Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
I USA holdes minnet om angrepene på World Trade Center, og ofrene for dem, levende. Foto: Yaymicro.com

I USA holdes minnet om angrepene på World Trade Center, og ofrene for dem, levende. Foto: Yaymicro.com

Dagen det svartna: 11. september og den norske venstresida

I 2001 var han eit aktivt medlem av den radikale venstresida. Her tar Kristian A. Bjørkelo eit sjølvkritisk blikk attende på den dagen det svartna for venstresida.

Publisert:

Sist oppdatert: 15.12.2009 kl 14:49

Det var tidleg morgon i USA, klokka 8:46, og klokka 14:46 i Noreg, den 11. september at det første flyet traff World Trade Center, tårn 1, i New York. I litt over eit kvarter herska det total forvirring om korleis noko slikt kunne skje. Eit passasjerfly av type Boeing 767 frå American Airlines hadde gått av kurs 25 minutt tidlegare, og utan forvarsel hadde det styrta inn i ei av verdas mest kjende høgblokker.

Dei store nyhendekanalane var på plass med ein gong, og kunne rapportere om dramaet som utspelte seg i sentrum av New York. Så hende det utenkjelege. Nok ein Boeing 767, denne gong frå United Airlines, traff det sørlege bygget i World Trade Center, tårn 2. Eit kvart spørsmål om det var eit uhell vart feid til side, nokon hadde medvite organisert ulukka. Litt over ein halvtime seinare traff eit tredje fly inn i sida på Pentagon. Eit fjerde fly var sakna, og antatt på veg mot Washington. Det var full alarm - USA var under åtak.

Rett før det tredje flyet hadde truffe Pentagon, hadde sørbygninga av WTC kollapsa, på direktesendt fjernsyn. Nær ein halvtime seinare kollapsa nordbygninga. Tragedia var eit faktum. Ofra inkluderte no ikkje berre dei som hadde vore innesperra i bygningane, men òg redningsmannskapa. Prognosane på antal døde sprang brått opp i fleire tusen. Tårn 7 følgde kort tid etter, på grunn av dei massive skadane i området.

Medan journalistar og kommentatorar flokka seg om kamera og mikrofonar, haldt den vestlege verda pusta. Kva kom til å skje no? Kva var det neste? Det var som ein episode av The Twilight Zone, der kva som helst kunne hende, der ukjende krefter kunne få symbola til verdas mektigaste nasjon til å rase rett framfor auga våre. Det var tydeleg at det låg ein plan bak, men vi ante ikkje kor stor denne planen var. Kor mange åtak kunne vi vente oss denne dagen?

Då det fjerde flyet styrta, var det over. Åtaket var i det minste over, ringverknaden - krigen - var knapt komen i gang. Ein var snøgt ute med å rette peikefingaren mot Afghanistan og Taliban, samt deira medsamansvorne i Al Qaeda. Nokon mumla allereie då om Irak, men det var Afghanistan som stod først på lista. Då det vart klart at det var 19 medlemmar av det islamistiske terrorsambandet Al Qaeda som hadde kapra dei fire flya og gjennomført aksjonen på vegna av det karismatiske leiarskapet, var det ingenting som kunne hindre USA i å gå til krig.

Sjølv USA sine mest villige allierte måtte la seg forbløffe av den mektige nasjonen som reiste seg, nesten som eit sovande villdyr vekka av intetanande barn. Men Bin Laden og Al Qaeda var langt ifrå intetanande, dei hadde denne dag erklært krig mot den Store Satan, og deira fiende var snar til å reagere. Eksisterande planar for ein invasjon av Afghanistan vart snøgt satt ut i live, medan ein på heimefronten styrka politimyndigheitane og høve til overvaking av befolkinga. Kritiske stemmer var det få av. Med støtte frå FN og NATO kunne USA erklære krig mot terror, ingen kunne protestere mot deira rett til å slå attende mot dei som hadde råka dei.

