Kort notert

– To steina til døde av IS for homofili

Publisert: 26.11.2014 kl 03:06

Opprørsgruppa IS har steina to menn til døde i Syria for homofili, ifølgje eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR).

Ein mann i 20-årsalderen blei tysdag steina til døde i Mayadeen i den austlege provinsen Deir al-Zor, som ligg nær Syrias grense til Irak, ifølgje SOHR. IS skal ha grunngjeve drapet med at det blei funne videoar på mobiltelefonen hans som viste «uanstendige handlingar med menn».

Ein 18-åring blei same dag steina til døde i Deir al-Zor by, også han skulda for homofili, ifølgje SOHR.

Aktivistar hevdar på sosiale medium at mennene var motstandarar av IS, og at gruppa brukte skuldingane om homofili som påskot for å drepe dei. (©NPK)

« Vis alle notiser

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!