Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Donald Trump vart omfamna av Alt-Right-rørsla, og det vart laga hyllande Pepe-mem av han, som Trump sjølv retwitra.
 Foto: manipulert faksimile fra twitter

Donald Trump vart omfamna av Alt-Right-rørsla, og det vart laga hyllande Pepe-mem av han, som Trump sjølv retwitra. Foto: manipulert faksimile fra twitter

Den amerikanske Alt-Right-rørsla

Til høgre for folkeskikken

BAKGRUNN: «Hail Trump. Hail our people. Hail victory» ropte dei og gjorde nazihelsing. Donald Trump vart omfamna av det såkalla Alt-Right, ei rørsle basert på rasisme, konspirasjonsteoriar og kvit identitetspolitikk. Øyvind Strømmen nøster trådene du treng for å forstå kor denne amerikanske ny-fascismen kjem frå.

Publisert:

Sist oppdatert: 07.06.2018 kl 10:15

19. november i fjor, ikkje lenge etter at Donald Trump vann det amerikanske presidentvalet, arrangerte tenketanken med det uskuldige namnet National Policy Institute (NPI) ein konferanse nokre kvartal frå det Kvite hus.

I ei avsluttande tale på konferansen sa Richard B. Spencer, tenketankens leiar, at europearar er «i historia sitt sentrum»:

«Ingen sørger over dei store brota utført mot oss. For oss handlar det om å erobra eller døy. Dette er ei unik byrde for den kvite mann, at lagnaden vår heilt og halde ligg i våre eigne hender».

Det normale er storslått

Han heldt fram med å seia at dette var passande, fordi europearar har eit stort potensial som «born av sola».

«Me var ikkje meint å leva i skam og svakhet og vanære. Me var ikkje meint å trygla etter moralsk godkjenning frå nokre av dei mest avskyelege vesena som ureinar jorda på denne planeten. Me var meint å vinna, å vinna over det heile. Fordi det er naturleg for oss. Fordi det - for oss europearar - berre er normalt igjen når det er storslått igjen».

Great again. Referansen til Trump sitt valkampslagord var openberr nok. Og så kom avsluttinga: «Hail Trump. Hail our people. Hail victory».

Nokre av dei som var i publikum - ikkje eit fleirtal, men mange nok til at det uomgjengeleg fekk merksemd i etterkant - svara på det siste gjennom å løfta høgre armen med ei utstrakt hand, til det dei fleste vil oppfatta som ei nazihelsing.

Ei leiarlaus rørsle

«Trump har mang en gang blitt beskyldt for å spre rasisme», skreiv Dagbladet nokre dagar seinare. «Nå har en gruppe konservative, hvite menn kjent for svært rasistiske ytringer dratt navnet hans inn i nok en uheldig sak». Artikkelen omtalte Spencer som leiar av «den amerikanske nasjonalistbevegelsen Alt-right».

Den eigentlege historia er ei historie om ei leiarlaus rørsle. Og om noko anna enn konservatisme. Men den handlar definitivt også om Richard B. Spencer.

Richard B. Spencer er leiar av tenketanken National Policy Institute.
 Foto: WikipediaCommons

Richard B. Spencer er leiar av tenketanken National Policy Institute. Foto: WikipediaCommons

For å forstå kva NPI er, er det naudsynt å gå attende i tid. Bak tenketanken står rikmannen William H. Regnery II.

Rikfamilien sitt svarte får

Namnet Regnery har i fleire tiår vore knytt til den amerikanske konservative rørsla, ikkje minst gjennom forlagsverksemda Regnery Publishing, som vart grunnlagt av William sin onkel, Henry, og var i familien sitt eige fram til 1993. Forlaget gav ut ei rekke bøker som var viktige for den amerikanske etterkrigskonservatismen, som William F. Buckleys God and Man at Yale og Russell Kirks The Conservative Mind.

