Waterboarding er ein akseptabel avhøyrsmetode, meiner USA.

Vil vekke folk med vanntortur

#Er det greitt å nesten drukne folk om det kan stogge terror? Filosofen meiner det ikkje er verd prisen og Amnesty seier nei. I organisasjonen sin nya...

Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Human-Etisk Forbund

Publisert:

Sist oppdatert: 08.05.2008 kl 10:46

Er det greitt å nesten drukne folk om det kan stogge terror? Filosofen meiner det ikkje er verd prisen og Amnesty seier nei. I organisasjonen sin nyaste kampanjevideo gjennomførast torturmetoden "waterboarding".

Tekst: Kristian Bjørkelo
Publisert: 8.5.2008

Vatn renn i sakte film mot svart bakgrunn til akkompagnementet av elektronisk musikk, i filmen som snart vert vist for britiske kinogjengarar.

Det heile ser ut som ein reklame for reint kjeldevatn, til stemninga brått vert broten då vi følgjer vatnet til sitt endemål; munn og nase til offeret for simulert drukning, såkalla «waterboarding». Ein metode nytta av amerikanske myndigheiter i den pågåande krigen mot terror.

"Waterboarding" har historisk sett vore rekna som tortur, men myndigheitene i USA har gjort forsøk på å omdefinere dette og andre teknikkar til akseptable avhørsmetodar.

Dette har vekt reaksjonar frå fleire hald, og med sin siste kampanjevideo i nettaksjonen Unsubscribe Me freistar Amnesty å vekke folk til å ta klart avstand frå dette.

"Moderat press" eller tortur
Representantar for amerikanske myndigheiter har argumentert for at «waterboarding» og andre tilsvarande metodar ikkje er tortur, men moderat press eller liknande. Dette aksepterer ikkje menneskerettsorganisasjonen Amnesty International.

- Amnesty oppfordrar menneske til å gjere det klart for myndigheiter i USA, Storbritannia og andre land at dei ikkje godtek at menneskerettene vert brotne for å bekjempe terrorisme, fortel Gerald Kador Folkvord, fagansvarleg for Kina og krigen mot terror i Amnesty Noreg.

Videoen av "waterboarding" vart laga i samarbeid med ein torturekspert som har trent amerikanske soldatar i å halde ut tortur, og har som mål å vekke folk til realitetane av metodane som vert nytta.


Amnesty sin video "Waterboarding"

- Videoen skal gjere tydeleg kor grusom og umenneskeleg denne metoden er, slik at det ikkje kan vere noko tvil om at dette er tortur. Filmen har som mål å ryste folk og gjere dei sinte, utan å vere spekulativ, forklarar Folkvord til Fritanke.no. Han karakteriserer forsøk på å omdefinere denne type avhørsmetodar som tull;

- Tortur er alltid uakseptabelt, alltid, og under alle omstende, forbode av internasjonal lov. I mange tilfelle er det heller ikkje dei umiddelbart påførte skadane som er verst. Sjølv om ein torturmetode som "waterboarding" ikkje påfører umiddelbar fysisk skade, kan den valde svært alvorlege og langvarige mentale lidingar, særleg om den vert nytta i kombinasjon med andre former for tortur.

Folkvord understrekar at torturforbodet er ein av dei få menneskerettsreglane som det i følgje internasjonal lov ikkje finnast unntak for, sjølv ikkje i ekstreme situasjonar.

Umoralsk og brutaliserande

- Dei fleste moralfilosofar vil meine at å bruke tortur er ekstremt - og forkasteleg, fortel Truls Wyller, filosof ved NTNU i Trondheim.

- Det er eit stjernedøme på korleis man gjer eit menneske til eit middel for å oppnå eit mål.

Henrik Syse, forskar ved International Peace Research Institute, Oslo (PRIO), er samd i at tortur er uforsvarleg, og meiner at det er både moralske og praktiske grunner til at tortur ikkje må nyttast.

- Man senkar terskelen for bruk av tortur hjå båe partar i konflikten, òg mot våre eigne styrkar. Det er samstundes brutaliserande overfor våre egne styrkar å beordre dei til å utsette andre for tortur.

Syse understrekar at bruken av tortur òg vil føre til eit tap av legitimitet.

