Kjøn, løgn og videospel

Spelet Grand Theft Auto 5 kan og verte sett på som eit bidrag til ein kritikk av moderne maskulinitet, skriv Kristian Bjørkelo. FOTO: Promobilde, Rockstar Games

Kjøn, løgn og videospel

Dataspel har blitt eit av dei viktigaste kulturprodukta i dag, likevel vil både ivrige entusiastar og kritikarar gje spela særhandsaming. Fleire og fleire krev at dataspel vert tatt på alvor som kulturuttrykk, både på godt og vondt.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
08.01.2015 kl 20:48

Som alle «nye» medieformer er dataspel som sjanger er stadig sentrum for ulike mediepanikker. No sist har Kvinnefronten sendt ut krav om at det valdelege Grand Theft Auto 5 vert fjerna frå butikkhyllene. Dette fordi: «GTA V oppmuntrer spillerne til å myrde kvinner som underholdning.

Dette foregår på den måten at hvis man utfører seksuell vold mot kvinner, og deretter misbruker eller dreper dem, får man ‘health points’». Og vidare at: «Etter å ha utført ulike seksuelle handlinger, får spillerne valget om å drepe kvinnen ved å slå henne bevisstløs eller drepe henne med machete, balltre eller et annet våpen for å få pengene sine tilbake.»

Dette høyrer jo aldeles grufullt ut. Om det hadde stemt

Dette høyrer jo aldeles grufullt ut. Om det hadde stemt. Grand Theft Auto er eit såkalla sandkassespel, der produsenten har prøvd å skape så stort handlingsfridom som mogleg for spelarane. Det involverer og at du kan utøve store mengder vald mot karakterar i spelet – både kvinner og menn. Om du vil. Historia i spelet krev ikkje denne type umotivert vald av deg, og i Grand Theft Auto, som i mange fleire spel, straffer slik vald seg. Politiet kjem, som i det verkelege liv, og dei kjem med våpen og ein endelaus straum av pansra bilar.

Det stemmer at i Grand Theft Auto vil ein få attende tapt helse av å kjøpe sex av ein prostituert, men at spelet oppmodar til å mishandle dei tar Kvinnefronten ut av det blå. Spelet gjev deg heller aldri noko «val» om kva du skal bruke for å mishandle prostituerte.

... at spelet oppmodar til å mishandle [prostituerte] tar Kvinnefronten ut av det blå

Kvinnefrontens representantar har heller aldri spelt Grand Theft Auto – dei har sett ein video av nokon som speler det. Deira framstilling er difor ikkje medviten løgnaktig, men den er dårleg belagt og prega av ein moralsk panikk vi burde ha klart å leggje bak oss.

GamerGate

Kvinnefrontens aksjon er inspirert av ei liknande og meir vellukka aksjon i Australia, og kjem i kjølvatnet av «GamerGate». Denne emneknaggen (#GamerGate) og «rørsla» bak har fått mykje merksemd i media, ikkje minst for sine meir aggressive sider. Emneknaggen «#GamerGate» er det den erkekonservative skodespelaren Adam Baldwin – kjend frå serien FireFly – som står bak. Det var meint som eit banner for dataspelentusiastar sin kamp mot «Social Justice Warriors», eit nedsettande omgrep for feministar og andre som kjemper for meir likeverd i samfunnet.

Det er hovudsakleg to hovudaspekt og problemområde som aktivistane bak GamerGate er opptekne av:

  • Kampen mot korrupsjon i dataspeljournalistikken. Det er absolutt eit problem i denne kultursektoren at det er mykje samrøyre mellom media og spelprodusentar. Men Gamergate har i stor grad fokusert på den såkalla «Quinspiracy», om at spelskaparen Zoe Quinn skal ha hatt sex med journalistar for å få god omtale. Dette synte seg berre å vere løgn spreidd av eksen hennar. Vidare har all kritikk mot korrupsjon vore retta mot små uavhengige aktørar og kvinner og ikkje mot dei store spelprodusentane.
  • Kamp mot feministiske kritikarar og akademikarar som ser på spela som tekst, og som analyserar dei deretter. Særleg har dette gått utover Anita Sarkeesian, som har ein populær YouTube-kanal der ho med eit feministisk perspektiv plukkar frå kvarandre spel. Dette vert oppfatta som eit åtak på spelhobbyen av GamerGate-miljøa og som eit uttrykk for ein radikal feministisk agenda.

Rørsla har demonstrert ein heilt utruleg aggresjon mot kvinner frå delar av dataspelmiljøet

Sarkeesian og Quinn er berre to av dei kvinnene som har vore utsatt for hets og drapstrugslar etter at GamerGate-rørsla starta i fjor haust. Rørsla har demonstrert ein heilt utruleg aggresjon mot kvinner frå delar av dataspelmiljøet og tvinger oss til å stille ein del spørsmål om kva som gjekk føre seg der.

Mannsaktivisme

GamerGate famnar hovudsakleg om miljø på Twitter, enkelte bloggar og på 4chan og 8chan, som er biletforum etter japansk modell og populære møtestadar for ungdom. Dette er eit ganske breitt miljø, og det er langtfrå alle som stiller seg bak aggresjonen, forstår den eller i det heile tatt registrerar den. Faktisk har «medlemmar» av miljøet sjølv stått for å avsløre kven som har komen med drapstrugslar. Dette er eit samansett fenomen.