Dei som tok til motmæle

Eller, nokon valte faktisk å protestere, både her i Noreg og elles i verda. Det var dei som erklærte at dei vart skremt av amerikanarane si vilje til krig, og frykta at uskuldige liv skulle gå tapt unaudsamt. Ikkje berre det, men ein meinte òg at i staden for å gå til krig, burde ein kanskje stogge og ta innover seg årsaka til at nokon gjekk til så ekstreme verkemiddel. Terrorisme er den fattige mann sitt våpen, som vi alle veit, den siste utvegen til ein desperat mann.

Det var gjerne representantar frå venstresida som tok til ordet for dette. Årsaka var ikkje, som amerikanske talsmenn ville ha det til, at gjerningsmennene hata demokrati og fridom, hevda ein på venstre­sida. For mange var det openbart at svaret måtte vere meir komplisert. Årsaka var Israel-Palestina-konflikta, årsaka var årevis med imperialistisk hegemoni og innblanding i Midtaustens affærar, og årsaka var fattigdomsproblemet. Sjølv hevda den protesterande venstresida at dei ikkje trykka terroristane til sitt bryst. Dei ba berre om større forståing. Forståing for at USA, og Vesten, sjølvsagt medrekna staten Israel, hadde seg sjølv å takke. Det var USA sjølv som hadde skapt grobotn for terrorisme. At dei hadde trent opp bakmannen, Osama bin Laden, gjorde det ikkje noko betre.

Kronikkar vart skreven, intervju gjeven og TV-opptredener gjort, og ein freista å formidle den meir kompliserte forklaringa på hendingane. Det var ikkje vanskeleg å ha sympati med denne forklaringa når freds­forskaren Johan Galtung i ein debatt på Redaksjon 21, den påfølgjande torsdagen, foreslår at ein konsentrerar seg meir om årsaker, enn om hemn. Galtung vart avbroten av Per Egil Hegge i Aftenposten, som meinte at livet er for kort for slike lange forklaringar.

«Vi som ikke tente lys for USA» var tittelen på ein slik kronikk, av den kjende radikale forfattaren Gert Nygårdshaug. I denne uttrykk han, på relativt moderat vis, venstresidas aversjon mot å minnast ofra for tragedia i USA. Forklaringa var enkel: kvifor skal vi minnast akkurat desse ofra, og ikkje dei tusentals andre ofra der ute? Kvifor aldri tre minutters tystnad for born som døyr under sanksjonar i Irak? Kvifor er det inga tente lys for dei som var råka av jordskjelv i Tyrkia? Han skildrar sørgemarkeringane som kvalmande politiske demon­strasjonar, som til og med lurte dei som burde ha jubla.

Og juble burde dei «fordi denne gang var det ikke en flyktningeleir i Libanon som ble truffet, ikke en trekk­spillfabrikk i Irak, ikke et sykehus i Serbia og heller ikke et grønnsakmarked i Tel Aviv, men det som ble truffet var intet mindre enn terrorens Far og terrorens Mor». Han samanlikna dette med korleis hans far feira terrorbombinga av Dresden under andre verdskrig. Implisitt i teksten, uansett kor moderat den er formulert, ligg ei oppmoding til verdas fattige: terroråtaka mot USA bør verte feira. For det var eit slag på deira vegne, provosert fram av deira elende.

For Nygårdshaug var det USA sine overgrep mot den fattige verda som var den verkelege årsaka, og det som forklarte kvifor det ikkje var London eller andre stader som vart råka, men World Trade Center og Pentagon. Dette meinar han kjem klart fram hjå bin Laden som «har selv skrevet en rekke politiske artikler og stilt en rekke vel funderte krav; hans artikler og skrifter, hans knivskarpe politiske ideologi kan finnes og leses om man tar seg bryderiet med å oppsøke biblioteket i Islamabad».

