Mann med innovertiss

Luca Dalen Espseth er rådgivar på kjønnsmangfald i LLH – Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner. FOTO: Dan-Raoul Husebø Miranda

Mann med innovertiss

Luca Dalen Espseth ser på seg sjølv som mann. Og for dei fleste han møtar, ser han ut som ein ganske vanleg mann. Samtidig har han ei lita hake i passet, som seier «female».

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
24.10.2014 kl 11:36

Transperson. Cisperson. Hen, hun og han. Og litt om forskjellen på kropp, identitet, uttrykk og tiltrekking. Det er mye Luca Dalen Espseth vil ta oss gjennom på sitt foredrag på temamøtet Human-Etisk Forbund i Oslo arrangerte på Litteraturhuset onsdag.

Født i feil kropp

Nokon kjenner kanskje Espseth igjen frå NRK-dokumentaren «Mann uten penis». Og problemstillinga rundt kropp, kjønn og kjønnsidentitet blei au nyleg tatt opp i TV2-dokumentaren «Født i feil kropp». Det er litt i vinden å snakke om dette, rett og slett.

– Det er kjekt at det kjem ein del merksemd rundt dette, men det er ikkje utan ein viss bismak, startar Espseth, – Ta «Mann uten penis», til døme. Allereie her skinner det gjennom eit litt fallossentrisk (frå latin, fallos – det mannlege kjønnsorgan) syn. For min del kunne det gjerne heite «Mann med vagina».

– Og kva formidlar då «Født i feil kropp»? Korleis kan ein ha eit positivt syn på kroppen sin, om ein er grunnleggjande feil? Og korleis er det metafysisk mogleg å vere født i nokon andre sin kropp?, fortsetter han.

Om Espseth er fanga eller født inn i noko, meiner han det er i samfunnets forståing og forventing av hans kropp.

– Eg kallar meg sjølv mann, utanom av og til, kor eg kallar meg transmann, for å vise at eg har ein litt anna bakgrunn; eg blei tildelt kvinneleg kjønn ved fødsel, fordi eg hadde det som medisinsk og biologisk sett samsvarte med forventingane til ein kvinneleg kropp.

Cis, trans, og det å bryte normar

Som ein parallell til homokampen, kor det ble gjort eit poeng av at heterofile au har ein legning, peiker han på at dei som har ein kjønnsidentitet som passar med det kjønnet ein biologisk hadde ved fødsel, au har eit namn: cis. Ein snakkar då om cisfolk (med kjønnsidentitet som svarar til den ein fekk med fødsel), og transfolk (med kjønnsidentitet som ikkje svarar til det ein fekk med fødsel).

Dei fleste har kjennskap til X– og Y-kromosomene, som er med på å si noko om kva kjønn ein blir. Diverre er ikkje det alltid så lett som ein skulle tru. Ein tilhørar løfta fram tilfelle kor til dømes ein kvinneleg idrettsutøvar fant ut at ho hadde både X– og Y-kromosom, i motsetning til det meir normale XX.

Dette fører til at ho blir nekta å delta som kvinne i idretten, fordi ho eigentleg er «mann».

– Men når blei det at ein har ein kropp som er godt tilpassa idretten ein driv med eit grunnlag for ekskludering?, problematiserer Espseth:

– «Du har så lange bein at det er urettferdig, så då får du ikkje vere med og springe». Dette henger ikkje på greip i det heile tatt; ho har ikkje sjanse til å delta i herreklassen.

Les meir om dette på Wikipedia

Lett å bagatellisera når ein sjølv ikkje slit med kjønn

Espseth kom au innom dette med å bryte kjønnsnormer.

– Eg heldt eit foredrag for Feministisk Forum eller noko sånn, når ein ciskjønna mann kjem med «Eg synast ikkje kjønn er så viktig, det er jo null stress. Eg prøvar å oversjå det som eit konsept i samfunnet, og det hadde vore fint om folk ikkje hadde vore så opptatt av det».