Det åleine kan nok vera meir enn nok til at norske sosialdemokratar set kaffien i halsen, men William er det ein kanskje kan kalla Regnery-familien sitt svarte får. Den løyndomsfulle og mediesky rikmannen har ikkje halde seg til tradisjonell amerikansk konservatisme. I staden for har han i ei årrekke finansiert initiativ aller ytst til høgre i amerikansk politikk, eit myrlandskap djupt prega av både antisemittisme og rasisme.

I 2001 grunnla Regnery ei stifting kalla Charles Martel Society, «ein heim for vestleg nasjonalisme» kalla opp etter den frankiske leiaren Karl Martell, hærføraren som vann slaget ved Poitiers i 732 og dermed stogga maurarane, det vil seie muslimane, frå å overta landområde også på den franske sida av Pyreneane. Denne stiftinga gjev ut tidsskriftet The Occidental Quarterly, som lover å gje «vestlege perspektiv på menneske, kultur og politikk», og som i røynda har fungert som eit organ for ein intellektuell høgreekstremisme.

William H. Regnery II er rikmannen som i ei årrekke har finansiert initiativ aller ytst til høgre i amerikansk politikk.
 Foto: faksimile

William H. Regnery II er rikmannen som i ei årrekke har finansiert initiativ aller ytst til høgre i amerikansk politikk. Foto: faksimile

Påverknad frå fransk nyfascisme

I 2010 fekk tidsskriftet sine lesarar til dømes presentert artikkelen «Toward the White Republic», skriven av Michael O'Meara, ein amerikanar som er sterkt påverka av den franske, nyfascistiske nouvelle droite(nye høgre)-rørsla.

I artikkelen skriv O'Meara:

«Europeiske amerikanarar vil ikkje overleva ein generasjon til under det noverande jødisk-negroide regimet. Rasebevisste konservative reknar med eit framtidig kvitt tilbakeslag for å kunna mobilisera til forsvar for kvite interesser. Gjennom ei slik mobilisering - og gjennom ein 'marsj gjennom institusjonane' som vert snakka mykje om, men i lita grad praktisert - vonar dei å auka kvit rasebevissthet, å stå imot det demografiske trugsmålet ikkje-kvite utgjer og å introdusera reformer som vil innskrenka ikkje-kvit makt».

«Alt dette er sjølvsagt ynskeleg», kommenterer O'Meara, før han held fram:

«Men dei reknar med å oppnå denne utopien utan at dei forklarer korleis dei skal motstå ein befolkning som vil vera halvt ikkje-kvit innan 33 år; utan å forklara korleis dei skal utfordra ei regjering som kriminaliserer kvit motstand; utan å forklara korleis eit system kan forandrast grunnleggjande utan at ein grunnleggjande forandrar institusjonane og kreftene som styrer det, som gjer det til det det er».

Som alternativ teiknar O'Meara opp lausriving, om ikkje anna som eit draumeideal:

«Sjå for deg, ein augneblink, eit kvitt heimland i Nord-Amerika, fritt for den jødeinfiserte amerikanske regjeringa, med sine farga folkemasser og sine parasittiske institusjonar. For meg seier dette biletet alt, det forklarer alt, det lover alt».

Frå konservativ student til ytste høgre

I 2005 stod Regnery bak endå eit initiativ: NPI - National Policy Institute. Til liks med Charles Martel Society og The Occidental Quarterly var NPI knytt til den såkalla kvite nasjonalismen frå starten av. Den fyrste formannen i det såkalla instituttet var Louis R. Andrews, som elles var involvert i både Occidental Quarterly og i Washington Summit Publishers, eit lite forlag som gav ut bøker om raseteoriar og eugenikk.

Etter at Andrews døydde seint i desember 2011 fekk NPI ein ny formann: Richard B. Spencer.

Den bostonfødde texanaren hadde nokre år tidlegare hoppa av doktorgradsstudiane i europeisk idéhistorie på Duke University, der han også var aktiv i Duke Conservative Union. Som DCU-medlem arrangerte han blant anna ein debatt mellom den vidgjetne og innvandringsliberale journalisten Peter Laufer og den mindre kjende britisk-fødde skribenten Peter Brimelow, redaktør for den innvandringsfiendtlege nettstaden VDARE. Medan Brimelow har kalla seg sjølv paleokonservativ («autentisk konservativ» i motsetnad til dei nykonservative), er VDARE ein nettstad der rasefokuserte nasjonalistar - såkalla «white nationalists» - har fritt spelerom.