- Det kan nok tenkjast enkelttilfelle der bruken av tortur er effektivt i å frambringe informasjon, men det vil ikkje vere verdt prisen ein betaler i form av senka terskel for bruk av tortur, brutalisering av våre eigne styrkar og tap av legitimitet.

Forsøk på å forsvare bruk av tortur nyttar seg ofte av ekstreme døme som involverer potensielt millionar av døde, eller torturisten sin eigen familie. Truls Wyller nyttar eit døme frå Tyskland, der tortur gjorde det mogleg for politiet å redde eit kidnappingsoffer, noko som starta ein prinsipiell debatt om temaet.

- Det er likevel ein forskjell på å forstå bruken av valdelege avhøyrsmetodar og tortur i enkeltståande, ekstreme tilfelle, og å nedfelle eit unntak frå forbodet mot slike metodar i loven.

Wyller er klar på at sistnemnde vanskeleg kan verte forsvart moralsk.

Noreg i krigen mot terror
- Norske myndigheiter tar sterk avstand frå ein kvar form for tortur og anna umenneskeleg og nedverdigande behandling av personar, uttalar statssekretær Espen Barth Eide i Forsvarsdepartementet
.

- Norske styrkar i Afghanistan og i andre operasjonar har plikt til å rapportere heim ein kvar informasjon om slike forhold, straks dei får kjennskap til dei.

Noreg er ein aktiv part i krigen mot terror, og norske soldatar tenestegjer som ein del av den amerikanskleia koalisjonen i Afghanistan og Irak. Amerikanske myndigheiter si omdefinering av tortur vert difor òg eit viktig spørsmål i ein norsk samanheng. I følgje Folkvord skil USA seg ut "som det landet som har tatt i bruk tortur og mishandling systematisk og i omfattande grad."

- Men òg britiske, danske og sikkert òg soldatar frå fleire andre land har vore innblanda i tortur av anhaldte. I tillegg har de vestlege landa lært seg å sjå den andre vegen når afghanske, russiske, irakiske eller pakistanske tryggleiksstyrkar systematisk torturerer terrormistenkte.

Folkvord er uroleg for at òg norske styrkar vert ein del av denne praksisen.

- Det skummelt å tenkje på kor mykje av den etterretningsinformasjonen norske myndigheiter nyttar som kjem frå CIA og er blitt tvungen fram under tortur.

Norske myndigheiter står på sitt, og statssekretær Espen Barth Eide understrekar at norske styrkar ikkje har måtte forhaldt seg til informasjon som er brakt fram gjennom tortur.

- Vårt prinsipielle syn er at slik informasjon uansett ikkje er påliteleg.

Folkvord gjev uttrykk for at han og Amnesty har tru på at det ikkje er aksept for tortur i det norske forsvaret, verken hjå soldatar eller leiarar.

- Men når det er sagt, er vi særs skuffa over i kor liten grad norske myndigheiter er villege til å hindre at CIA transporterer bortførte terrormistenkte til tortur gjennom norske flyplassar, eller at personar som vert anhaldt av norske ISAF-soldatar vert torturert etter at dei er overlevert til afghanske myndigheiter.

Omdefinering og ansvarsfråskriving
- Språket vil alltid verte omdanna i ein krigssituasjon, fortel Syse.

Han meiner at dette er noko ein må vere veldig obs på. Amnesty reagerer kraftig på at den pågåande krigen mot terror vert nytta som ein unnskyldning til å endre på tydinga av tortur. Folkvord åtvarar på det sterkaste mot å vatne ut torturomgrepet og forbodet mot torturteknikkar;

- Det å relativisere eller undergrave dette absolutte forbodet på noko som helst vis, tyder å opne ei Pandoras eske som snøgt kan kaste menneskeheten si utvikling fleire tiår attende, seier han.

- Det at alle verdas nasjonar har vorte samde om eit felles sett av menneskerettar som gjeld for alle, har vore eit enormt viktig steg i menneskehetens historie, påpeikar Folkvord.

Han meiner at det ikkje kan vere opp til den enkelte soldat å vurdere kva som er moralsk forsvarleg.

- Det er heilt uakseptabelt å krevje av vanlege soldatar eller politifolk, at dei sjølve skal avgjere kor mykje grusomhet dei kan nytte for å oppnå ønska resultat.