Om ein følgjer med, kjenner ein att den mest aggressive og kvinnehatande tonen frå mannsaktivistane i det amerikanske MRA-miljøet (Men’s Rights Activism), og her dukkar det opp kjende folk frå MRA-nettstaden Roosh V, som og står bak bloggen Return of Kings. Her snakkar vi kremen av dei mest brutalt sjåvinistiske mannfolka på kloden. Eg er usikker på i kva grad dei representerer dei hordane med gutar og jenter som i dag speler data.

GamerGate har stilt dataspelentusiastar i eit særs dårleg lys

GamerGate har stilt dataspelentusiastar i eit særs dårleg lys, men i kor stor grad denne rørsla har blitt dominert av konservative røyster som Adam Baldwin og mannsaktivistar veit vi ikkje. Vi ser berre fingeravtrykka deira over alt.

Let’s talk about sex, baby!

GamerGate og ukunnige utspel mot dataspel som det Kvinnefronten kjem med hindrar oss i å ha ein diskusjon om sex og kjøn i dataspel og dataspelkulturen. Det finnes nok av oss spelentusiastar som ønskjer å diskutere korleis kvinner vert framstilte i spel. Ikkje minst fordi halvparten av dei som har spel som hobby er kvinner.

Om ein tar Grand Theft Auto 5 som døme, er det spennande. Serien er prega ikkje berre av vald, men av meir eller mindre effektiv satire. Ein kan kritisere det femte spelet for å ha langt flatare kvinnelege karakterar enn dei tidlegare i serien, men på den andre sida så vert vi presentert for tre mannlege karakterar som alle opplev ulike «maskulinitetskriser». Spelet kan, og vert, sett på som eit bidrag til ein kritikk av moderne maskulinitet, slik vi ser den på TV og i film. Og i det lyset er det mykje å snakke om her.

GamerGate og ukunnige utspel mot dataspel som det Kvinnefronten kjem med hindrar oss i å ha ein diskusjon om sex og kjøn i dataspel og dataspelkulturen

Spel er meir enn berre fargerike bilete, skyting og poengsum. Det er eit kulturprodukt og bør handterast som det. Kvinnefronten gjer dette vanskeleg. Dei vil ikkje ein gong gå teksten i møte, dei vil ha den vekk utan å ha lest den. GamerGate opplev all kritikk som fordømming av kulturen, og går til motåtak. Mellom dei to er det vanskeleg for oss andre å diskutere det.

Heldigvis er det lyst i enden av tunnellen, då Forskingsrådet har innvilga fleire millionar til Kristine Jørgensen ved Universitetet i Bergen for å starte eit forskingsprosjekt på handsaminga av tabutema i dataspel. Vi får gle oss til det.

Se bildet større

Kristian A. Bjørkelo underviser i sosiale mediar og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen og er frilansskribent og samfunnsdebattant. Han skriv om nettkultur for Fritanke.no.

Se bildet større

Ein del av «Gamergate» er kamp mot feministiske kritikarar og akademikarar som ser på spela som tekst og som analyserar dei deretter. Særleg har dette gått utover Anita Sarkeesian, som har ein populær YouTube-kanal som ser på spel med eit feministisk perspektiv. FOTO: Faksimile fra Feminist Frequency

Fakta om Men's Right Activism (MRA)

Mannsaktivisme er eit veksande fenomen og dei dramatiske konsekvensane vart synleggjort tidlegare i år då Elliot Rodger, ein aktiv deltakar i "mannosfæren", drap seks stykk i California. Rodger inngår i eit ideologisk fellesskap med menn som Bergensbloggaren Eivind Berge og Anders Behring Breivik der feminismen er noko som frårøvar gode menn som dei den seksuelle aktiviteten dei forten. Saka er tidlegare dekka av Audhild Skoglund her på FriTanke.no.

Denne "mannosfæren" svermer rundt ei rekkje nettsider der dei får ideologisk påfyll for ideane sine. Heilt sentrale her er Roosh V og The Return of Kings. I foruma til Roosh V er GamerGate eit heitt tema, og delar av kampanja vert organisert herifrå. Slik har mannsaktivistane gjort dataspela til ein slagmark i deira strid.

Dette er grunna i ei oppleving av at feministane (FemiNazi som dei vert omtala som) prøver å endre på, eller øydeleggje, det som inntil nyleg var ein mannsdominert kultur.

Siste nytt i Kommentar

– Tønsberg var et godt utgangspunkt for etablering av et lite brohode

Tønsbergs samfunnstopper var om bord da Human-Etisk Forbunds første fylkeslag utenfor Oslo startet opp for 50 år siden, forteller grunnlegger Lasse Jahnsen.

Frankrikes tvilsomme forhold til religionsfrihet

KOMMENTAR: – Burkini-forbudet viser den stygge siden ved landets forhold til alt annet enn flertallets katolisisme eller ateisme, skriver Audhild Skoglund.

Det er ikke «raushet». Staten er forpliktet til å gi penger til tro og livssyn

KOMMENTAR: Har du meninger om pengestøtte til tros- og livssynssamfunn? Les denne artikkelen.

– Vi burde ha svart at vi ikke er den typen livssynsorganisasjon
Humanistisk konfirmasjon møter mindre motstand
Donald Trump - de konspiranoides presidentkandidat
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!