahhab overtydde ibn Mu'ammar om å riva ned gravplassen til Zayd ibn al-Khattab - ein av Muhammed sine følgjesvener. Gravplassen hadde ei sterk symbolsk rolle i religionen til folk i område, men al-Wahhab såg på "gravdyrking" som uislamsk. Al-Wahhab sytte også for at ei kvinne vart steina for utruskap.

Ein annan og mektigare herskar i området reagerte, og han bad Uthman ibn Mu'ammar ta livet av al-Wahhab. Uthman avslo, men al-Wahhab vart tvunge i eksil. Han endte opp i ein annan liten by, ad-Diriyah. Der oppstod ein allianse som pregar verda den dag i dag: al-Wahhab allierte seg med krigsherren Muhammad ibn Saud. Sidan den gongen har den wahhabistiske versjonen av islam vore sterkt knytt til Saud-familien, og til deira kongedøme: Saudi-Arabia. I dag kallar landet seg jamvel "monoteismens land". Wahhabismen fungerer som statsreligion.

- Ekstremt intolerant

- Spør du ein wahhabi vil han seia at det ikkje finst noko slikt som wahhabisme, forklarte ein av retningen sine fremste kritikarar, den kuwaitisk-fødde juristen og sharia-eksperten Khaled Abou El Fadl til artikkelskribenten då eg intervjua han i 2005. - Dei vil hevda at det berre er fiendane deira som brukar dette ordet.

Fiendar har imidlertid wahhabismen nok av. Ifølgje dei er shirk - eit arabisk ord som grovt kan omsetjast med polyteisme, trua på fleire gudar - ei utbredt synd blant muslimar.

Sjiamuslimane er skuldige, fordi dei ber ved gravstadene til martyrar og framtredande skriftlærde. Al-Ikhwan, krigarbrorskapet som hjalp grunnleggjaren av dagens Saudi-Arabia med å samla landet, såg helst at sjiamuslimar skulle tvangsomvendast, og sjiamuslimane i Saudi-Arabia er den dag i dag offer for sterk religiøs undertrykking.

Sufimuslimar, tilhengjarar av ein spirituell tradisjon som ofte vert samanlikna med jødisk kabbala og kristen gnostisisme, er også skuldige. Jødar og kristne er opplagte fiendar.

- Wahabisme rettferdiggjer antisemittisme

- Den wahhabistiske ideologien er ekstremt intolerant ovenfor andre tolkningar av islam, og endå meir intolerant ovanfor andre religiøse tradisjonar, seier Mohammed Ali Musawi til Fritanke.no

Han arbeider i den muslimske anti-ekstremistiske tenketanken Quilliam Foundation, saman med blant anna den etterkvart velkjende islamisme-kritikaren Ed Husain.

- Den bokstavlege lesinga av vers i Koranen og av hadith (tradisjonelle tekstar om profeten Muhammad sitt liv og lære, journ. mrk) er svært problematisk, og tillet ikkje at desse versa og tekstane vert sett inn i ein samanhang, seier Ali Musawi.

- Ideologien rettferdiggjer antisemittisme og andre former for religiøs og kulturell diskriminering. I tråd med forståinga frå det 7. hundreåret vert jødar og ikkje-muslimar generelt sett på som muslimane sine erkefiendar, seier han.

Globalisering av wahhabismen

Salafi-jihadismen, som er den akademiske definisjonen på den politiske og religiøse retninga t.d. al Qa'ida og tilknytte organisasjoner tilhøyrer, har på overflata ikkje så mykje til overs for den saudiske wahhabismen.

Den religiøse eliten i landet vert gjerne omtalt som "makta sine skriftlærde" eller - som al Qa'ida-ideologen Ayman al-Zawahiri kallar dei - "palass-skriftlærde". Det er også liten tvil om at seinare, meir openbert politisk orienterte tenkjarar har påverka salafi-jihadismen. Den viktigaste av dei alle er Sayyid Qutb.