Problemet var at fleire av desse forklaringsmomenta som vart presentert av dei ulike partane, simpelthen var fullstendig feil. Dei var ikkje ein del av Osama bin Laden sin «knivskarpe» ideologi. Moment som vart trukken inn var så ulike som Israel-Palestina-konflikta, fattigdomsproblemet og manglande respekt for menneskerettane verda over.

Døme på USAs framferd verda over vart trukken fram, frå Vietnamkrigen til kuppet i Chile 11. september 1973, for å ikkje snakke om den laupske kapitalismen og forpurringa av demokratiske sosialistrørsler i ei rekkje land. Dette har likevel lite med kvifor USA vart eit mål den 11. september 2001. Al Qaeda og Osama bin Laden er ikkje motivert av verdas fattige; terroristleiarane er sjølv blant verdas privilegerte. Dei er ikkje motivert av omsyn til menneskerettsbrot, verken i det okkuperte Palestina eller elles i verda; dei demon­strerar pent si manglande respekt for desse sjølv.

Og demokrati? Dette står ikkje på programmet for Osama bin Laden og hans likesinna.

Dette er ikkje forklaringar på kvifor USA vart utsatt for terror, men årsakar til kvifor deler av venstresida sympatiserte med aksjonen.

Schadenfreude

For mange på den norske venstresida, meg sjølv blant dei, var 11. september 2001 ein merkeleg dag. Det var dagen etter eit stortingsval, og dei av oss som var politisk aktive var treige med å slepe oss ut av senga etter lange valvaker. Då telefonen først ringte på ettermiddagen, og eg fekk beskjeden om at eit fly hadde styrta inn i World Trade Center, visste eg ikkje heilt korleis eg skulle reagere. Det var surrealistisk, og god nok grunn til å sette på CNN. Kort tid etter traff neste fly, og forståinga av at det var ein planlagd aksjon, eit åtak, og kjensla av at ein var vitne til noko heilt unikt, var til å ta og føle på. Telefonane byrja å ringe - har du høyrd kva som har skjedd?

Det mest merkingsverdige med desse samtalene var sinnsstemninga dei gav uttrykk for. Sjokk og vantru var tilstades, men ikkje mykje sorg, og alt hamna i skuggen av ein forstemmande jubel. Ei adrenalindreven glede og skadefryd over at endeleg hadde verdas konflikter råka dei som stod bak elenda. Dei imperialistiske kapitalistane i New York, og deira lakeiar i Pentagon, hadde fått smake sin eigen medisin denne dag.

Var det ikkje akkurat dette dei hadde gjort seg fortent til? Var det ikkje dette vi hadde venta på? Skade­fryd, Schadenfreude, har ei sterk påverkingskraft, sjølv på dei mest velmeinande menneske. Denne kjensla kunne ei frustrert venstreside ta og føle på denne dagen, medan tusenvis av menneske mista livet. Dei var snare til å påpeike, i dagane som fulgte, at fleire menneske døyr i fattigdom og krig verda over, under omstende skapt av USA, Vesten og kapitalismen.

Fleire menneske døydde som følgje av kuppet i Chile. Og kva med alle irakarane som døydde under sanksjonane? Kva med palestinarane sine lidingar? Alt dette, og meir, er amerikanarane an­svarleg for, kunne vi fortelje - og terroråtaka var den uomgjengelege konsekvensen av dette. Terrorisme er dei desperate og fattige sitt einaste våpen; å kaste vekk sitt liv i symbolske aksjonar for å vekke dei slumrande masser.

Ein inkluderte alltid ei halvhjarta frase om at ein føler med dei som døde og deira næraste... men fokuset var alltid eit «større bilete».

Eit større bilete, som det Galtung freista å vise fram då han prøvde å forklare kvifor noko slikt kunne skje. Det same som Nygårdshaug ville presentere i sin kronikk då han ville vende fokuset vekk frå ofra i New York og Pentagon, og mot verdas fattige. Ein kan forstå at ein tykkjer det var urettvist at ein verdsatte nokre få tusen kvite liv meir enn dei ti-tusental med mørkhuda døde som forblir ignorert, men bak desse orda luska alltid ei implisitt støtte til åtaka. Ikkje berre ei reflektert forståing, men ei jublande begeistring for det som hadde hendt.