Omgrepet «Alternative Right»

Etter å ha forlate Duke vart Spencer tilsett i tidsskriftet The American Conservative (TAC), grunnlagt i 2002 av politikeren Pat Buchanan med fleire. TAC var den gong noko av eit talerøyr for røyster på den amerikanske høgresida som var misnøgde med Bush-administrasjonen og kritiske til nykonservatismen. Etter ei stund fekk Spencer sparken her, men gjekk over til å redigera Taki's Magazine, eit magasin grunnlagt av den gresk-amerikanske journalisten Taki Theadoracopulos, som også hadde vore med å grunnleggja TAC.

Under Spencer si leiing tok Taki's Magazine ein skarp sving mot høgre. Samstundes dukka omgrepet «alternative right», den alternative høgresida, stadig opp. Det var ein samlesekk, eit omgrep som omfamna omtrent alt som var av motstandarar av nykonservatismen på høgresida, eit omgrep der både libertarianarar, utanrikspolitiske isolasjonistar og kvit makt-fantastar passa inn.

Mange av dei hadde også ein annan ting til felles: Dei støtta ein outsider i det republikanske primærvalet i 2008, ein presidentkandidat som var lite synleg i dei store media, men som samla støtte på internett: Ron Paul.

«Synspunkta mine i 2008 var ikkje så ulike dei eg har no, sjølv om eg - som alle andre - har utvikla meg», fortel Spencer sjølv i ein tekst frå 2016:

«Eg hadde den same kyniske innstillinga til val. Eg trur ikkje ein forandrar verda gjennom val. Ein forandrar verda gjennom store kulturelle endringar... Men Ron Paul fylte meg verkeleg med entusiasme, og han fylte millionar med entusiasme, fordi han var ein anti-system-kandidat».

Kvit identitetspolitikk og nasjonalisme

I 2009 gjekk Spencer sine eigne vegar. Han grunnla eit nytt nettbasert tidsskrift, som fekk namnet Alternative Right. Det er der namnet Alt-Right kjem frå. Og det er på mange måtar her den fyrste versjonen av dette uklårt avgrensa fenomenet dukkar opp, som ein arving etter outsiderar på den amerikanske høgresida, prega av kvit nasjonalisme, og som eit utslag av ein kvit identitetspolitikk som definitivt var påverka av både den franske nye høgre-rørsla og av den italienske anti-modernistiske filosofen Julius Evola. Sistnemnde nekta under ein rettssak mot han i 1951 for å vera fascist og hevda i staden for å vera «superfascist».

Dette Alt-Right var ikkje så nytt i det heile. Det var meir av det same gamle, men i ei anna form.

Ein av dei andre som talte på NPI-konferansen i november 2016 var ein mann som på nettet er kjend under namnet «Millennial Woes», og for videoar der han fremjar sine idear frå den ytste høgrekanten, gjerne samstundes som han kjederøyker. Millennial Woes har blant anna argumentert mot kvinneleg røysterett, som han meiner fører til at kulturen vert sårbar.

Colin Robertson, ein tidlegare kunststudent frå Skotland, er Alt-Right-rørsla si YouTube-stjerne som vloggar under namnet Millennial Woes.
 Foto: faksimile fra YouTube

Colin Robertson, ein tidlegare kunststudent frå Skotland, er Alt-Right-rørsla si YouTube-stjerne som vloggar under namnet Millennial Woes. Foto: faksimile fra YouTube

Eigentleg heiter han Colin Robertson, og han er ein tidlegare kunststudent frå den skotske småbyen Linlithgow, ikkje langt frå Edinburgh.

