Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk
Lengst til venstre i panelet satt skeptikerane Didrik Søderlind og Jan-Ole Hesselberg. Her saman med Liv Hegle frå Areopagos og talsperson for Alternativmessa Eirik Solum.
 Foto: Dan-Raoul Husebø Miranda

Lengst til venstre i panelet satt skeptikerane Didrik Søderlind og Jan-Ole Hesselberg. Her saman med Liv Hegle frå Areopagos og talsperson for Alternativmessa Eirik Solum. Foto: Dan-Raoul Husebø Miranda

Strømnæss åpen for vitskapleg testing av «klårsynte»

Programleiar Tom Strømnæss frå Åndenes makt blei einig med Jan-Ole Hesselberg frå Folkeopplysningen om testing under ein debatt på alternativmessa på Lillestrøm i helga.

Publisert:

Sist oppdatert: 26.11.2013 kl 10:12

Temaet har vore debattert mykje, og har blitt spesielt aktuelt med bl.a. TV-program som Åndenes Makt og TV-show med Lisa Williams på den eine sida, og Human-Etisk Forbund si kampanje Ingen Liker Å Bli Lurt og TV-programmet Folkeopplysningen på den andre sida.

– Eg starta sjølv litt skeptisk, men gjennom vår relativt lange programserie har det blitt klart for meg at det er noko som skjer; me veit ikkje kva, eller kva natur det har, og det er her dei klårsynte kjem inn – men det er klart at det skjer noko, opna Tom Strømnæss, programleiar for Åndenes Makt.

– Det er ikkje noko tvil om at noko har skjedd, sa Jan-Ole Hesselberg, psykolog, kjent frå blant anna Folkeopplysningen, da ordstyrar Øyvind Solum spurte om dette bare er innbilling.

– Det er me heilt einige i alle saman: noko skjer når ei sko detter ned frå ein hylle. Spørsmålet er om man kan trekke slutninga frå skoa som falt, til å hevde at det er noko overnaturleg som står bak, understreka Hesselberg.

– Du kallar dette overnaturleg, men eg meiner at dette er noko som ein absolutt finn i naturen, bare det at det ikkje er kjent, forståeleg, enno, svara Strømnæss.

Oppdaga "evnene" då ho var 42

Det tok si tid før Lilli Bendriss, profilert "medium og klarsynt", starta å merke sine "evner". Ho forklarte at energiar og sånt var lite interessante, før ho som 42-åring fekk ei sterk oppleving som var vanskeleg å forklare. Ho begynte gradvis å bli meir interessert i dette.

– Det er klart at eg av og til tenkjer at «Lilli, no fantaserar du. Dette kan ikkje stemme», men så stemmer det. Eg kjem til dømes ut med noko informasjon som ikkje gjer noko treff, og så blir det sendt på Åndenes Makt som ein feil. Men så går det litt tid, og så får eg e-post om at den og den hadde vore der, slik og slik, og plutseleg var det eit treff likevel, sa Bendriss.

Liv Hegle, prest frå Areopagos, ein kristen organisasjon som arbeider med dialog mellom nyreligiøse og kristne miljø, fortalte at dei har hatt stand på Alternativmessa i over ti år.

Da ho blei utfordra på om kyrkja heng litt etter på åndelegheit, svarte ho:

– Alternativmessa er ein stad der det er lett og lovleg å snakke om åndelegheit, religiøsitet, lengsel og søking, og då tenkjer me at det ikkje er ein meir naturleg plass for kyrkja å vere tilstede, for me er jo opptatt av dei same tinga. Me er jo opptatt av at det er ein åndeleg dimensjon, og at tanken om at det ikkje er det, er eit sekulært verdissyn som me som kyrkje ikkje delar.

Liker prestar betre

Didrik Søderlind, redaktør i tidsskriftet Humanist, var opptatt av ulike typar spiritualitet og åndeleghet, og at det er litt ulik kvalitetsgrad på dei.

– Eg har meir sans for ein prest som er villig til å gratis gå i forbønn i samband med dødsfall og gi deg sjelesorg, enn til dømes Lisa Williams som skal ha 600 kroner for å sjå på eit av hennar show. Ho kan til dømes fortelja deg at barnet ditt som døyde i ei brannulykke, faktisk vart drepen i ein påsett brann, og at politiet har tatt feil. Då blir alle dei verste såra dine blir dratt opp igjen, sa han.

Han la til at program som Åndenes Makt latar som om dette er nye og spanande fenomen, mens me i røynda lever i eit samfunn med ein lang tradisjon for spøkjelseshistoriar.

Det likte ikkje Tom Strømnæss å høyre.

– Eg synast det er litt arrogant av Human-Etisk Forbund å feie hendingane i Åndenes Makt vekk med bare visning til gode gamle spøkjelseshistoriar. Det er eit faktum at disse hendingane har oppstått, og dei er så komplekse, så intrikate at det ikkje finnast nokon god forklaring på det, svara han, og viste til dei uforklarte hendingane på Statoil-stasjonen på Ålen som Åndenes Makt viste 20. september 2012.

Skisserte test

Hesselberg påpeikte at det er viktig å skilje mellom uforklart og uforklarleg.

– Ved å dokumentere skikkeleg, så kan andre reprodusere hendingane seinare, slik at ein lettare kan finne ut kva det faktisk er som skjer. Det er slik forskarar jobbar, forklarte Hesselberg.

Han prøvde å vise korleis ein så kunne teste dette ut:

– Ein tar mange forskjellige stader og personar som skal lesast, kor ein har klare mål: Ein blir einige om kva som er treff og ikkje treff på førehand. Det må vere klare tankar om kva som er innanfor og kva som er utanfor. Det som skjer i Åndenes Makt er veldig ofte tvitydig. Viss ein kastar ut ti namn i løpet av ein seanse – og [TV Norge] klippar jo vekk ein del au, det gjer jo alle – og får treff på eit namn, er det riktig då? Viss eg seier Lillian til dykk i salen no, så er det nokon her som har eit forhold til det namnet, spurte Hesselberg, og fikk respons frå ein ti-tolv stykkar som rekker opp handa.

Dette syntes Strømnæss var interessant.

– Nå snakkar me om ting som begynner å bli litt interessant, då. Det er klart at all informasjon som Lilli får, er skjult, og eg veit ikkje korleis den kjem der. Eg forstår ikkje, men gång på gång, så visar Lilli til faktiske forhold. Men me skal uansett ikkje drive med testing av klarsynte i Åndenes Makt. Me vil bare klargjere at dette skjer, kontra ein engasjert Strømnæss.

– Men då kan me jo samarbeide parallelt, og få til noko saman her då?, spurde Hesselberg.

– Absolutt, kjempeidé!, svara Strømnæss, og ein engasjert sal verka svært interessert i eit slikt samarbeid.

Vær velkommen til å delta i debatt på Fritanke.no. Vi ønsker en saklig og begrunnet debatt. Skarp kritikk må gjerne fremmes, men vi forventer at debattanter overholder alminnelig folkeskikk og norsk lov. Kommentarer som bryter med dette, kan bli slettet uten varsel eller begrunnelse. Fri tanke forbeholder seg retten til å svarteliste brukere ved spamming, personangrep, usaklige kommentarer og lignende.

Vi forbeholder oss retten til å sitere kommentarer fra Fritanke.no i Fri tankes papirutgave.

blog comments powered by Disqus