«Jeg er lege og kunne aldri ført et fly mot World Trade Center, men jeg forsvarer den moralske retten til dem du kaller terrorister, til å angripe USA, som et legitimt svar på 25 år med angrepskrig, miner, utsulting og embargo», fortalde kirurg Hans Husum til Dagbladet 30. september. Og med dette satt han klårare ord på dei kjenslane som delar av venstresida prøvde å halde for seg sjølv. Kjensler ein kanskje ikkje ville innrømme overfor seg sjølv.

Som så mange andre meinte Husum at ein ikkje skulle vere overraska over åtaka. Dette hadde ein venta på lenge, og dette hadde ein fortent. I same artikkel fekk han selskap av Mads Gilbert, som uttrykte seg til dels meir varsamt. Gilbert meinte at om terrorisme var eit dårleg våpen, så kunne han støtte den i kontekst av vestlege og amerikanske overgrep i Midtausten og Afrika; «Hvis USAs regjering har en legitim rett til å bombe og drepe sivile i Irak, har også de undertrykte en moralsk rett til å angripe USA med de våpen de måtte skape.»

Gilbert, som hamna i rampelyset att i år då han blant få rapporterte frå Israels åtak på Gazastripa, har seinare gått ut og omtalt dette utsegnet som «uklokt», og det har han nok rett i. At han, som lege, i det heile tatt kunne gå ut seie noko slikt, seier noko om den sinnstilstanden store delar av den norske venstresida var i. I ettertid kan eg berre skildre det som ei form for masse­psykose, der eit kvart åtak på USA var av det gode; ein hemn for det USA hadde gjort mot den tredje verda.

Ein har sjølvsagt rett i at Vesten er ansvarleg for mykje elende, og ein bør gjere folk merksame på dette, men kvifor dra dette inn i denne samanhengen? Dette var ikkje motiva for Al Qaeda, men heller motiva til venstresida for å ville bagatellisere aksjonen mot den store fienden, USA. Kronikkane og meiningsutspela produsert av den radikale venstresida var eit direkte resultat av den glede og skadefryd dei kjende 11. september 2001. For å vise verda, og seg sjølv, at dei var rasjonelle i å kjenne som dei gjorde, i å reagere som dei reagerte den dagen; om USA sjølv var skuld i det som hadde hendt, om dei hadde forårsaka det sjølve, var det greit å applaudere, greit å skåle.

Arroganse og anti-amerikanisme

Reaksjonane i USA, og blant deira tilhengjarar på høgre­sida, var òg langt ifrå perfekte. Hemn vart det store slag­ordet; ein skulle hemne det som hadde hendt med verdas viktigaste og mektigaste nasjon. Få drøfta dei mange uskuldige som ville verte råka som ein konsekvens av denne hemnen. Få drøfta konsekvensane av Patriot Act og omfattande begrensing av dei sivile rettane i USA. Den blinde amerikanske reaksjonen på terroråtaka, kom til å få umenneskelege konsekvensar; ei nedbryting av rettsstaten, tortur, drap og religiøse leigesoldatar laupsk i Irak. Og i skuggane av det heile luska ein stygg rasisme og islamofobi.

Den amerikanske arrogansen fòra òg venstresida sin harme og visse om at deira eigen ståstad var rettvis. Sjå, kunne ein rope, sjå til beistet som vaknar og som ramponerar alt i sin veg. USA si framferd i tida som følgte gjorde ikkje anna enn å rettferdiggjere åtaket i venstresida sine auge. USA var eit vilt dyr som ikkje lot seg temme av fornuft, som ikkje ville vise omsyn til sivilbefolking eller diplomati. Som i alt anna, ville USA i sin krig mot terror vise seg som eit eigenrådig barn i trassaldaren, som forlangte at anten var ein med det, eller så var ein i mot det.

