Ateistsko på utstilling på Café Mesh. Fram til lørdag kan du finne dine favorittateistsko. Foto: Dan-Raoul Husebø Miranda

– Ideen i starten var «Jesus-sko»:

Ateistiske hipstersko på Oslobesøk

Visste du at eit av dei lekraste designskoa på marknaden er Berlin-merket Atheist Shoes? Og at ateistar verda over ynskjer seg eit par? Nett no finn du dei ei kort tid til sal i Oslo.

Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Human-Etisk Forbund

Publisert:

Sist oppdatert: 24.04.2014 kl 15:30

Rett bortanfor Stortinget – i ein såkalla «pop-up shop» – kan du no og dei neste par dagane få kjøpt ditt eiga par av merket «Atheist Shoes». Gründeren bak, britisk-irske Berlin-baserte David Bonney, var invitert av gründerprosjektet Mesh – på Café Mesh – til å presentere prosjektet.

– Dei fleste startar med å finne eit produkt, for så å byggje opp merkevaren. Me gjorde det nok litt motsett: Me fant merkevaren før me fant produktet, opnar Bonney sin innleiing til dei nokon og tjue tilhørarane. Som til liks med Bonney ikkje verkar fyrst og fremst å vere ateistar, men designarar.

– Ideen i starten var vel «Jesus-sko»

– Ideen i starten var vel «Jesus-sko»: sko med vatn i, slik at ein kunne gå på vatn slik som Jesus. Monthy Python's Life of Brian fekk oss på rett spor: Skoen var teiknet!

– I stor grad, når ein tenkjer på ateistar no for tida, går tankane til Richard Dawkins, og hans raude A. Den A-en er verkeleg stygg, og gjev ein ikkje inntrykk av at dette er ei gruppe ein har lyst til å bli med i. Det hadde vore ynskjeleg at ateistar kunne bli sett på som kule, normale menneske, og ikkje bare som kranglevorne, eldre menn, slår Bonney fast.

– Tanken var alltid eit stilreint og enkelt design. Det er enno ikkje nokon sko i Bauhaus-museet, og kanskje kan vår ateistsko med vårt svarte hòl vere dei første der.

Prototypen vart finansiert av internett

I starten var det ein enkel idé med eit lite team, men ein runde på Reddit bekrefta at – om enn det var eit nisjeprodukt – så var det marknad for dette. Plutseleg hadde dei tusenvis av interesserte, og det vesle prosjektet gjekk frå prototype til realitet gjennom Kickstarter, kor dei nærmast nådde målet sitt to gongar. Kor vidt dette var på grunn av «Strategically Placed Kittens» eller ikkje kunne Bonney diverre ikkje seie noko om, fortalde han humoristisk.

– Det har likevel ikkje bare vore lett. Når ein startar opp noko sånt, i feil ende, utan erfaring som skomakar frå starten, møter ein stadig leverandørar som ikkje vil samarbeide med amatørar, eller som gjer opp så snart dei ser at me ikkje vil inngå kompromiss på våre idear, fortsett han.

– Me har vore innom fleire designbyrå, skofabrikkar, materialleverandørar enn eg har halde styr på, men etter kvart så gjekk det!

Eit suksess-produkt – til og med i Hollywood

Det vart god respons då dei starta for alvor. Folk i alle aldrar, på tvers av all demografi, var interesserte i skoa, og Bonney fortel om tenåringar i konservative miljø i USA som har brukt skoa til å komme ut som ateistar.

Bonney fortel om tenåringar i konservative miljø i USA som har brukt skoa til å komme ut som ateistar

– Me har og fått veldig god tilbakemelding frå ein Hollywood-personlegdom som er svært nøgd med dei, men som me ikkje har lov til å sei namnet på. No sitt me bare og håpar på at ein paparazzi snart kan få tatt eit bilete med skoa på, ler han.