Men Qutb sine idear har mange fellestrekk med wahhabismen, og salafi-jihadistane hentar både idear og rekruttar i Saudi-Arabia. Det var ikkje tilfeldig at femten av dei nitten 9/11-terroristane var saudi-arabarar. Wahhabismen sitt ekstreme verdsbilete gjev såjord for meir aktivistisk ekstremisme. Og denne tenkinga, som tidlegare nemnde Stephen Schwartz går så langt som å kalla "islam sin syfilis", vert i dag spreidd over heile verda.

- Med hjelp av oljeinntekter og gjennom sosialisering av utanlandske arbeidarar, har den wahhabistiske forvrengninga av islam spreidd seg vidt utover i løpet av dei siste tretti åra, skreiv den amerikanske muslimske statsvitaren Muqtedar Khan i 2003.

Khaled Abou El Fadl forklarer kvifor han særleg har kritisert islamismen på følgjande vis:

- Eg la merke til at Saudi-Arabia svært aktivt misjonerte for wahhabismen for å gje retninga ei viktig rolle innan islam. Dette er fullstendig katastrofalt, sidan denne retninga tømer islam for rasjonelt, humanistisk, jamvel kreativt og kunstnarisk innhald. I røyndomen øydeleggjer ho kulturen og i staden kjem ein svært intolerant ideologi.

Han legg til:

- Sjølv historia er wahhabismen fiendtleg ovanfor, sidan det meste av islamsk historie vert sett på som avvikande frå den sanne religionen. Og kva vert historia erstatta med? Ingenting. Berre ein haug med puritanske reglar om kva ein skal gjera og ikkje, korleis ein skal sitja, korleis ein skal eta, korleis ein skal gå på toalettet, korleis ein skal elska med kona si. I tillegg vert ikkje kvinner behandla som menneske, men som slavar av ektemennene sine, som skit.

Den britiske sosialdemokratiske journalisten Johann Hari meiner wahhabismen som produkt har lukkast svært godt i den globaliserte verda. I ein artikkel i The Independent skriv han:

- Gjennom å betala for tusenvis av skular, moskear og for opplæring av imamar, spreidde dei ideane til ein reaksjonær liten predikant på alle kontinenta. Det har vore ein marknadsføringsstrategi som får Ronald McDonald til å sjå ut som ein prustande, overvektig latsabb. Sakte, men sikkert lukkast dei i å undergrave andre og mildare former for islam. Dei globaliserer wahhabismen - og du betaler for det når du kjøper bensin.

Wahhabisme i Vesten

Globaliseringa av wahhabismen tyder at han også har kome til Vesten.

- Wahhabismen påverkar europeiske muslimar gjennom dei astronomiske summane som vert brukt på å finansiera europeiske moskear. Dette sikrar som regel at imamane i desse moskeane anten er wahhabiar, eller at dei har sympati for wahhabismen. I tillegg kjem den wahhabistiske litteraturen, seier Mohammed Ali Musawi i Quilliam Foundation.

Ein rapport frå amerikanske Center for Religious Freedom frå 2005 fortel korleis fleire store moskear i USA er finansiert av saudiske pengar, og går gjennom innhaldet i noko av den saudiske litteraturen som vert spreidd gjennom desse moskeane.

Nokre utdrag:

  • Hald deg vekke frå dei vantru, hat dei på grunn av religionen deira

  • Hels aldri på den kristne eller jøden fyrst

  • Gratuler aldri den vantru på hans heilagdagar

  • Vert aldri ven med ein vantru om det ikkje er for å omvenda han

  • Arbeid aldri for den vantru

Jødehat er ikkje vanskeleg å finna. Jødane får skulda for å ha "korrumpert den europeiske livsstilen", for å ha undergravd religion, familie og moral, for å spreia ateisme. Det vert også understreka at ein ikkje skal plassera pengane sine i bankar der ein får renter, som islam generelt er imot, men at det unntaksvis kan aksepterast, dersom renteinntektene vert nytta til å hjelpa fattige eller til å "støtta dei som er involverte i jihad (heilag strid) mot dei vantru".

Men det er ikkje berre jødar og kristne som får gjennomgå. Det får også andre muslimar. Dei som aksepterer andre idear enn dei wahhabistiske er "lojale ovanfor dei vantru" og "i nokon tilfelle forlet personen som gjer dette islam og mister trua si heilt". Straffa for dette er - ifølgje det saudiske synet - døden.