Ei stigande stjerne i Alt-Right-rørsla

Eit par månader før NPI-konferansen var Robertson i Nederland, der han heldt eit føredrag i regi av den då nyetablerte foreininga Erkenbrand, som på nettsida si presenterer seg som «eit studieforbund som følgjer det europeiske nye høgre si line».

Der vart han introdusert som ei stigande stjerne i Alt-Right-rørsla. Innlegget han heldt starta med ei forteljing om korleis han i Rotterdam hadde observert bylivet, og fått auge på fleire «unge svarte mødre». Han koplar synet av ei lita hand i ei barnevogn, «som verka så harmlaus», saman med synet av tre unge menn som vart omtalt som gjengmedlemmer fordi dei helste på kvarandre ved bruk av handsignal. Slikt ghetto scum ville også barnet i barnevogna bli om tjue år, sa Robertson.

«Eg freistar å illustrera det me alle veit, nemleg at sentimentalitet er veldig farleg». Etter dette snakkar han om korleis «tradisjonell identitet» vert gjort uklar av «alle slags krefter»: globalisering, politisk korrektheit, mangfald, moderne hjelpemiddel, teknologi. «Men me er stadig klår over desse identitetane, me ser framleis i spegelen, og ser ein nederlandsk person, ein skotsk person, og sjølvsagt - vågar eg å seia det - ein kvit person. For [...] det koker ned til dette: fargen. Kvit. Den kaukasiske rasa».

«Positiv stadfesting av kvit identitet»

I kampen for nasjonal identitet, slik Robertson argumenterer for det, må europearane sjå på seg sjølv som ein del av den same gruppa av offer: kvite.

«Kontrajihadrørsla er ikkje nok», sa Robertson. «Det er berre ein negativ ting, berre eit åtak på islam, det er ikkje ei positiv stadfesting av kvit identitet». Ifølgje Alt-Right-vloggaren er me på veg mot ei «menneskeleg gjørme, utan land og utan raser», og det er ei utvikling me må stå imot.

Igjen er den nemnde kvite nasjonalismen openberr, men også ei anna av Alt-Right-rørsla sine røter, identitetsrørsla, eit born av det europeiske - og særleg franske – ytre høgre meir enn av det amerikanske. Alt-Right-rørsla er besett av identitetspolitikk, identitetspolitikk knytt til den kvite rasa. Ikkje overraskande vert dette – også hjå Robertson – kombinert med blant anna jødehat.

«Det er... problem... med det jødiske folket»

I eit intervju med The Atlantic, gjort i samband med NPI-konferansen, forklarte han sjølv korleis han hadde opplevd det å flytta til London - der han studerte kunst - som «svimlande og forferdeleg», grunna byens mangfald. Han heldt fram: «For to eller tre år sidan forstod eg endeleg det som vert kalla det jødiske spørsmålet. At det er... problem... med det jødiske folket. Og det var vanskeleg, fordi eg verkeleg ikkje ynskte å bli ein antisemitt. Det er den største klisjeen, høgresidas største klisjé».

Som YouTube-stjerne for Alt-Right-rørsla har Millennial Woes også noko til felles med den andre versjonen av rørsla, den varianten som vaks fram på nettet etter at Spencer si nettside Alternative Right vart stengt.

Men der Robertson sine videoar er prega av mørke, er denne rørsla prega av ein subkulturell leik med tabubryting, av internett-mem og av trolling, i ein forstand som ligg nærare det opphavlege nettuttrykket (der eit troll er ein person som aktivt går inn for å spora av nettdebattar, og som gjerne driv med reine bløffar for å gjera det) enn den moderne bruken av ordet troll på blant anna norsk (der omgrepet troll ofte brukast om nokon som formidlar til dømes rasistiske eller kvinnefiendtlege idear).

4chan - eit grenseoverskridande forum

Nettforumet 4chan oppstod i 2003 opphavleg som ein stad der ein kunne dela bilete og diskutera manga og anime, japanske teikneseriar.