Poststuntet som avslørte amerikansk postvesen

Atheist Shoes har prøvd å holde kostnadene nede, og marknadsføring er ikkje noko dei i stor grad har stått for direkte sjølv. I staden har dei gått i retning forskjellige stunt og forskjellig «silly stuff». For eit år sida var dei svært aktuelle med ein undersøking om diskriminering frå det amerikanske postvesenet USPS. Dei sendte 178 pakkar til 89 personar, i 49 statar i USA. Kvar person fekk to pakkar, ein forsegla med Atheist-teip, ein utan. Dei med tok gjennomsnittleg 3 dagar lengre, og var nesten 10 gongar meir sannsynleg at forsvann undervegs.

I tillegg til dette har dei ståande politikk på gratis sko til politikare som er villige til å stå fram med skoa på, i tillegg til avdøpingsseremoni (ikkje ulikt kva Humanistisk Ungdom har gjort tidlegare: http://fritanke.no/index.php?page=vis_nyhet&NyhetID=7402) og pop-up-butikkar som den på MESH no.

Overskuddet vil dei gje til humanitære prosjekt

Bonney la og fram vyar for framtida, og nokre tankar om «Tech shoes». Teknologi i staden for «Ich bin atheist» på skoen og kanskje ein nærleikssensor som startar å spele ein salme når du er tre meter frå ein anna med ateistsko, var bare noko av det dei lekte med. Dei har allereie lansert ei rekke babysko, til blanda mottaking, med «I believe in Mummy», «Daddy», og «Booby».

– Samtidig som me har lyst til å prøve nye ting, har vårt ynskje vore å holde kostnadene nede. Per no kostar det rundt 45 euro bare for produksjonen av skoa, og om me skulle ha fått skoa inn i butikkmarknaden, hadde prisen vorte minst 200-250 euro. Det er me ikkje interesserte i. Derfor held me oss då til vår vesle nisje, og held prisane så langt nede som mogleg. Per no så går me sånn cirka i null, og viss det skulle vere slik at me ein gong skulle gå i pluss, er planane å støtte eit humanitært prosjekt, til dømes arbeid mot kvinneleg kjønnslemlesting eller liknande.

Bonney har ikkje noko spesielt til overs for religion, sjølv om han ikkje er med Dawkins på at vitskapen ikkje har noko å lære frå religionen.

– Dette er kanskje noe av det mest fantastiske med ateismen: det er ingen definitiv bibel for ateistar. Me har «The Handbook of Atheism» i vårt utval, som ein spøk. Ho er heilt tom, og det er liksom det det er. Ein skal ha moglegheit til å leggje kva ein vil i det sjølv, utan å måtte fylgje dei og dei dogma.

På spørsmål om korleis han vil oppsummere opplevinga, så stoppar han opp, og tenkjer seg om.

– Viss i tvil, legg til kattungar: Internett elskar kattungar, smilar han.

Siste nytt i Nyheter Vis flere

Tilhørigordningen fases ut – Kirken får ingen nye barn fra Folkeregisteret

Tilhørigordningen fases ut – Kirken får ingen nye barn fra Folkeregisteret

– Hurra! utbryter HEFs styreleder. Når kirken ikke lenger får informasjon om nyfødte fra Folkeregisteret, mister de også muligheten til å føre opp nyfødte som «tilhørige».

Hva er egentlig forskerne enig om når det gjelder GMO?

GMO, del 3:

Hva er egentlig forskerne enig om når det gjelder GMO?

Statens senter for biosikkerhet ligger i Tromsø og heter Genøk. Vi tok en prat for å finne ut hva vi egentlig vet når det gjelder GMO.

Snart blir det nye statlige retningslinjer for skolegudstjenester

Snart blir det nye statlige retningslinjer for skolegudstjenester

Utdanningsdirektoratet vil ha innspill på Facebook.

Kristin Mile har fått jobb i STL

Kristin Mile har fått jobb i STL

I dag begynte Human-Etisk Forbunds tidligere generalsekretær Kristin Mile i sin nye jobb i STL – Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn.

Lover enda større Humanistisk uke neste år

Lover enda større Humanistisk uke neste år

I morgen starter Human-Etisk Forbunds årlige storsatsing på foredrag og arrangementer.

Storbritannia: Nå er de ikke-religiøse i flertall

Storbritannia: Nå er de ikke-religiøse i flertall

52 prosent sier de ikke har noen religion. Tro og religiøs praksis svekkes kraftig. – Dette må få konsekvenser for kirken, sier Humanists UK.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...