- Denne ideologien er ei barriere for integrering, for å seia det mildt, seier Mohammed Ali Musawi i Quilliam Foundation.

===========================

UNDERSAK:

Wahhabisme på norsk
PST overvaker enkeltpersonar og miljø med koplingar til wahhabismen i Noreg. Generalsekretæren i Islamsk Råd meiner det er snakk om eit marginalt problem.

Tekst: Øyvind Strømmen

Etter at Dagbladet publiserte ein Muhammed-karikatur som illustrasjon til ein artikkel om både muslimhets og jødehets på Facebook-sidene til Politiets Sikkerhetsteneste (PST) har saudisk-inspirert radikal islam definitivt også fått eit ansikt i Noreg: Mohammed Mohyeldeen.

Mohyeldeen har irakisk bakgrunn, og har budd i Larvik. Under demonstrasjonen mot Dagbladet og PST åtvara han om at det kan koma eit norsk 11. september, og seinare har han markert seg ved blant anna støtta steining av homofile og ved å omtala Noreg som "eit Satans demokrati".

Mohyeldeen studerer ved islamske universitet i Medina, som er ein sentral lærestad for den wahhabistiske læra.

Yusuf ibn Sayyid Hashim al-Rifaie, ein tidlegare kuwaitisk minister, omtalte på si eiga nettside universitet i særs lite venlege ordelag, og skulda saudi-arabarane for å uteksaminera "tidsinnstilte bomber", fylt med "alle typar dårlege meiningar om andre og med djup forakt".

Før dette har wahhabismen i lita grad vorte diskutert i norske media, og likeeins i norsk akademia. I Sverige er det annleis.

I november 2008 skreiv den svensk-iranske poeten Mohamed Omar - som då var redaktør for tidsskriftet Minaret - ein artikkel der han åtvara mot det han kalla "ei islamistisk sekt".

- Wahhabismen sitt mål er å verta det einaste legitime utgangspunktet for islam i Sverige og gjennom trugslar, vold, infiltrasjon og propaganda rydda vekk andre typar islam, skreiv Omar.

- Islamsk fest "uislamsk" i Sverige
Omar meinte det var grunn til uro, og oppmoda svenske muslimar til å ta opp kampen mot wahhabismen.

- Om me ikkje gjer noko idag, kjem me til å angra oss i morgon, hevda han.

- Det har til og med hendt at muslimar i svenske moskear har fått høyra at det er forbode å feira profeten sin fødselsdag, ei høgtid som er nasjonal helligdag i dei aller fleste muslimske land og som der vert feira med pomp og prakt. Men her i Sverige - eit ikkje-muslimsk land - får ein høyra at festen er "uislamsk", skreiv Omer.

Det skal seiast at same Omar berre to månader seinare - i samband med Gaza-krigen - endra bodskapen sitt drastisk. Den tidlegare dialogorienterte muslimen - som i 2008 også gav ut ei bok saman med presten Mikael Mogren - meiner no at den svenske kyrkja representerer Satan. Han melde seg også ut av PEN-klubben, som han no kallar "liberalimperialistisk, prosionistisk og anti-islamsk".

Han meiner nå at Israel stod bak 9/11, og har også markert seg som holocaustfornektar og som tilhengjar av ayatolla Khomeini.

Tidsskriftet Minaret har tatt avstand frå han, og det same gjeld dei fleste andre av hans tidlegare samarbeidspartnarar. Difor bør ein kanskje ta også det han skreiv om wahhabismen med ei klype salt.

Men Omar er ikkje den einaste som har teke opp temaet.

I 2006 laga "Uppdrag granskning" - SVT sitt svar på "Brennpunkt" - ein dokumentar som tok føre seg salafistane sin påverknad:

- I Sverige er det omlag 400.000 muslimar. Deira religion er islam, og av dei er omlag ein tredjedel aktivt religiøse. Blant dei aktivt religiøse finst det ein liten minoritet som sluttar seg til ein svært streng tolkning av islam. Dei kallar seg sjølv Salafi, heitte det i programmet.

