Mobiliserer for Frihetsaksjonen

Gjennom Frihetsaksjonen har humanistiske konfirmantar samla inn pengar ...

Mobiliserer for Frihetsaksjonen

#Tilhengare av Frihetsaksjonen arbeidar no for å finne eit alternativ til nedlegging på landsmøte i HEF til helga. Blant forslaga er å gjere den meir ...

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
27.05.2008 kl 15:11

Tilhengare av Frihetsaksjonen arbeidar no for å finne eit alternativ til nedlegging på landsmøte i HEF til helga. Blant forslaga er å gjere den meir aktivismebasert og obligatorisk for konfirmantar.

Tekst: Kristian Bjørkelo
Publisert: 27.5.2008

Kommande helg skal landsmøtet i HEF ta stilling til om ein skal leggje ned Frihetsaksjonen (FA) som samlar inn pengar til Humanistisk Aksjon for Menneskerettar i Utviklingsland (HAMU). Hovudstyret har lagt fram eit forslag på dette, basert på at innteninga til aksjonen er altfor lav i forhold til utgiftene ved å administrere den og manglande oppslutnad i organisasjonen.

Sara Mauland, som sitt i HAMU-styret og har vore aktiv i Frihetsaksjonen gjennom sitt lokallag, meiner at sakshandsaminga i Hovudstyret ikkje har vore god nok.

- HAMU-styret vert ikkje inkludert som ein part i saka av Hovudstyret, noko fleire av oss har reagert på, fortel Mauland.

Ho fortel òg at det var fleire som reagerte på at då Statskonsult la fram sin rapport om aksjonen i fjor, var det ingen som tok kontakt med HAMU for å få informasjon om kva konsekvensar det ville ha for dei dersom aksjonen vert lagt ned.

- Eg reagerar òg på det viset ein har lagt fram saksopplysingar på. Ein har valt å trekkje fram negative argument og resonnement, medan dei som har uttalt seg positivt i rapportar og undersøkingar ikkje i like stor grad vert trekte fram. Ein framstill det òg som om det ikkje har kome inn pengar til formålet i det heile tatt, noko som ikkje stemmer med mine erfaringar i HAMU-styret. Som mottakar er vi veldig glade for dei pengane som kjem inn, dei utgjer ein ikkje uvesentleg del av vårt budsjett.

Frihetsaksjonen har ikkje klart å oppfylle Innsamlingskontrollens krav om at minimum 65% av dei innsamla midla skal gå vidare til formålet, og maksimalt 35% vert nytta til administrasjon. Ved sida av at det har vore vanskeleg å få lokallag med på aksjonen var dette eit av hovudargumenta da Hovudstyret vedtok si innstilling til Landsmøtet. Les meir om det her og her.

Håper på debatt

- Det er viktig at ein høyrer stemmene til dei som har arbeida med Frihetsaksjonen, og veit kva tyding den har, og ikkje berre dei som berre sitt og tel pengar, meiner Kirsten Elisabeth Lunde Elgstøen

Elgstøen er ein av dei som har engasjert seg for å forsvare Frihetsaksjonen, ho er kursleiar for konfirmantar i HEF og har nytta aksjonen aktivt som ein del av undervisinga. På tross av minkande konfirmanttal registrerar ho at aksjonen samlar inn like mykje eller meir enn tidlegare.

- Eg håper, og trur, at det vert ein debatt om dette på Landsmøtet, og at landsmøtedelegatane har satt seg såpass inn i dette at dei stemmar mot Hovudstyrets anbefaling. Dette er for viktig til å verte handsama overflatisk.

Ikkje berre økonomi

Tilhengjarane av Frihetsaksjonen vektlegg gjerne at det er meir ved aksjonen, enn berre pengane som vert samla inn. Båe HEF som organisasjon og dei humanistiske konfirmantane har god nytte av at aksjonen får halde fram, meiner dei. Det er òg viktig for det humanitære arbeidet som HEF gjer gjennom HAMU, meiner Sara Mauland.

- Fleire vert medvitne på denne delen av HEFs arbeid, og vi får satt vårt engasjement som humanistar i eit større perspektiv, og vi som er aktive får høve til å engasjere oss i noko anna enn berre seremoniarbeid.

I tillegg vert HEF profilert, fortel Mauland. I følgje henne er Frihetsaksjonen ei veke av året der det vert synleg at HEF driv med meir enn berre konfirmasjon og kritikk av statskyrkja.