– Det er litt som at eg skal sei «Eg ser ikkje noko rasisme, eg kjenner ingen rasisme, då kan det jo ikkje vere noko rasisme». Han er alltid riktig kjønna, og veit alltid kva toalett og kva garderobe han skal gå på. Han har ikkje eit juridisk kjønn som ikkje stemmer med utsjånaden hans, og blir dermed aldri stoppa i passkontrollar på grunn av det. Det er ikkje han som går med skoen, og då er det ikkje lett å kjenne kor den trykker, seier Espeseth.

– Det er ikkje han som går med skoen, og då er det ikkje lett å kjenne kor den trykker

Flytande overgangar

For å illustrere dei flytande grensene betre, drar han fram ein graf med forskjellige ytterpunkter. Ei line har «Kropp» som overskrift, med ytterpunkta «kvinne» og «mann», og med midtpunktet «interkjønn»/«intersex». Dernest er det «Identitet», med «kvinne» og «mann», og midtpunkt «kjønnsskeiv»; «Uttrykk», med «feminin» og «maskulin», og midtpunkt «androgyn»; Og til slutt har ein «Tiltrekking», med «menn» og «kvinner», og midtpunkt «bifil», «panfil», eller «aseksuell».

– Dei fleste heterofile, ciskjønna personar held seg til den eine eller andre sida. Ciskjønna homofile tar ofte turen over på den nedste grafen, mens andre beveger seg litt frem og tilbake her og der. Dette visar kor utruleg mange uttrykk, samlingar og slikt det er mogleg å ha, som i det store og heile eigentleg bare har konsekvens for deg, og kanskje din(e) partner(e). Likevel førar det til ein del problem i kvardagen.

Å sjå ut som ein mann, men vere registrert som kvinne

Dette førar Espseth over til nokon av dei litt meir kontroversielle sidene rundt kropp og kjønn i Noreg i dag.

– Viss nokon får ungar og ikkje kan kjønnsbestemme dei frå dei ytre kjønnsorgana, så ender ein ofte opp med – i den gode vitskapens namn – å gjere medisinske intervensjonar på kroppane deira. Me har jo to gode kategoriar – «kvinne» og «mann» – og viss ein ikkje passar inn, så kuttar me for å få dei til å passe inn. Dette er ein ganske grov konsekvens av heteronormativitet, og eit dårleg utgangspunkt for eit inkluderande samfunn, meiner han.

Til og med noko så enkelt som å låne bøker på biblioteket kan bli vanskeleg. Da Espseth skulle registrere seg for lånekort, så ble det spurt i registreringen både om kjønn og personnummer, som i hans tilfelle ikkje passar saman. Det medfører forsøk på å forklare situasjonen så enkelt så mogleg («nei, du skjønner det, eg er født med innovertiss heller enn utovertiss» til heilt framande), og gjerne ein og anna ekstra runde med registrering etter at systemet har krasja sidan det ikkje taklar det avviket.

Ein anna utfordring ligg i todeling av toalett og garderobar.
– Sånn det er no, kan eg ikkje bruke dusjen på treningssenteret. Eg kan ikkje gå i damegarderoben, for eg ser ut som mann, og eg kan ikkje bruke herredusjen, fordi eg har innovertiss. No kan eg jo trumfe gjennom der, og bare dusje uansett, og sjå kva sanksjonar eg blir møtt med. Det har eg ikkje så lyst til, spesielt sidan eg mistenker at dei sosiale sanksjonane kjem til å bli ganske grove.

«Festlige» spørsmål

Som transmann får Luca Dalen Espseth ganske mange spesielle spørsmål. Han drar fram eit par «greatest hits», som «Er dei menna du har sex med hetero eller homo?», «Om du liker menn, kvifor vel du å bli mann?», «Hadde ikkje ting blitt mykje lettare for deg om me hadde tre kjønn?».

– For det første: Viss ein cismann ligger med ein anna cismann, tenkjer me at ein av dei blir dame? Tenkjer me at dei er hetero? Me tenkjer sannsynlegvis at ingen av dei er heterofil, ei heller at dei blir til damer. Når eg då gjer det, blir det plutseleg eit spørsmål både om kva seksuelle orientering folk har, og min kjønnsidentitet, som om det påverkast av kven eg har sex med, seier Espseth.