Dette var ei gåvepakke til venstresida, som ikkje fekk nokon grunn til å vakne frå sine eigne illusjonar. USA kunne framleis vere fienden, sjølv når dei var eit offer. Allereie før 11. september var anti-amerikanismen godt innarbeida blant venstreradikalarar, og USA var i dei fleste tilfeller den ansvarlege skurken for alt som var gale i verda. Dette hadde skapt sterke motforestillingar mot USA, og gjorde det lett for venstreradikalarar å gje etter for skadefryd og glede, då dei var vitne til Al Qaeda sitt arbeid. Det gjorde det òg lett for dei å gje USA sjølv skulda for det som hadde råka landet den dagen.

Og med ein laupsk amerikansk regjering å rette fokuset sitt mot, fann dei seg allierte på den marginale høgresida i USA, blant nasjonalistar og konspirasjonsteoretikarar.

Kven stod bak?

I møte med dissidentar frå marginale amerikanske miljø vart det lettare for den norske venstresida å ta innover seg tragedia 11. september 2001. Ein kunne endeleg byrje å omtale ofra som det dei var, i staden for å oversjå dei totalt i den store konteksten av USA sine mangfaldige ofre verda over.

Frå konspirasjonsteoretikarar fekk dei høyre at amerikanske myndigheiter sjølv hadde stått bak aksjonen, at det var ein «falsk flagg»-operasjon, nett som riksdagsbrannen i 1933, planlagd gjennom heile 90-talet. Målet var så mangt, det var å få eit påskot til å gå til krig om oljeressursar, det var for å få innført Patriot Act, og det var for å håve inn ein heftig forsikringssum. For ein ihuga anti-amerikanar er ikkje dette vanskeleg å tru, USA er truande til det meste av ondskap og kon­spirasjonar, heilt sidan dei starta Vietnamkrigen ved å gå til åtak på sine eigne styrker. At informasjonen kom frå religiøse fundamentalistar og høgreekstreme miljø hindra tydelegvis ikkje at delar av venstresida slukte desse ideane rått.

I dag er det Berit Ås, den første leiaren av SV, som er den framste talskvinna for desse teoriane i Noreg (sjå 911truth.no). For nokre få år sidan ville Ås ha blitt hugsa for sitt politiske arbeid, si innsats for feminismen og for teoriar om hersketeknikkar, no hamnar alt dette i skuggen av at ho meiner konspirasjonsteoretikarar burde få fredsprisen. Ho vil verte hugsa for å ha støtta opp om miljø som meiner at rakettar, og ikkje fly, traff World Trade Center.

Under ein debatt i Horten, gjer Berit Ås greie for sin tvil om den «offisielle soga»; «Det er ingen spor av fly i opptakene av tårnene som raser sammen. Restene etter tårnene ble fjernet fra Ground Zero før noen fikk gransket det - vi får kanskje aldri greie på hva som egentlig skjedde». Dette er dei tankane som er spreidd innan den såkalla sanningsrørsla. Ein påstand som ein ofte finn innbakt i argumentasjonen, er at ingen jødar døydde i åtaka.

Dei vart alle ringt og åtvara om å gå på jobb den dagen. Bilete av det som vert hevda er israelske agentar som feirar hendingane vert nytta som prov. Mellom anna Noregs Kommunistiske Parti (NKP) si avis, Friheten, trykka desse påstandane. Dei klare antisemittiske ideane som ligg bak slike påstandar, kan gje kven som helst frysingar, og ein må spørre seg om kven den norske venstresida har gått til køys med. Då Friheten publiserte si sak, så var det med David Duke, tidlegare Ku Klux Klan-leiar, som kjelde, noko dei seinare måtte orsake.

At jødiske Israel er ein ynda mottakar for kritikk frå venstreside er forståeleg, men ikkje reint lite problematisk når venstresida vel å svartmale USA og Israel som det ytterste onde, og allierar seg med marginale høgrekrefter.