Elgstøen understrekar den nytta Frihetsaksjonen har i konfirmasjonsundervisinga.

- Her får konfirmantane høve til å ta ansvar, og utøve humanisme i praksis. Dei får gjere konkrete gjerningar for å hjelpe andre, basert på det dei har lært om menneskerettane og brot på desse.

Gjennom Frihetsaksjonen vert ungdommen medvite og engasjert i praksis på eit av hovudområda i HEFs konfirmasjonsundervising, meiner Elgstøen, og seier at tilbakemeldingane frå konfirmantane er eintydige på at dette er noko dei ønskjer å gjere.

- Det har lita hensikt å prate teoretisk om menneskerettane og konfirmantanes ansvar i verda, om dei ikkje får høve til å vete noko om kva som faktisk skjer, og at dei kan gjere noko med det.

- Det er viktig for HAMU at prosjekta vi støtter, og arbeidet vi gjer, er synleg for resten av organisasjonen, fortel Sara Mauland. Frihetsaksjonen gjer HAMU synleg, meiner ho.

Alternative løysinger

Blant tilhengjarane av Frihetsaksjonen vert det no arbeida med å finne alternative løysingar til nedlegging, som dei kan leggje fram på Landsmøtet førstkomande helg. Dei tar utgangspunkt i at Statskonsult sin rapport legg til grunn at enten må aksjonen styrkast eller leggjast ned, og meiner at ein for snøgt har grepe til nedlegging som einaste alternativ.

Mauland trur at ein kan spare inn på administrative kostnadar ved å omorganisere aksjonen, og samstundes oppretthalde aksjonen på dagens nivå.

- Ei moglegheit er å gå over til ein organisering som er meir basert på aktivisme og frivillig arbeid, med eit koordinerande utval som er satt saman av medlemmar og aktive frå heile landet.

Ho still seg uforståande til korleis Frihetsaksjonen kunne verte så dyr, og trur at mykje kan gjerast for å spare både her og der, men innrømmer ho veit for lite om kva utgiftene er til å kome med konkrete råd. Ho etterlyser ein betre flyt av informasjon.

Elgstøen meiner at det er ingenting i vegen for å gjere Frihetsaksjonen obligatorisk for alle av HEFs konfirmantar, og å nytte seg meir aktivt av dei eksisterande informasjonskanalane for å skape meir engasjement og aktivitet rundt aksjonen. Ho meiner at det bør vere opp til kursleiarane for konfirmantane kor mykje tid og krefter som vert lagt i aksjonen, og at fylkes- og lokallag har meir enn nok å gjere, om dei ikkje skal administrere Frihetsaksjonen òg.

Tilhengjarane av Frihetsaksjonen håper at det vert mobilisert til støtte for ei alternativ løysing på problema. Ei slik løysing trur dei kan vere billegare enn den noverande, men krev òg auka fokus på og oppslutting om Frihetsaksjonen.

Se bildet større

... som har gått mellom anna til skolebarn i HAMU-støtta prosjekt i India.

Se bildet større

Kirsten Elisabeth Elgstøen håpar på debatt om nedlegginga av Frihetsaksjonen på HEF sitt landsmøte.

Siste nytt i Nyheter

Folket hans slaktes ned av ekstreme muslimer

Daesh (IS) liker svært dårlig at jesidiene i nord-Irak ikke er muslimer. I går var en av dem i Norge.

Solberg om skolegudstjenester: – Dagens system ligger fast

– Dagens system for opplæring i skolen og deltakelse i skolegudstjenester ligger fast.

IHEU-rapport fokuserer på økende nasjonalistisk populisme

Situasjonen for ateister og religionskritikere har ikke blitt bedre i løpet av 2016, viser årets Freedom of Thought-rapport fra IHEU.

Bente Sandvig: – Ta med hele klassen på en skikkelig gudstjeneste

Hvis det er kunnskap om utøvende religion som er poenget, har Human-Etisk Forbunds fagsjef et forslag som vil fungere bedre enn skolegudstjenester.

KrF og Venstre plusset på enda mer til religion og livssyn

Den norske kirke får 60 millioner ekstra, og da skal jo de andre også ha sitt.

Religionsforsker ønsker islamske boliglån i Norge

Flere norske muslimer sliter med å skaffe seg egen bolig fordi de mener religionen forbyr dem å betale renter. Religionsforsker Torkel Brekke mener det hindrer integrering.

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!