Han seier at ei av årsakene til grusomhetane utført i krigen mot terror er at soldatar vert bedt om å tryggje resultat, og gjett frie tøylar til å oppnå dei. Dette vert styrka av at ein frå politisk hald gjer omgrepa diffuse;

- Derfor er det ekstra forkasteleg om dei øvste leiarane i eit land sjølv forsvarer bruken av tortur, slik til dømes den amerikanske presidenten gjer.

Unsubscribe Me

"The Stuff of Life", som den nye videoen frå Amnesty heiter, skal visast som reklame og forfilm i fleire britiske kinoar frå midten av mai.

- Eg trur at videoen får fram kva det dreier seg om på eit grafisk vis, og at den saman med fakta vil bidra til å bevisstgjere folk om tortur, kommenterer Syse til Amnesty sin nye video.

Han tykkjer at Amnesty sitt bidrag i kampen mot tortur er både nyttig og viktig. Amnesty vonar at videoen vil vekke folk til å ta avstand frå at tortur vert utført i deira namn. Dette er konseptet bak den hovudsakleg webbaserte kampanjen Unsubscribe Me. I fjor lanserte Amnesty videoen "Waiting for the guards", der ein såkalla "stress position" vart demonstrert.

No satsar dei på at "The Stuff of Life" vil vekke minst like merksemd. Sjølv om desse videoane ikkje er tenkt nytta i ein norsk samanheng, er problematikken framleis viktig for Amnesty i Noreg, og dei har hatt eigne kampanjar retta mot eit norsk publikum, der mellom anna film har vore nytta i kampanjen for SMS-aktivisme mot tortur. Noko Folkvord reknar som ein stor suksess. På nettsida til Unsubscribe Me vert publikum oppfordra til å ta avstand ved å "av-abonnere på", eller avslutte si tilslutning til, metodane nytta for å forsvare dei i krigen mot terror. Til no har fleire tusen nytta seg av denne protestforma.

Siste nytt i Reportasje Vis flere

– Jeg ble en islamist. Jeg mente virkelig de vantro fortjente å dø

– Jeg ble en islamist. Jeg mente virkelig de vantro fortjente å dø

… men i dag hjelper Nora fengselspresten med gudstjenestene og har tatt av seg hijaben.

– Meningsløst å svare på terror med å forby burkini på stranda

– Meningsløst å svare på terror med å forby burkini på stranda

– Hvis vi møter terroraksjoner med å svekke Europas borgerrettigheter har vi tapt, slo Heiner Bielefeld fast da han åpnet «Humanisten Tag» i Nürnberg sist lørdag.

Hva skjer egentlig på disse internasjonale humanistmøtene?

Hva skjer egentlig på disse internasjonale humanistmøtene?

Hva foregår på møtene i utlandet som Human-Etisk Forbund har reist til i alle år? Vi ble med Tom Hedalen og Trond Enger på europeisk humanistisk generalforsamling.

Straff som fortjent?

Straff som fortjent?

Fengselsfilosof Marianne Frøystad Walderhaug er opptatt av hvordan vi som samfunn møter de straffedømte etter soning.

Bispedømmets mann stoppet møtelederens utspørring

Bispedømmets mann stoppet møtelederens utspørring

VOSS: Vi var på debattmøte om skolegudstjenester på Voss i går kveld. Sjekk hvordan det gikk.

Konverterte til islam som et sosialt eksperiment... og for kjærligheten

Konverterte til islam som et sosialt eksperiment... og for kjærligheten

Han er fra et norsk, liberalt akademikerhjem. For å få kvinnen han elsker, måtte han konvertere til islam. Likevel valgte de Humanistisk vigsel. I kveld kan du se filmen på TV2.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer info

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Du kan også slette alle lokale data i din nettleser. Fremgangsmåten for dette varierer mellom ulike nettlesere og enheter.

Anbefaling: Ved å benytte deg av EU-tjenesten YourOnlineChoices.com kan du selv til en viss grad styre hvordan ulike annonseleverandører sporer deg, samt lese mange gode tips til hvordan du kan beskytte deg selv. Åpne YourOnlineChoices.com i et nytt vindu.

NB: Enkelte systemkritiske data som finnes i for eksempel webserverens logger vil ikke kunne slettes på forespørsel, men disse slettes automatisk etter kort tid iht informasjonen ovenfor.


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrever ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Mer informasjon