Spørsmåla om kven som eigentleg stod bak åtaka 11. september, har ikkje haldt seg i ei marginal randsone av den norske venstresida, men har blitt tatt opp i tidsskrift som norske Le Monde Diplomatique, der redaktøren sjølv innrømte å ha visse tvil om den «offisielle soga». I tidsskriftet Samtiden fekk sosialantropolog Emil André Røyrvik fritt spelerom til å så tvil om dei rådande forklaringane, og han anklagar pressa for å gå i Bush-regimet si teneste. For medan Røyrvik er varsam med å peike på konkrete bakmenn, førar hans argumentasjon berre til ein konklusjon; at USA dekk til sin eigen udåd.

Eit breidt spekter av skrømt skal ha stått bak aksjonen frå Bush-Cheney til Mossad, frå Illuminati til øgler frå verdsrommet. Dei har alle fått skulda. Det dei har felles er at dei har makta i USA, og har styrt vestleg politikk i heile moderne tid. Tilhengjarane på venstresida erstattar slik tradisjonell systemkritikk til fordel for fantasiar om tidlause konspirasjonar og ibuande ondskap hjå jødar, romøgler eller frimurarar.

Medan venstresida kunne syne si rettvise harme overfor USA då landet sprang laupsk etter 11. september, var det få, eller ingen, som ropte varsku om at den same venstresida tok sats til å springe laupsk sjølv. Venstre­sidas ibuande anti-amerikanisme førte i første omgang til avfeiing av ofra, til fordel for å klandre amerikanarane sjølv, og i andre omgang til at den reelle skulda for planlegginga av aksjonen vart lagt på amerikanske myndigheiter. Eit ikkje så altfor stort sprang sett i lys av ein anti-amerikanisme som alltid vil sjå djevelen i den mang­faldige nasjonen, uansett kva situasjonen er.

Då det svartna

Den 11. september 2001 svartna det for dei fleste av oss. Vi var alle visse om at det vi var vitne til var historiske hendingar, og enten kasta du deg rundt og ropte etter blodhemn, eller du klandra USA sjølv. Dei fleste av oss vakna etter ei stund, men nokre vil aldri vakne. For nokre er vante roller for komfortable til å gje slepp på. Gamle fiendar er stadig tryggje.

Vi omfamna eit vanvidd fordi det var tryggjare enn å møte realitetane denne dagen. For ei venstreside oppflaska på anti-amerikanisme var det utenkjeleg at ein skulle ha felles sak med USA, og felles sak mot dei som hadde gått til åtak på vestleg imperialisme sitt viktigaste symbol.

Venstresida hadde allereie latt seg forføre av anti-amerikanismen, ein ubehageleg dogmatikk som har vedvart frå den kalde krigen. Eg hadde sjølv latt meg rive med av den, skulert som eg var til å oppfatta alt amerikansk som noko korrupt og råttent. Når eg ser på korleis delar av venstresida i dag tviheld på denne dogmatikken, prisar eg meg sjølv lukkeleg for å ha hoppa av toget medan det var i fart. Det heile har ført ned ein irrasjonell veg, der USA har tatt form av ein mørk Satan, ein fiende av religiøse dimensjonar som passar godt inn i dei feberaktige konspirasjonsteoriane ein har importert.

Det gjeld heldigvis berre eit mindretal av aktive stemmer på venstresida, men konspirasjonsteoriane er det naturlege resultat av ein impotent anti-amerikanisme og ei innbitt tru på at onde kreftar held hus i det store og varierte landet i vest. Om vi kan vaksinere mot denne anti-amerikanismen, kan kanskje venstresida på ny vinne respekt for si evne til konstruktiv samfunnskritikk, og attvinne truverda som talerøyr for verdas svakaste.

Slik som det er no, så er alle auge retta mot venstre­sida sitt haleheng som fornektar realitetar og omfamnar konspirasjonsteoriar.