SVT får her fortald frå fleire kantar at det går føre seg ein kamp mellom liberal og ekstrem islam i Sverige. Blant dei intervjua er den svenske forskaren Pernilla Ouis, som sjølv konverterte til islam som 21-åring. Ho har seinare skrive om si eiga "avislamisering" i det svenske tidsskriftet Humanisten, og meiner i dag at blant anna kvinneundertrykking er eit problem ved islam i seg sjølv.

- Dei seier jo nei til ein kvar form for integrasjonstankegang, seier ho om salafigruppene i intervjuet med SVT. Og skulda legg ho på saudi-arabiske pengar:

- Saudi-Arabia har vore dominerande i den muslimske rørsla frå 1970-talet og frametter, fordi dei hadde finansar til å spreia sin type islam.

Programmet synte til fleire moskear og organisasjonar i Sverige med klåre koplingar til wahhabismen. Fleire av dei fekk også tilskot frå den svenske staten.

Reaksjonane på SVT sitt program var delte. Nokre svenske muslimar meinte programmet endå ein gong gav eit negativt inntrykk av religionen deira. Andre var positive, og meinte debatten var høgst naudsynt.

Men kva med Noreg?

I Noreg har PST - ifølgje Dagbladet.no - stadfesta at dei også heldt "wahhabi- og salafi-orienterte" miljø og enkeltpersonar kopla til Saudi-Arabia under oppsikt.

Ifølgje VG vert Mohyeldeen Mohammad og ein mindre krins rundt han også rekna som ein tryggleiksrisiko, og sjølv om Trond Hugubukken i PST ikkje vil kommentera enkeltpersonar seier han til avisa at PST veit at det går føre seg "auka radikalisering i enkelte muslimske miljø", og at det er snakk om "personar med tilknytning til terrornettverk i utlandet".

I den ugraderte versjonen av ein rapport om islamisme sler PST også fast at "jihadistisk propagandamateriale" er "utbredt innenfor ekstreme islamistiske miljøer" her til lands, og at "internett får stadig større betydning for ekstreme islamistiske miljøer i Norge". Den ugraderte rapporten går ikkje nærare inn på kvar desse hentar sin ideologiske inspirasjon frå.

Fritanke.no har på eiga hand funne fram til både wahhabistisk og salafistisk propaganda på norsk på nettet, men ein del av dette ber preg av å vera maskinomsett.

Men også nettforum og populære nettsider som Facebook vert nytta som ei plattform. På Facebook finn vi blant anna at Mohyeldeen Mohammad kallar den profilerte muslimske studentleiaren Bushra Ishaq murtad (fråfallen) fordi ho tek avstand frå nokon form for straff av homofile. Han skriv også: "Her ser de kva slags "muslimar" som leier dei muslimske organisasjonane i dag".

Det arabiske ordet murtad tyder altså fråfallen. Det Mohyeldeen skriv er typisk for korleis både wahhabismen og den jihad-orienterte salafismen definerer dei muslimane dei er usamde med: Dei er ikkje muslimar. Legg ein wahhabistisk tenkning - og for den del tradisjonell islamsk lov - i botn tyder det også at dei kan straffast med døden.

Mohyeldeen reiste frå Noreg 21. februar for å halda fram studiane sine i Medina.

- Eg dreg til den beste staden i verda, så det blir deilig det, seier han om å reisa til det reaksjonære diktaturet.

Saudiske pengar bak moské i Tromsø

Etter det Fritanke.no kjenner til er ikkje saudisk finansiering det minste vanleg i muslimske miljø i Noreg.

Ein planlagt moské i Tromsø - eit praktbygg som er tenkt å måla seg med Ishavskatedralen - har imidlertid fått løfte om 20 mill. kroner i stønad frå ein saudisk forretningsmann.

Gjevaren ynskjer å vera anonym. Dagleg leiar i moskeen, Sandra Maryam Moe, seier til Vårt Land at det dreier seg om ei rein gåve, og at moskeen vil vera heilt sjølvstendig.

- Dessutan kjem pengane frå ein privatperson, og ikkje frå staten Saudi-Arabia, seier Moe.