Det var raskt populært og fekk ei rekkje underforum der brukarane kunne diskutera ulike tema. Eitt av dei, det generelle forumet «/b/», er blant dei meir notoriske. Attende i 2008 skildra Mattathias Schwartz /b/ som ei slags blanding av ein toalettvegg og «ein blogg utan postar, men med kommentarar fulle av slang du er for gamal til å forstå».

Det var inga upresis omtale. 4chan vart ein stad å dela mørke tankar, rar pornografi og ekle bilete; ein stad der det vart vitsa med sjølvmord, men også ein stad der både morosame og mindre morosame internett-mem vart fødd.

Ei skildring skriven av ein /b/-entusiast, og attgjeve i Angela Nagles bok Kill all normies, kan synleggjera fleire av dei problematiske trekka ved den kulturen som vaks fram der. I den vert /b/ skildra som han fyren som ber krøplingen som står framfor han i køa om å skunda seg; som han som glaner på bilulukker; som han som leverer dei sædstenka kleda sine til Fretex; som ein «heit incestiøs draum»; som han som etterlet eit brukt kondom ved skulegarden; som røysta som kviskrar at det ikkje speler noko rolle at ei jente er full; som onkelen som har tatt på deg; som den kompisen som snakkar om mor di sine melonar; men og som den einaste som forstår deg - og som vedunderleg.

4Chan er - kort fortalt - ein grenseoverskridande stad.

Remiks av ideen Alt-Right

Det gjeld ikkje berre /b/, men også underforumet «/pol/», som stadig er ein av samlingsstadene til Alt-Right-rørsla sine anonyme nettkrigarar, og ein stad ein ikkje nett treng å grava for å finna rasisme og misogyni. Då nettstaden Alternative Right forsvann var dette ein av stadene ideen Alt-Right overlevde, og ein stad der den vart remiksa av hovudsakeleg unge menn med kjennskap til og forståing av internettkultur.

Det er dette som er forklaringa på at fleire av dei symbola som har vorte knytt til Alt-Right-rørsla har ei urhistorie på nett.

Frosken Pepe, opphavleg skapt av amerikanaren Matt Furie til ein teikneserie publisert på det sosiale nettsamfunnet MySpace, tok av som mem på både MySpace og 4chan lenge før den vart eit Alt-Right-symbol. Tabubrytande ytre høgre-sympatisørar omfamna også Pepe, som så dukka opp som ein del av både antisemittiske og rasistiske memer, i naziuniform, med swastikaer i auga og i Ku Klux Klan-kostyme.

I dag vert Pepe lista som eit hatsymbol av Anti-Defamation League, og Furie - som har fordømt at «rasistar og antisemittar bruker det som ein gong var ein fredeleg froskefyr frå teikneserien min som eit hatikon» - har i form av ei serieteikning rett og slett tatt livet av karakteren. På Alt-Right-nettsider lever figuren vidare. Pepe passar dei, for frosken vert framstilt som ein respektlaus, vulgær, ironisk karakter, slik Alt-Right også ynskjer å framstilla seg sjølv.

KEK, eit anna Alt-Right-symbol, starta som ei omskriving av LOL, men vart knytt saman med både Pepe og med den egyptiske guden Kek. I dag finst også ideen Kekistan, eit fiktivt land for politisk ukorrekte «shitposters», med eit eige flagg som kan minna om naziflagget, men der hakekrossen er erstatta med ein kross forma av bokstavane KEK.

Sentrale kjenneteikn ved Alt-Right

Men sjølv om denne andre versjonen av Alt-Right - takka vere påverknad frå nettkultur - er mindre humørlaus enn rørslene den fyrste versjonen var ein arvtakar av, er mykje framleis ved det same gamle.

Det er ikkje heilt lett å avgrensa Alt-Right som fenomen.

Tre kjenneteikn er likevel sentrale: Det fyrste er at rørsla er grunnleggjande rasistisk. Det andre er at konspirasjonsteoretisk tankegods, mellom anna antisemittisme, florerer. Det tredje er kvit identitetspolitikk.