– Eg får au spørsmål om kvifor eg har valt å bli mann. No meiner eg at eg nok ikkje vel å bli mann noko meir enn andre menn. Og det er ikkje slik at eg ynskjer meg eit tredje kjønn. Eg ynskjer meg fleire kjønnsalternativ i verda, men eg er mann. Det hadde ikkje vore betre om eg hadde blitt sette inn i ein tredje kategori, bare fordi eg ikkje passa inn i den satte kategorien «kvinne». Det hadde derimot vore enklare for meg om me hadde fjerna juridisk kjønn.

«Eg er så stolt av deg!»

Det kjem au ein del andre rare kommentarar. «Eg er så stolt av deg», «Eg tolererer transfolk seriøst», «Eg har ingen fordommar» er bare nokon av dei.

– Å vere stolt av meg, er noko eg tek atterhald om til mine nærmaste. Det er greitt om mor mi, far min, kjærasten, eller kanskje syskena mine er stolte av meg, men ein er ikkje stolt av vilt fremmede menneske. Ei heller er det så veldig kult å bli «tolerert» av andre menneske. Ein tolererer motstridane meiningar, ikkje andre menneske.

Espseth nemnar au at med ein gong ein «kjem ut» som trans, så forklarast plutseleg alt med at ein er trans. «Ja, Luca er litt maskulin, ikkje rart det når han er trans.», «Han går med kjole, ikkje rart det, når han pla å vere jente», «Han jobbar jo ganske hardt, då, sida han er trans», er bare nokon av kommentarane han får.

Hen?

Frå publikum nemnas Sverige som døme. I Sverige har dei nyleg innført det kjønnsnøytrale pronomenet «hen», for å kunne referere til dei som ikkje heilt er med på «han» eller «hun», og for å kunne referere til personar når kjønn er likegyldig, eller det er eit poeng at ein ikkje veit kva kjønn ein snakkar om.

– Eg er veldig for at Noreg skal innføre «hen», seier ein entusiastisk Espseth.
– Språkrådet – eg er veldig glad i Språkrådet – har faktisk laga ein eiga rettleiing til korleis ein kan skrive på ein kjønnsnøytral og inkluderande måte. Den nemnar bland anna ikkje å bruke bare hankjønn når det ikkje er relevant med kjønn – hankjønn er ikkje standard!

Vidare kjem det frå Moa Myklebust i temamøtekomiteen, at ho nok ikkje er klar til å bruke hen som standard.

– Nei, og det er nok ikkje eg heller, svarar Espseth.
– Eg er han. Men det betyr ikkje at ein ikkje kan gjere noko med det for framtidige generasjonar. I stor grad er det ikkje vits å kjønne personar i skulebøkene – og då kan ein kanskje etter kvart ende opp med at kjønn spelar mindre rolle i kvardagen til dei kommande generasjonane.

Luca Dalen Espseths blogg: Bestmedbart

Les også intervjuet med transpersonen Veronica K. Berglyd Olsen.

Se bildet større

For å illustrere dei flytande grensene betre, drar Luca Dalen Espseth fram eit bilete som viser spennet mellom ulike ytterpunkt. Kvar line har ytterpunkta «kvinne» og «mann», med midtpunktet «interkjønn»/«intersex». FOTO: Dan-Raoul Husebø Miranda

Siste nytt i Reportasje

Prestenes monopol på omsorg er på vei ut – her er motsetningene

Prester kan ikke lenger være de eneste som driver omsorg i offentlige institusjoner. Det er alle enig om. Men hvor går veien derfra?

Har skrevet roman for å advare mot aktiv dødshjelp

Protesterer mot et samfunn med dødspress for de ulykkelige

Storslått markering av 50 humanistiske år i Vestfold

Vestfold fylkeslag slo på stortromma i Tønsberg i går kveld.

Livsfarlig å være ikke-troende

Mens FNs menneskerettserklæring slår fast at alle har rett til religionsfrihet, diskrimineres ateister og humanister i mange land.

Tyrkiske myndigheter stengte nettsiden til ateistgruppe

Zehra Pala mistet jobben etter å ha blitt truet av en muslimsk leder og nettsiden hennes ble stengt av regjeringen.

Finnes humanistisk musikk?

Det er ingen tvil om at det finnes religiøs musikk, men hva har livssynshumanismen å stille opp med?

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!