- Marginale problemstillingar
Fritanke.no intervjua Shoaib Sultan - generelsekretær i Islamsk Råd Norge (IRN) - i januar, før bråket rundt Dagbladet og Mohyeldeen Mohammad starta.

Han meiner wahhabisme og saudi-arabisk finansiering er marginale problemstillingar i Noreg. Han meiner det også er viktig å vita sikkert kva ein snakkar om.

- Salafisme handlar om å gå attende til dei tre fyrste generasjonane av muslimar, og henta inspirasjon der, og sjå bort frå seinare utvikling. Wahhabisme er eit endå meir problematisk omgrep. Det er ingen eigen skule, og meir eit saudiarabisk uttrykk for islam, som i lita grad er representert i Noreg. Salafisme er noko meir utbreidd, men det er ikkje snakk om organiserte grupper, seier Sultan.

- Dette har ikkje vore noko tema for IRN, legg han til. - Nokon imamar har utdanning frå Saudi-Arabia, men det har heller ikkje vore problematisk.

Av dei ekstreme islamistiske gruppene som har fått noko merksemd i Noreg er Hizb-ut-Tahrir, ei internasjonal rørsle starta i Jerusalem i 1953. Hizb-ut-Tahrir er solid representert i både Storbritannia og Danmark.

Organisasjonen tente ifølgje den britiske avisa The Independent på at anti-saudiske stemningar breidde seg i wahhabistiske miljø. Al-Mujahiroun, ei utbrytargruppe frå HuT, fekk også nokre dagar i søkjelyset då deira britisk-baserte leiar Omar Bakri Muhammad tidleg i 2003 proklamerte at dei ville gjera Noreg til ein islamsk stat.

- I løpet av eit år er me sterke nok til å stå fram i Noreg, på offentlege stadar, i gatene, på universiteta, på stands, sa Bakri til VG.

Shoaib Sultan meiner at verken Hizb-ut-Tahrir eller utbrytargruppa al-Mujahiroun og seinare avleggjarar av denne høyrer heime i samanhangen.

- Dette er bråkmakarar som nyttar religionen som ei unnskyldning, seier Sultan. Han fortel at gruppene har freista å få fotfeste i Noreg, men at dei ikkje har klart det. - Men slår Noreg inn på ei "dansk line" er eg redd ein legg til rette for dei. I Danmark er jo HuT ein av dei store muslimske organisasjonane.

- Korleis kan ein bekjempa slike?

- Eg meiner at ein må ha ein tofrontsstrategi. For det fyrste må ein effektivt få ut informasjon om dei til dei gruppene dei vanlegvis siktar seg inn på, universitetsstudentar. For det andre må ein slå ned på kvar minste lovbrot. Oslo-politiet hadde eit prosjekt der dei nærast fulgte etter folk i kriminelle gjengar. Eg trur det kan fungera med desse også, seier han.

Se bildet større

Osama Bin-Laden har vokst opp som wahabistisk muslim i Saudi-Arabia.

Se bildet større

Quilliam-forundation er en britisk organisasjon som kjemper mot fundamentalistisk islam. Fritanke.no har snakket med Mohammed Ali Musawi fra organisasjonen.

Se bildet større

Mohyeldeen Mohammed har gjort wahabismen særs aktuell i Norge.

Siste nytt i Reportasje

Storslått markering av 50 humanistiske år i Vestfold

Vestfold fylkeslag slo på stortromma i Tønsberg i går kveld.

Livsfarlig å være ikke-troende

Mens FNs menneskerettserklæring slår fast at alle har rett til religionsfrihet, diskrimineres ateister og humanister i mange land.

Tyrkiske myndigheter stengte nettsiden til ateistgruppe

Zehra Pala mistet jobben etter å ha blitt truet av en muslimsk leder og nettsiden hennes ble stengt av regjeringen.

Finnes humanistisk musikk?

Det er ingen tvil om at det finnes religiøs musikk, men hva har livssynshumanismen å stille opp med?

Elsker livet, men vet han ikke har lenge igjen

Lorentz Kvammen tror det er bra for alle å tenke på at døden kommer.

Ateist med bok om kvinnelig Jesus

Bjærn Stærk mener vi har tatt vare på det verste fra kristendommen, og glemt det beste.

Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!