Trump og Pepe

Omgrepet Alt-Right vart ofte nemnd i samband med Donald Trump sin valsiger, og i blant vart også rørsla gjort viktigare enn ho er. Kontroversielle aktørar nær Trump, som den no avsette sjefsstrategen Steve Bannon, vart knytt til rørsla.

Til ei viss grad er det Trump si skuld, for fram til nazihelsingane dukka opp på NPI-konferansen var han langt ifrå ivrig på å ta avstand frå ei rørsle som i betydeleg grad omfamna han varmt, om ikkje anna fordi dei meinte at han var ein anti-system-kandidat som førte ting i deira retning. Trump tvitra også eit bilete av seg sjølv som Pepe hausten 2015.

Hausten 2015 tvitra presidentkandidat Donald Trump eit bilete av seg sjølv som Alt-Right-ikonet Pepe.
 Foto: faksimile fra Twitter

Hausten 2015 tvitra presidentkandidat Donald Trump eit bilete av seg sjølv som Alt-Right-ikonet Pepe. Foto: faksimile fra Twitter

Til ei viss grad var det Bannon si skuld. Som sjef for den sterkt høgreorienterte nettstaden Breitbart omtala han denne som ei plattform for Alt-Right, og same nettstad publiserte også ei relativt sympatisk framstilling av fenomenet, skrive av Allum Bokhari og Milo Yiannopoulous. Sistnemnde er ein provokatør av rang, og ikkje utan fellestrekk med alternativhøgre sine Pepe-fans.

Dei ulike Alt-Right

Dersom ein forstår omgrepet slik det til ei viss grad vart forstått då det fyrst dukka opp i Taki's Magazine - som ein samlesekk for ulike delar av den ikkje-etablerte høgresida - gjev det jamvel ei viss meining. Men ein risikerer samstundes å gjera omgrepet i seg sjølv meiningslaust.

I røynda er Alt-Right minst to ting.

Det fyrste er ei rørsle av sjølverklærte kvite nasjonalistar, ei rørsle besatt av kvit identitet. Det er denne verda svenske Patrik Hermansson, som infiltrerte rørsla, har skildra for britiske Hope Not Hate. Det er ei verd der samtaletema rundt middagsbordet er ein komande rasekrig, draumar om massedeportasjonar og fantasiar om at kvite menneske vert utsett for eit folkemord.

Det andre
er ei rørsle av sinte millennials på nettet, i stor grad menn, som har teke til seg mykje av dette tankegodset, og som kombinerer det med ein nettkultur som i seg sjølv er eit resultat av nettopp den globaliseringa dei uttrykker hat mot.

Inspirasjon til Noreg

Alt-Right fekk eit skot for baugen grunna nazihelsingane i Washington D.C. Alt-Right-vloggaren RamZPaul - Paul Ray Ramsey - konkluderte etterpå med at merkevara var skada, fordi normale amerikanarar ikkje vil stø nazisme. Greg Johnson på nettstaden Counter-Currents, ein open antisemitt, omtalte det som «ironisk - eller kanskje berre sørgeleg passande - at Richard Spencer, mannen som lanserte alternativhøgre som merkevare, nettopp kan øydelagt ho».

Mange i det som har vorte kalla Alt-Right-rørsla såg eit potensial i Trump sin valsiger. Det såkalla Overton-vindauga - kva som vert oppfatta som legitime politiske synspunkt - hadde flytta seg nærare dei. Og så slamra nokre nazihelsande publikumarar på NPI-konferansen vindauga over fingrane deira.

Alt-Right-kunstner Lilith Keogh stod i sommar bak utstillinga «That’s a small step for a frog», med symbol fra ytste amerikanske høgre. Flagget i bakgrunnen symboliserar «Kekistan», eit fiktivt heimland for alt-rightere som meinar seg forfulgte av «politisk korrektheit».
 Foto: John Færseth

Alt-Right-kunstner Lilith Keogh stod i sommar bak utstillinga «That’s a small step for a frog», med symbol fra ytste amerikanske høgre. Flagget i bakgrunnen symboliserar «Kekistan», eit fiktivt heimland for alt-rightere som meinar seg forfulgte av «politisk korrektheit». Foto: John Færseth

Men i Noreg har delar av ytre høgre fått inspirasjon frå USA, inspirasjon til å næra eigne fantasiar om tilsvarande politisk påverknad som Alt-Right (med rette eller slett ikkje) har fått æra for. Partiet Alliansen forsøkte seg på ein valkamp like vulgær som Pepe, og då ei Pepe-fokusert Alt-Right-kunstutstilling gjekk av stabelen i Oslo i august var partileiar Hans Lysglimt Johansen til stades.

Målmannen til ytre høgre

Tidlegare den sommaren vart det arrangert ein konferanse i Oslo, i regi av det såkalla Scandza Forum. Blant gjestane var både omtalte Greg Johnson - som snakka om at det er naudsynt å snu innvandrarstraumen - og Colin Robertson, også kjend som Millennial Woes. Sistnemde tala blant anna om eit mareritt han påstod å ha hatt nokre dagar tidlegare, der folk vart omforma til rosa gørr av eit grufullt kjemikalie i eit terroråtak, sjølvsagt forstått som eit bilete på globaliseringa.

Mot slutten av tala gjekk han til åtak på flyktningar som «ikkje høyrer til i Europa» og på «den rotlause kosmopolitten», «ei ulempe på to bein» og «ein kastrert agent av krefter han ikkje kan forstå, som arbeider for å øyda ting han umogleg kan verdsetja».

Han fekk varm applaus.

I etterkant publiserte tidsskriftet Målmannen - eit ytre høgre-tidskrift skrive på djupt konservativ nynorsk- eit intervju med ein av mennene bak Scandza Forum, islendingen Fróði Midjord. Han omtalte talane som eineståande, publikum som sett saman av «umåtelegt gåverike» personar og det heile som «ein retteleg 'white pill'».

Det er ei omskriving av den raude pillen i The Matrix, ein referanse til «kvit oppvakning», til at ein endeleg har skjøna korleis verda eigentleg heng saman.

Om artikkelforfatteren:
Øyvind Strømmen er religionsviter og frilansjournalist og har skrive om høgreekstremisme og radikal islamisme i ulike norske medium. Han har og gitt ut fleire bøker om ytre høgre, og kjem ut med bok om Ungarn til neste år.

Kjelder og vidare lesestoff

Bøker:

• George Hawley, Making Sense of the Alt-Right, Columbia University Press, 2017.

• Angela Nagle, Kill all normies: Online culture wars from 4chan and Tumblr to Trump and the Alt-Right, Zero Books, 2017.

Artiklar:

• Allum Bokhari og Milo Yiannopoulos, «An Establishment Conservative’s Guide to the Alt-Right», Breitbart, 29. mars 2016.

• John Færseth, «Alt-art. Når frosken kommer ut av sekken», Humanist, 25. august 2017.

• Josh Harkinson, «Meet the White Nationalist Trying to ride the Trump Train to Lasting Power», Mother Jones, 27. oktober 2016.

• Patrik Hermansson, «My year inside the international Alt-Right», Hope not Hate, september 2017.

• Daniel Lombroso og Yoni Appelbaum, «’Hail Trump’: White Nationalists Salute the President-Elect», The Atlantic, 21. november 2016.

«Exposed racist vlogger flees home and faces police probe», Sunday Herald, 15. januar 2017.

• Libby Nelson, «Why the Anti-Defamation League just put the Pepe the Frog meme on its hate symbols list», 28. september 2016.

• Michael O’Meara, «Toward the White Republic», The Occidental Quarterly, nr. 3, 2010.

• Aja Romano, «Pepe the Frog was killed by his creator. But his alt-right legacy lives on», Vox, 9. mai 2017.

• Mattathias Schwartz, «The Trolls Among Us», New York Times, 3. august 2008.

• Rieves Wiedeman, «The Duke Lacrosse Scandal and the Birth of the Alt-Right», NYMag, 14. april 2017.

• Graeme Wood, «His Kampf», The Atlantic, juni 2017.